St.meld. nr. 5 (2005-2006)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 2004 – 30. juni 2005

Til innhaldsliste

2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 2005 over konstitueringar i embete og over mellombels oppretta stillingar

c. Barne- og familiedepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

d. Finansdepartementet

  1. Tre underdirektørar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.

  2. Ein underdirektør er gitt forlenga konstitusjon i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

h. Justis- og politidepartementet

  1. To lovrådgjevarar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane er konstituerte i andre embete.

  2. Ein lovrådgjevar er framleis konstituert i embetet fordi arbeidet med proposisjonen til ny tvistelov tar noe lenger tid enn planlagt.

  3. Åtte statsadvokatar er konstituerte i embeta fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.

  4. Tre førstestatsadvokatar er konstituerte i embetet fordi dei faste stillingsinnehavarane har permisjon.

  5. Generaladvokaten er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  6. Ein politimeister er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  7. Ein lagdommar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  8. Ein sorenskrivar er konstituert på grunn av strukturendringar i domstolane.

  9. Ein dommar er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  10. Tre ekstraordinære dommarar er konstituerte i embeta grunna behov for ekstra ressursar.

i. Kommunal- og regionaldepartementet

  1. Ein underdirektør er gitt forlenga konstitusjon i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

n. Olje- og energidepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har teneste som energiråd ved ambassaden i Washington.

o. Samferdselsdepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

p. Sosialdepartementet

  1. Ein trygdedirektør er mellombels tilsett fordi den faste stillingsinnehavaren er medlem av Regjeringa.

q. Utdannings- og forskingsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har fødselspermisjon.

s. Arbeids- og sosialdepartementet

  1. Ein medisinsk kyndig rettsmedlem i Trygderetten er framleis konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

t. Helse- og omsorgsdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

w. Landbruks- og matdepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet fordi den faste stillingsinnehavaren er tilsett i ei anna stilling.

Til forsida