St.meld. nr. 33 (2000-2001)

Om Noregs deltaking i den 55. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 54. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Oversyn og vurdering av FNs 55. generalforsamling

3.1 Reform av FN

3.1.1 Reform av Tryggingsrådet

Spørsmålet om reform og utviding av Tryggingsrådet står sentralt i reformarbeidet i FN. Rådet vart sist utvida i 1963, frå 11 til 15 medlemmer. Den 48. generalforsamlinga oppnemnde ei arbeidsgruppe for alle medlemslanda i FN for å vurdere alle sider ved spørsmålet om ei utviding av medlemstalet i Tryggingsrådet, Rådets arbeidsmetodar og tilhøvet til andre medlemsland.

Arbeidet har gjeve konkrete resultat, mellom anna i form av at fleire møte og debattar i Tryggingsrådet no er opne for deltaking av og innlegg frå land som ikkje er medlemmer av Rådet. Noreg er mellom dei landa som aktivt har nytta seg av dette høvet. Orienteringar frå FN-sekretariatet og diskusjonar i samband med resolusjonsvedtak, som tidlegare til vanleg fann stad i lukka samråd i Rådet, vert stadig oftare haldne i opne møte. I tillegg har Rådet opna opp for tematiske debattar, også om utradisjonelle tema som aids. Det har utvikla seg ei brei semje om behovet for openskap og om nytten av mekanismar for samråd, mellom anna mellom Rådet og troppebidragsytande land.

Samtidig har arbeidet i den opne arbeidsgruppa vore prega av stor avstand i synspunkta på prinsippa for korleis ei utviding av Rådet bør gå føre seg. Det har avteikna seg brei semje om at Rådet bør utvidast for at samansetjinga av Rådet betre skal spegle dei politiske og økonomiske realitetane i verda i dag, medrekna auken i talet på medlemsland, og for at utviklingsland skal kunne få betre representasjon. Men situasjonen er fastlæst når det gjeld korleis ei utviding skal gjennomførast.

Det er særleg i spørsmålet om ei utviding av Tryggingsrådet også skal omfatte nye faste medlemmer i tillegg til dei 5 i dag, at usemja er stor. Noreg la saman med dei nordiske landa i 1995 fram eit felles posisjonspapir, der det vert føreslege ei utviding med fem nye faste medlemmer, samt eit avgrensa tal (3) ikkje-faste. Dei nordiske landa, mange vestlege land og ein del andre land har gjeve støtte til Tyskland og Japan sine kandidatur til fast plass i Rådet, samtidig som ein går inn for tre nye faste plassar til utviklingsland. Eit fleirtal av medlemslanda i FN ynskjer ei utviding som òg omfattar nye faste plassar. Men eit mindretal, som mellom anna omfattar både fleire mellomstore utviklingsland og industriland, avviser ei utviding av talet på faste plassar og viser til at dette vil forsterke den noverande ubalansen og fungere udemokratisk. Dette vert ofte kopla til kritikk av vetoretten.

Mellom dei landa som støttar nye faste plassar er det òg usemje, mellom anna om kriteria for utveljing av nye faste medlemmer og om det samla talet på land i eit utvida Tryggingsråd. Dei fem noverande faste medlemmene (P5) er særleg opptekne av at ei utviding ikkje må verte for stor, mellom anna av omsyn til effektiviteten i Tryggingsrådet. USA, som saman med Russland har vore dei mest restriktive, medverka likevel til ei viss tilnærming i posisjonane ved å opne for ei utviding av Rådet til litt over 21 medlemmer. Frankrike og Storbritannia er meir fleksible. Utviklingslanda meiner på si side at 24 medlemmer er eit minimum. I spørsmål knytte til vetoretten, avgrensingar i denne, og ei eventuell utviding av vetoretten til å omfatte nye faste medlemmer står ulike grupper av medlemsland framleis langt frå kvarandre. Arbeidsgruppa held fram med arbeidet i 2001, for åttande året på rad, men utsiktene til vidare reell framdrift er framleis svært usikre.

3.1.2 Spørsmål om finansielle og administrative reformer

FN vedtek ein ny bidragsskala for det regulære budsjettet kvart tredje år. USA har i fleire år vore oppteke av å få sett ned sin del i FNs bidragsskala for det regulære budsjettet. I den amerikanske «Helms-Biden II»-lova av 19. november 1999 om delvis nedbetaling av USA si gjeld til FN over ein treårsperiode, vart det mellom anna stilt som vilkår at USAs del av det regulære budsjettet skulle setjast ned frå 25 til 22 prosent, og at USAs del til fredstryggjande operasjonar skulle setjast ned frå 30,4 til 25 prosent. Den såkalla ad hoc-skalaen for fredstryggjande operasjonar har på grunn av manglande innebygd revisjonsklausul ikkje vore revidert sidan han vart vedteken i 1973. Forhandlingane om bidragsskalaene vart uhyre langvarige og vanskelege og var heilt til det siste prega av manglande fleksibilitet og sans for proporsjonar. Det synest som om det gjekk nasjonal prestisje i å betale så lite som råd. Etter hardt politisk press frå høgaste amerikansk hald både i hovudstadane og i New York vart det etter maratonforhandlingar dei siste to døgra gjort eit vedtak like oppunder jul. Resolusjonane som vart vedtekne, innfridde USAs krav på nedsetjing av USAs del til FNs regulære budsjett til 22 prosent, men innfridde berre delvis ei nedsetjing av USAs del til FNs budsjett for fredstryggjande operasjonar. I sistnemnde sak måtte USA gje noko etter på kravet sitt. Etter den nye bidragsskalaen for fredstryggjande operasjonar skal USA i 2001 betale 28,14 prosent for den fyrste delen av året og 27,50 prosent for den siste delen av 2001. I år 2002 vil USA sitt bidrag gå ned til 26,50 og noko under 26 prosent i 2003. Grunnen til at prosentsatsen vert sett ned over tre år, er at auken i bidraga frå fleire medlemsland, både når det gjeld FNs regulære budsjett og FNs budsjett for fredstryggjande operasjonar, skal fasast inn over tre år slik at auken fullt ut fyrst trer i kraft i 2003. Under visse føresetnader vil USA sin del i 2004 gå ned til ca. 25 prosent.

For å kome fram til ei løysing på endring av bidragsskalaen for FNs regulære budsjett vart eit av dei vanskelegaste spørsmåla korleis ein skulle fordele dei tre prosentane som USA ikkje lenger ville betale, og fordeling av prosentpoeng som følgje av at økonomien i nokre land hadde gått ned. For at overgangen ikkje skulle verte for stor, kom ein difor fram til ei løysing der dei landa som fekk størst auke i bidraget sitt, fekk ei innfasing av auken over tre år. Dei fattigaste utviklingslanda fekk ingen auke. For å dekkje inn underskotet ein sat att med i 2001, sa forretningsmannen Ted Turner seg villig til å gje eit frivillig bidrag tilsvarande tre prosent (USD 34 mill.) i 2001, som skal fordelast pro rata på medlemsstatane. Då ein likevel sat att med eit underskot, gav Noreg, Canada, Japan, Russland og delvis Australia og New Zealand avkall på sin del av forretningsmannen Ted Turners frivillige bidrag for å kome fram til ei løysing. For Noreg sitt vedkomande tilsvara avkallet USD 270 000. Det var òg ei rekkje land, til dømes Israel, Den tsjekkiske republikken, Ungarn og Russland, som frivillig gjekk med på å betale ein høgare del til FNs fredstryggjande budsjett enn dei ville ha vorte ilikna. Russland gjekk òg frivillig med på å betale meir både til FNs regulære budsjett og til fredstryggjande operasjonar enn dei ville ha vorte ilikna ut på grunnlag av den økonomiske situasjon i landet.

Eit anna viktig vedtak som vart gjort, var at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering, eit element i Generalsekretærens reform av FN. Ei slik reform vil kombinere målstyring, rammeløyvingar og større fridom for Sekretariatet med sterkare krav til oppfølging, resultat og resultatrapportering. Ein del utviklingsland kravde likevel å få inn ein paragraf der det vert slege fast at budsjettframlegget frå Generalsekretæren skal innehalde same detaljerte nivå som tidlegare når det gjeld budsjettinnsatsane, og at bruken av indikatorar for evaluering av oppnådd resultat ikkje skal brukast som ein metode til å setje ned talet på stillingar i Sekretariatet. Viktig i denne samanhengen er òg vedtaket om eit nytt format for FNs fireårige langtidsplan for perioden 2002-2005. FNs langtidsplan er det politiske hovuddirektivet for FN og ramma for budsjettframlegget frå Generalsekretæren. I det nye formatet skal ein ta med kva resultat ein ventar for kvart program, og indikatorar for å måle dei resultata som vert oppnådde. Dette vil vere av stor verdi for framdriftsrapportane frå Generalsekretæren, som vil sikre ei betre evaluering av gjennomføringa av FN-program.

Resolusjonen om fyrste fase av gjennomføringa av Brahimi-rapporten representerer eit viktig steg når det gjeld å forbetre FNs evne til å planleggje og gjennomføre fredstryggjande operasjonar. Alle innlegg frå vestleg side, medrekna det norske, støtta dei tilrådingane som kom fram i Brahimi-rapporten. Det vart uttrykt støtte til framlegget om ein auke på USD 7,5 mill. frå FNs regulære budsjett, inklusive 35 nye stillingar, og til framlegget om ein auke på USD 14,7 mill. for perioden 1. juli 2000 til 30. juni 2001 over støttekontoen for fredstryggjande operasjonar der det vart føreslege 214 nye stillingar i tillegg til dei 454 i dag. For budsjettet 2002-2003 vert det rekna med eit behov på USD 71,4 mill., og av dette er USD 12 mill. over det regulære budsjettet og USD 59,4 over støttekontoen for dei fredstryggjande operasjonane.

Somme G77-land, særleg India, stilte spørsmål ved behovet for einsidig å fokusere på manglande bemanning i Sekretariatet når det gjaldt støttefunksjonar for fredstryggjande operasjonar, og kvifor behovet brått hadde oppstått. Dei avviste at dei problema som hadde oppstått i den seinare tida når det gjaldt FNs fredstryggjande operasjonar, kjem av manglande kapasitet i hovudkvarteret. Sjølv om dei ikkje gjekk imot ei viss styrking av Sekretariatet, meinte dei at Generalforsamlinga burde vente på Sekretariatet sin gjennomgang av korleis avdelinga for fredstryggjande operasjonar fungerer, ein rapport som Spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar har bede om i fleire år.

Etter svært vanskelege forhandlingar, der Noreg deltok aktivt, klarte ein til slutt å få gjennomslag for 95 nye stillingar som eit fyrste steg i gjennomføringa av Brahimi-rapporten. Handsaminga av gjennomføringa av tilrådingane i Brahimi-rapporten vil halde fram på Generalforsamlinga sin vidareførde sesjon og i samband med budsjettframlegget for 2002-2003 under den 56. generalforsamlinga.

Når det gjaldt spørsmålet om ei vidare gjennomføring av Generalsekretærens reformer i personalpolitikken, måtte denne saka utsetjast til vidareførd sesjon i mars 2001. I Generalsekretærens rapport er det gjeve ein detaljert omtale av initiativ som Generalsekretæren vil vidareutvikle innanfor ramma av den mynda han har som øvste administrator i FN, mellom anna kompetanseoppbygging, vidareutvikling av planleggings- og evalueringssystem, karriereplanlegging og tenestevilkår. I tillegg vert det gjeve ein omtale av framlegg som Generalforsamlinga må ta stilling til, til dømes innstramming av reglane for fast tilsetjing, delegering av mynd frå personalavdelinga til dei operative avdelingane og mobilitet mellom hovudkvarteret og feltteneste.

Eit viktig vedtak som vart gjort, var resolusjonen om tryggleiken for FN-personell, der Noreg var svært aktivt involvert. Frå vestleg side måtte ein i denne omgangen gje opp framlegget frå Generalsekretæren om å opprette ei stilling for ein eigen heiltids tryggleikssamordnar, men fekk gjennomslag for 8 nye stillingar for tryggleiksoffiserar ute i felten og lokalt støtteapparat for desse.

Generalforsamlinga slutta seg til framlegget til Den internasjonale tenestemannskommisjonen (ICSC) om ein 5,1 prosent lønsauke (og ei tilhøyrande nedsetjing av «utetillegget») og justering av andre tillegg. Saman med EU tok Noreg til orde for at ein i det minste burde stille seg positive til å vurdere å heve reallønene til fagtenestemennene i dei øvste stillingskategoriane, utan at dette fekk gjennomslag. Handsaminga av eit reformframlegg frå Generalsekretæren om at Generalforsamlinga skulle innleie ein gjennomgang av ICSC, vart på grunn av sterk motstand frå Russland og Tunisia utsett til Generalforsamlinga sin fyrste vidareførde sesjon. ICSC gjev Generalforsamlinga innstilling om løns- og tenestevilkår som gjeld for heile FN-systemet med unntak av Bretton Woods-institusjonane. ICSC har samarbeidsproblem med FNs personellorganisasjonar, som er sterkt kritiske til ICSC sitt arbeid og meiner at det ikkje har vorte teke omsyn til synspunkta deira. Når det gjeld framlegget om ein gjennomgang av ICSC, meinte dei fleste vestlege landa at Kommisjonen kan forbetre arbeidsmetodane sine, medan fleire land i G77 avviste ein gjennomgang fordi dei meiner at Kommisjonen per i dag fungerer tilfredsstillande. Formannen i ICSC kjem frå eit G77-land og tolkar kravet om ein gjennomgang som kritikk.

I forhandlingane om FNs pensjonssystem sa medlemslanda seg svært nøgde med avkastninga på investeringane fondet hadde gjort. Det vart likevel vedteke at før ein vurderer eventuelle reduksjonar i pensjonsinnskota, bør fondet kunne vise til fleire år med god avkastning. Eit svært kontroversielt punkt var eit framlegg frå Pensjonsrådet om å setje i gang ein studie om mellom anna sambuarar (medrekna av same kjønn) sine rettar i somme medlemsland med det føremålet å sjå på desse rettane til pensjon etter avdøde FN-tenestemenn. Men ei rekkje arabiske land gjekk i spissen for å forby Pensjonsrådet å utføre ein slik studie under tilvising til at slike sambuarskap var kriminelt i fleire land, og at ein slik studie ville innebere ei legitimering av slike sambuarskap. Kompromisset vart at studien skal avgrensast til å sjå på praksis og regelverk for attlevandepensjonar til dei nemnde gruppene i internasjonale organisasjonar. Pensjonsrådet skal rapportere om studien til den 57. generalforsamlinga.

3.2 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Handsaminga av nedrustingssakene under den 55. generalforsamlinga bar preg av at det var få kontroversielle spørsmål og få nye dagsordenspunkt. Dette var primært på grunn av det positive utfallet av den sjette tilsynskonferansen for Ikkjespreiingsavtala (NPT) i mai 2000, men òg på grunn av at situasjonen på somme sentrale nedrustingsområde er fastlæst, jf. den vedvarande stillstanden i Nedrustingskonferansen i Genève. Mellom anna er det framleis ikkje semje om å starte forhandlingar om ei avtale om forbod mot produksjon av spaltbart materiale for våpenføremål (FMCT). Dette heng mellom anna saman med USA sine planar om eit rakettforsvar, som vil krevje ei tilpassing av ABM-avtala. Frå kinesisk og russisk hald vert det hevda at ei slik tilpassing vil rokke ved det grunnleggjande føremålet med avtala, dvs. å halde ved like den globale strategiske balansen. Kina og Russland gjev uttrykk for at dei ynskjer å prioritere forhandlingar om ei avtale for å hindre eit våpenkapplaup i verdsrommet framfor FMCT.

På årets generalforsamling lukkast ein likevel med å oppnå konsensus om ein resolusjon om å setje i gang forhandlingar under Nedrustingskonferansen om FMCT etter at mellom anna tidsfristen for å setje i gang forhandlingar vart teken ut av teksta, slik at Kina òg kunne støtte resolusjonen. Dette lukkast ikkje under den 54. generalforsamlinga, og resolusjonsutkastet vart då trekt.

For tredje år på rad la «Ny agenda»-landa fram ein resolusjon om kjernefysisk nedrusting. Resolusjonen fekk som i dei to føregåande åra stor politisk merksemd. I år var likevel teksta vesensforskjellig frå tidlegare. Med unntak av nokre få paragrafar var teksta henta direkte frå sluttdokumentet frå NPT-tilsynskonferansen. Etter kvart vart det klart at ei rekkje land som tidlegare har avstått, mellom anna Noreg og dei fleste NATO-land, kunne røyste for ut frå ynsket om å halde på resultatet frå NPT-tilsynskonferansen. Mellom kjernevåpenstatane var det berre Frankrike og Russland som ikkje røysta for, og begge avstod. Resolusjonen vart vedteken med 43 fleire røyster enn i 1999.

Egypts resolusjon om risikoen for kjernefysisk spreiing i Midtausten skapte òg monaleg politisk merksemd. Det fyrste resolusjonsutkastet representerte ei ytterlegare skjerpa namngjeven kritikk av Israel i høve til tidlegare år og var difor uakseptabelt for ei rekkje vestlege land. Etter intense forhandlingar heilt fram til røystinga valde Egypt etter press frå eit samla EU å ta inn formuleringar frå sluttdokumentet frå NPT-konferansen. Resolusjonen vart vedteken med støtte frå EU og ei rekkje andre land, mellom andre Noreg. Det var fyrste gongen Noreg røysta for resolusjonen, og Noreg gav røysteforklaring der det vart lagt vekt på behovet for ei brei og allmenn tilnærming til nedrusting og tryggleik i heile regionen.

Innanfor området konvensjonelle våpen var det den komande FN-konferansen i 2001 om illegal handel med handvåpen som var mest omdiskutert. Det vart til slutt semje om at konferansen skal haldast i New York i juli 2001.

I eigenskap av å ha formannskapet for statspartsmøtet under Minekonvensjonen fremja Noreg den årlege resolusjonen med oppmoding om å slutte opp om konvensjonen. Resolusjonen samla over hundre medframleggsstillarar og vart vedteken med 143 røyster. 22 land avstod, ingen land røysta mot. Det er positivt at fleire og fleire land sluttar seg til resolusjonen, og at det mellom dei som framleis avstår, vert uttrykt sterk støtte til dei humanitære målsetjingane i konvensjonen.

3.3 Regionale konfliktar

3.3.1 Afrika

Situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo er svært usikker etter at president Laurent Kabila, som tok makta i landet etter ein borgarkrig i 1997, vart drepen i januar 2001. Sonen hans, Joseph Kabila, vart utpeikt som president kort tid etter at faren døydde, men det er ikkje mogleg å seie om dette kan verte ei permanent løysing.

I 1998 vart landet kasta inn i ein ny borgarkrig, med omfattande innblanding frå fleire naboland. Zimbabwe, Angola og Namibia støtta Kabila, medan Kabilas tidlegare støttespelarar Rwanda og Uganda var involverte på opprørarane si side. Opprørsrørsler kontrollerer framleis store delar av landet. Det er uro i det internasjonale samfunnet for at konflikten kan utvikle seg og ytterlegare forverre situasjonen i regionen og kanskje spreie seg. Det er òg ei viss uro over at konflikten vil kunne føre til ei varig deling av landet.

Etter ein forhandlingsprosess i regi av Den regionale samarbeidsorganisasjonen i det sørlege Afrika (SADC) og Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU), leidd av Zambias president Chiluba, vart det underskrive ei våpenkvileavtale i Lusaka i 1999. Etter avtala skulle det haldast ein nasjonal dialog mellom representantar for styresmaktene og opposisjonen om den politiske framtida for landet. Sir Ketumile Masire, tidlegare president i Botswana, vart oppnemnd som leiar for gjennomføring av dialogen. Tryggingsrådet har gjeve mandat til utplassering av ein fredstryggjande operasjon på 5 500 mann, men førebels er berre 245 observatørar utplasserte. Vidare utplassering har det ikkje vorte noko av på grunn av stadige brot på våpenkvileavtala og manglande samarbeidsvilje frå Kabila-regimet si side.

Ein junta under leiing av Johnny Koromah tok i 1997 makta i Sierra Leone ved eit militærkupp. Den tidlegare presidenten i landet, Ahmed Tejan Kabbah, vart innsett på nytt i 1998 etter at den regionale fredstryggjande styrken ECOMOG tok kontrollen over hovudstaden Freetown og store delar av landet. Tryggingsrådet sette i gang observatøroperasjonen UNOMSIL, som skulle gje råd til regjeringa og vareta kontakten med ECOMOG. Styrkar med tilknyting til den tidlegare juntaen og opprørsrørsla RUF (Revolutionary United Front) heldt likevel fram kampane i den nordaustlege delen av landet. Grufulle overgrep mot sivile, til dømes lemstringar, vilkårlege drap og seksuelle overgrep, inngjekk i strategien til opprørarane, og den humanitære situasjonen for dei mange internflyktningane i opprørskontrollerte område har vore svært vanskeleg. I 1999 vart det underskrive ei fredsavtale som skipar ei overgangsregjering med opning for representasjon frå opprørsgruppene. Avtala opnar og for allment amnesti for opprørsleiarane og medlemmer av opprørsorganisasjonane. I tråd med fredsavtala vedtok Tryggingsrådet å endre observatøroperasjonen til ein omfattande fredsoperasjon (UNAMSIL). UNAMSIL-styrken skal hjelpe regjeringa å opprette sivilt styre i RUF-kontrollerte område, men RUF har motarbeidd dette, særleg i verdifulle diamantområde. Mot slutten av 2000 vart RUF sine stadige krenkingar av fredsavtala avløyste av ei ny våpenkvileavtale. UNAMSIL består ved årsskiftet av om lag 13 000 soldatar, medan Generalsekretæren har føreslege ei utviding til 20 000 mann. Noreg har ytt personell til UNAMSIL, men bidraget er no trappa ned til to sivile polititenestemenn. Tryggingsrådet vedtok i 2000 å opprette ein spesialdomstol for Sierra Leone for å medverke til nasjonal forsoning gjennom straffeforfølging av dei som er ansvarlege for krenkingar av internasjonal humanitær rett.

Dei regionale implikasjonane av konflikten i Sierra Leone gjev grunn til alvorleg uro. Etter den seinaste våpenkvileavtala i Sierra Leone har RUF trappa opp krigføringa si i nabolandet Guinea, noko som har forverra den allereie alvorlege humanitære situasjonen for dei fleire hundre tusen flyktningane i landet. Ein trur at Liberia spelar ei sentral rolle i høve til konflikten i Sierra Leone gjennom støtte til RUF. Tryggingsrådet vurderer ved årsskiftet sanksjonar mot Liberia, mellom anna for å få landet til å slutte å forsyne RUF med våpen og tillate smugling av diamantar frå Sierra Leone, som alt er underlagt sanksjonsrestriksjonar for å hindre at RUF får tilgang til inntekter frå diamanthandel.

I 1998 oppstod ein stadig meir spent situasjon i tilhøvet mellom Etiopia og Eritrea. Motsetningane mellom dei to landa har ei rekkje årsaker og kom til uttrykk som ein territorial konflikt. Etter to års skyttargravskrig vart ei fredsavtale underteikna i Alger i desember 2000. Gjennom fredsavtala, som kom i stand under leiing av OAU med støtte frå FN og USA, har partane forplikta seg til å trekkje tilbake alle troppar, utveksle krigsfangar og politiske fangar og løyse problema knytte til grenseoppgang på fredeleg vis. FNs generalsekretær har omtala avtala som ein siger for freden mellom dei to landa og eit viktig steg for det afrikanske kontinentet. I tida framover vil gjennomføringa av avtala stå sentralt saman med atterreising og utvikling i dei to landa.Utplasseringa av FNs fredstryggjande operasjon for Etiopia/Eritrea (UNMEE), som mellom anna skal kontrollere tryggingssona som skal opprettast mellom dei to landa, er kome vel i gang. Utplasseringa av 4 200 mann vart fullførd tidleg i 2001. Noreg avstår fire offiserar og fem militære observatørar til UNMEE. Frå norsk side har ein og ytt NOK 7,5 millionar til eit FN-fond som er oppretta for å støtte arbeidet for demarkering av grenselina mellom dei to landa. Ved årsskiftet vart det dessutan, i kjølvatnet av fredsavtala, diskutert i Tryggingsrådet om våpenembargoen mot dei to landa burde opphevast. Framlegget om dette, fremja frå amerikansk hald, vart etter omfattande samråd ikkje pressa fram til votering ettersom alle dei nye medlemmene av Rådet, mellom dei Noreg, gjorde det klart at ein ikkje fann tida mogen for ei slik åtgjerd.

Fredsprosessen i Angola stoppa opp då motstandsrørsla UNITA nekta å akseptere nederlaget i dei første frie vala i landet i 1992. Ein ny fredsprotokoll, som vart inngått i Lusaka i 1994, utgjorde grunnlaget for ein fredsprosess under nærvere av den fredstryggjande FN-operasjonen UNAVEM, som i 1997 vart skifta ut med observatørstyrken MONUA. Noreg deltok med militærobservatørar i begge desse operasjonane. I 1998 vart det skipa ei samlingsregjering med medlemmer frå UNITA og MPLA, men i strid med Lusaka-protokollen nekta UNITA-leiaren Jonas Savimbi å overlate kontrollen over strategisk viktige område til samlingsregjeringa, og han heldt fram med å ha monaleg større militær kapasitet enn det som hadde vorte opplyst til FNs demobiliseringsprogram. Situasjonen utvikla seg på nytt til ein regulær borgarkrig, og det vart umogleg for MONUA å halde fram med aktivitetane sine. I 1999 vart det difor vedteke å fase ut operasjonen, og det vart oppretta eit nytt FN-kontor (UNOA) med eit mandat som mellom anna omfattar opplæring i menneskerettar. Tilhøvet mellom regjeringa og FN har til dels vore prega av mistru, men effektivisering av sanksjonane mot UNITA i 2000 var med på å gjera tilhøvet betre. Ei ekspertgruppe har konkludert med at sanksjonane mot UNITA har svekt organisasjonen si evne til å føre krig, men sanksjonane kan likevel effektiviserast endå meir. I år 2000 hadde regjeringa militær framgang, men UNITA heldt fram med geriljakrigføring. Tryggingsrådet uttrykte ved årsskiftet uro for den humanitære situasjonen i Angola.

FN trekte seg ut av Somalia i 1995, og utviklinga i landet har sidan vorte følgd gjennom eit politisk kontor i Nairobi. Arbeidet med sikte på ei politisk løysing har i første rekkje gått føre seg i regional regi, med IGAD, OAU, Egypt, Etiopia og Djibouti som sentrale aktørar. Den politiske utviklinga i Somalia har vore sterkt prega av regionalisering, og sentra er i regionane Somaliland og Puntland. Men etter stor innsats frå Djibouti vart det hausten 2000 etablert både eit overgangsparlament og ei overgangsregjering. Somme klanar og grupper står likevel etter eige ynske framleis utanfor denne prosessen. Tryggingsrådet gav ved årsskiftet uttrykk for støtte til overgangsregjeringa og arbeidet for å leggje til rette for demokratiske val i Somalia i 2003. Grupper som har stått utanfor, vart oppmoda til å slutte seg til fredsprosessen, og det internasjonale samfunnet vart oppmoda til å støtte landet i det omfattande arbeidet ein står overfor, mellom anna med omsyn til atterreising av infrastruktur, samtidig som det vart uttrykt uro for tryggleiken i landet. Rådet støtta vidare Generalsekretæren sitt framlegg om å starte ein prosess for eit meir aktivt FN-engasjement med omsyn til fredsprosessen i Somalia. Vedtaket i januar 2001, som vart gjort av Rådet under norsk leiarskap, legg opp til at planlegginga av eit fredsbyggjande FN-nærvere i landet no vert sett i gang.

Det har vore borgarkrigsliknande tilstandar i Burundi sidan 1993/94 med mykje bruk av vald og med medfølgjande menneskeleg liding . Freistnadene på å løyse konflikten har vore fokusert på den såkalla Arusha-prosessen under leiing først av tidlegare president i Tanzania, Julius Nyerere, så av tidlegare president i Sør-Afrika, Nelson Mandela. Mandela lukkast hausten 2000 med å få dei fleste av dei stridande partane til å underskrive ei fredsavtale. Framleis står somme opprørsgrupper likevel utanfor fredsprosessen, og det er framleis valdshandlingar i landet. Tryggingsrådet har uttrykt uro for dei humanitære tilhøva i Burundi og oppmodar grupper som står utanfor fredsprosessen, til å underskrive fredsavtala og stoppe valdsbruken.

Den sentralafrikanske republikken (SAR) vart i 1996 råka av omfattande sosial uro og væpna samanstøytar utløyst av eit opprør i dei væpna styrkane i landet. Det fransk-afrikanske toppmøtet vedtok i 1997 å skipe ein interafrikansk fredstryggjande styrke (MISAB) for å overvake gjennomføringa av ei fredsløysing. Same året vedtok Tryggingsrådet eit mandat for ein styrke (MINURCA) som mellom anna omfatta hjelp til valførebuing. Parlaments- og presidentval vart gjennomførde på ein tilfredsstillande måte i høvesvis 1998 og 1999. Fredsstyrken vart i februar 2000 avløyst av eit fredsbyggingskontor (BONUCA) etablert etter avtale mellom Generalsekretæren i FN og regjeringa i SAR. Hovudoppgåva til kontoret er å støtte regjeringa i arbeidet for å tryggje fred og nasjonal forsoning og å styrke demokratiske institusjonar. I ein rapport ved årsskiftet uttrykkjer Generalsekretæren uro for situasjonen i SAR. Uroa vert grunngjeven med mellom anna det dårlege tilhøvet mellom regjeringa og opposisjonen, langvarige streikar i offentleg sektor, negativ økonomisk utvikling og fare for negative verknader av konflikten i Den demokratiske republikken Kongo.

Vest-Sahara-spørsmålet vart lagt fram for Tryggingsrådet i 1975 i samband med påstandar om at Marokko prøvde å innlemme delar av området (tidlegare Spansk Sahara) i sitt eige territorium. I 1991 vedtok Tryggingsrådet å setje i gang ein FN-operasjon for å få gjennomført ei folkerøysting om den framtidige statusen til området (MINURSO). Den tidlegare amerikanske utanriksministeren James Baker vart i april 1997 utnemnd som Generalsekretæren sin personlege representant, og han leidde prosessen med å identifisere kven som skulle ha røysterett i ei slik folkerøysting (identifikasjonsprosessen). Men dette arbeidet har vist seg å vere svært vanskeleg. I 1999 vart ambassadør Eagleton (USA) utnemnd som ny spesialrepresentant. Han har møtt store utfordringar med mellom anna å identifisere omstridde stammar og med å handsame det store talet på ankesaker for dei som vart identifiserte, men som ikkje vart funne å ha rett til å delta i folkerøystinga. Fleire møte mellom partane heldt i 2000 gav inga løysing på dei uteståande spørsmåla, og Generalsekretæren konkluderer i den siste rapporten sin med at det synest nyttelaust med fleire møte før Marokko er villig til å gje innbyggjarane i Vest-Sahara ein viss grad av administrativ råderett. Om Marokko ikkje er villig til å diskutere slike spørsmål, bør MINURSO etter Generalsekretæren sitt syn setje i gang ei rask handsaming av ankespørsmålet på eiga hand. Det kan venteleg ta lang tid før ei folkerøysting kan haldast i Vest-Sahara. Noreg har delteke i MINURSO med to polititenestemenn.

Tryggingsrådet vedtok i 1992 sanksjonar mot Libya, og grunngjevinga var i hovudsak at landet hadde nekta å utlevere dei to mistenkte etter Lockerbie-ulukka i 1989. Libya si grunngjeving for å motsetje seg utlevering var mellom anna at dei mistenkte ikkje kunne rekne med å få ein uhilda rettargang i Storbritannia. Libya mobiliserte over tid stadig breiare støtte for at sanksjonane burde opphevast. Representantar for FN søkte å kome kritikken mot sanksjonane i møte ved å gå gjennom verknadene av sanksjonane for sivilfolk. Konklusjonane på denne analysen gav ikkje noko eintydig svar. I ein freistnad på å få ny framdrift i saka lanserte Storbritannia og USA i 1998 eit framlegg til løysing som innebar at sanksjonane ville verte suspenderte dersom dei to mistenkte vart framstilte for retten i Nederland. Ein føresetnad var likevel at retten var sett med skotske dommarar, og at skotsk rett vart nytta, ettersom Lockerbie-ulukka stadleg sett høyrer inn under skotsk jurisdiksjon. Tryggingsrådet slutta seg til framlegget, som vart sett på som ei monaleg innrømming overfor Libya frå britisk og amerikansk side. Då dei to mistenkte vart utleverte i 1999, vart sanksjonane suspenderte, og Tryggingsrådet rosa Libya sine freistnader på å etterleve føresegnene i tryggingsrådsresolusjonen. Ei permanent oppheving av sanksjonane vil tidlegast skje etter at rettssaka mot dei to tiltala er avslutta, noko som kan skje i januar/februar 2001.

3.3.2 Midtausten

Dei nye valdshandlingane i dei palestinske områda hausten 1999 prega handsaminga av Midtausten-spørsmål i Generalforsamlinga. Forsøka på å få i gang fredsprosessen att medverka ikkje til å betre forhandlingsklimaet i New York. Dei mange resolusjonane om Midtausten og Palestina-saka var i stor grad uendra frå tidlegare år, og debattane i komiteane og i Generalforsamlinga var prega av harde og uforsonlege utspel frå begge sider i konflikten. På palestinsk side meiner ein at dei mange FN-resolusjonane er med på å gje Palestina auka politisk legitimitet. For Israel viser dei same resolusjonane at et fleirtal av FNs medlemsland ikkje er i stand til å vurdere Midtausten og Palestina-spørsmål på ein upartisk måte. FNs generalsekretær har likevel dei siste månadene vore i stand til å spele ei meir sentral rolle i fredsarbeidet enn tidlegare. På israelsk side vert det hevda at mange av dei vedtaka som vert gjorde i FN, vil kunne undergrave Generalsekretærens nye rolle i fredsarbeidet.

I haust var det særleg spesialsesjonen i Generalforsamlinga i oktober og det opne møtet i Tryggingsrådet same månad om situasjonen i Midtausten som stadfesta for Israel at et fleirtal av medlemslanda i FN ikkje ynskjer at verdsorganisasjonen skal spele ei konstruktiv rolle i Midtausten. Spesialsesjonen i Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon som mellom anna fordømde «overdriven bruk av makt mot palestinske sivile». 92 land røysta ja, seks røysta nei og 46 avstod. Noreg avstod under røystinga på resolusjonen, til liks med mange andre vestlege og europeiske land. Viktige argument for dei landa som avstod på resolusjonen, var mangelen på balanse i teksta og uro for at spesialsesjonen og resolusjonen ville verke negativt inn på utviklinga i regionen. Resolusjonen i Tryggingsrådet i oktober vart vedteken med 14 ja-stemmer, og det var berre USA som avstod. USA kunne ikkje røyste for resolusjonen ettersom ein meinte at han var for einsidig og ikkje spegla at israelarar òg var drepne. Forhandlingane før vedtaket var langvarige og svært vanskelege. Det same gjaldt handsaming i Rådet i desember av spørsmålet om å opprette ein FN-observatørstyrke for dei okkuperte palestinske områda. Denne resolusjonen vart ikkje vedteken ettersom åtte rådsmedlemmer røysta for og sju avstod (det krevst ni røyster for å få eit vedtak). Fleire av landa som avstod, meinte at tida ikkje var mogen for eit slikt vedtak i Rådet, og andre understreka at ein observatørstyrke berre kan utplasserast dersom begge partane samtykkjer.

Av dei ovannemnde årsakene var det heller ikkje på denne Generalforsamlinga mogleg å leggje fram den såkalla «positive» resolusjonen. Denne resolusjonen har vore eit uttrykk for verdssamfunnet si støtte til fredsprosessen i Midtausten og vart vedteken i åra 1993-1996 etter framlegg frå Noreg, Russland og USA. I lys av den nye voldsbølgja i dei palestinske områda, stillstanden i fredsprosessen og den uforsonlege tonen mellom partane i FN, valde Noreg, Russland og USA å ikkje leggje fram resolusjonen under Generalforsamlinga.

Mandatet til FNs fredstryggjande styrkar i Libanon , UNIFIL, har vore å verifisere tilbaketrekking frå Sør-Libanon av dei israelske styrkane, syte for internasjonal fred og tryggleik og hjelpe libanesiske styresmakter med å sikre autoriteten sin i området. Det er framleis semje om at UNIFILs nærvere i Sør-Libanon utgjer eit viktig stabiliserande element, sjølv om Israel trekte seg ut av Sør-Libanon våren 2000. Ved årsskiftet 1999/2000 var styrken på ca. 5 800 personar. Noreg deltok i UNIFIL frå starten i mars 1978 og fram til november 1998.

FNs observatørstyrke på Golanhøgdene, UNDOF, vart oppretta i 1974 for å overvake våpenkvila mellom Syria og Israel. Styrken er på vel 1 040 personar. Noreg deltek ikkje i denne styrken. Observatørgruppa UNTSO vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila mellom Israel og nabostatane. Med unntak av eit symbolsk nærvere i Sinai er observatørane taktisk underordna UNIFIL eller UNDOF. Operasjonen, der Noreg òg er med, omfattar no 153 militære observatørar, og 12 av desse er nordmenn.

3.3.3 Mellom-Amerika og Karibia

Fredsprosessen i Guatemala førte i 1996 til ei endeleg fredsavtale. FNs operasjon i Guatemala, MINUGUA, har spela ei vesentleg rolle i fredsprosessen i landet og når det gjeld gjennomføringa av fredsavtalene. Noreg var medframleggsstillar til resolusjonen om forlenging av MINUGUA sitt mandat t.o.m. 31.12.2001.

Når det gjeld Haiti, vedtok 3. komité ein resolusjon om menneskerettssituasjonen i landet. Noreg var medframleggsstillar til denne resolusjonen. Etter tilråding frå Generalsekretæren vil Generalforsamlinga ikkje forlengje mandatet til MICHA (United Nations Civilian Support Mission in Haiti) når denne går ut 6. februar 2001. Det har heller ikkje kome noko oppmoding frå partane på Haiti om å halde fram med MICHA etter at mandatet går ut. FN vil likevel halde fram med hjelpeprogramma sine i landet.

3.3.4 Europa

FNs operasjonar på Balkan vart stilt overfor ein ny regional situasjon som følgje av at vala i Jugoslavia (FRJ) førte til at eit demokratisk, reformorientert regime, under leiing av president Vojislav Kostunica, i oktober 2000 etterfølgde Slobodan Milosevic, som hadde vore president i mange år og er tiltala for krigsbrotsverk.

Dette opna mellom anna opp for at Jugoslavia (FRJ) kunne takast opp som medlem i FN under den 55. generalforsamlinga, etter at medlemskapen til den tidlegare Sosialistiske føderale republikken Jugoslavia (SFRJ) hadde vorte suspendert som ledd i Tryggingsrådet sine tiltak mot landet tidleg på 1990-talet.

Den demokratiske omveltinga i FRJ og den tidlegare overgangen til eit demokratisk regime også i Kroatia skapte nye høve for å løyse tvisten mellom dei to landa om grensa over Prevlaka-halvøya, der ein FN-operasjon (UNMOP) har vore utplassert sidan 1992. Tryggingsrådet forlengde i januar 2001 mandatet til UNMOP fram til juli 2001 og oppmoda partane til å ta oppatt bilaterale samtalar om ei løysing snart.

Generalforsamlinga si handsaming av situasjonen i Bosnia-Hercegovina spegla òg dei positive endringane i den politiske situasjonen i regionen og dei høva som ligg føre når det gjeld sambanda mellom nabolanda og Bosnia-Hercegovina, gjennomføring av Dayton-fredsavtala og mandatet til FN-operasjonen UNMIBH, som held fram å spele ei viktig rolle, mellom anna i arbeidet med reform av politistyrkane og retur av flyktningar, i samarbeid med NATO-styrken, OSSE, EU og andre.

Den mellombelse FN-administrasjonen i Kosovo (UNMIK) vart oppretta av Tryggingsrådet (res. 1244) i juni 1999, etter at NATO hadde avslutta bombekampanjen mot FRJ, og er ein av dei mest omfattande FN-operasjonane som er i gang. Frå 2001 vert UNMIK leidd av Hans Hækkerup, som er tidlegare forsvarsminister i Danmark. Prioriterte oppgåver er førebuing av val til provinsforsamling og etablering av sjølvstyreorgan, styrking av lov og orden, vern av den serbiske minoriteten og andre minoritetar i Kosovo og etablering av samarbeid med dei nye styresmaktene i Beograd. Den NATO-leidde KFOR-styrken sørgjer for stabilitet og tryggleik for verksemda til FN, OSSE og andre internasjonale samarbeidsorganisasjonar som er aktive i Kosovo.

FNs fredstryggjande operasjon på Kypros - UNFICYP - vart oppretta i 1964 for å dempe ein aukande valdsspiral mellom den gresk-kypriotiske folkegruppa og den tyrkisk-kypriotiske folkegruppa på Kypros og har sidan vorte regelmessig forlengd av Tryggingsrådet kvar sjette månad. Tryggingsrådet forlengde i desember 2000 UNFICYP-mandatet fram til juni 2001. Generalsekretæren sin personlege representant, Alvaro de Soto, held fram med meklingsarbeidet sitt. Det har vore gjennomført fleire FN-leidde samtalar mellom representantar for partane. Hittil har det vore avgrensa rørsle i samtalane.

3.3.5 Kaukasus/Sentral-Asia/Afghanistan

FNs engasjement i konfliktane i Kaukasus-området og Sentral-Asia har omfatta samarbeid med og støtte til fredsfreistnadene i regi av dei relevante regionale fora, dvs. OSSE og Samveldet av uavhengige statar (SUS), og iverksetjing av fredstryggjande operasjonar i form av observatørar. Russland har engasjert seg aktivt i konflikthandteringa og søkjer aksept for at dei har ei særleg rolle å spele i områda.

Konflikten i Abkhasia i Nord-Georgia braut ut sommaren 1992 då lokale abkhasiske leiarar freista å lausrive regionen frå Georgia. Tryggingsrådet vedtok i desember 1993 å utplassere eit sendelag av militære observatørar (UNOMIG). Mandatet vart sommaren 1994 utvida til å omfatte overvaking av dei fredstryggjande (russiske) SUS-styrkane i Georgia, som vart utplasserte etter oppmoding frå partane. Tryggingsrådet vedtok i oktober 1996 å skipe eit felles FN/OSSE-senter for menneskerettar i Sukhumi i Abkhasia som ein del av UNOMIG. FNs generalsekretær sin spesialutsending har søkt å få partane med på ei løysing om Abkhasias politiske status innanfor Georgias grensar. President Sjevardnadse har tilbode provinsen føderal status, men abkhasiske leiarar insisterer på ein union av sjølvstendige statar. Tryggingsrådet forlengde i januar 2001 mandatet til UNOMIG til juli 2001.

Gjennom den såkalla Minsk-gruppa og medformennene i gruppa (USA, Frankrike og Russland) har OSSE sidan 1992 arbeidd med sikte på å få i stand ei fredsløysing i konflikten om den armensk-folkesette Nagorno-Karabakh-enklaven i Aserbajdsjan. Generalsekretæren konstaterte i 1992 at FN ikkje kan ta på seg ein meklarfunksjon så lenge Minsk-gruppa held på med fredsfreistnadene sine.

Resolusjonen om samarbeidet mellom FN og OSSE oppnådde ikkje konsensus under den 55. generalforsamlinga heller. Som i tidlegare år la Aserbajdsjan fram eit endringsframlegg, der det vert presisert at Nagorno-Karabakh utgjer ein del av Aserbajdsjan. Noreg avstod på endringsframlegget saman med fleirtalet av EU-landa og dei andre i OSSE-troikaen. Frankrike, Italia, Tyskland, Russland og USA var mellom dei som i år røysta for endringsframlegget, som vart vedteke med røystetala 62-1-65. Heile resolusjonen vart vedteken med røystetala 147-1-0, då Armenia røysta mot. Noreg var som i tidlegare år medframleggsstillar til resolusjonen.

Situasjonen i Afghanistan og det internasjonale samfunnet sitt engasjement har i dei seinare åra vore prega av stadige konfrontasjonar med Taliban-regimet, som kontrollerer ca. 90 prosent av det afghanske territoriet. Regimet si handsaming av kvinner og jenter har vekt særleg uro. FNs innsats i fredsprosessen omfattar humanitær hjelp samt politiske nærvere i form av UNSMA og Generalsekretæren sin spesialutsending. I erkjenning av at konflikten i stor grad kjem av at dei regionale aktørane har intervenert, har Generalsekretæren søkt å engasjere dei landa det gjeld mest, gjennom samråd i den såkalla 6+2-gruppa. Taliban-regimets manglande respekt for menneskerettane og rolla deira i narkotikaproduksjon er medverkande årsaker til at regimet sitt krav om å representere Afghanistan i FN ikkje er stetta. Dette og andre tilhøve har gjort at tilhøvet mellom FN og Taliban ikkje er det beste. Frå FNs side er det gjeve uttrykk for at ei politisk løysing i Afghanistan, som tek omsyn til alle etniske og religiøse grupper, er den einaste farbare vegen.

Tryggingsrådet vedtok 15. oktober 1999 å innføre sanksjonar mot Taliban dersom dei nekta å utlevere Osama bin Laden, som oppheld seg i landet. Sanksjonane, som tredde i kraft 14. november 1999, inneber flyforbod til og frå Taliban-kontrollerte område samt frysing av Talibans aktiva i utlandet. 19. desember 2000 vedtok Tryggingsrådet res. 1333, som utvidar sanksjonsregimet mot Taliban, for å få Taliban til å følgje opp pålegga i res. 1267 om å utlevere bin Laden og stengje øvingsleirar for terroristar. Sanksjonane innfører mellom anna våpenembargo, samt flyforbod i Taliban-kontrollerte område, med unntak for humanitære hjelpeorganisasjonar som har søkt om unntak på førehand.

3.3.6 Søraust-Asia

Då Indonesia fekk sjølvstendet sitt frå Nederland i 1954, var Aust-Timor framleis ein portugisisk koloni. Portugal starta i 1974 ein avkoloniseringsprosess for alle koloniane sine. I 1975 - etter ein kort borgarkrig - erklærte nasjonalistrørsla Aust-Timor som sjølvstendig. Indonesia intervenerte militært og innlemma Aust-Timor i Indonesia året etter. Tildelinga av Nobels fredspris for 1996 til biskop Belo og Jose Ramos-Horta sette fornya fokus på konflikten. President Suhartos avgang i mai 1998 og president Habibie sitt utspel om særstatus for Aust-Timor medverka vidare til utviklinga mot sjølvstende for Aust-Timor. FN, Portugal og Indonesia inngjekk i 1999 ei avtale om folkerøysting om Aust-Timors status. Røystinga vart gjennomførd med hjelp frå FN (UNAMET) og gav eit ja til sjølvstende. Valet vart likevel følgd av omfattande valdsbruk mot sivilfolket frå motstandarar av sjølvstende, og ein stor del av folket flykta til fjellområda og til Vest-Timor. Indonesiske troppar øydela og brente då dei trekte seg ut frå Aust-Timor, medan militsen heldt fram trakasseringa i flyktningleirane i Vest-Timor i Indonesia. Tryggingsrådet vedtok å godkjenne ein internasjonal tryggingsstyrke (INTERFET), leidd av Australia, medan FNs menneskerettskommisjon vedtok å oppnemne ein internasjonal undersøkingskommisjon for å samle prov for brot på menneskerettane. INTERFETs oppgåve vart seinare teken over av den militære delen av FNs overgangsadministrasjon for Aust-Timor (UNTAET) skipa hausten 1999. Tryggingssituasjonen i Aust-Timor har vore relativt bra i 2000, medan militsgrupper har heldt fram med åtaka sine på flyktningleirane i Vest-Timor. Militsen sine herjingar førte til skarp kritikk mot Indonesia frå det internasjonale samfunnet med Tryggingsrådet i spissen. Ein meinte Indonesia burde ta ansvaret sitt og gjera meir for å trygge situasjonen til flyktningane.

Den sivile delen av UNTAET hjelper til med oppbygging av så godt som alle sider av administrasjonen, samfunnslivet og infrastrukturen i Aust-Timor. I 2000 vart det skipa ei overgangsregjering og eit nasjonalråd. Val av president og grunnlovsforsamling er planlagd i siste halvdel av 2001, medan sjølvstende er venta å verte erklært ved årsskiftet 2001/2002. UNTAET vil då kunne overføre makta til dei demokratisk valde timoresiske organa, men Aust-Timor vil trengje støtte frå FN på mange område også etter dette.

Noreg har gjeve monalege økonomiske bidrag og stilt personell til disposisjon for FN og andre organisasjonar i Aust-Timor.

3.4 Fredstryggjande operasjonar og preventivt diplomati

Talet på militært personell knytt til FNs fredstryggjande operasjonar var midt på 90-talet oppe i ca. 80 000. Per 31. desember 2000 var talet ca. 30 000, ein auke på ca. 20 000 frå 1999. Sivilt politi talde på same tidspunkt ca. 7 800, ein auke på ca. 3 300 frå 1999.

Noreg har i år 2000 ikkje delteke med regulære militære avdelingar i FN-leidde fredstryggjande operasjonar, men berre med einskildpersonar som militære observatørar og stabspersonell. Noreg deltek likevel sterkt i dei FN-autoriserte, men NATO-leidde, fredsoperasjonane på Balkan.

Noreg deltok per 31. desember 2000 i 9 av FNs 15 fredstryggjande operasjonar, med 34 militære offiserar og 49 polititenestemenn fordelte på 10 operasjonar. Dette er ein auke på 38 polititenestemenn og militære offiserar frå 1999. Om lag ein prosent av den norske politistyrken er utplassert i internasjonale fredsoperasjonar.

Dei samla utgiftene til FNs fredstryggjande operasjonar for 2000 er kostnadsrekna til om lag USD 2 mrd., ein auke på ca. USD 700 millionar frå 1999.

Viktige stikkord for fredstryggjande operasjonar i den noverande situasjonen er nye typar konfliktar (ofte interne og ikkje mellom statar), behovet for multifunksjonelle operasjonar med mellom annan stor humanitær innsats og dermed behov for styrkt planlegging og samordning. Viktig er òg spørsmålet om tilhøvet til partane og bruk av makt, om det er naudsynt å styrkje FNs kapasitet til rask reaksjon, og behovet for å styrkje arbeidet med konfliktførebygging gjennom preventivt diplomati.

Dagens fredsoperasjonar krev òg innsats innanfor avvæpning, demobilisering og reintegrering. Noreg har etter oppmoding frå FN og saman med Canada og Sverige utarbeidd eit utdanningsprogram for dette høvet. Programmet har vore gjennomført to gonger i Afrika med militære instruktørar frå Noreg.

FN-sekretariatet sitt arbeid med å skipe vernebuingssystemet UN Standby Arrangements System (UNSAS) førte til at to nye medlemsland underskreiv eit omsamd memorandum om dette i 2000. Noreg vil om kort tid underskrive memorandumet med FN og derigjennom melda inn både militære styrkar og sivilt politi til UNSAS. Dersom FN ynskjer det, kan Noreg òg melda inn dei omfattande sivile vernebuingssystema vi har bygd opp på ulike humanitære og demokratifremjande område.

Sivilt politi-komponenten vert tillagt aukande verdi i fredstryggjande operasjonar. Frå å vere uvæpna og overvakande politistyrkar er det ein aukande tendens til å setje inn væpna politistyrkar med utøvande politimynd. Situasjonen i Kosovo og på Aust-Timor har òg avdekt behov for ein nøye samordna innsats av politi, rettsstell og fengselsstell. Denne understrekar fredsoperasjonane sin multifunksjonelle karakter.

Brahimi-rapporten

FNs generalsekretær, Kofi Annan, nedsette i mars 2000 eit panel for å leggje fram eit framlegg til korleis FN kan forbetre planlegginga og gjennomføringa av fredsoperasjonar. Panelet la fram rapporten sin i august 2000. Panelet vart leidd av ambassadør og tidlegare utanriksminister i Algerie Lakhdar Brahimi og var elles sett saman av sivile og militære ekspertar frå USA, Storbritannia, Tyskland, Japan, Russland, Sveits, New Zealand, Trinidad og Tobago, og Zimbabwe.

Brahimi-rapporten har vore eit sentralt tema i FN-arbeidet denne hausten, fyrst i tusenårsdebatten og seinare under opninga av den 55. generalforsamlinga og i Tryggingsrådet og i ulike komitear. Panelet har kome både med mange framlegg til praktiske forbetringar og med ei rekkje tilrådingar av meir prinsipiell og politisk karakter. Kort kan nemnast:

  • Panelet etterlyser ein meir effektiv FN-strategi når det gjeld konfliktførebygging på den eine sida og atterreising av samfunnet (fredsbygging) etter avslutning av ein konflikt på den andre sida.

  • Panelet tilrår ei restrukturering og ei vesentleg styrking personellmessig og kompetansemessig av dei delane av FN-sekretariatet som arbeider med fred og tryggleik, fyrst og fremst avdelinga for fredsoperasjonar (DPKO).

  • Det vert føreslått oppretta ei ny eining for informasjonsinnhenting og analyse.

  • Panelet går svært langt i å oppmuntre FN til på den eine side å fjerne inkompetente tilsette og på den anna sida løne dyktige.

  • Det vert lagt stor vekt på å gje FN-fredsstyrkane det mandatet og den støtta og utrustinga som krevst for å kunne verne sivile og for å kunne gå til aksjon mot partar i ein konflikt som gjer seg skuldige i brot på fredsavtaler.

  • Panelet oppmodar Sekretariatet og Tryggingsrådet til å ha utvida kontakt og samarbeid med troppebidragsytande land i samband med etablering av nye operasjonar og ved endring av mandat for operasjonar som er i gang.

  • Etablering av ein «Integrated Mission Task Force» (IMTF) for kvar operasjon, som skal ha eit særleg planleggings- og samordningsansvar for dei ulike delane og funksjonane som i dag inngår i multifunksjonelle operasjonar.

  • Oppsetjing av realistiske personellister og vernebuingslister, som bør omfatte kvalifisert militært og sivilt personell og kvalifiserte militære og sivile avdelingar.

Av tilrådingane i Brahimi-rapporten er desse iverksett:

  • 95 stillingar av dei føreslegne 249 er oppretta. Hovudtyngda av dei oppretta stillingane er i DPKO.

  • Ulike omorganiseringar i Sekretariatet og ein omfattande gjennomgang av organisasjonen er iverksett.

  • Dei fyrste stega er tekne i retning av eit tettare samarbeid mellom Tryggingsrådet, Sekretariatet og dei troppebidragsytande nasjonane.

  • Arbeidet med å modernisere og oppdatere personellister og vernebuingslister har byrja.

Arbeidet med gjennomføringa av tilrådingane i Brahimi-rapporten vil halde fram i år 2001.

3.5 Økonomiske og sosiale saker

3.5.1 Økonomi- og utviklingsspørsmål

Forhandlingane i 2. komité fokuserte under den 55. generalforsamlinga på økonomiske spørsmål i lys av det komande høgnivåmøtet om Finansiering for utvikling, førebuingane til tiårsgjennomgangen av FN-konferansen om miljø og utvikling, MUL-konferansen, samt temaa gjeld, globalisering, handel og utvikling. Frå utviklingslanda si side prioriterte ein klart resolusjonane med relevans for førebuingane til Finansiering for utvikling. Frå alle aktørane si side la ein vekt på å skape eit best mogleg klima for dei vanskelege forhandlingane som vil finne stad i den førebuande komiteen for Finansiering for utvikling. I tillegg medverka semja som vart oppnådd kring Tusenårserklæringa, til å gje eit grunnlag for omsamde tekster på tema som fattigdomslindring, globalisering og gjeld. På det operasjonelle området vert det låge aktivitetsnivået forklart med at ein neste år vil gjennomføre treårsgjennomgangen av FNs operasjonelle aktivitetar. Men det ville vere feil å tolke det relativt gode forhandlingsklimaet som eit uttrykk for ei avklaring og tilnærming mellom alle medlemslanda med omsyn til spørsmål som globalisering, handel, gjeld og ressurs- og teknologioverføringar. Snarare må det tolkast som at ein utset den vidare substansielle debatten til dei ovannemnde konferansane og møta som skal haldast i 2001 og 2002.

Utviklingslanda la klart størst vekt på resolusjonen om den internasjonale finansarkitekturen. Resolusjonen representerer eit steg vidare med omsyn til kravet om sterkare representasjon av utviklingslanda innanfor Bretton Woods-institusjonane. Samtidig vert det understreka at FN har ei legitim og viktig rolle når det gjeld å målbere dette kravet. Under årets forhandlingar la utviklingslanda stor vekt på at resolusjonen skal vere eit viktig grunnlag for prosessen kring Finansiering for utvikling. Tanken er at spørsmålet om reform av den internasjonale finansielle arkitekturen skal drøftast i denne samanhengen òg. Utviklingslanda var opptekne av å understreke at dei internasjonale finansinstitusjonane må vere sensitive overfor nasjonale prioriteringar i utlånspolitikken sin. Frå norsk side la ein i denne samanhengen vekt på verdien av nasjonalt utvikla fattigdomsstrategidokument (PRSP), men dette viste seg å vere svært kontroversielt, særleg hjå dei meirframståande utviklingslanda i gruppa av mellominntektsland. På amerikansk side var det stor skepsis til resolusjonen, men i motsetning til under den 54. generalforsamlinga fann ein til slutt å kunne gå med i konsensus. I det heile teke strekte ein seg langt frå begge sider for å oppnå semje, men likevel slik at dokumenta held seg innanfor den etablerte ansvars-, rolle- og mandatfordelinga mellom dei ulike institusjonane på dette området.

Forhandlingane om gjeldsresolusjonen vart prega av freistnadene frå industrilanda på å tone ned den sterke fokuseringa på gjeldssituasjonen til mellominntektslanda. Dette vekte til dels sterke reaksjonar hjå utviklingslanda, som hevda at situasjonen i mange mellominntektsland har forverra seg det siste året. Mellom gjevarlanda syntest det å vere ein større grad av semje om at finansieringssituasjonen for HIPC-initiativet på kort sikt er mindre kritisk enn for eitt år sidan. Frå norsk side vart det prioritert høgt å få stadfesta semja frå International Development Agency-møtet i Lisboa i juni 2000 om at gjevarlanda skal møtast i ein separat prosess for å vurdere den langsiktige finansieringssituasjonen for HIPC-initiativet. Med støtte frå EU lukkast det til slutt å få Japan og USA til å godta denne teksta. Det var òg diskusjon om finansieringa av HIPC-initiativet vil gå ut over andre typar hjelp. Særleg EU, USA og Japan hadde her problem med å godta at bidraga til gjeldslette skal koma i tillegg .

Diskusjonen om den tredje FN-konferansen om minst utvikla land omhandla førebuingane til konferansen, som skal haldast i Brussel i mai 2001. I tillegg til dei minst utvikla landa er EU, som vertskap for konferansen, Noreg og fleire andre vestlege land aktivt engasjerte i førebuingsprosessen. I det norske innlegget framheva ein sterkt behovet for brei deltaking i førebuingane og den seinare oppfølginga av konferansen, nasjonal ressursmobilisering, overføringar av utviklingshjelp, gjeldslette, marknadstilgang og godt styresett. Resolusjonsforhandlingane dreidde seg om organisatoriske og finansielle spørsmål knytt til førebuingar og oppfølging av konferansen.

I diskusjonen om fattigdomslindring la ein frå norsk side vekt på godt styresett, handel, kampen mot HIV/AIDS og utdanning for jenter.

Frå industrilanda si side inntok ein under den 55. generalforsamlinga gjennomgåande ei passiv haldning i økonomi- og utviklingsspørsmål. Det var eit hovudmål å medverke til eit best mogleg utgangspunkt for forhandlingane kring Finansiering for utvikling. Med omsyn til den striden som fann stad under den 54. generalforsamlinga om spørsmålet om godt styresett, syntest det, med hjelp av Tusenårserklæringa, å vere oppnådd semje om at ein kan omtale behovet for godt styresett på nasjonalt nivå, så lenge dette vert balansert med ei tilsvarande tilvising til godt styresett internasjonalt òg.

3.5.2 Finansiering av utvikling

Utviklingslanda har i fleire år arbeidd for at det burde haldast eit møte på høgt politisk nivå i FN for finansiering for utvikling. Argumenta for dette har mellom anna vore at dei store globale FN-konferansane på 1990-talet må utfyllast med ei semje om korleis den globale dagsordenen for utvikling bør finansierast. I denne samanhengen ser ein med uro på at i eit tiår der den økonomiske veksten gjennomgåande har vore svært sterk, har nivået på den offentlege utviklingshjelpa gått endå meir ned. I tillegg har globaliseringa mellom anna medført stor auke og store endringar i flyten av finansielle ressursar og investeringar på tvers av landegrensene. Men dei auka investeringane, som òg kjem mange utviklingsland til gode, er svært ulikt fordelte. For eksempel gjekk berre 0,5 prosent av dei samla utanlandske direkte investeringane i 1999 til dei 48 minst utvikla landa. Industrilanda gjekk under den 53. generalforsamlinga med på at det skulle haldast eit høgnivåmøte om finansiering av utvikling. Det vart under den 54. generalforsamlinga vedteke å opprette ein førebuande komité for å førebu møtet. På sekretariatsnivå vert førebuingane leidde av eit eige sekretariat, der både FN, Verdsbanken, IMF og WTO deltek. Som ein del av semja om høgnivåmøtet vart det vedteke at møtet skal ha ein brei dagsorden der alle finansieringskjelder og - former vert sedde i samanheng. Det er utarbeidd ein førebels dagsorden som omfattar innanlandsk ressursmobilisering, internasjonale finansstraumar, handelsspørsmål, internasjonalt utviklingssamarbeid, gjeldsspørsmål og tiltak for betre samanheng i dei internasjonale monetære og finansielle systema og handelssystema.

Under den 55. generalforsamlinga vart det vedteke at høgnivåmøtet skal haldast i mars 2002 og førebuast på tre møte i den førebuande komiteen. Prosessen fram mot høgnivåmøtet vert sett på som ein av dei mest sentrale i FN på utviklingsområdet den komande perioden, og det vert lagt vekt på å trekkje inn alle relevante aktørar - Bretton Woods-institusjonane, WTO, privat sektor og det sivile samfunnet - i førebuingane. Som ledd i dette vart det hausten 2000 arrangert høyringar med det sivile samfunnet, privat sektor og regionale førebuingskonferansar i alle verdsdelar. I eit eige initiativ for å støtte opp under prosessen oppretta FNs generalsekretær i desember 2000 ei rådgjevingsgruppe på høgt nivå, som vert leidd av Ernesto Zedillo, tidlegare president i Mexico, og der mellom anna Robert Rubin, tidlegare finansminister i USA, og Jacques Delors, tidlegare president i EU-kommisjonen, deltek.

3.5.3 Globalt partnarskap.

I tusenårserklæringa er det mellom anna vist til at FN må styrkje samarbeidet med andre aktørar, ikkje minst privat sektor. Etter tysk initiativ vedtok Generalforsamlinga ein resolusjon om global partnarskap. Generalsekretæren vert beden om å hente inn synspunkt frå medlemslanda om korleis slikt partnarskap kan og bør utviklast. Han vert beden om å rapportere til den 56. generalforsamlinga, der saka vil verte substanshandsama. Resolusjonsforhandlingane viste seg å verte vanskelege fordi ei lita gruppe utviklingsland ynskte å starte ein omfattande mellomstatleg prosess som skulle leggje rammene for FN sitt arbeid på dette feltet. Bak dette ynsket låg mellom anna stor skepsis til «Global Compact»-initiativet frå Generalsekretæren, som mellom anna er grunna på definerte prinsipp knytte til menneskerettar, arbeidsvilkår og miljøomsyn. Frå industrilanda si side ynskte ein å gje Generalsekretæren tilstrekkeleg handlefridom, ettersom dette i stor grad er eit nybrotsarbeid der det trengst tilstrekkeleg fleksibilitet til å prøve ut samarbeidsordningar som fungerer i praksis.

3.6 Miljø- og ressursspørsmål

Dei fleste sentrale miljøprosessane går føre seg i eigne fora under dei ulike miljøkonvensjonane. FN sitt arbeid når det gjeld miljø og berekraftig utvikling, vert difor prega av at arbeidsoppgåvene og prosessane er veldefinerte gjennom det femårige arbeidsprogrammet for FNs kommisjon for berekraftig utvikling (CSD) og i dei ulike konvensjonsorgana. Forhandlingane om miljørelaterte resolusjonar under den 55. generalforsamlinga vart til ein viss grad prega av prosedyremessige førebuingar til ei rekkje komande konferansar der substansen vil verte forhandla i eigne fora. Dette gjeld til dømes femårsgjennomgangen av HABITAT II, klimaforhandlingane, MUL-konferansen, og førebuingane til tiårsgjennomgangen av toppmøtet i Rio (Rio + 10).

Forhandlingane om resolusjonen om tiårsgjennomgangen av FNs konferanse om berekraftig utvikling (Rio + 10) vart prega av motstand frå utviklingslanda mot tekst som indikerer nye globale plikter, og freistnadene frå industrilanda på å få inn handlingsretta og framoverskodande tekst. Utviklingslanda var opptekne av at tiårsgjennomgangen skulle fokusere på evaluering av i kva grad dei ulike pliktene, ikkje minst industrilanda sine plikter med omsyn til teknologioverføring og kapasitetsbygging, har vorte oppfylte. Frå norsk side la ein stor vekt på at føremålet med prosessen òg skulle vere å fornye og forsterke den globale konsensusen med omsyn til verdien av berekraftig utvikling. Etter til dels svært vanskelege forhandlingar nådde ein til slutt fram til ei kompromissløysing som i store trekk inneber at utviklingslanda fekk gjennomslag for at prosessen som leier opp til konferansen i 2002, vil vere ein gjennomgang av dei resultata som er oppnådde når det gjeld gjennomføringa av Agenda 21. Samtidig fekk industrilanda langt på veg gjennomslag for at sjølve toppmøtet vil vere framoverskodande. Utviklingslanda var i utgangspunktet motvillig til på dette tidspunktet å drøfte den tematiske innrettinga på toppmøtet. Bakgrunnen for dette kan vere at ein i etterkant av toppmøtet i Rio i 1992 frå industrilanda si side har pressa på for å vidareutvikle landa sine miljøplikter,mellom anna gjennom framforhandling av nye avtaler. Frå utviklingslanda si side synest ein å meine at dette ikkje - som føresett - har vorte følgd av finansielle og teknologiske ressursar til støtte for gjennomføringa i utviklingslanda. Vidare uttrykte utviklingslanda misnøye med at miljøomsyn har vorte sterkare vektlagt enn utviklingsomsyn i oppfølginga etter Rio-møtet i 1992. Det vart til slutt oppnådd semje om at det vil finne stad ein førebels diskusjon omkring tema og dagsorden under den organisatoriske sesjonen av CSD 10 i april/mai 2001. Det fann òg stad ei viktig avklaring utviklingslanda imellom, ved at Sør-Afrika vart klar som vertskap for tiårsgjennomgangen. Det var semje om at Indonesia, som hadde vore Asia sin kandidat til rolla som vertsland, vil få formannskapet for konferansen. USA gjorde under forhandlingane ei rekkje reservasjonar med omsyn til dei finansielle konsekvensane av å halde tiårsgjennomgangen utanfor FN-hovudkvarteret.

Under forhandlingane om dei andre miljørelaterte resolusjonane var utviklingslanda særleg opptekne av å styrkje kravet om utviding av mandatet til Det globale miljøvernfondet til å omfatte finansiering av tiltak på andre område relatert til miljø og berekraftig utvikling. Det gjaldt særleg tiltak for gjennomføring av Ørkenspreiingskonvensjonen. Utviklingslanda har i fleire år vore opptekne av å få større merksemd omkring konvensjonen og å understreke behovet for å mobilisere dei finansielle ressursane som krevst for å gjennomføre tiltak mot ørkenspreiing. I forhandlingane om resolusjonen om Ørkenspreiingskonvensjonen vart det til slutt oppnådd semje om ein referanse til vedtaket i styret for Det globale miljøvernfondet som oppmodar eksekutivdirektøren om å gjere ei vurdering av spørsmålet.

Den russiske resolusjonsteksten om komplementaritet mellom miljøkonvensjonane, som dei føregåande åra har vore tema for til dels svært vanskelege forhandlingar, vart under den 55. generalforsamlinga vedteken utan store problem. Føremålet med resolusjonen er å fremje det praktiske samarbeidet mellom konvensjonane, primært på sekretariatsplan - men òg i høve til andre relevante organisasjonar på miljøområdet, til dømes UNEP. Det gjorde seg likevel gjeldande ein viss skepsis frå utviklingslanda til den rolla Environmental Management Group (EMG) er meint å spele når det gjeld samordning innan FN-systemet i samsvar med dei tilrådingane som er vedteke for reform av FN sitt arbeid på miljø- og busetjingsområdet.

Rapporten frå det siste styremøtet i UNEP, som vanlegvis vert vedteken i ein prosedyremessig resolusjon, skapte stor diskusjon då Egypt og Tyrkia freista å utnytte forhandlingane til å styrkje kravet om ei revurdering av UNEP sin politikk for forvalting av ferskvassressursar.

Generalforsamlinga vedtok òg prosedyremessige resolusjonar om Verdas solenergiprogram, om Det internasjonale ferskvassåret, om Det internasjonale fjellåret, om internasjonalt samarbeid for å minske følgjene av El Niño, om Konvensjonen for biologisk mangfald, om berekraftig utvikling av Karibhavet, og om oppfølging av femårsgjennomgangen av handlingsprogrammet for små utviklingsøystatar.

3.7 Humanitære spørsmål

3.7.1 Samordning av FNs humanitære hjelp

Dei humanitære behova, som følgje av både naturkatastrofar og konfliktar, er framleis svært store. I november 2000 bad FN om bidrag for 2001 på over USD 2 mrd. til dei 19 landa det gjeld mest. Samtidig med at behovet for humanitær hjelp er større enn nokon gong, heldt tendensane til sviktande respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell fram. Frå juli 1999 til september 2000 vart 26 FN-tilsette drepne i tenesta, og langt fleire vart utsett for bortføringar, fysiske overgrep og trugsmål. Styrking av tiltak for betre tryggleik for humanitært personell og FN-personell var på denne bakgrunnen det mest sentrale temaet under handsaminga av humanitære spørsmål i Generalforsamlinga. På oppmoding frå Generalforsamlinga hadde Generalsekretæren utarbeidd ein rapport med konkrete framlegg til styrkt tryggleik. Mellom anna vil det verte oppretta ei stilling som heiltids tryggleikssamordnar i FN-sekretariatet, og stillingsoppsettet både på hovudkvartersnivå og på landnivå vil verte styrkt. I tillegg vil det verte lagt vekt på obligatorisk tryggleiksopplæring før utsending av FN-personell, styrkt samordning i felt, og betre støtteapparat, med mellom anna psykologisk rådgjeving for personell som har vorte utsette for overgrep.

I debatten vart det gjeve uttrykk for støtte til arbeidet til FNs naudhjelpssamordnar, men samtidig uttrykt uro for at FNs konsoliderte naudhjelpsappellar for 2000 var sterkt underfinansiert. Dekninga var monaleg lågare enn i 1999, då mellom anna Kosovo- og Aust-Timor-krisene medverka til sterk mediamerksemd om humanitære behov. U nder den 55. generalforsamlinga òg var forhandlingane om dei viktigaste humanitære resolusjonane vanskelege. Det vert gått ein vanskeleg balansegang mellom oppmodingar til respekt for internasjonal humanitær rett og tryggleik for humanitært personell og dei som treng humanitær hjelp, på den eine sida, og respekt for nasjonal suverenitet og ikkje-innblanding på den andre.

3.7.2 Hjelp til minetiltak

Under handsaminga av dette dagsordenpunktet vart det både frå fleire gjevarland og mineråka land lagt vekt på at resultata av Landminekonvensjonen og det praktiske arbeidet i felt no for alvor byrjar å verte synlege. Talet på produsentar og eksportørar av landminer er sterkt redusert, mange miner er destruerte, og store område er rydda for miner. Sjølv om dette viser at det internasjonale arbeidet fungerer, vart det samtidig understreka at det framleis trengst å gjerast meir, både på metode- og kartleggingssida, med samordninga innan FN og mellom FN og andre aktørar, minerydding, og hjelp til mineoffer mellom anna ved å integrere minetiltak i sosioøkonomisk utvikling i mineråka land. EU, Noreg, Canada og andre oppmoda til auka tilslutning til Minekonvensjonen, og til å halde fram med å gje bidrag til å finansiere minetiltak. Det vart understreka at FNs leiarskap var viktig for framleis å sikre samordna framgang med omsyn til minetiltak.

Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon om minetiltak, som støttar opp under det arbeidet FN gjer på området, og oppmodar til innsats framleis for å medverke til å løyse landmineproblemet. Frå Egypt si side vart dei føreslege tekster som ville medført at ein godtok bruk av landminer i nasjonale forsvarsstrategiar. Dei landa som har tiltredd Landminekonvensjonen, mellom andre Noreg, kunne ikkje godta dette. Ein unngjekk likevel røysting fordi Egypt trekte attende dette framlegget etter å ha vorte kome i møte på somme andre framlegg til tekstendringar.

3.8 Sosiale spørsmål

Under handsaminga av sosiale spørsmål heldt Noreg, som vanleg, innlegg om ungdomsspørsmål. Ungdomsdelegaten, i år frå Unge Venstre, la i innlegget sitt vekt på utdanning i utviklingsland, og uttrykte i denne samanhengen at det særleg må verte lettare for jenter å skaffe seg utdanning. Vidare peikte delegaten på behovet for utdanning på område som menneskerettar og fred. Det vart òg understreka at det er verdifullt at ungdomsrepresentantar deltek i avgjerdsprosessar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt plan. Dei norske ungdomsdelegatane deltok i resolusjonsforhandlingar og var òg medarrangørar til eit ope møte om allmenn deltaking av ungdomsdelegatar i FN-systemet. Noreg var, som i tidlegare år, medframleggsstillar til resolusjonen om oppfølging av Det sosiale toppmøtet i København og Spesialsesjonen i Genève («København + 5»). I debatten om oppfølginga av toppmøtet la ein frå norsk side vekt på fattigdomslindring, HIV/AIDS-problematikken og den komande spesialsesjonen om HIV/AIDS, i tillegg til utviklingshjelp, samarbeid mellom dei internasjonale hjelpeorganisasjonane og GAVI-initiativet.

3.9 Menneskerettsspørsmål, mellom anna kvinnespørsmål

Eit hovudinntrykk frå arbeidet i 3. komité under årets Generalforsamling er ein sterk grad av polarisering, grunna på kulturelle og religiøse skiljeliner. Det var den vanskelege resolusjonen om æresdrap, fremja av Nederland, som utløyste den ladda atmosfæren som kom til å prege forhandlingsklimaet under heile kommisjonsarbeidet. Æresdrap vart for fyrste gong omhandla i eit forhandla FN-dokument i samband med FNs spesialsesjon i juni 2000 om oppfølging av kvinnekonferansen i Beijing. Resolusjonen, som er ei oppfølging av sluttdokumentet frå den nemnde spesialsesjonen, oppmodar mellom anna medlemslanda til å setje i verk tiltak for å stoppe æresdrap. I tillegg vert FN-organa, gjennom relevante program og aktivitetar, invitert til å støtte medlemslanda sine tiltak for å førebyggje denne typen brotsverk. Generalsekretæren vart vidare beden om å utarbeide ein rapport om temaet for presentasjon under den 57. generalforsamlinga. Somme delegasjonar i gruppa av islamske land tok sterk avstand frå innhaldet i resolusjonen og uttrykte mellom anna at resolusjonen medverkar til å stigmatisere islamsk religion og kultur. Dei meinte òg at problemet har så lite omfang at det ikkje er naturleg å ha ein eigen resolusjon om dette temaet. Resolusjonen vart vedteken med votering, etter lange og krevjande forhandlingar. Noreg var medframleggsstillar. For fyrste gong i FNs historie kom ein ikkje fram til ei konsensustekst når det gjeld kvinnespørsmål.

Som ei motvekt til den nederlandske resolusjonen fremja Algerie, Pakistan og Egypt ein ny resolusjon om avskaffing av vald mot kvinner. Resolusjonen vart vedteken utan røysting. JUSCANZ-landa heldt innlegg der ein gav allmenn støtte til innhaldet i resolusjonen, men uttrykte samtidig at ein helst hadde sett at resolusjonen hadde fått ei breiare og meir integrert plattform.

Den konfrontatoriske lina under sesjonen førte òg til store problem med andre resolusjonar. Det vart allment vanskelegare å einast om sams tekst til resolusjonar som det tradisjonelt sett har vore konsensus om. Resultatet vart at fleire resolusjonar vart tekne til votering enn under tidlegare generalforsamlingar. Av dei i alt 68 resolusjonane som vart tekne til røysting i 3. komité i år, vart 15 votert over (mot 12 voteringar i 1999). Andre resolusjonar som opplevde store vanskar, var mellom andre resolusjonen om summariske og vilkårlege avrettingar, der det heilt fram til røysting rådde uvisse om ei eventuell votering. Berre etter at ein hadde utvist svært stor grad av fleksibilitet, vart det semje om konsensus. Frå norsk side òg fekk ein kjenne det vanskelege samarbeidsklimaet som rådde under arbeidet i 3. komité. Dette gjaldt særleg i samband med forhandlingane om resolusjonane om høvesvis menneskerettsforsvararar og samleresolusjonen om UNHCR, der Noreg hadde ansvaret for framlegginga og samordninga (ref. 3.10).

Når det gjeld landresolusjonane, er tendensen ei svakare oppslutning. Dette gjeld særleg Iran- og Irak-resolusjonane. Tendensen til svakare oppslutning kan kanskje føre til at det vert fremja færre landresolusjonar neste år. Noreg var i år (som i 1999) medframleggsstillar til resolusjonen om Burma, fordi ein fann teksta akseptabel og sterkare enn føregåande år. I Noregs innlegg om menneskerettar la ein vekt på verdien av kampen mot rasisme. Det vart i den samanhengen vist til den komande Verdskonferansen mot rasisme, som ein frå norsk side vonar vil medverke til at det vert iverksett ytterlegare tiltak mot rasisme i medlemslanda i FN.

3.10 Flyktningspørsmål

Under handsaminga av rapporten frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) vart det gjeve uttrykk for sterk støtte til arbeidet høgkommissæren hadde gjort. Avtroppande høgkommissær Ogata fekk ros for den svært aktive og uredde innsatsen sin for flyktningane i verda. På bakgrunn av at fire UNHCR-medarbeidarar vart drepne med få dagars mellomrom i september 2000, la høgkommissæren sterk vekt på behovet for betre tryggleik for humanitært personell. Ho oppmoda òg til auka løyvingar for å kunne gje tilstrekkeleg hjelp til flyktingar og internt fordrivne.

Noreg samordna arbeidet med resolusjonen om UNHCR. Hovudføremålet med resolusjonen er å støtte opp under arbeidet som UNHCR utfører, og han har tradisjonelt brei støtte frå alle FNs medlemsland. Dette var òg tilfellet i år, men for fyrste gong opplevde ein at det vart kravd røysting om ein av paragrafane i resolusjonen. Egypt kunne ikkje godta ei tilvising til relevansen av dei rådgjevande prinsippa om internt fordrivne som er utarbeidd av Generalsekretærens representant for internt fordrivne, trass i at denne teksta vart vedteken med konsensus i fjor. Paragrafen vart vedteken med stort fleirtal, men viser at somme medlemsland nærer ein djup mistillit til retningsliner som ikkje er formelt vedtekne i Generalforsamlinga, sjølv om desse har eit praktisk og operasjonelt føremål.

3.11 Oppfølging av FN-konferansar

FNs generalforsamlings spesialsesjon om oppfølging av FNs kvinnekonferanse i Beijing i 1995, «Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred på 2000-talet», også omtala som «Beijing + 5», vart halden i New York 5.-9. juni 2000. Den norske delegasjonen vart leidd av barne- og familieminister Karita Bekkemellem Orheim. Spesialsesjonen resulterte i ei politisk erklæring og eit sluttdokument om «Ytterlegare tiltak og initiativ for å gjennomføre Beijing-erklæringa». Resolusjonen om oppfølging av «Beijing + 5,» der Noreg var medframleggsstillar, vart vedteken med konsensus under den 55. generalforsamlinga. Ei av hovudmålsetjingane med resolusjonen er å sikre at integrasjonsprosessen når det gjeld kvinnespørsmål i FN, held fram.

Generalforsamlinga sin spesialsesjon om born vil verte halden 19. - 21. september 2001. Spesialsesjonen skal vurdere oppfølginga av måla frå Barnetoppmøtet i 1990 og skal i tillegg vedta nye og framtidsretta målsetjingar. Det norske innlegget peikte på nye utfordringar sidan Barnetoppmøtet, mellom anna aukande fattigdom og ulikskap, spreiing av konfliktar og HIV/AIDS. Det vart òg lagt vekt på at prosessen fram mot spesialsesjonen må vere open og inkluderande. Alle delar av FN-systemet, frivillige organisasjonar og borna sjølve må vere involverte. Ein resolusjon om førebuingane til spesialsesjonen vart vedteken med konsensus. I forhandlingane om resolusjonen var eit av dei vanskelege spørsmåla korleis born på ein meiningsfylt måte kan delta og gje innspel til spesialsesjonen.

Generalforsamlinga vedtok vidare at det skal haldast ein spesialsesjon om HIV/AIDS 25. - 27. juni 2001. I debatten vart det frå norsk side lagt vekt på samanhengen mellom AIDS og fattigdom, kjønnsspesifikke aspekt ved AIDS, og behovet for nye alliansar og samarbeid med mellom andre privat sektor og frivillige organisasjonar for å kjempe mot epidemien. Det vart vedteke ein resolusjon om organisering av førebuingsprosessen og gjennomføring av spesialsesjonen.

3.12 Finansielle og administrative spørsmål

3.12.1 FNs økonomiske situasjon og budsjettskissa for 2002-2003

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2000 viste for andre år på rad positiv likviditet for det regulære budsjettet. Sjølv om USA ved utgangen av året skulda USD 160 mill. kom den positive likviditeten av at USA i 1999 innbetalte USD 100 mill. av gammal gjeld. USAs gjeld til FNs fredstryggjande operasjonar var på USD 1,1 mrd. og USD 12 mill. til krigsforbrytardomstolane. Av gjelda til FNs fredstryggjande operasjonar godkjenner USA berre mellom 500 og 600 mill. Resten av gjelda er omstridd og vil etter nylege fråsegner i den amerikanske utanrikskomiteen truleg aldri verte betald. Formannen i utanrikskomiteen, senator Helms, lova likevel støtte til ei teknisk endring av «Helms-Biden-lova» slik at summen på USD 582 mill. som alt er løyvd til nedbetaling av gammal gjeld, vert utbetald. Lovnaden kom sjølv om lova set som vilkår for utbetaling av summen at USA sin del av budsjettet for fredstryggjande operasjonar må setjast ned, noko som berre delvis vart oppfylt. Medlemslanda si samla gjeld til FN var på USD 2,3 mrd. FN skuldar framleis land som yter troppe- og utstyrsbidrag til FNs fredstryggjande operasjonar, om lag USD 800 mill. i ubetalte refusjonar.

Generalforsamlinga vedtok med konsensus og utan større vanskar ei budsjettramme på vel USD 2,5 mrd. for 2002-2003. Summen er nominelt så vidt under budsjettet for inneverande periode, men inneber likevel ein reell vekst. Årsaka til dette er at ein stor del av FNs utgifter vert utbetalt i andre valutaer enn den sterke dollaren. Det har ikkje vore realauke i FNs regulære budsjett sidan 1986, og etter 1995 har det ikkje vore nominell auke.

Det vart løyvd USD 8 mill. til formgjeving og utarbeiding av ein gjennomføringsplan for ei totalrenovering av FNs hovudkvarterbygningar. Dei om lag 50 år gamle bygningane har aldri vore omfattande renovert. Seinare vil medlemslanda måtte ta stilling til ein seksårig konstruksjonsfase og finansieringa av eit totalbudsjett på nesten USD 1 mrd. utan finanskostnader.

3.12.2 Finansiering av krigsforbrytardomstolane

Budsjettframlegget frå Generalsekretæren på USD 112,5 mill. for 2001 til krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia innebar ein auke på 4,4 prosent, og budsjettframlegget på USD 95 mill. til krigsforbrytardomstolen for Rwanda innebar ein auke på 10,3 prosent. Auken i budsjettframlegga var grunngjeven med fleire varetektsfangar og større aktivitet i rettssalane og dermed også større behov for personell.

Noreg samordna dei uformelle forhandlingane om budsjettet for begge krigsforbrytardomstolane. Noreg heldt òg eigne innlegg i dei formelle møta om begge domstolane, der ein gav sterk støtte til domstolane sitt arbeid, men samtidig var uroleg for dei administrative problema domstolane slit med.

Det vart vedteke eit budsjett på USD 108,5 mill for krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia og USD 94 mill. for krigsforbrytardomstolen for Rwanda. Begge dei vedtekne budsjetta var i tråd med tilrådingane frå FNs rådgjevande komité for administrative og budsjettmessige spørsmål (ACABQ). Reduksjonen i høve til budsjettframlegget frå Generalsekretæren vart grunngjeven med at det stod att ubruka midlar frå føregåande år for begge krigsforbrytardomstolane som følgje av mange ledige stillingar. Eit anna tilhøve som tilsa ein reduksjon, var at domstolane hadde bruka tilrådingane frå ei ekspertgruppe som hadde gått gjennom dei administrative tilhøva ved domstolane, som rettferdiggjering for meir ressursar, utan at det gjekk fram korleis tilrådingane var gjennomførde.

I budsjettet for krigsforbrytardomstolen for Rwanda er det teke med utgifter til to nye dommarar til ankedomstolen. Spørsmålet om finansiering av seks ad-hoc-dommarar til krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia vart utsett i påvente av ei nærare orientering frå Generalsekretæren om arbeidsvilkåra for dommarane, utan at dette vil få nokon negativ innverknad på spørsmålet om finansiering eller på prosessen med oppnemning av dommarar. Det er venta at desse vil verte oppnemnde etter planen i juni/juli 2001.

Budsjettet for krigsforbrytardomstolane har vore eittårig sidan domstolane vart oppretta. Etter press frå vestleg side vart det vedteke at budsjetta frå og med 2002 skal vere toårige, noko som vil innebere mindre arbeid både for domstolane sjølve og for Generalforsamlinga. Dette vil òg medføre at domstolane kan inngå toårige arbeidsavtalar, slik at det vert lettare å rekruttere personell og halde på det personellet ein har.

Eit anna tilhøve som bør nemnast, er at i resolusjonsteksta vert det slege fast at dommarane sin fyrste prioritet bør vere å vere til stades ved domstolen, og at dette har prioritet over deltaking på eksterne møte og publikumskontaktar. Dette som ei følgje av at presidenten for domstolen for Rwanda har utvist ein litt for stor reiseaktivitet, noko som framstår som svært uheldig for domstolen sin effektivitet.

For krigsforbrytardomstolen for Rwanda vert Generalsekretæren beden om å gjennomføre ein studie i samarbeid med domstolen, der det vert indikert om det er mogleg å fastsetje ein dato for når mandatet til domstolen kan opphøyre, og rapportere om dette i neste budsjettframlegg. Ein slik indikasjon er alt gjort for krigsforbrytardomstolen for det tidlegare Jugoslavia.

3.12.3 Tilsyn og kontroll

Noreg deltok aktivt i handsaminga av finansrapportar, revisorerklæringar og rapporten frå Revisorrådet. Noreg heldt eit eige innlegg der det vart gjeve uttrykk for at ein såg med uro på at nokre av rapportane frå Revisorrådet ikkje var tilgjengelege i tide til at desse kunne kommenterast under den formelle handsaminga i komiteen. Frå norsk side gav ein sterk støtte til Revisorrådets arbeid og uttrykte at ein var imponert av den høge kvaliteten Revisorrådet representerte. Ein sa seg nøgd med at Revisorrådet for fyrste gong la fram eigne rapportar om krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda. Ein sa seg vidare nøgd med at 69 prosent av tilrådingane frå Revisorrådet er følgd opp, og at 26 prosent av tilrådingane er i ferd med å verte følgd opp.

Noreg var tilslutta eit EU-innlegg om årsrapporten frå FNs avdeling for internkontroll (OIOS) der OIOS sitt arbeid med å forbetre internkontrollen og leiinga i organisasjonen vart rost. Den nyutnemnde leiaren for OIOS sa at han i framtida ville leggje vekt på å betre tilhøvet til alle medlemslanda i FN og freiste å motprove somme lands oppfatning om at OIOS har skjulte motiv. G77-landa har aldri vore oppglødde for OIOS, som dei meiner er ei amerikansk oppfinning. Ei mindre gruppe radikale G77-land går inn for å avgrense OIOS' fullmakter og budsjett. Men resolusjonen om årsrapporten frå OIOS måtte utsetjast til Generalforsamlinga sin fyrste vidareførde sesjon då ein ikkje oppnådde semje om ei tekst og mangla tid på grunn av andre saker som hasta.

Ein kom likevel til semje om ein resolusjon om årsrapporten frå FNs inspektørgruppe (JIU). USA meinte at JIU produserte for lite i høve til tilgjengelege ressursar, medan Russland meinte at produktivitet måtte målast i høve til kvalitet og ikkje i høve til kor mange rapportar som vart produserte. I resolusjonsteksta rosar ein den kritiske rolla som lovgjevande organ, Sekretariatet og JIU sjølv spelar i ei vellukka gjennomføring av tilrådingane frå JIU. Det vart vidare bede om at JIU burde intensivere samarbeidet med andre oversiktsorgan i FN.

3.13 Juridiske spørsmål

3.13.1 Havrettsspørsmål

FNs havrettskonvensjon av 1982 (HRK) utgjer den overordna rettslege ramma for alle nasjonale, regionale og internasjonale tiltak i marin sektor. HRK tredde i kraft i 1994, og frå og med då har Generalforsamlinga hatt ei årleg drøfting og vurdering av gjennomføringa av HRK og andre utviklingstrekk på havrettsområdet. Drøftinga er basert på ein årleg rapport lagd fram av Generalsekretæren etter HRK art. 319 nr. 2 bokstav a). Rapporten, som er utarbeidd av Sekretariatets Hav- og havrettsseksjon, er eit omfattande dokument som byggjer på innspel frå heile FN-systemet og gjev eit oversyn over alle sider ved marin aktivitet og integrerer i dette både rettslege, økonomiske og sosiale spørsmål og miljøspørsmål.

Drøftinga i Generalforsamlinga av spørsmål knytte til hav og havrett var også i år ein viktig arena for å profilere Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det maritime området. Havrettskonvensjonen er mellom dei mest omfattande traktatane som nokon gong er forhandla i FNs regi, og har stor verdi for Noreg både når det gjeld petroleum, fiske, skipsfart og tryggingspolitiske interesser. FNs generalforsamling er det viktigaste forumet for global politikk på alle desse områda. Konvensjonen representerer ei harmonisering av til dels kryssande omsyn og er eit kompromiss mellom ulike interessegrupper. I den seinare tida har ein sett fleire freistnader på å opne oppatt nokre av dei kompromissa som konvensjonen representerer, mellom anna gjennom opprettinga av nye «samrådsprosessar» underlagde Generalforsamlinga, som kan ha potensial til å verte katalysatorar for krefter som ynskjer ein «omkamp» om somme av løysingane i konvensjonen. Likeins har debattane om dei sentrale prinsippa for bevaring og forvalting av dei levande ressursane i havet vorte monaleg tilspissa og polarisert. Frå norsk side har det vore eit hovudpoeng å arbeide for og medverke til at konvensjonen vert gjennomførd og respektert, og at ein unngår alternative løysingar og prosessar som går på tvers av føresegnene i konvensjonen. Eit nært og tett samarbeid med utviklingslanda og då særleg utviklingsland med klare kyststatsinteresser, var av stor verdi for det gjennomslaget ein frå norsk side fekk for mange av sakene våre i havrettsforhandlinga på 1970-talet. Utfordringa no er å hjelpe utviklingslanda med å utnytte dei opningane som det moderne havrettsregimet gjev dei, og som er av konkret verdi for vitale økonomiske interesser. Mellom anna av denne grunnen tok ein under årets Generalforsamling frå norsk side ansvar for framforhandlinga av føresegner for eit frivillig forvaltingsfond i regi av FN for å hjelpe utviklingslanda med gjennomføring av særleg ressurskrevjande plikter på kontinentalsokkelområdet.

3.13.2 Etableringa av ein fast internasjonal straffedomstol

Arbeidet fram mot skiping av ein fast, internasjonal straffedomstol går føre seg etter vedtakinga av Roma-vedtektene den 17. juli 1998 i Den førebuande kommisjonen.

Noreg ratifiserte den 16. februar 2000 Roma-vedtektene for Den internasjonale domstolen etter at Stortinget gav samtykke til slik ratifikasjon 27. januar 2000. Vedtaket om å opprette ein permanent, global straffedomstol må sjåast på som eit gjennombrot for folkeretten. Domstolen vil korte ned det internasjonale samfunnet si reaksjonstid overfor dei alvorlegaste internasjonale brotsverka og slik sett få ein avskrekkande verknad òg. Opprettinga av d omstolen føreset ratifikasjon av 60 statar. Ved utgangen av år 2000 hadde 27 statar ratifisert vedtektene. Heile 139 statar, mellom dei USA, Israel og Iran, hadde underskrive vedtektene.

Debatten i 6. komité om Den internasjonale straffedomstolen, avdekte ei gjennomgåande og svært positiv haldning til at han snart vert oppretta. Arbeidet som går føre seg i Den førebuande kommisjonen, og dei resultata som kommisjonen har oppnådd, vart helsa velkomen. Resolusjonen legg opp til at Den førebuande kommisjonen skal halde to sesjonar til i 2001, frå 26. februar til 9. mars og frå 24. september til 5. oktober.

Verksemda til kvar av dei to ad hoc-domstolane, Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia og Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda, vert frå norsk side sett som viktige byggjeklossar i arbeidet fram mot skiping av ein fast internasjonal straffedomstol.

3.13.3 Den internasjonale straffedomstolen for det tidlegare Jugoslavia

Jugoslavia-domstolen, som vart skipa i Tryggingsrådsresolusjon nr. 827 i mai 1993, har som mandat å straffeforfølgje personar som er ansvarlege for alvorlege brot på internasjonal humanitær rett i det tidlegare Jugoslavia sidan 1991. Domstolen spelar ei viktig rolle for det langsiktige forsonings- og atterreisingsarbeidet i det tidlegare Jugoslavia.

Domstolens president, dommar Claude Jorda, hevda ved framlegginga av den sjuande årsrapporten, at domstolens arbeid har vorte gjort noko enklare ved at samarbeidet med ein del statar har betra seg. Ikkje minst gjaldt dette Bosnia-Hercegovina og Kroatia. Trass i visse framsteg understreka Jorda likevel at høgare politikarar og militære leiarar som er etterlyste og tiltala av domstolen, framleis er frie. På denne bakgrunnen appellerte han til alle statar, og særleg dei fem etterfølgjarstatane til SFRY, om å styrkje samarbeidet med domstolen og å arrestere og utlevere dei som er etterlyste av domstolen. Vidare la Jorda vekt på at domstolen sitt arbeid vil få verdi for Den internasjonale straffedomstolen, og at det av denne grunnen òg er viktig at domstolen lukkast i arbeidet sitt.

For å effektivisere arbeidet ved domstolen vedtok Tryggingsrådet i november 2000 å opprette ei gruppe med 27 ad-hoc-dommarar til Jugoslavia-domstolen, og å tilføre Jugoslavia- og Rwanda-domstolens felles ankekammer to dommarar til. Vedtaket byggjer på tilrådingar lagt fram av den uformelle arbeidsgruppa som vart nedsett av Tryggingsrådet i juni 2000, og som mellom anna vurderte dommarane sine eigne framlegg om reform av domstolane.

3.13.4 Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda

Mandatet til Den internasjonale straffedomstolen for Rwanda omfattar straffeforfølging av alvorlege brot på internasjonal humanitær rett i Rwanda og straffeforfølging av rwandiske borgarar ansvarlege for slike brot i nabolanda i tida mellom 1. januar og 31. desember 1994.

I domstolens femte årsrapport, som vart lagd fram under Generalforsamlinga, viste domstolens president Navanethem Pillay til at domstolens sitt arbeid hadde vorte effektivisert i året som var gått. Det vart i denne samanhengen vist til at dommarane hadde endra nokre av dei prosessuelle føresegnene for å rasjonalisere saksførebuingane. Når det gjaldt utsiktene for 2001, viste Pillay mellom anna til at domstolen vil freiste å effektivisere arbeidet endå meir ved å gjennomføre rettssaker parallelt i dei tre rettskamra.

Den norske dommaren Erik Møse gjer for tida teneste ved domstolen, og Noreg har på tilsvarande vis som for Jugoslavia-domstolen tilbode seg å ta imot eit avgrensa tal straffedømde til soning i norske fengsel.

3.13.5 Tiltak for å motarbeide internasjonal terrorisme

Resolusjonen om tiltak for motarbeiding av internasjonal terrorisme skapte ein hard debatt. Det vart ikkje oppnådd konsensus om resolusjonen - Syria og Libanon avstod. Ei rekkje statar er opptekne av at ein må prioritere å kome til semje om ein definisjon av omgrepet terrorisme. Samtidig vart det påpeikt av dei same statane at det er viktig å finne fram til ein definisjon som ikkje medfører at legitim frigjeringskamp mot okkupasjonsmakter vert sett på som terroristhandlingar. I røysteforklaringa si sa Syria at ein avstod frå å røyste over resolusjonen fordi teksta ikkje i tilstrekkeleg grad speglar at det er skilnad på terrorisme og legitim frigjeringskamp mot okkupasjonsmakter.

Elles viste debatten om motarbeiding av internasjonal terrorisme at det no er brei støtte for utarbeiding av ein allmenn global terrorismekonvensjon. Arbeidet med vurdering og gjennomgang av Indias utkast til konvensjon som er i gang i Ad hoc-komiteen om terrorisme, vart av mange nemnt som viktig og svært framgangsrikt. Også spørsmålet om å halde ein verdskonferanse om terrorisme fekk til dels brei støtte under debatten. Det vart vedteke å vidareføre mandatet til Ad hoc-komiteen slik at han kan halde fram med arbeidet med ein allmenn global terrorismekonvensjon, arbeidet med ein internasjonal konvensjon om kjernefysisk terrorisme og arbeidet med å halde ein eventuell verdskonferanse om terrorisme.

3.13.6 FNs arbeid for kodifisering og utvikling av folkeretten

Generalforsamlinga sin 6. komité og Folkerettskommisjonen spelar nøkkelroller i vidareutviklinga og kodifiseringa av folkeretten. Det er eit nært samspel mellom dei to organa, og kommisjonen legg kvart år fram rapport for Generalforsamlinga om arbeidet sitt. Handsaminga av denne rapporten står sentralt i arbeidet i 6. komité. Det går med mykje tid til å gje føringar og instruksar og fastsetje prioriteringar for kommisjonen sitt vidare arbeid, og til å drøfte og kommentere tekster/konvensjonsutkast som kommisjonen legg fram.

I årets resolusjon om Folkerettskommisjonens rapport vert det gjeve uttrykk for at ein er nøgd med det arbeidet kommisjonen fekk gjennomført under sin 52. sesjon. Særleg vert arbeidet med ein konvensjon om statsansvar for handlingar i strid med folkeretten framheva, og kommisjonen vert oppmoda til å avslutte arbeidet i løpet av sin neste sesjon. Andre saker på Folkerettskommisjonens dagsorden er for tida: reservasjonar til traktatar, diplomatisk vern, einsidige statshandlingar og ansvar for handlingar som ikkje krenkjer folkeretten.

Folkerettskommisjonen har tidlegare lagt fram eit utkast til ein konvensjon om juridisk immunitet for statar og eigedomane deira. Debatten viste at ein framleis er langt unna semje om ein konvensjon. Det synest å vere eit klart skilje mellom statar som ynskjer ein tilnærma absolutt immunitet, og statar, mellom dei dei fleste vestlege, som ynskjer at det skal setjast relativt tronge grenser for statsimmuniteten. Eit hovudspørsmål vart såleis om og eventuelt korleis arbeidet skal vidareførast. Resultatet vart eit kompromiss der ein nedset ein ad hoc-komité til å vidareføre arbeidet. Arbeidet i komiteen skal grunnast på Folkerettskommisjonens utkast til konvensjon og det arbeidet som er gjort i 6. komité.

3.14 Deltaking av frivillige organisasjonar

I samband med dei store FN-konferansane som vart haldne på 1990-talet vart det innført ein praksis der frivillige organisasjonar fekk høve til å delta i førebuingane, gjennomføringa og oppfølginga utan at det vart teke omsyn til om organisasjonane hadde såkalla samrådsstatus overfor FNs økonomiske og sosiale råd (ECOSOC) eller ikkje. Men etter Rio-konferansen i 1992 vart det byrja eit arbeid med å revidere dei gjeldande og strengare retningslinene frå 1968 om FNs tilhøve til dei ikkje-statlege organisasjonane. Dette arbeidet vart sluttført i ECOSOC sommaren 1996. Det vart vedteke nye retningsliner som sa mellom anna at det vil vere behov for å gjere unntak frå reglane, slik at ikkje-statlege organisasjonar kan følgje arbeidet i dei funksjonelle kommisjonane når det gjeld oppfølging av konferansane, fram til dei har fått ordna med den formelle statusen i høve til ECOSOC. Det vart òg vedteke at Generalforsamlinga skulle vurdere nærare dei ikkje-statlege organisasjonane sin status vis-à -vis FN-systemet allment - utanfor ECOSOCs virkefelt og i samband med dei store FN-konferansane. Dette arbeidet har bode på vanskar. Under den 52. generalforsamlinga vart Generalsekretæren beden om å utarbeide ein rapport om deltaking av frivillige organisasjonar. Rapporten vart vurdert som ufullstendig, og den 53. generalforsamlinga vedtok ein resolusjon der ein bad om ein ny rapport på grunnlag av kommentarar til den fyrste rapporten. Denne rapporten («Views of Member States, members of the specialized agencies, observers, intergovernmental and non-governmental organizations from all regions on the report of the Secretary-General on arrangements and practices for the interaction of non-governmental organizations in all activities of the United Nations systems») vart lagd fram under den 54. generalforsamlinga. Rapporten inneheld kommentarar og tilrådingar frå medlemsland om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar. Det vert mellom anna sagt at ein må arbeide for eit opnare tilhøve mellom FN og dei frivillige organisasjonane, og at kommunikasjonen mellom partane bør betrast og verte meir effektiv. Det vart under denne Generalforsamlinga, som under den førre, vurdert å fremje ein resolusjon om deltaking av ikkje-statlege organisasjonar i FNs generalforsamling. Etter samråd mellom fleire medlemsland vart det likevel klart at tida ikkje var mogen for å fremje ein slik resolusjon fordi det truleg ville vere vanskeleg å oppnå konsensus om ei tekst som i tilstrekkeleg grad opna for sterkare deltaking av ikkje-statlege organisasjonar i FNs arbeid, mellom anna som følgje av motstand frå land som har ei meir restriktiv haldning til frivillige organisasjonar.

Til forsida