St.meld. nr. 13 (2004-2005)

Om incestsentra – tilbod, finansiering og forvaltning

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

5.1 Auka statleg ansvar for finansiering av drifta av incestsenter

Ein auke av det statlege øyremerkte tilskotet frå 50 til 80 prosent kjem til å krevje ein auke av det statlige tilskotet på omlag 10 mill. Mesteparten av desse midla blir trekte inn frå rammene til kommunane og helseføretaka, jamfør kap. 3.4. I eit makroperspektiv vil desse instansane framleis ha nok midlar til å løyve sin del og eventuelt å satse noko meir på incestsentra i framtida. Veksten i verksemda vil etter omlegginga bli dekt med 80 prosent av statstilskot.

Finansieringa av dei utviklingstiltaka som er omtalte i kapittel 4, kan i første omgang stort sett dekkjast innanfor midlane som alt er avsette innanfor gjeldande handlingsplanar o.a. eller innanfor den eksisterande budsjettramma.

5.2 Administrative konsekvensar

Administrativt vil den forvaltnings- og finansieringsordninga som er foreslått i denne meldinga, innebere ei forenkling i den forstand at forvaltninga blir samla på regionalt plan. Det ansvaret fylkesmennene har som ledd i forvaltninga av tilskota, blir fjerna. Vertskommunane må samarbeide direkte med dei regionale einingane i Barne-, ungdoms- og familieetaten. Kompetansen på det regionale nivået blir konsentrert i høve til i dag – frå 18 til 5 einingar – noko som kan føre til at kommunane får betre rettleiing i finansierings- og forvaltningsarbeidet. Her kan ein med fordel sjå krise- og incestsentra under eitt.

For at ei desentralisering skal få den nødvendige kvalitetseffekten på tiltaka, meiner departementet det vil vere nødvendig å styrkje den regionale administrasjonen i Bufetat i samband med endra finansiering og forvaltning av krise- og incestsentra og styrkt arbeid mot vald og overgrep. Departementet arbeider med ein gjennomgang av arbeidsdelinga mellom Bufdir og Bufetat og departementet, som skal vere gjennomført i løpet av 2005.