St.meld. nr. 10 (2006-2007)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2005 – 30. juni 2006

Til innhaldsliste

2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 2006 over konstitueringar i embete og over mellombels oppretta stillingar

b. Arbeids- og sosialdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  2. Ein medisinsk kunnig rettsmedlem i Trygderetten er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

d. Finansdepartementet

  1. Tre avdelingsdirektørar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.

g. Helse- og omsorgsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  2. Ein ekspedisjonssjef er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

h. Justis- og politidepartementet

  1. Ein sorenskrivar og ein tingrettsdommar er konstituerte i embetet som følgje av strukturendringar i domstolane.

  2. Ein sorenskrivar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  3. Ein dommar ved Høyesterett er konstituert i embetet som følgje av at stillingsinnehavaren var sjukemeld. Konstitusjonen blei forlengd som følgje av dødsfall.

  4. Åtte lagdommarar er konstituerte som ekstraordinære dommarar etter domstolslova § 55 f grunna mellombels behov ved lagmannsrettane.

  5. Ein politimeister er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  6. Ein visepolitimeister er konstituert idet visepolitimeisteren er innbeordra til Politidirektoratet.

  7. Ein statsadvokat er konstituert i embetet idet ein statsadvokat blei konstituert som fyrstestatsadvokat.

  8. Ein fyrstestatsadvokat er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  9. Ein visepolitimeister er konstituert i embetet fordi visepolitimeisteren blei konstituert som politimeister i same distrikt.

  10. Ein statsadvokat er konstituert fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  11. Ni statsadvokatar er konstituerte fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.

  12. Ein lovrådgjevar er framleis konstituert pga. behov for oppfølging i samanheng med fremleggelsen av proposisjon til ny tvistelov.

  13. Ein lovrådgjevar er framleis konstituert fordi arbeidet med proposisjon til ny straffelov tek noko lenger tid enn planlagt.

  14. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  15. Ein lovrådgjevar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

i. Kommunal- og regionaldepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har andre oppgåver.

  2. Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er konstituert som avdelingsdirektør.

l. Miljøverndepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

o. Olje- og energidepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er departementskonstituert som avdelingsdirektør.

q. Utdannings- og forskingsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er framleis konstituert i ei mellombels oppretta stilling.

u. Kunnskapsdepartementet

  1. Ein prosjektleiar er konstituert i ei mellombels oppretta stilling.

Til forsida