Prop. 46 L (2022–2023)

Endringar i straffegjennomføringsloven (tilsynsråd for kriminalomsorga)

Til innhaldsliste

13 Økonomiske og administrative konsekvensar

Totale kostnader for drift av tilsynsråda var om lag 1,375 mill. kroner i 2018 og 1,700 mill. kroner i 2019.

Forslaga i proposisjonen vil styrke tilsynsrådet og gje tydelegare rammer for arbeidet. Dei foreslåtte justeringane i mandatet til tilsynsrådet er meir ei presisering, og vil truleg ikkje i seg sjølv ha betydelege økonomiske eller administrative konsekvensar. Eit unntak her er krav om regelmessig tilsyn, som medfører auke i tilsynsfrekvensen.

Etter forslaget skal det berre vere eitt tilsynsråd. Når det gjeld oppnemning, inneheld ikkje forslaget eit øvre tak på kor mange medlemar som skal oppnemnast. Den nedre grensa er definert ved at alle fylka skal vere representerte i rådet, i tillegg til dei tre som er oppnemnd av Kongen i statsråd. Det må truleg påreknast fleire lokale medlemar frå dei fylka som har fleire, eller store driftseiningar.

For reiseutgifter blei det i 2018 og 2019 brukt henholdsvis i underkant av 110 000 kroner og 160 000 kroner. Mykje av tilsynsverksemda må framleis skje som fysiske inspeksjonar i institusjonane. Det desentraliserte aspektet vil halde fram, ved at fysiske besøk blir gjennomført med deltaking frå medlemar som bur i same område. Ut frå føringar om at tilsynsfrekvensen bør aukast frå dagens nivå og forslaget om at det skal vere minst to medlemar på kvart institusjonsbesøk, kor av den eine skal vere frå leiinga, gjer at departementet antar at det må påreknast ei auke i reiseutgifta. Eit anslag her er at dette vil beløpe seg til ca. 500 000 kroner per år.

Med utgangspunkt i at vervet til leiaren vil vere eit nokså tidkrevjande verv, og at leiaren skal oppfylle krava til å kunne utnemnast til dommar, kan det vere aktuelt med ei godtgjering etter fast sats og ikkje etter medgått tid. Honorering av leiar må liggje på eit nivå som opnar for god rekruttering. Honorar må vurderast konkret på eit seinare tidspunkt, men det kan her tas utgangspunkt i brutto årsløn for tingrettsdommarar. Vidare må det påreknast ca. 25 pst. påslag for andre sosiale kostnader, og utgifter til kontorhald for leiaren. Til saman anslås ein årleg utgift på ca. 1,55 mill. kroner.

Medlemar som er oppnemnd av departementet, skal få godtgjering for arbeide etter brukt tid. Slik godtgjering skjer etter satsane for arbeid i statlege utval og inkluderer førebuande arbeid og tida som går med til gjennomføringa av tilsynet. Med de føringar som er skissert i proposisjonen punkt 7.2.4 om tilsynsfrekvens, er kostnadene stipulert til om lag 1,8 mill. kroner per år. Både reisekostnader og utgifter til godtgjering av medlemane si medgåtte tid vil variere alt etter kor aktivt tilsynsrådet er, og korleis oppgåvene blir delt mellom medlemane og sekretariatet.

Departementet har varsla at det vil etablere eit sekretariat, noko som vil medføre utgifter. Med forslaget om dimensjonering på fem årsverk, reisekostnadar for sekretariatets medlemar for å assistere leiinga under tilsynsbesøk, og øvrig drift, vil kostnadane vere om lag 7 mill. kroner. Føresetnaden for anslaget er at sekretariatet blir lokalisert saman med eit allereie eksisterande forvaltningsorgan og kan disponere kontor- og møtelokale. Etter forslaget skal sekretariatet leggjast til eit nytt regionkontor under Statens sivilrettsforvaltning i Vardø.

Med den foreslåtte tilsynsordninga, vil regionane i kriminalomsorga miste oppgåva med å ta imot og vidareformidle årsmeldingar frå tilsynsrådet, og å fastsetje og utbetale honorar for tilsynsarbeidet. Disse oppgåvene er så begrensa at endringane ikkje vil føre med seg vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar for kriminalomsorga.

Totalt gir den nye tilsynsordninga utgifter på om lag 11 mill. kroner per år, som er en økning på om lag 10 mill. kroner samanlikna med dagens ordning.

Det vil også påløpe utgifter til etablering av sekretariatet på 1,5-2 mill. kroner.

Økonomiske konsekvensar som følgje av de foreslåtte endringane blir dekte innafor gjeldande budsjettrammar for Justis- og beredskapsdepartementet.

Til forsida