St.meld. nr. 32 (1999-2000)

Om ILOs 87. internasjonale arbeidskonferanse i Geneve, 1. - 17. juni 1999

Til innhaldsliste

2 Arbeidskonferansen juni 1999

ILOs 87. internasjonale arbeidskonferanse blei halden i Geneve, 1. - 17. juni 1999.

Saklista for konferansen, kven som var med i den norske delegasjonen og korleis desse blei fordelte på komiteane, går fram av rapporten frå den norske statlege delegasjonen (vedlegg 1). Rapporten gir eit oversyn over behandlinga av sakene og vedtaka som blei gjort.

Barnearbeid

I år vedtok konferansen ein konvensjon og ei tilråding om forbod mot barnearbeid og omgåande tiltak for å avskaffe dei verste formene for slikt arbeid.

Generaldebatten

Mange ministrar frå medlemsstatane i ILO deltok som vanleg i denne debatten. Statsråd Odd Roger Enoksen heldt det norske hovudinnlegget i generaldebatten. Førstesekretær Evy Buverud Pedersen, LO, og direktør Erik Hoff, NHO, deltok også med kvart sitt innlegg.

Budsjettspørsmål

Konferansen vedtok eit budsjett på om lag NOK 3,5 milliardar for toårsperioden 2000-01.

Mødrevern i arbeidslivet

Konferansen behandla eit utkast til ein konvensjon og ei tilråding om dette emnet for første gong. Dei skal behandlast ferdig på ILOs arbeidskonferanse i juni 2000.

Menneskerettar

Myanmar (Burma) blei ført opp under ein særskild paragraf i komiterapporten for at landet på ein alvorleg måte ikkje har oppfylt det som det har forplikta seg til etter konvensjonane nr. 29 om tvangsarbeid og nr. 87 om foreiningsfridom og vern av organisasjonsretten.

Konferansen vedtok også ein særskild resolusjon som sterkt fordømmer Myanmar for grove brot på dei mest grunnleggjande prinsippa som organisasjonen står for.

Kamerun blei ført opp under ein særkild paragraf for grove brot på konvensjon nr. 87.

Bistand

Konferansen sette ned ein eigen komite som drøfta ILOs bistand generelt. Viktige saker som blei drøfta var: likestilling, miljø og styrking av trepartssamarbeidet i ILO.

Noreg har løyvt 35 millionar kroner til fagleg bistand, av dette går ein tredjedel til kampen mot barnearbeid. I mange år har Noreg vore ein av dei største bidragsytarane til organisasjonen.

Den faglege bistanden skal no rettast inn mot ILOs fire strategiske mål: fremme grunnleggjande menneskerettar, skape betre høve for jobb og inntekt for kvinner og menn, sosiale nettverk for alle, strykje sosial dialog og trepartssamarbeidet.

Okkuperte arabiske område

Også i år var det ein spesialsesjon om situasjonen for arbeidstakarane i dei okkuperte arabiske områda. Det blei ikkje gjort noko vedtak i denne saka.

Val av nytt styre

Konferansen valde nytt styre for ILO for treårsperioden juni 1999 - juni 2002. Danmark vart valt inn på varaplass i styret på regjeringssida. Finland og Sverige har i treårsperioden 1996 - 99 hatt kvar sin varaplass på regjeringssida.

Direktør Erik Hoff, NHO, vart attvalt til ein av fire plassar europeiske arbeidsgivarar har i styret.

Norsk ratifikasjon av fire ILO-konvensjonar

Under konferansen hadde statsråd Enoksen eit særskilt møte med ILOs nye generaldirektør, Somavia. Ved det høvet overleverte han generaldirektøren norske ratifikasjonar av desse ILO-instrumenta: Dokument av 19. juni 1997 om endring av Den internasjonale arbeidsorganisasjons konstitusjon; konvensjon nr. 176 om tryggleik og helse i bergindustrien, 1995; konvensjon nr. 178 om tilsyn med arbeids- og levekåra for sjøfolk, 1996; konvensjon nr. 179 om rekruttering og arbeidsformidling av sjøfolk, 1996; konvensjon nr. 164 om helsevern og helseteneste for sjøfolk, 1987 og protokoll av 1995 til konvensjon nr. 81, 1947. Dei norske ratifikasjonane blei deponert og registrerte av ILO den 11. juni 1999.

Noreg har med dette ratifisert 104 av ILOs 182 konvensjonar. Av dei 174 medlemsstatane i ILO har berre Spania og Frankrike ratifisert fleire konvensjonar enn Noreg.

Besøk av statsoverhovud

Presidentane Ruth Dreifuss, Sveits, Henri Konan Bedie, Elfenbenskysten og Bill Clinton, USA, var i år særskilt inviterte til konferansen, og dei heldt innlegg i plenum. Clintons tale er vedlagt rapporten.

I tillegg heldt professor Amartya Sen, nobelprisvinnar i økonomi i 1998, ein tale til konferansen om arbeid og rettar.

Til forsida