St.meld. nr. 36 (2004-2005)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2004, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid

Til innhaldsliste

2 Utanriksdepartementets arbeid for større innsyn

I St.meld. nr. 41 (2003-2004) om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2003 vart det lagt vekt på å gje auka innsyn i eksporten. Dette vart mellom anna gjort ved å gje fleire detaljar om aktuelle varer og teknologi.

Meldinga som no vert lagd fram, følgjer difor same format som meldinga for 2003 når det gjeld graden av innsyn. Det er lagt vekt på å skildre varene og teknologien som er utført i størst mogeleg detalj og å opplyse om kva land som har fått varene. For å gjere framstillinga av eksportomfanget meir oversiktleg er det dessutan utarbeidd diagram og grafiske framstillingar. Det er òg informert om formidling av forsvarsmateriell mellom tredjeland og om overføring av produksjonsrettar for forsvarsmateriell til utlandet.

Informasjonen er slik inndelt:

  • varer som er utførte, mellom anna korleis varene fordeler seg på A- og B-materiell;

  • land som har teke imot varene.

I tillegg er det gjeve innsyn i:

  • avslag på lisenssøknader;

  • løyve til formidling av forsvarsmateriell frå eit tredjeland til eit anna;

  • løyve til overføring av produksjonsrettar.

Følgjande tiltak skal gjere framstillinga meir oversiktleg:

  • eksporten fordelt på regionar er framstilt i form av diagram;

  • eksportutviklinga frå år til år er framstilt grafisk;

  • forklaringar, mellom anna i form av fotnotar, vert brukte i større omfang.

Utanriksdepartementet kan krevje at eksportørane legg fram alle opplysningar som ein finn nødvendige i samband med behandlinga av søknader om eksportlisens. Den vide retten til innhenting av bedriftssensitiv informasjon har sitt motstykke i teiepliktreglane i lova.

Desse reglane skal mellom anna vareta omsynet til at det er relativt få norske bedrifter som eksporterer forsvarsmateriell, og at norske eksportørar av den grunn er særleg sårbare når det gjeld bedriftssensitiv informasjon. Sjølv om departementet arbeider for større innsyn i eksportkontrollsaker, må dette innsynet likevel praktiserast innanfor dei grensene den lovpålagde teieplikta inneber.

Når det gjeld rutinane for å gje Stortinget innsyn i eksporten av forsvarsmateriell, meiner regjeringa at Stortinget får tilstrekkeleg innsyn gjennom den årlege stortingsmeldinga om eksport av forsvarsmateriell. Regjeringa vil samtidig vidareføre praksisen med å konsultere og informere Stortinget om særleg omfattande og viktige saker.

Til forsida