St.meld. nr. 50 (1998-99)

Utjamningsmeldinga

Til innhaldsliste

5 Inntekter og levekår i ulike grupper

5.1 Innleiing

Dette kapitelet handlar om utvalde grupper i samfunnet som det er aktuelt å drøfte i levekårssamanheng. Desse gruppene er ungdom, eldre, ulike barnefamiliar, funksjonshemma, innvandrarar frå ikkje-vestlege land og andre grupper som er avhengige av offentlege stønader til livsopphaldet.

Gruppene er valde ut mellom anna fordi dei har stått sentralt i den fordelingspolitiske debatten. Det er ikkje nødvendigvis slik at dei har dårlege levekår dersom ein ser kvar enkelt gruppe samla, men ein finn ofte at eit varierande mindretal av personane innanfor gruppene har låge inntekter og dårlege levekår. For nokre av desse dreier dårlege levekår seg om problem i ein meir tidsavgrensa livsfase. Men for somme kan det også vere tale om problem i lengre tid, der sjansane til å forbetre levekåra på eiga hand er små. Nokre av personane vil kanskje ha spesielle levekårsproblem på eitt bestemt område, medan andre vil kunne ha problem på fleire av levekårsområda. Felles for nær alle gruppene som er omtalt i dette kapittelet er at dei også rommar personar som har meir vedvarande og samansette levekårsproblem.

I analysane må det også takast omsyn til at gruppene til dels kan vere overlappande, det vil seie at ein vil finne igjen dei same personane i ulike grupper. Eit eksempel kan vere overlappingar mellom funksjonshemma og uførepensjonistar. Vidare vil gruppa sosialhjelpsmottakarar innehalde personar med låg inntekt og lite arbeidstilknyting, på tvers av ulike grupper i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn finst også i dei fleste grupper i befolkninga. Når ein likvel har valt å sjå på desse som eiga gruppe, er det fordi nokre av dei har spesielle levekårsproblem, som også krev spesielle løysingar. Levekårsområda som skal vektleggjast er dei same som i kapittel 3 og 4, det vil seie inntekt, arbeid, utdanning, helse og buforhold. Kapitelet omtalar inntekts- og levekårsfordelinga for gruppene i forhold til resten av samfunnet og fordelinga internt i gruppa med fokus på dei med låg inntekt og dårlege levekår. I hovudsak er omtalen avgrensa til utviklinga frå om lag midt i 1980-åra og fram til i dag på dei ulike levekårsområda for dei enkelte gruppene.

Til slutt i kapitelet kjem ei kartlegging for ein del av gruppene for å sjå om gode eller dårlege levekår på eitt område fell saman med gode eller dårlege levekår på andre område. Ein skal her sjå på utviklinga i samla gode og dårlege levekår for gruppene i perioden 1980 til 1995.

Boks 5.1 Datagrunnlaget

Datagrunnlaget for analysen av inntektsforholda til ulike grupper er i hovudsak basert på Statistisk sentralbyrå sine inntekts- og formuesundersøkingar, og inntektsomgrepet som blir nytta er i hovudsak inntekt etter skatt per forbrukseining. Låginntektsgrensa er definert som halvparten av medianinntekta, og ekvivalentinntektene er i hovudsak baserte på OECD-skalaen (om ikkje anna er nemnd), som legg til grunn moderate stordriftsfordelar. Datagrunnlaget og inntektsomgrepa er med det identiske med det som blir nytta i analysane som er gjorde i kapittel 3. Det blir vist til kapittel 3 for nærmare drøfting av ulike inntektsomgrep og ekvivalentskalaer. Datamaterialet som her er lagt til grunn er samla i Statistisk sentralbyrås Notater 99/32 Forskjeller i levekår. Hefte 1. Inntekt.

I analysane av ulike stønadsgrupper er det også i nokon grad nytta inntektsdata frå Rikstrygdeverket. I dette materialet er det nytta inntekt per forbrukseining før skatt. Dette inkluderer ikkje opplysningar om kapitalinntekter, sosialhjelp m.m. Det må derfor takast atterhald i samanlikningar mellom ulike grupper der ulike inntektsomgrep er lagde til grunn.

I analysene av sosialhjelpsmottakarar er det i tillegg nytta eige materiale frå Statistisk sentralbyrå, samla i Notater 99/34. Forskjeller i levekår. Hefte 3. Bruk av velferdsordninger.

Når det gjeld analysar av levekår i dei ulike gruppene, er det mellom anna nytta data frå Statistisk sentralbyrå sine levekårsundersøkingar, buforholdsundersøkingar og helseundersøkingar, i tillegg til utdannings- og arbeidsmarknadsstatistikk. Dette datagrunnlaget er i stor grad identisk med datagrunnlaget for kapittel 4. For meir generell forklaring av dei ulike levekårsområda blir det derfor vist til kapittel 4. Datamaterialet er publisert i Statistisk sentralbyrås Notater 99/33. Forskjeller i levekår. Hefte 2. Levekår og helse.

Vidare er det nytta enkelte spesialundersøkingar av dei ulike gruppene. Analysane gjeld også ei eiga undersøking av livskvalitet for ulike grupper som vart utført av Agderforsking i samband med denne meldinga. På bakgrunn av ei omfattande spørjeundersøking har ein her sett på kor nøgde ulike grupper av befolkninga er på sentrale område som samliv, arbeid/skule, økonomi, utdanning, vener, naboar, familiar, bustad, nærmiljø og fritidsaktivitetar.

5.2 Ungdom og unge vaksne

Ungdomstida blir rekna som overgangen frå barn til vaksen. Det er ein fase i livet prega av endringar på fleire område. Gjennom val av utdanning og etablering på arbeidsmarknaden legg dei unge grunnlaget for økonomisk sjølvstende slik at dei kan forsørgje seg sjølve. Ungdomstida er også perioden då dei etablerer sin eigen familie. Det har likevel skjedd store endringar dei siste 20 åra når ein tenkjer på kor lenge ungdomstida varer, og kva ho blir fylt med. Lang og krevjande utdanning og utsetjing av familieetablering har ført til at ungdomsfasen no blir mykje lengre enn for tidlegare generasjonar.

Som vist i kapittel 3, har det dei seinare år skjedd ei inntektsforverring for personar i aldersgruppa 18-24 år, og denne aldersgruppa er klart overrepresentert i den nedste delen av inntektsfordelinga. Det kjem til dels av at fleire utdannar seg, men endå om studenthushaldet blir halde utanfor, har det skjedd ei fordobling av den delen av aldersgruppa 18-24 år som har hushaldsinntekt per forbrukseining under halvparten av medianinntekta. Ungdomsgruppa mellom 20 og 24 år er også overrepresentert når det gjeld å ta imot økonomisk sosialhjelp. Mange unge får likevel større inntekter etter fylte 25 år, men somme unge har likevel større risiko for vedvarande låg inntekt enn andre, og det gjeld særleg unge med låg utdanning.

Eitt av dei viktigaste utviklingstrekka for ungdom i 1980- og 1990-åra er veksten i den delen som tek vidare utdanning. Som vist i kapittel 4, fullfører i dag dei fleste vidaregåande opplæring, og ein stor del tek høgare utdanning ved høgskule eller universitet. Talet på studentar i perioden 1981-1997 er meir enn fordobla, noko som også må sjåast i samanheng med at det i delar av denne perioden har vore vanskeleg å gå rett frå vidaregåande skole og inn på arbeidsmarknaden.

Den kontakten som ungdommen hadde med arbeidsmarknaden vart sterkt redusert på slutten av 1980-åra. Det har samanheng med at dei unge er meir vare for konjunkturendringane når det gjeld å skaffe seg arbeid, enn tilfellet er for andre grupper. Med betre konjunkturar utover i 1990-åra har yrkesdeltakinga for ungdom gått opp og arbeidsløysa gått ned. I 1998 var talet på ledige under 25 år vel 10 000 personar, mot vel 29 000 i 1990. I begge åra finn ein hovudtyngda av unge ledige i alderen 20-25 år. Langtidsarbeidsløysa mellom unge er sterkt redusert i perioden. Nedgangen i ungdomsarbeidsløysa kjem mellom anna av innføringa av rett til vidaregåande opplæring, fleire plassar ved universitet og høgskular, og at ungdom under 24 år har vore prioriterte til arbeidsmarknadstiltak.

Unge har generelt god helse, men undersøkingar viser skilnader i helse etter utdanningsnivå, der unge med låg utdanning er meir utsette for helseproblem enn andre unge. Samanhengen mellom utdanning og helse kan òg kome av at dårleg helse avgrensar høve til å ta utdanning.

Eit viktig utviklingstrekk mellom unge dei siste tiåra er at dei utset både giftarmålet og tidspunktet for når det første barnet blir fødd. Fleire unge under 24 år enn tidlegare bur framleis heime hjå foreldra, og unge i dag etablerer seg seinare i eigen bustad. Det heng i stor grad saman med lengre utdanningstid. Det er ein klar samanheng mellom utdanningslengd og tidspunkt for familieetablering. Hovudtyngda av dei som gifter seg og/eller får barn tidleg har relativt låg utdanning.

St meld nr 49 (1997-1998) Om boligetablering for unge og vanskeligstilte slår likevel fast at det ikkje er grunnlag for å seie at det er generelle etableringsproblem i bustadmarknaden blant ungdommen i dag.

Ei spørjeundersøking som ser på livskvalitet i ulike grupper, målt med trivsel på ulike område, viser at yngre (15-24 år) ofte er mindre tilfredse enn eldre aldersgrupper 1. Spesielt er dei unge lite fornøgde med økonomien. Det kan til dels henge saman med at mange ikkje forsørgjer seg sjølve, men lever på lån eller økonomisk støtte frå andre. Forventningar frå seg sjølv og andre i forhold til utdanning og etablering av arbeid, bustad og familie kan i ein periode føre til redusert trivsel. Då dei unge i dag ofte har vakse opp med høg materiell standard, kan det tenkjast at dei har høgare forventningar om materiell standard som vaksen, enn det som har vore tilfelle for tidlegare generasjonar.

I levekårssamanheng er det to grupper unge som er spesielt interessante å sjå nærmare på. Den eine gruppa er ungdom med låg utdanning. I tillegg til at desse ofte har problem på arbeidsmarknaden, særleg når det er lågkonjunkturar, og er overrepresenterte mellom sosialhjelpsmottakarane, står mange i fare for å falle varig ut av arbeidsmarknaden i forholdsvis ung alder. Dei kan med det få eit varig låginntektsproblem. Den andre gruppa er studentar. Desse risikerer i ein avgrensa periode å ha låge inntekter og dårlege levekår også på somme andre område, men har gode sjansar til å få gode levekår etter skulegangen.

5.2.1 Nærmare om ungdom med låg utdanning

Gruppa unge med lita eller inga utdanning etter grunnskulen har statistisk vorte sterkt redusert dei siste par tiåra. Gruppa kan grovt delast i to kategoriar: Dei som ikkje har teke til med og dei som ikkje har fullført vidaregåande opplæring. Den 1. oktober 1996 hadde 7,3 pst. av ungdommen i aldersgruppa 25-29 år avslutta skulegangen etter grunnskulen. Det vil seie at vel 5 000 personar i gjennomsnitt per årskull gjekk ut med grunnskule som høgaste utdanning i 1980-åra. Etter innføringa av reform 94, som sikra rett til vidaregåande opplæring etter grunnskulen, har talet på dei som fell frå halde seg stabilt på om lag 4 pst. (vel 3000 personar i 1997), medan det har vorte ei forbetring i progresjonen for dei som held fram med vidaregåande opplæring.

Det største fråfallet frå vidaregåande opplæring skjer i overgangen mellom det første og det andre året. Vidare er problemet med fråfall, avbrot eller forseinkingar i progresjonen større for yrkesfagelevane enn for dei som tek allmennfagleg studieretning. Av elevar med rett til vidaregåande opplæring som starta hausten 1994 på grunnkurs, var tre av fire i rute etter tre år og 83 pst. etter fire år. Av dei som starta på allmennfagleg studieretning var nær 93 pst. i rute etter fire år, medan 71 pst. av dei som starta på yrkesfagleg studieretning var i rute etter fire år.

Karakterar både frå grunnskulen og grunnkurset er viktige for den vidare opplæringa. Dårlege karakterar reduserer sjansen for å vere i rute fire år etter start, og er like viktige for yrkesfagelevar som allmennfagelevar. Ei evaluering av oppfølgingstenesta i Reform 94 2 viser at prestasjonsnivået til avgangselevane frå grunnskulen ofte heng saman med særtrekk ved familie- og oppvekstsituasjonen, som yrkes- og utdanningsstatusen til foreldra, støtte til skulearbeidet og talet på vaksenpersonar i heimen. Vidare er faren for å falle frå mykje høgare for ungdom som bur i fosterheimar eller på institusjon. Minst 8 av 10 av dei som fell frå gjer det på grunn av låge kognitive og sosiale ressursar. Det finst likevel eit mindretal som fell frå endå om dei kan vise til sterke prestasjonar. Desse har ofte utvikla ei kritisk innstilling til skulen og orienterer seg tidleg mot arbeidsmarknaden.

Det finst også ei gruppe som ikkje fullfører eit opplæringsløp på grunn av sjukdom eller funksjonshemmingar. Desse elevane har rett til særskilt tilrettelagt opplæring, men dei er ei samansett gruppe med til dels svært ulike tilretteleggingsbehov. Elevar med særskilt tilrettelagt opplæring har ei langt dårlegare gjennomstrøyming og oppnår dårlegare kompetanse enn gjennomsnittet for elevane. Unge med varig sjukdom eller funksjonshemming er derfor ei gruppe svakt fungerande ungdom som står i fare for å havne utanfor både opplæringssystemet og arbeidsmarknaden, også på lengre sikt.

Arbeid

Den vanskelege arbeidsmarknaden tidleg i 1990-åra ramma spesielt unge med kort utdanning. Ungdom med låg utdanning er ofte utsett for arbeidsløyse og kan ha vanskar med å kome inn på arbeidsmarknaden, både på grunn av den låge utdanninga si og mangel på arbeidserfaring.

Figur 5.1 viser utvikling av yrkesdeltaking i perioden 1990-1998 for unge i aldersgruppa 20-24 år med høgaste utdanning på grunnskulenivå og vidaregåande skulenivå 3. Det er store skilnader i yrkesdeltaking etter utdanningsnivå for begge kjønn. Særleg er yrkesdeltakinga låg for unge kvinner med utdanning berre på grunnskulenivå. Yrkesdeltakinga for denne gruppa har vore låg/minkande i heile perioden, bortsett frå ei stiging i perioden 1994 til 1996. For unge menn med utdanning på grunnskulenivå har det vore nedgang fram til 1996, men deretter har det vore ein liten auke. At så vidt mange kvinner med låg utdanning i alderen 20-24 år står utanfor arbeidsmarknaden, kan vere uttrykk for eit meir bevisst val om å vere heimeverande, blant anna på grunn av omsorg for små barn, men det kan også tyde på at kvinner med låg utdanning har mindre sjansar på arbeidsmarknaden.

Figur 5-1 Utvikling av yrkesfrekvens i aldersgruppa 20-24 år, 1990-1998.

Figur 5-1 Utvikling av yrkesfrekvens i aldersgruppa 20-24 år, 1990-1998.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tidlegare var arbeidsmarknaden i større grad tilpassa for dei med låg utdanning, og det var større reelle alternativ mellom å satse på utdanning eller å gå ut i lønna arbeid. Låg utdanning i seg sjølv treng derfor ikkje vere eit levekårsproblem så lenge ein er i arbeid. Unge arbeidstakarar med låg utdanning har ofte relativt bra inntekt og levekår i forhold til for eksempel studentar i tilsvarande aldersgruppe.

Utviklinga på arbeidsmarknaden med aukande kvalifikasjonskrav kan tale for at det i åra framover kan bli vanskelegare for personar utan særleg utdanning å få ei meir varig tilknyting til arbeidsmarknaden. Det gjeld også dei som fullfører vidaregåande, men som har så dårlege karakterar at dei ikkje kjem vidare i utdanningssystemet. På den andre sida vil arbeidsmarknaden også ha bruk for ufaglært arbeidskraft i framtida. Personar utan fagutdanning kan vise seg å vere ei meir stabil arbeidskraft og bli etterspurd til praktiske og meir rutineprega arbeidsoppgåver. Dei som ikkje har fått utdanning som unge, kan også få sjansen til å utdanne seg som vaksne. Det er derfor ikkje utan vidare slik at alle unge med lite utdanning får vanskar på arbeidsmarknaden som vaksne.

Unge med låg utdanning er likevel mykje meir risikoutsette for å få eit varig låginntektsproblem. Sosialstatistikken viser at unge, einslege menn og unge, einslege mødrer er overrepresenterte som sosialhjelpsmottakarar. Felles for desse er at dei ofte har låg utdanning. Mange er nykomarar på arbeidsmarknaden og har derfor ikkje arbeidd seg opp rettar til dagpengar. Ein del av desse kan ha rusproblem og/eller psykiske problem. Låg utdanning aukar risikoen for å bli avhengig av offentlege stønader også seinare i yrkesaktiv alder.

Bustad

Eit generelt trekk ved aldersgruppa under 20 år er at dei fleste bur heime hjå foreldra. I 1995 budde nærmare 70 pst. av alle 18-19 åringar heime hjå foreldra, medan av unge i aldersgruppa 20-24 år var det 22 pst. som budde heime 4. Ein høgare del unge med låg utdanning enn unge som tek vidare utdanning, bur berre saman med den eine av foreldra. Av dei som ikkje bur heime, bur mange ofte i ein mellombels bustad utan eller med kortvarig kontrakt. Det kan vere ei tilfredsstillande løysing for dei som berre har eit mellombels bustadbehov, som for eksempel studentar. Unge arbeidsledige som har sosialhjelp som hovudinntektskjelde må truleg i stor grad finne seg i kortsiktige løysingar på bustadmarknaden av økonomiske grunnar. Mellom einpersonhushald er det dei unge einslege (16-24 år) som har dei dårlegaste buforholda. Det gjeld i første rekkje unge, einslege i byane. Tabell 5.6 gir informasjon om butilhøve for nokre vanskeleg stilte grupper.

Helse

Yngre personar med låg utdanning har eit høgare forbruk av sjukdomsrelaterte trygdeytingar enn jamaldringar med høg utdanning. Til dømes er personar med berre niårig utdanning sterkt overrepresenterte mellom unge uførepensjonistar (om lag 40 pst). For mange unge kan helseproblem nettopp vere årsaka til at dei avsluttar skulegangen tidleg. På den andre sida kan unge med låg utdanning ha større risiko for helsesvikt i arbeidslivet på grunn av dårleg arbeidsmiljø og lang arbeidstid, og med det få dårlegare helse.

5.2.2 Nærmare om studentar

Studentar er ei gruppe som kan ha dårlege levekår i ein avgrensa periode av livet, men som vanlegvis har relativt gode levekår når heile livet blir sett under eitt. Det som skil studentane frå mange andre grupper, er at dei har gjennomgåande låge inntekter, og at dei fleste i hovudsak finansierer livsopphaldet sitt med lån i den perioden dei studerer. Bustadstandarden er også lågare enn for andre. I dei første åra etter avslutta utdanning må denne gruppa ofte betale på store studielån i tillegg til dei ekstrautgiftene dei ofte har i samband med familieetablering 5.

Økonomi

Levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå av studentar i 1998 viser at 87 pst. av studentane tek opp lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning, og at 67 pst. av studentane har det som si viktigaste inntektskjelde 6. Ikkje mindre enn 19 pst. av studentane har inntekt frå eige arbeid som hovudinntektskjelde. Gjennomsnittleg hushaldsinntekt for studentar ligg på 62 000 kr i året, og då er ikkje stønaden frå Lånekassa teken med. Ein har ikkje her opplysningar om ekvivalentinntekt, men om ein går ut frå at dei fleste studentar er einslege, så er denne summen ei inntekt som ligg i nærleiken av grensa for låge inntekter i 1996. Som vist i kapittel 3, har auken i talet på studentar ført til ein vekst i talet på personar med inntekt under låginntektsgrensa. I 1996 tok om lag 15 pst. av alle personar i den lågaste inntektsklassa imot studielån, og 17 pst. tok imot eit større eller mindre stipend.

Av studentane har einslege forsørgjarar vanskelegast økonomi. Fem pst. av denne gruppa har lån og stipend i Lånekassa som den viktigaste inntektskjelda si, medan 12 pst. fører opp inntekt frå eige arbeid som det viktigaste. Heile 83 pst. av denne gruppa seier at dei har andre hovudinntektskjelder som trygdeytingar og stønad til utdanning for einslege forsørgjarar. Gjennomsnittleg ekvivalentinntekt (kvadratrotskalaen) for heile husstanden er på 72 900. Denne studentgruppa er også mest økonomisk utsett. Heile 40 pst. seier at dei har hatt problem med å greie dei faste utgiftene sine, medan tilsvarande tal for heile studentgruppa er på 19 pst. og for heile folket på 10 pst. Berre 45 pst. av dei einslege forsørgjarane som studerer oppgir at dei kan greie ei uventa utgift på 3 000 kr, medan 66 pst. av alle studentane seier at dei kan greie ei slik utgift.

Dei studentane som lever i parforhold utan barn har den beste økonomien. Den viktigaste grunnen til det er at sambuar/ektefelle i ein del tilfelle har arbeidsinntekt, og at dei kan dele på bustadutgiftene. Gjennomsnittleg ekvivalentinntekt (kvadratrotskalaen) for heile husstanden er på 143 000 kr i denne gruppa. Berre 16 pst. av denne gruppa seier at dei har hatt problem med å greie dei faste utgiftene sine, og 73 pst. seier at dei kan greie ei uventa utgift på 3 000 kr.

Einslege studentar og studentpar med barn har økonomiske vilkår som ligg mellom desse to gruppene.

Ein del studentar kan få økonomiske problem etter avslutta utdanning. Det er dei eldste, dei som har barn, og dei som har vanskar med overgangen til arbeidslivet, som i størst grad søkjer om inntektsavhengig tilbakebetaling (INTB) i Lånekassa. I ei undersøking som Lånekassa har fått utført, går det fram at av gruppene med høg utdanning, var det barnefamiliar med studiegjeld som kom dårlegast ut økonomisk. Det var ikkje på grunn av låge inntekter, men på grunn av at den samla gjelda var stor.

Bustadforhold

Studentar har dårlegare bustadstandard enn andre, men for dei fleste er det eit forbigåande problem. Studentar som gruppe har vanskelegare buøkonomi enn andre grupper, spesielt når prisnivået har vore så høgt som i dei seinare åra. Levekårsundersøkinga av studentar i 1998 viser at utgiftene til bustad er noko av det som medverkar mest til den dårlege økonomien for studentane, spesielt i dei store byane. Gjennomsnittlege bustadutgifter for alle studentar er på 37 500 kr i året. Dei gjennomsnittlege buutgiftene varierer mellom 39 000 kr i dei store byane med omland til om lag 30 500 kr på mindre tettstader. Dei gjennomsnittlege buutgiftene til studentane svarar til 60 pst. av deira gjennomsnittlege hushaldsinntekt (eksklusiv lån og stipend frå Lånekassa).

Heile 37 pst. av studentane fører opp at dei bur trongt, mot berre 8 pst. av folket elles. I alt 16 pst. fører opp at dei ikkje har WC, og 17 pst. fører opp at dei ikkje har bad i bustaden. Desse tala dekkjer over bustadforhold der studentane må dele WC og bad med andre. Ikkje mindre enn 12 pst. av studentane bur i bustader med fukt eller ròte mot berre 4 pst. av folket elles.

I følgje levekårsundersøkinga blant studentar bur berre 8 pst. av studentane heime, og noko fleire mannlege enn kvinnelege studentar gjer det. Så mange som 16 pst. bur i studentbustader, og 25 pst. er sjølveigarar eller deleigarar i burettslag og liknande. Det tilseier at om lag halvparten av studentane leiger annan hybel eller bustad. Det at så mange studentar er på leigemarknaden, gjer at dei gjerne pressar svakare grupper ut av bustadmarknaden, grupper som ofte konkurrerer om dei same rimelege utleigebustadene. Jamvel om studentar har låge inntekter, er dei nokolunde stabile betalarar, og er meir populære som leigebuarar enn sosialklientar og andre vanskelegare stilte.

5.3 Eldre arbeidstakarar

Personar i alderen 60-70 år er ei gruppe som generelt sett har bra økonomi, god helse, god bustad- og materiell standard. Det gjeld spesielt dei som arbeider fram til dei går av med alderspensjon ved 67 år, eller som held fram til fylte 70 år. Utviklinga dei siste åra har likevel gått i retning av at fleire eldre arbeidstakarar går ut av arbeidslivet før den formelle pensjonsalderen. For somme kan tidlegpensjonering vere frivillig, t.d. fordi dei vil ha meir fritid, og framveksten av ulike førtidspensjonstilbod har gitt fleire alternativ for dei som ikkje vil arbeide lenger. For andre er tidlegpensjonering ei ufrivillig løysing, anten på grunn av dårleg helse, fordi dei manglar den kompetansen som arbeidsmarknaden spør etter, eller fordi krava til innsats og effektivitet kan bli for store. I tillegg kan arbeidsplassane vere dårleg tilrettelagde for eldre arbeidstakarar. Det er først og fremst den ufrivillige avgangen frå yrkeslivet som kan representere levekårsproblem.

Yrkesdeltaking

Yrkesdeltakinga for menn over 60 år har gått mykje ned i 1980- og 1990-åra, jfr. tabell 5.1. Det gjeld særleg menn i alderen 64-66 år, som har redusert yrkesdeltakinga si frå 66 pst. i 1980 til 40 pst. i 1997. Også for kvinnene har det vore ein auke i avgangen frå yrkeslivet, men på grunn av den generelle auken i sysselsetjing blant kvinner, går ikkje yrkesfrekvensen blant kvinner i 60-åra like sterkt ned som blant menn. Kvinner i aldersgruppa 60-63 år har auka yrkesdeltakinga si med over ti prosentpoeng, medan kvinner i alderen 64-66 år har redusert yrkesdeltakinga si med omtrent fire prosentpoeng.

Tabell 5.1 Yrkesdeltaking for personar over 60 år i pst. 1980 - 1997

60-63 år64-66 år67-69 år70-74 år
I alt
198057,549,623,911,4
198661,641,519,48,4
199759,934,711,84,1
Menn
198075,966,135,519,0
198673,551,425,813,9
199768,339,913,76,9
Kvinner
198040,933,413,95,3
198648,933,714,04,0
199751,629,510,11,9

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Ei undersøking frå 1997 7 av yrkesaktive i 60-åra og av personar i same alder som nyleg har vorte pensjonistar, viser at dårleg helse, eit for slitsamt arbeid, og ønske om meir fritid, er dei viktigaste grunnane til å gå ut av arbeidslivet før ordinær pensjonsalder.

Figur 5-2 Årsakar til å gå ut av arbeidslivet før ordinær pensjonsalder.

Figur 5-2 Årsakar til å gå ut av arbeidslivet før ordinær pensjonsalder.

Figur 5.2 viser at det kan vere ulike grunnar til at ein person har gått av med tidlegpensjon, eller om han enno er i arbeid. Særleg blir helsesvikt ført opp som den hyppigaste årsaka til at personar har gått ut av arbeidslivet. Dei som framleis er yrkesaktive, fører oftast opp meir fritid som pensjoneringsgrunn. Nokre av dei som har gått av hevdar at årsakene ligg i oppseiing eller forventningar frå arbeidsgivar eller arbeidskollegaer om tidlegpensjonering.

Inntekt

Jamvel om det er stor avgang frå arbeidslivet av personar i 60-åra, viser tal frå inntekts- og formuesundersøkingane at hushald med hovudinntektstakar i denne aldersgruppa har hatt ein sterkare vekst i inntekt etter skatt i perioden 1986 til 1996 enn både gjennomsnittshushaldet og dei fleste yngre hushald. Inntekt etter skatt for personar mellom 60 og 70 år hadde ein realvekst på ni pst. i perioden, medan hushalda sett under eitt hadde ein tilsvarande realvekst på tre pst. i same periode 8. Sjølv om hushald i aldersgruppa 60-70 år har hatt ei god inntektsutvikling i perioden 1986-1996, har dei likevel ei gjennomsnittleg hushaldsinntekt som ligg noko lågare enn gjennomsnittet for alle hushald. Skilnadene har likevel vorte mindre i perioden, og inntekt etter skatt for aldersgruppa 60-70 år har auka frå 85 pst. av gjennomsnittet for alle i 1986 til 90 pst. i 1996.

Ein stadig mindre del av hushaldsinntekta for denne aldersgruppa kjem frå yrkeslivet, medan ein aukande del av inntekta er offentlege overføringar. Overføringsdelen av samla inntekt auka frå 33 til 44 pst. i perioden 1986-1996, medan lønnsdelen fall frå 48 til 37 pst. i same periode. Pensjonar frå folketrygda står for noko mindre enn 30 pst. av den samla inntekta for personar mellom 60 og 70 år. Når inntektsnivået og utviklinga dei seinare åra likevel er relativt gunstige for denne aldersgruppa samla sett, har det særleg samanheng med ein sterk auke i den delen av inntekta som kjem frå tenestepensjonar - frå fire til 13 pst. av samla inntekt i tiårsperioden. Andre typar overføringar tyder lite for personar i denne aldersgruppa.

Aldersgruppa 60-70 år har også relativt høg formue sett i forhold til alle hushald sett under eitt. I 1996 hadde denne aldersgruppa ein gjennomsnittleg formue på om lag 490 000 kroner, mot eit gjennomsnitt for alle hushald på om lag 265 000 kroner. I tillegg har denne aldersgruppa lite gjeld samanlikna med yngre aldersgrupper.

Det er likevel relativt store inntektsskilnader i denne aldersgruppa, og inntektsnivået varierer til dømes etter kva for alder og kjønn hovudinntektstakaren har, hushaldstype og yrkesaktivitet. Særleg har parhushald hatt ei sterkare inntektsutvikling i perioden 1986 - 1996 enn einslege i alderen 60-70 år. Gjennomsnittsinntekta etter skatt til dei ti pst. av hushalda med lågast inntekt i denne aldersgruppa var på 66 000 kroner i 1996 9, mot heile 578 000 kroner for tidelen med høgast inntekt. Inntektsskilnadene mellom dei med lågast og høgast inntekt i aldersgruppa 60-70 år har også vorte større i perioden 1986 - 1996.

5.4 Barnefamiliar

5.4.1 Par med barn

Levekåra for barnefamiliane blir påverka av fleire ulike faktorar. I tillegg til den generelle økonomiske situasjonen, kan mellom anna endringar i yrkesdeltaking, familie- og hushaldsstruktur, og i storleiken på barnekulla verke inn på inntektene og levekåra til barnefamiliane. Situasjonen til einslege forsørgjarar blir nærmare omtalt i kap 5.4.2.

Inntektsutviklinga for ulike familietypar

Som vist i kapittel 3, har barnefamiliar jamt over hatt ei god inntektsutvikling i perioden 1986 - 1996. Det kjem mellom anna av ein auke i toinntektsfamiliar og større overføringar til barnefamiliar, mellom anna av barnetrygd og gjennom betre fødselspengeordningar. På grunn av høgare gjeld blant småbarnsfamiliar enn blant andre grupper, har dei også fått ein sterkare vekst i inntekt etter frådrag for gjeldsrenter etter som rentenivået vart vesentleg lågare i perioden 1986-1996. I tillegg vart det frå august 1998 innført skattefri kontantstøtte til familiar med eittåringar, og frå januar 1999 for familiar med toåringar som ikkje bruker eller berre delvis bruker barnehageplassar med statstilskot. Men kontanstøtta er ikkje inkludert i inntektene her.

Familiar med små barn har hatt den beste inntektsutviklinga av alle hushaldstypar i perioden med ein realvekst på over 20 pst. Frå 1986 til 1996 har familiar med større barn derimot hatt ein mindre vekst (nærmare 10 pst). Denne inntektsveksten for barnefamiliane inkluderer ikkje effekten av renter, endå om også lågare gjeldsrenter i perioden har vore viktig for barnefamiliane. Det er til dels store skilnader i inntekt mellom barnefamiliane, noko som heng saman med den tilknytinga forsørgjarane har til arbeidslivet. I 1996 hadde ein-inntektsfamiliar med små barn gjennomsnittleg 41 000 kroner lågare inntekt etter skatt enn småbarnsfamiliar med to inntekter. For familiar med større barn hadde toinntektsfamiliane 134 000 kroner meir i inntekt etter skatt enn familiar med ei inntekt.

Som vist i kap 3, hadde vel ni pst. av barnefamiliane med ein yrkesaktiv og yngste barnet under sju år, låge inntekter i 1996 når moderate stordriftsfordelar er lagde til grunn. Det er ein auke sidan 1986 på tre prosentpoeng. Av par med større barn og ein yrkesaktiv forelder, hadde vel fem pst. inntekt etter skatt per forbrukseining under grensa for låge inntekter i 1996, mot 1,3 pst. i 1986. Av barnefamiliar med to yrkesaktive har berre 0,3 pst. låge inntekter både i 1986 og 1996.

Dei lågaste ekvivalentinntektene finn ein hjå småbarnsfamiliar utan yrkestilknyting, der nær halvparten hadde inntekt under 50 pst. av medianen i 1996. Hjå familiar med eldre barn hadde nær 30 pst. av hushalda utan yrkestilknyting så låg inntekt. Det er små skilnader når det gjeld talet på barn i forhold til låginntekt i barnefamiliar. Familiar med ingen yrkesaktive utgjer ein liten del av barnefamiliane, om lag 2-3 pst.

Barnefamiliane er også overrepresenterte mellom dei med langvarige låge inntekter. Par med barn utgjer om lag 40 pst. av dei med vedvarande låge inntekter i perioden 1991-1995. Spesielt utsette er familiar med små barn. Desse familiane er nærmare omtalt i avsnitt 5.4.4.

Sosialstatistikken for 1997 viser at vel 16 000 par med barn under 18 år (om lag fem pst. av barnefamiliane) tok imot sosialhjelp same året. Det har vore ein liten nedgang i talet frå 1993, då talet på sosialhjelpsmottakarar i denne gruppa var på 19 700 (ca 4 pst). Familiar med barn mellom 0 og 6 år tek imot meir sosialhjelp enn familiar med større barn. Par med barn er likevel ikkje overrepresenterte mellom sosialhjelpsmottakarane. Sjå elles figur 5.5 i avsnitt 5.11.

Arbeid

Utviklinga det siste tiåret har gått i retning av at det er meir og meir vanleg hjå barnefamiliane at begge foreldra er i arbeid. Aukinga i talet på toinntektsfamiliar har vore særleg stor for familiar med små barn, der delen auka frå 53 til 68 pst. i perioden 1986-1996. Det er likevel i familiar med barn over sju år at det er mest vanleg at begge foreldra har yrkesinntekt (79 pst. i 1996). Det er spesielt småbarnsmødrene som har hatt ein sterk auke i heiltidsarbeid. Den auka yrkesaktiviteten til kvinnene har ført til store endringar i kvardagen til barnefamiliane. Familiane har fått betre økonomi, men dei har også i stor utstrekning fått bruk for barnetilsyn på dagtid.

I 1996 var det likevel 33 pst. av småbarnsfamiliane og 21 pst. av familiar med større barn som hadde ein eller ingen yrkesaktive foreldre.

Bustad

I hovudsak bur barnefamiliar i sjølveigde bustader. Delen med småbarnsfamiliar som eig eigen bustad auka frå 73 til 84 pst. i perioden 1987 - 1995, og det er noko sterkare auke enn i folket elles. Delen av familiar med større barn som eig eigen bustad, har halde seg stabilt på i overkant av 90 pst. i heile perioden. Av folket generelt har den delen som eig ein bustad vore på om lag 80 pst. i heile perioden.

Det å bu trongt, det vil seie å ha eitt rom mindre enn det er personar i hushaldet, har i heile perioden vore eit problem for eit mindretal av barnefamiliane, særleg for småbarnsfamiliar. I gruppa barnefamiliar med yngste barn mellom 0 og 6 år bur i alt 11 pst. trongt. For mange er likevel det eit problem i samband med etableringsfasen.

Barnefamiliar har også fått det betre når det gjeld å bu i barnevennlege miljø, anten ved at dei har eigen hage, eller bur nær grøntareal som er høveleg å bruke for barn og vaksne. I 1987 budde snautt 60 pst. av barnefamiliane slik til at barna lett kunne kome seg til tilrettelagde leikeområde, medan i 1995 hadde ikkje mindre enn 98 pst. av barnefamiliane slike tilhøve. Delen med barnefamiliar som er utsette for støy og forureining har likevel halde seg stabil på om lag 1/3 i heile perioden.

4,5 pst. av barnefamiliane har dårleg buøkonomi 10. Det er særleg i dei store byane at låge inntekter og høge buutgifter er eit problem for barnefamiliane. I 1998 fekk ca. 15 000 barnefamiliar bustøtte (inkludert einslege forsørgjarar. Barnefamiliar utgjer om lag 15 pst. av alle bustøttemottakarane. Av dei er 27 pst. par med barn, det vil seie om lag 4000 hushald.

5.4.2 Einslege forsørgjarar

Det har vore ein jamn auke i talet på einslege forsørgjarar dei siste tiåra. Ved inngangen til 1998 stod einslege forsørgjarar for 22 pst. av alle barnefamiliar, noko som svarar til meir enn 125 000 familiar. Vel 110 000 (88 pst.) var einslege mødrer, og i 1998 tok om lag 45 000 imot overgangsstønad og/eller stønad til barnetilsyn frå folketrygda. Perioden som eineforsørgjar for dei som tek imot overgangsstønad varer i gjennomsnitt om lag tre år 11.

Boks 5.2 Definisjonar av einslege forsørgjarar

I levekårsundersøkingane blir einsleg forsørgjar definert som einsleg mor eller far som bur saman med eitt eller fleire eigne barn under 18 år, men som verken er gift eller (etter eiga utsegn) har sambuar. Dette samsvarer med den definisjonen som er lagd til grunn for inntektsanalysane i dette kapittelet.

Einsleg forsørgjar med overgangsstønad frå folketrygda er ugift, skilt eller separert mor eller far eller sambuarar med særkullsbarn (blir endra frå 1. juli 1999). Overgangsstønad blir gitt til einslege forsørgjarar som mellombels ikkje kan forsørgje seg sjølve med eige arbeid, anten på grunn av omsorg for barn eller utdanning. Overgangsstønad blir normalt gitt i tre år, men ikkje etter at det yngste barnet fyller åtte år (før 1.1.1998 kunne stønad givast til det yngste barnet gjekk ut av fjerde klasse).

Einslege forsørgjarar er ei svært ueinsarta gruppe, og det er store skilnader internt i gruppa på dei ulike levekårsområda. Individuelle og sosiale ressursar personen har, som utdanning, arbeid og sivil status, er viktige for korleis den enkelte tilpassar seg situasjonen som einsleg forsørgjar 12. Vidare er det stor skilnad i inntekt og levekår mellom dei som har tilknyting til arbeidsmarknaden i eineforsørgjarfasen og dei som ikkje har det. Ein finn også skilnader mellom einslege forsørgjarar som er skilde/separerte og dei som er ugifte, der dei skilde/separerte gjennomgåande har betre levekår enn dei ugifte. Det har mellom anna samanheng med at dei fleste ugifte er kvinner og i gjennomsnitt yngre enn dei som har vore gifte, og dei er ofte mindre etablerte på arbeids- og bustadmarknaden når dei blir einslege forsørgjarar. Talet på barn er likevel ikkje så viktig for inntekter og levekår til einslege forsørgjarar. Det kan henge saman med at einslege forsørgjarar med fleire barn ofte er eldre og meir etablerte enn dei som berre har eitt barn.

Einslege forsørgjarar som tek imot overgangsstønadfrå folketrygda, har jamt over dei dårlegaste levekåra blant einslege forsørgjarar. I alt 98 pst. av einslege forsørgjarar med overgangsstønad er kvinner. Desse har gjennomgåande lågare utdanning, dårlegare tilknyting til arbeidsmarknaden og lågare inntekter enn andre einslege forsørgjarar. I tillegg har dei dårlegare buforhold og nytt større del av inntekta på buutgifter. Det heng også saman med at einslege forsørgjarar på overgangsstønad gjennomgåande er unge, då overgangsstønad blir gitt til einslege forsørgjarar med små barn.

Einslege forsørgjarar med berre stønad for barnetilsynfrå folketrygda har oftare eiga arbeidsinntekt som viktigaste forsørgingskjelde, og har gjennomgåande like gode og i mange tilfelle betre levekår enn par med barn. Einslege forsørgjarar utan stønadfrå folketrygda ligg gjennomgåande i ei mellomstilling.

Inntekt

Som vist i kapittel 3, har også einslege forsørgjarar hatt ei positiv inntektsutvikling i perioden 1986 - 1996. Hushaldsinntekta per forbrukseining har auka med 9,5 pst. dette tiåret. Det er om lag ein tilsvarande auke som for par med skulebarn, men klart lågare enn for småbarnsforeldre. Auken kjem mellom anna av større overføringar og meir yrkesaktivitet i gruppa. Det er likevel fråmleis stor inntektsskilnad mellom dei som har arbeidsmarknadstilknyting og dei som ikkje har det. Tal frå inntekts- og formuesundersøkinga for 1996 viser at einslege forsørgjarar som er i arbeid i gjennomsnitt har ei hushaldsinntekt per forbrukseining på 89 pst. av gjennomsnittet av alle hushald. Det svarar omtrent til det gjennomsnittlege inntektsnivået til par med små barn. Einslege forsørgjarar som lever utan yrkestilknyting har derimot i snitt ei ekvivalensinntekt på 51 pst. av gjennomsnittet for alle hushald.

Einslege forsørgjarar har i 1980- og 1990-åra vore overrepresenterte i låginntektsgruppa. Det gjeld først og fremst dei utan yrkestilknyting, der vel 19 pst. hadde inntekt under halvparten av medianinntekta i 1996 når moderate stordriftsfordelar blir lagde til grunn. Til samanlikning hadde berre vel to pst. einslege forsørgjarar med yrkestilknyting inntekt under denne låginntektsgrensa.

I alt fekk noko mindre enn 20 pst. av alle einslege forsørgjarar sosial stønad i 1997, og det er klart meir enn gjennomsnittet for alle hushald. 45 pst. av desse hadde overgangsstønad på det tidspunktet dei første gong søkte om sosial stønad. Forbruket av økonomisk sosialhjelp er stort mellom dei yngste einslege forsørgjarane, som gjennomgåande har lågast utdanning, og som truleg også manglar særleg yrkeserfaring før eineforsørgjarfasen. Dei er truleg også nokså nyetablerte på bustadmarknaden. Etter at nivået på overgangsstønaden gjekk opp i 1998, har inntekta for gruppa auka, og det er venta at talet på dei som må supplere med sosialhjelp skal gå ned. Det er likevel enno for tidleg å slå dette fast.

Ein analyse basert på data frå inntekts- og formuesundersøkinga til Statistisk sentralbyrå, viser at bidragspliktige kjem betre ut økonomisk enn einslege forsørgjarar som tek imot barnebidrag 13. Storleiken på inntekta er i gjennomsnitt tilnærma lik i bidragspliktig- og mottakarhushalda, men mottakarane bur i større hushald, og inntekta må med det dekkje utgiftene til fleire personar. Hushaldsinntekt (etter OECD-skalaen) for einslege forsørgjarar utgjer 66 pst. av inntekta til einslege bidragspliktige. Både einslege forsørgjarar og einslege bidragspliktige er representerte i låginntektsgruppa, men einslege forsørgjarar har ein tydelegare låginntektsprofil enn dei einslege bidragspliktige.

Ei anna undersøking av inntektene til bidragspliktige og mottakarar viser eit anna resultat 14. På grunn av offentlege overføringar til personar som har den daglege omsorga for barna, kjem personar utan dagleg omsorg, dei bidragspliktige, dårlegare ut økonomisk enn personar med dagleg omsorg, bidragsmottakarane. Mødrer utan dagleg omsorg har i gjennomsnitt vel halvparten av ekvivalentinntekta til mødrer med dagleg omsorg, medan fedrar utan dagleg omsorg i gjennomsnitt har 37 pst. mindre ekvivalentinntekt enn fedrar med dagleg omsorg.

Dei sprikjande resultata i dei to undersøkingane kjem mellom anna av ulike utval og ulike inntektsomgrep. Vidare har ein i undersøkinga til Statistisk sentralbyrå hatt opplysningar om det faktiske talet på medlemmer i hushaldet, medan ein ikkje hadde desse opplysningane i den andre undersøkinga. Her er skilde registrerte som einslege, medan det i praksis ofte er slik at mange bidragsytarar også bur i hushald saman med andre.

Utdanning

Einslege forsørgjarar har i gjennomsnitt lågare utdanningsnivå enn folket totalt, spesielt når ein ser på høgare utdanning. Når det gjeld vidaregåande opplæring, er det likevel ein mykje større del einslege forsørgjarar med utdanning på dette nivået enn for folket elles. Delen einslege forsørgjarar med den høgaste utdanninga på vidaregåande skulenivå auka frå 56 til 75 pst. i perioden 1987 - 1995. I same periode auka den totale delen av folket som tok utdanning på vidaregåande skole nivå frå 48 til snautt 54 pst. Det kjem til dels av at einslege forsørgjarar har låg gjennomsnittsalder, men det tyder også på at einslege forsørgjarar mykje meir enn andre avsluttar utdanninga si etter vidaregåande skule, og i mindre grad held fram med høgare eller anna supplerande utdanning.

Einslege forsørgjarar med overgangsstønad har klart lågare utdanning enn gjennomsnittet av alle einslege forsørgjarar. Det har likevel vore ein auke i utdanningsnivået også for denne gruppa dei seinare åra. Data frå Rikstrygdeverket viser at det i perioden 1992-1996 har vore ein stadig aukande del einslege forsørgjarar med overgangsstønad og/eller stønad til barnetilsyn med utdanning over 10 år.

Det at einslege forsørgjarar med overgangsstønad ofte har låg utdanning, heng mellom anna saman med at mange er unge, og at dei har vorte åleine med barn tidleg i livet. Ein del har kanskje teke til med ei utdanning ut over videregåande skole før fødselen, og ein del må kanskje avbryte utdanninga. Undersøkingar viser likevel at fleirtalet av dei som utdanna seg då dei vart einslege forsørgjarar, held fram med skulegangen, og om lag fire av ti tek utdanning i den perioden dei har overgangsstønad. Det er dei som ikkje har teke til å studere før dei blir einslege forsørgjarar som i minst grad tek utdanning medan dei tek imot overgangsstønad, og som ofte endar opp med eit lågt utdanningsnivå. Det kan seinare få konsekvensar for deltaking i yrkeslivet og inntekt.

Yrkesaktivitet

Det er store inntektsskilnader mellom einslege forsørgjarar etter yrkesaktivitet, og låg inntekt reflekterer ofte låg yrkesaktivitet. Det er likevel fleire einslege forsørgjarar som har vorte yrkesaktive den siste tiårsperioden. Ei eiga levekårsundersøking av einslege forsørgjarar i 1991 viste at 38 pst. av einslege forsørgjarar med overgangsstønad var sysselsette, mot 60 pst. av alle einslege forsørgjarar og 87 pst. mellom par med barn. Auken i yrkesaktiviteten til einslege forsørgjarar har stige spesielt i tida etter 1994, og delen med einslege forsørgjarar som har overgangsstønad (og/eller stønad til barnetilsyn) som er heilt eller delvis sjølvforsørgde med eige arbeid, hadde auka til 58 pst. i 1997 15.

Låg utdanning, ung alder og lita arbeidserfaring minkar sjansane for yrkesaktivitet hjå einslege forsørgjarar. Undersøkingar viser også at einslege mødrer som ikkje har vore gifte, eller som ikkje har vore sambuar med barnefaren, er sjeldnare i arbeid enn tidlegare gifte/sambuande. Undersøkingar kan tyde på at tidlegare gifte/sambuande mødrer har meir hjelp frå barnefaren, og det gjer det lettare å vere yrkesaktiv. Vidare er skilde/separerte ofte eldre, og har større barn. Dette kan og gjera det lettare å vere yrkesaktiv. Yrkesdeltaking i tida som einsleg forsørgjar varierer lite med kor mange barn ein har ved inngangen til fasen som eineforsørgjar.

Frå 1.1.1998 er stønadsordninga for einslege forsørgjarar endra med sikte på å motivere for yrkesaktivitet ved at det er eit krav om yrkesretta aktivitet når det yngste barnet fyller tre år, for å halde oppe retten til overgangsstønad. Ei førebels evaluering av den nye ordninga viser at talet på stønadsmottakarar i yrkesretta aktivitet har auka. Det kan mellom anna kome av kravet om yrkesretta aktivitet og/eller betre forhold på arbeidsmarknaden. Ei meir fullstendig evaluering av den nye stønadsordninga for einslege forsørgjarar skal vere ferdig i 2001.

Boks 5.3 Fordelingsverknader av omlegginga av stønadsordninga for einslege forsørgjarar frå 1.januar 1998

Den nye stønadsordninga for einslege forsørgjarar trådte i kraft frå 1.januar 1998. Då overgangsperioden varer til 1. januar 2001, vil ein del verknader først gjera seg gjeldande på sikt. Her blir det gitt ein kort oversikt over utviklinga i stønadsbeløp og talet på mottakarar av overgangsstønad og stønad til barnetilsyn frå 1997 til 1998.

Frå 1997 til 1998 auka det gjennomsnittlege stønadsbeløpet til personar med overgangstønad med 900 kroner, til om lag 65 600 kroner. Dette inneber ein realvekst på nærare 16 pst. Talet på forsørgjarar med overgangsstønad er redusert med vel 300 til om lag 44 560 i løpet av 1998. Det gjennomsnittlege beløpet til stønad til barnetilsyn auka med vel 3 100 kroner, til i underkant av 16 400 kroner. Talet på forsørgjarar med stønad til barnetilsyn auka med 1 100 til om lag 38 700 i løpet av 1998. Dette betyr at delen einslege forsørgjarar som er delvis sjølvforsørgde og mottar både overgangsstønad og stønad til barnetilsyn aukar.

Sjølv om statistikken frå 1998 ikkje utan vidare kan samanliknast med tidlegare år, på grunn av omlegging av regelverket, kan aktivitetsnivået ha auka det første året etter omlegginga, ved at fleire einslege forsørgjarar er i arbeid eller utdanning. Det kan og vere nokre som har avslutta stønadsperioden utan å kome i aktivitet. Gruppa «passive stønadsmottakarar» utgjorde i 1998 25 pst. av alle einslege forsørgjarar med stønad frå folketrygda. Det har vore ein nedgang i talet på passive stønadsmottakarar frå 16 800 i 1997 til 14 400 i 1998.

Kjelde: Rikstrygdeverket

Bustad

Einslege forsørgjarar har langt på veg sikra seg ein bustandard på linje med gjennomsnittet for landet, jamvel om ein del framleis har lågare bustandard enn andre grupper. Eit viktig skilje går også her mellom einslege forsørgjarar i arbeid og dei som berre lever av offentleg støtte. I tillegg heng ofte standard og storleik på bustaden saman med alder.

Som for barnefamiliar generelt, er det viktig også for einslege forsørgjarar å eige sin eigen bustad, då det ofte er store påkjenningar, spesielt for barn, i samband med flytting. Delen av av einslege forsørgjarar som eig sin eigen bustad er klart mindre i forhold til andre barnefamiliar. I 1995 budde 69 pst. av alle einslege forsørgjarar i eigen bustad, mot om lag 90 pst. av alle barnefamiliane. Av einslege forsørgjarar med overgangsstønad er det ein vesentleg mindre del som eig eigen bustad.

Einslege forsørgjarar har ofte høge buutgifter i forhold til inntekta. Nær 7 pst. har dårleg buøkonomi, mot 4,5 pst. av andre barnefamiliar, sjå tabell 4.12. I gjennomsnitt bruker einslege forsørgjarar om lag ein tredel av forbruket sitt på bustad mot ein femdel av folket totalt. Einslege forsørgjarar er med det mellom dei gruppene som bruker mest av det totale forbruket sitt på å bu. Dei konkurrerer på bustadmarknaden med husstandar som ofte har meir enn ei inntekt. På grunn av låg inntekt har mange også ofte vanskar med å dekkje utgiftene ved bustadetablering. Det gjeld både ved private og kommunale finansieringstilbod, endå om dei er ei sentral målgruppe både med omsyn til etableringslån, bustadtilskot og bustønad. I alt 73 pst. av alle barnefamiliar som tek imot bustønad er einslege forsørgjarar, det vil seie 11 000 hushald.

Det er mykje som tyder på at dårlege buforhold og svak buøkonomi først og fremst er eit problem for einslege forsørgjarar i storbyane. Om lag 16 000 hushald i byane er einslege forsørgjarar som har ei inntekt under grensa for å få bustønad (133 000 kr i året). 9000 av dei bur i Oslo. Ei undersøking av søknader om gjeldsordning i Oslo i 1993 viste at mange av søkjarane etter alt å dømme er einslege forsørgjarar. Nærmare 1/3 av dei som søkte om gjeldsordning er ugifte eller skilde kvinner, og fleirtalet hadde forsørgjaransvar for barn under 18 år 16.

Det har i perioden vore ein auke i delen av einslege forsørgjarar som opplever støy og forureining i nærmiljøet. Dei skil seg her frå andre barnefamiliar, der delen med slike nærmiljøproblem har vore stabil i heile perioden. Levekårsundersøkinga frå 1995 tyder på at einslege forsørgjarar også er noko meir utsette for problem i nærmiljøet som hærverk og kriminalitet enn folket generelt (ni mot seks pst.). Det kan henge saman med at einslege forsørgjarar oftare bur i meir utsette område, der buutgiftene er lågare.

Helse

Kvalitative studiar nemner samanhengar mellom påkjenningar som einsleg forsørgjar (t d økonomiske problem eller mangel på hjelp) og helsesymptom. Ein langvarig periode med eineansvaret for forsørging, oppseding og omsorg for barn, kombinert med dårleg økonomi, svak utdanning og sosial stigmatisering, kan gi negative helseeffektar.

Data frå Helseundersøkinga i 1995 gir ikkje noko eintydig bilete av om helsa til einslege forsørgjarar skil seg frå helsa til folk generelt. Tala tyder derimot på at einslege forsørgjarar på overgangsstønad vurderer eiga helse som noko betre enn både einslege forsørgjarar totalt sett og folket generelt. Einslege forsørgjarar med overgangsstønad er også noko mindre varig sjuke enn andre. Det kan henge saman med at einslege forsørgjarar på overgangsstønad har lågare gjennomsnittsalder enn både einslege forsørgjarar totalt og gjennomsnittet for alle.

5.4.3 Spesielt om familiar med varig sjuke eller funksjonshemma barn

Barnefamiliar har stort sett betre helse enn andre. Noreg er eit av dei landa som kjem best ut når det gjeld dødsfall blant spedbarn, som er halvert frå 1980-åra og fram til midten av 1990-åra. Det kjem først og fremst av ein markant reduksjon av krubbedød. For nærmare om den generelle helseutviklinga, sjå avsnitt 4.4.

I Helseundersøkinga 1995 blir det rapportert om varig sjukdom hjå tre av ti barn i alderen 0-6 år og fire av ti for dei frå 7 til 19 år. I denne og liknande undersøkingar dominerer astma, kroniske luftvegslidingar og allergiar. Det har vore ein markert auke i eigenrapporterte lidingar i luftvegane og pusteorgana dei siste tiåra. I perioden 1985 - 1995 har dei som har astma av 0-17 åringane auka frå to til fem pst., medan delen med allergiar i same aldersgruppe har auka frå 11 til 17 pst. For allergiane var auken spesielt stor hjå ungdom.

Delen av barn (0-15 år) med varig sjukdom eller funksjonshemming i 1997, målt etter dei som tok imot grunn- og/eller hjelpestønad, var på 2,4 pst. Ein rapport frå Rikstrygdeverket (4/94) viser at talet på barn som tek imot grunn- og/eller hjelpestønad i alderen 0-15 år, vart meir enn fordobla frå først i 1980-åra til først i 1990-åra. Det er særleg allergiske lidingar som astma og eksem som har gitt grunnlaget for ein slik auke. I tillegg har det vore ein stor auke i mengda barn som tek imot grunn- og/eller hjelpestønad på grunn av hyperaktivitetssyndrom og spesifikke utviklingsforseinkingar.

Undersøkingar tyder på at det er ein viss samanheng mellom utbreiing av allergiar og luftvegssjukdommar og ein større grad av urbanisering. I tettbygde strøk med mykje luftforureining både inne og ute, blir det oftare rapportert om allergiar og andre varige sjukdomar hjå barn. På den andre sida kan andre faktorar som høgare utdanningsnivå gjere at foreldra har meir kunnskap om sjukdomar hjå barn. Det kan igjen føre til meir rapportering. Auken i talet på søknader om grunn- og hjelpestønad til barn kan kome av at ordningane har vorte meir kjende, og at fleire aktivt søkjer. Det er med det usikkert om auken av varige sjukdommar hjå barn kjem av endringar i helsesvikt eller forhold som meir diagnostisering eller større ettertanke hjå legar og pårørande.

Barn som er funksjonshemma gir ein klar negativ effekt for yrkesaktiviteten og inntektsnivået til foreldra fordi det er vanskelegare for begge foreldra å vere fullt yrkesaktive. Undersøkingar viser at mødrer med funksjonshemma barn har langt lågare yrkesaktivitet enn andre mødre, spesielt når barna er små (under 10 år). Yrkesaktiviteten til mødrene varierer også med grad av funksjonshemming hjå barnet. Fedrar med funksjonshemma barn er like ofte yrkesaktive som andre fedrar, men dei har lågare inntekt. Det kan tyde på at fedrar med funksjonshemma barn i mindre grad jobbar overtid eller tek på seg meir krevjande arbeidsoppgåver 17. I tillegg har familiar med funksjonshemma barn ofte ekstra utgifter på grunn av funksjonshemminga. Ei undersøking av grunn- og hjelpestønadsmottakarar viser at den delen som har størst ekstrautgifter på grunn av funksjonshemminga, er høgast i hushald med barn under sju år. Helseundersøkinga i 1995 viser at familiar med små ressursar har høgare førekomst av astma hjå barn enn meir velståande familiar, og undersøkingar av eittåringar viser at særleg astma, bronkitt og luftvegssjukdommar varierer etter den sosiale statusen til foreldra. Faren for at barnet har luftvegssjukdommar, varierer systematisk med utdanninga til foreldra. Vidare aukar sjansane for slike sjukdommar dersom foreldra er sosialhjelpsmottakarar, har innvandrarbakgrunn eller er einslege forsørgjarar. Moglege forklaringar på slike samanhengar kan vere visse trekk ved miljøforholda og levesettet til gruppene, til dømes bustader utsette for forureining og etter måten fleire røykjarar. Det finst elles ei rekkje studiar som viser ei sosial skeiv fordeling når det gjeld dødstala i tidleg barnealder, der særleg utdanningstida til foreldra slår klart ut.

5.4.4 Barnefamiliar med vedvarande låg inntekt

Som vist i kapittel 3, har ein relativt liten del av befolkninga i Noreg vedvarande låg inntekt. Om ein ser på grupper med låg inntekt i tiårsperioden 1986-1996, er både par med små barn og einslege forsørgjarar overrepresenterte (sosialhjelp er her ikkje med i inntektsgrunnlaget). Rundt 60 pst. av alle med vedvarande låg inntekt i tiårsperioden er barnefamiliar, medan desse hushalda utgjer nær 50 pst. av befolkninga. Ved å sjå på låg inntekt i femårsperioden 1991-95 får ein også sosialhjelp med i inntektsgrunnlaget. Småbarnsfamiliar er framleis overrepresenterte, med ein del på 40 pst. Dei aller fleste av dei er par med små barn. Val av ekvivalentskala vil vere avgjerande for kor stor del av barnefamiliar som er i gruppa med vedvarande låg inntekt (sjå kapittel 3.5.4 om dette).

Mange barnefamiliar med langvarig låg inntekt mottek sosialhjelp. Av sosialhjelpsmottakarane i 1996 hadde knapt 5 000 einslege forsørgjarar og om lag 4 500 par med barn fått sosialhjelp samanlagt i meir enn tre av dei siste sju åra. Om lag 1 100 einslege forsørgjarar og vel 1 300 par med barn hadde fått sosialhjelp meir enn fem av dei siste sju åra. For barnefamiliar er talet på menneske som er avhengige av sosialhjelp klart høgare enn desse tala syner. Likevel er det ikkje slik at alle barnefamiliar med låge inntekter i lang tid tek imot sosialhjelp. Ektepar med barn hadde relativt lang gjennomsnittleg stønadstid med sosialhjelp, medan einslege forsørgjarar og sambuarpar med barn hadde om lag like lang stønadstid som gjennomsnittet for alle sosialhjelpsmottakarar. Sjå elles omtale av langtidsmottakarar av sosialhjelp i avsnitt 5.11.2.

Kva for barnefamiliar har vedvarande låg inntekt 18?

Det viktigaste kjenneteiknet ved barnefamiliane med låg inntekt i dei årelege inntektsfordelingane er låg yrkesdeltaking. Det er grunn til å tru at det i hovudsak er det same kjenneteiknet som går att også hjå barnefamiliar med vedvarande låg inntekt.

Vedvarande låg inntekt hjå einslege forsørgjarar er truleg først og fremst eit problem for dei som tek imot overgangsstønad i lang tid. For dei som ikkje tek seg utdanning eller arbeid, blir risikoen større for å få økonomiske problem seinare. Sjå avsnitt 5.4.2 for nærmare omtale av einslege forsørgjarar.

Låg inntekt i lengre tid fører ofte til at familiane det gjeld ikkje har råd til gode som dei fleste i samfunnet tek som sjølvsagde. Barn i slike familiar kan ofte ikkje delta i dei same aktivitetane som andre barn. Dei får sjeldan eller aldri reise på ferie, og dei har ikkje råd til utstyr som er vanleg i dei fleste heimar.

5.5 Innvandrarar

Ved inngangen til 1998 budde 206 900 innvandrarar i Noreg. Innvandrar er her definert som ein utanlandsfødd person, fast busett i Noreg, og med utanlandsfødde foreldre. Dei utgjorde om lag 4,5 pst. av folket. Av desse kom meir enn halvparten frå land i Europa, medan om lag 84 500 kom frå Afrika, Asia og Latin-Amerika. Den største nasjonalitetsgruppa er svenskar, deretter følgjer danskar, pakistanarar, bosniarar, vietnamesarar, britar, iranarar, amerikanarar og tyskarar. Dersom ein òg reknar med barna til innvandrarane som er fødde i Noreg, kom personar med innvandrarbakgrunn opp i 5,5 pst. av folket i Noreg i 1998. Barn av innvandrar, fødde og oppvaksne i Noreg, blir ikkje rekna som innvandrarar etter definisjonen som her er brukt. I levekårssamanheng har ein først og fremst vore oppteken av innvandrarar frå Asia, Afrika, Mellom- og Sør-Amerika og Aust-Europa.

Inntekt

Inntektene til innvandrarane varierer i stor grad med kva for land dei kjem frå 19. I 1996 hadde personar frå Vest-Europa og Nord-Amerika ei gjennomsnittleg ekvivalent inntekt på 123 pst. og 94 pst. av gjennomsnittsinntekta for folket elles. Personar frå ikkje-vestlege land hadde ei gjennomsnittleg hushaldsinntekt på 70 pst. av gjennomsnittsinntektene i samfunnet 20.

Den delen som har låge inntekter er høgare for alle grupper av innvandrarar enn for folket elles. Mellom personar frå Vest-Europa og Nord-Amerika/Oseania er delen med låge inntekter (under halvparten av medianinntekta) i same følgd på vel sju og nær 12 pst., mot 4,5 pst. av folket elles (OECD-skala). Personar med ikkje-vestleg bakgrunn er klart overrepresenterte i låginntektsgruppa med ein del på om lag 20 pst.

Spesielt om ikkje-vestlege innvandrarar

Om grensa for låge inntekter blir auka til 70 pst. av medianinntekta, finn ein at om lag halvparten av ikkje-vestlege innvandrarar ligg under denne grensa. Det svarar til ei plassering i dei to nedste desilane i inntektsfordelinga. Ei viktig årsak til at ein så stor del av innvandrarane har låg inntekt, er at arbeidsmarknadstilknytinga i denne gruppa er dårleg.

Overføringar står for vel 30 pst. av den samla hushaldsinntekta for ikkje-vestlege innvandrargrupper sett under eitt, mot 17 pst. for folket totalt. Dei største overføringane til desse innvandrargruppene er sosialhjelp, barnetrygd og ytingar frå folketrygda. Yrkesinntekt står for om lag to tredelar av den samla hushaldsinntekta for ikkje-vestlege innvandrargrupper. Det er ein tendens til at yrkesinntektsdelen av samla inntekt aukar med butida i landet, men offentlege overføringar utgjer likevel gjennomsnittleg ein stor del av den samla inntekta også etter fleire års butid.

Ikkje-vestlege innvandrarar er sterkt overrepresenterte som mottakarar av sosial stønad. I 1997 fekk om lag 17 500 utanlandske statsborgarar økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Det er om lag ti pst. av alle utanlandske statsborgarar over 18 år. Høg tildeling av sosialhjelp gjeld i første rekkje innvandrargrupper frå ikkje-vestlege land. Flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag tek imot sosialhjelp dobbelt så ofte som dei som kjem til landet av andre grunnar. Gjennomsnittleg bruk av sosialhjelp går ofte ned etter lang butid i Noreg. For ein flyktningfamilie som kom til landet i 1995 stod sosialhjelpa i gjennomsnitt for 67 pst. av samla inntekt, medan tilsvarande del for ein familie busett i Noreg i 1988 var 13 pst. Tildelinga av sosialhjelp for denne gruppa er likevel høg sjølv etter fleire år i landet 21.

I motsetning til folket elles er det i stor grad barnefamiliar frå ikkje-vestlege innvandrargrupper som er avhengige av sosialhjelp. Ei undersøking av barn med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i Oslo viser at 43 pst. av desse vaks opp i hushald som var heilt eller delvis avhengige av sosialhjelp. Tilsvarande del for norske barn var eitt av ti. For innvandrarbarn var det mindre viktig enn for barn fødde i Noreg om foreldra bur saman eller ikkje 22.

Arbeidsdeltaking

Det er ein mykje større del arbeidsledige mellom personar med innvandrarbakgrunn enn i folket elles. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i november 1998 var ei registrert arbeidsløyse mellom innvandrarar generelt på 6,2 pst., og blant innvandrarar frå ikkje-vestlege land på vel 9 pst., mot 2,1 pst. av folket totalt. Det har likevel vore ei positiv utvikling dei siste åra med ein markert nedgang i arbeidsløysa mellom innvandrarar totalt sett. Nedgangen har vore størst for ikkje-vestlege innvandrarar.

Delen av arbeidstakarar er lågare blant innvandrarar enn i befolkninga totalt 23. I 4. kvartal 1998 var arbeidstakardelen blant innvandrarar om lag 50 pst., medan den var om lag 60 pst. i hele befolkninga. Delen av arbeidstakarar er markert lågast blant innvandrarar frå ikkje-vestlege land, men aukar generelt med butida i Noreg.

Delen av innvandrarar på arbeidsmarknadstiltak er redusert dei seinare åra etter som arbeidsmarknaden er betra. Reduksjonen i tiltaksdeltaking for innvandrarar er likevel mindre enn for norskfødde. Som ei følgje av dette utgjorde innvandrarar i november 1998 om lag 30 pst. (ca. 4 300 personar) av deltakarane på ordinære arbeidsmarknadstiltak, mot om lag 23 pst. i november 1997.

Innvandrarar frå ikkje-vestlege land med stutt butid i Noreg er av dei som stiller sist i køen på arbeidsmarknaden, men sjølv for dei som i 1998 hadde 6-7 års butid var arbeidstakarprosenten berre vel 50 pst. Av innvandrarar som er yrkesaktive er det mange som har mellombels tilsetjing, og innvandrarar har oftare deltidsarbeid enn norskfødde. I tillegg er ikkje-vestlege innvandrarar oftare utsette for dårleg arbeidsmiljø. Undersøkingar viser at ikkje-vestlege innvandrarar får mindre utteljing for utdanning i arbeidslivet i form av lønn og høve til å kome i arbeid enn norskfødde med same utdanningsnivå. Det gjeld både for utdanning teke i utlandet og utdanning teke i Noreg.

Den høge arbeidsløysa og låge yrkesdeltakinga for innvandrarar samanlikna med folk elles kjem mellom anna av mangelfulle kunnskapar i norsk, mangelfull utdanning, vanskar med å få godkjent utanlandsk utdanning og diskriminering i arbeidslivet. For flyktningar er i tillegg den psykososiale situasjonen etter flytting til Noreg ein viktig faktor.

Utdanning

Utdanningsnivået til folk varierer med fødeland. Utanlandsfødde har eit utdanningsnivå som viser store variasjonar i forhold til gjennomsnittet (og Noreg) både når vi ser på grunnskule, vidaregåande skole og høgare utdanning (jf. tabell 5.2.3) 24.

Tabell 5.2 må tolkast i lys av at ein stor del av innvandrarane ikkje har kryssa av for utdanning. Dei som er fødde i Aust-Europa og den tredje verda (Mellom- og Sør-Amerika, Asia og Afrika) har den største delen av dei som ikkje har kryssa av for utdanning. På den andre sida er det også mange personar som er fødde i Norden og andre vestlege land som ikkje har kryssa av, og desse landa har eit utdanningssystem som ikkje er ulikt det norske. Ein del av dei som ikkje har ført opp utdanning, kan ha låg utdanning, men nærmare kartlegging er nødvendig for å få sikker kunnskap om det.

Tabell 5.2 Personar over 16 år, etter fullført utdanning og fødeland. 1994 i pst.

Kjønn og fødelandI altGrunnskulenivåVidaregåande skulenivåUniversitets- og høgskulenivåUtan oppgitt eller inga fullført utdanning
Alle100,027,850,418,92,8
Noreg100,028,751,518,91,0
Norden100,016,234,223,326,3
Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania100,011,832,228,727,4
Aust-Europa100,08,518,313,360,0
Mellom- og Sør-Amerika, Asia og Afrika100,013,433,515,437,7

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tabellen viser at dei som er fødde i Norden (utanom Noreg) og i andre vestlege land (Vest-Europa, Nord-Amerika og Oseania) har ein større del med universitets- og høgskuleutdanning enn dei som er fødde i Noreg. I tillegg til ulik alderssamansetning kan forklaringa vere at ein stor del av desse kjem til Noreg fordi dei har ein spesialkompetanse som den norske arbeidsmarknaden treng. Delen med universitets- og høgskuleutdanning frå Aust-Europa og den tredje verda ligg under nivået i Noreg. Delen med vidaregåande opplæring som høgaste utdanning varierer mellom 32 og 34 pst. for dei som er fødde i Norden (utanom Noreg), i vestlege land og i den tredje verda. Prosentdelen er særleg låg for dei som er fødde i Aust-Europa (18,3 pst.). Til samanlikning har vel 50 pst. av dei som er fødde i Noreg vidaregåande opplæring som høgaste utdanning. Ein større del kvinner enn menn har grunnskule som høgaste utdanning når ein ser innvandrarane under eitt.

I følgje Statisitsk sentralbyrå si levekårsundersøking av ikkje-vestlege innvandrarar i 1996 hadde om lag 15 pst. av ikkje-vestlege innvandrarar høgare utdanning, mot 34 pst. av folket her i landet med same alders- og kjønnsfordeling og busetjingsstruktur som innvandrargruppa. Det er vanskeleg å gi nøyaktige tal på utdanninga til innvandrarane, då mange har ukjend eller ikkje oppført utdanning frå heimlandet. Berre ein av seks i innvandrargruppa hadde låg eller inga utdanning, dvs. manglar utdanning eller har utdanning på grunnskulenivå. Av personar frå Jugoslavia og Somalia har heile 60 og 50 pst. ikkje kryssa av for utdanning.

Det er store skilnader i utdanningsnivået for ikkje-vestlege innvandrarar både med omsyn til kjønn og fødeland. Somme ikkje-vestlege innvandrargrupper har like høgt utdanningsnivå som folket elles i Noreg. Det gjeld spesielt personar frå Iran og Chile. Når det gjeld ikkje-vestlege innvandrarar med låg utdanning, er det spesielt personar frå Tyrkia, Pakistan og Vietnam som skil seg ut. Vel ein av tre tyrkiske innvandrarar har låg eller inga fullført utdanning, og mellom vietnamesiske innvandrarar gjeld det ein av fire. Delen med låg eller inga formell utdanning i desse landa er dobbelt så stor for kvinner som for menn.

Skilnader i utdanningsval

Ser vi på SSBs utdanningsstatistikk, utgjer utanlandsfødde sju pst. av elevane i vidaregåande utdanning i 1996. Vel to tredelar av desse kjem frå den tredje verda. I overkant av 20 pst. kjem frå nordiske land og frå andre vestlege land. Talet på elevar frå Aust-Europa har auka kraftig dei siste åra, og i 1996 stod denne elevgruppa for 16 pst. av alle dei utanlandsfødde elevane.

Evalueringa av Reform 94 viser at rekrutteringa av innvandrarungdom til vidaregåande opplæring framleis er noko lågare enn for norske ungdommar, men skilnaden er ikkje vesentleg. Vel ti pst. av dei tospråklege ungdommane som gjekk ut av grunnskulen i 1995, var ikkje elevar i vidaregåande skole etter at inntaket var fullført, mot vel åtte pst. av dei andre elevane. Vidare er avbrot av vidaregåande opplæring vanlegare og progresjonen lågare for tospråklege ungdommar. Vel to tredelar av dei tospråklege ungdommane var i rute det tredje opplæringsåret, mot tre firedelar av dei andre ungdommane. Samtidig var det 16 pst. av dei tospråklege elevane som ikkje deltok i vidaregåande opplæring, medan det same gjeld for 13 pst. av dei andre elevane.

I oktober 1996 var 11 pst. av innvandrarane i alderen 19-25 år studentar ved universitet og høgskular. Tilsvarande del for norskfødde barn av innvandrarar var vel 23 pst. Totalt var vel 26 pst. av alle 19-25-åringar studentar ved universitet og høgskular. Når ein korrigerer for sosial klasse, målt med utdanninga til foreldra, søkjer ikkje barn av innvandrarar høgare utdanning i vesentleg mindre grad enn andre ungdommar med tilsvarande sosial bakgrunn.

Valet elevane gjer av fagfelt varierer med fødeland. Elevar som er fødde i land utanfor Norden vel i større grad allmennfag, medan elevar som er fødde i Noreg eller i andre nordiske land oftare vel yrkesfag. Nesten 55 pst. av dei som er fødde i ikkje-vestlege land, og 65 pst. av dei som er fødde i Aust-Europa, var registrerte på allmenne fag hausten 1995, medan tilsvarande del for norskfødde og dei som var fødde i eit av dei andre nordiske landa, var i overkant av 40 pst. For det meste vel utanlandsfødde jenter og gutar relativt tradisjonell utdanning, på lik line med norskfødde.

Buforhold

Ulikskapen i samla buforhold mellom ikkje-vestlege innvandrarar og folket elles synest å vere stor, også etter kontroll for alder, sosio-økonomisk status og hushaldstype. SSBs levekårsundersøking for ikkje-vestlege innvandrarar (1996) viser at dei bur billigare og trongare enn nordmenn. Den grunnleggjande standarden på bustadene som innvandrarane bur i, er likevel ikkje særleg dårlegare enn dei som nordmenn bur i. Jamvel om talgrunnlaget er lite i buforholdsundersøkinga i 1995, tyder resultata på at ikkje-vestlege innvandrarar ofte har dårlegare buforhold, meir usikre og dårlegare leigeforhold, dårlegare utemiljø og dårlegare buøkonomi enn befolkninga elles. Vel 40 pst. har dårleg buøkonomi mot vel 20 pst. av folket elles.

Sjølv om innvandrarar i langt større grad bur trongt enn nordmenn, viser buforholdsundersøkinga i 1995 at det berre er mindre forskjellar mellom innvandrarar og norskfødde som oppgir å ha liten plass i bustaden. Det kan tyde på at ikkje-vestlege innvandrarar har større toleranse for å bu trongt enn folket elles.

Ikkje-vestlege innvandrarar er oftare leigebuarar og bur oftare i blokk og sjeldnare i einebustader enn det nordmenn elles gjer. Berre fem av ti innvandrarar eig bustaden sin, mot nær åtte av ti nordmenn. Det heng ofte saman med at ikkje-vestlege innvandrarar generelt har dårlegare økonomi. På spørsmål om kvifor dei leiger, svarar halvparten av innvandrarane at dei gjerne vil kjøpe, men at dei har vanskar med å få lån (mot fire pst. av folket elles). Det heng i første rekkje saman med at dei har låg arbeidstilknyting, lita inntekt og vanskar med å få lån. Vidare er manglande kunnskap om den norske bustadmarknaden, ønske om å bu i nærleiken av eigne landsmenn, og diskriminering på kjøpe- og leigemarknaden medverkande årsaker til at innvandrarar har dårlegare samla buforhold enn folket elles. Kvar femte innvandrar i 1996 meinte at dei hadde vorte nekta å leige eller kjøpe bustad fordi dei hadde bakgrunn som innvandrar.

Nesten halvparten av personar med innvandrarbakgrunn frå ikkje-vestlege land bur i Oslo indre aust og i nokre drabantbyar nord-aust og sør i byen. Det fører også til at ikkje-vestlege innvandrarar oftare enn andre bur i bustadstrøk der dei er utsette for støy og forureining, og i strok med meir kriminalitet enn gjennomsnittet. Bukonsentrasjon 25 av innvandrarar i bydelar som har gjennomgåande lågare standard på bustadmassen og bumiljøet enn i andre bydelar, ser ein også tendensar til i andre større byar som Bergen, Trondheim, Stavanger og Drammen.

Helse

Mykje tyder på at det er store skilnader i rapportert helsesvikt hjå innvandrarar, avhengig av kva for land dei kjem frå. Ulikskapane i helse mellom dei ulike innvandrargruppene er truleg større enn mellom nordmenn og innvandrarar.

Ein har generelt avgrensa kunnskap om helse, sjukdom, dødstal, helseoppfatningar og bruk av helsetenester hjå innvandrarane i Noreg. Det er vanskeleg å karakterisere helseproblema til innvandrarane på ein meiningsfull måte, m a på grunn av den store variasjonsbreidda i bakgrunn og leveforhold. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking av ikkje-vestlege innvandrarar i 1996 og levekårsundersøkinga i 1995 viser at innvandrarar i mindre grad enn folket elles fører opp å ha ein varig sjukdom (38 og 48 pst.). Undersøkingane viser likevel at når ikkje-vestlege innvandrarar først blir sjuke, så blir dei ramma hardare enn andre. Levekårsundersøkinga blant innvandrarar viser at innvandrarar som fører opp ein sjukdom i større grad enn nordmenn meiner at sjukdommen set ned arbeidsevna deira.

Ikkje-vestlege innvandrarar i den eldste aldersgruppa rapporterer oftare om helsesvikt enn folket elles, og di eldre dei er når dei kjem til landet, dess større er risikoen for at vedkomande har ein varig sjukdom. Opphaldstida i Noreg er også viktig for helsesvikten. Di lengre opphaldstida er, dess større er risikoen for varig sjukdom. Dette heng truleg og saman med at personar med lang butid ofte er eldre. Vidare er den delen som fører opp ein varig sjukdom størst mellom ikkje-vestlege innvandrarar som kom til landet først og fremst for å søkje arbeid, og ikkje mellom dei som er komne som flyktningar.

Helsesvikten målt ved eigenrapportering er størst mellom personar frå Tyrkia, Iran og Chile, medan innvandrarar frå Somalia og Sri Lanka har den lågaste delen med varig sjukdom. Kjønnsskilnadene i helse og bruk av helsetenester synest å vere større i innvandrargruppene enn for resten av folket. Mellom anna er kjønnsskilnadene i eigenrapportert helsesvikt større for ikkje-vestlege innvandrarar (åtte prosentpoeng) enn for nordmenn (to prosentpoeng).

Det er likevel lite som tyder på at flyktningar og innvandrarar er generelt meir sjuke enn andre. Eventuelle skilnader i helsesvikt i høve til norskfødde kjem heller ikkje fram når det gjeld sjølvrapportert helse, men sjukdomsbiletet er noko annleis. Dobbelt så mange innvandrarar som folket elles rapporterte om nervøse lidingar i Helseundersøkinga i 1995. Det er rimeleg å gå ut frå at det kan henge saman med opplevingar i heimlandet og problem i samband med etablering i nytt land. Fleire innvandrarar får diabetes. Både genetiske faktorar og miljøfaktorar er nemnde som moglege årsaker til sjukdommen diabetes.

5.6 Funksjonshemma

Ulike undersøkingar av levekåra til funksjonshemma har gitt litt ulike resultat alt etter kva for definisjon ein legg til grunn. I denne meldinga er det lagt til grunn ein operasjonell definisjon: «Personar som ikkje utan vanskar greier å gå i trapper, og/eller ikkje utan hjelp av andre greier vask og reingjering av bustaden, og/eller som på grunn av varige helseproblem eller funksjonshemming har svært vanskeleg for å delta i fritidsaktivitetar, og/eller som tek imot grunn- eller hjelpestønad». Dette samsvarar godt med definisjonen som er brukt i St meld nr 8 (1998-1999) Handlingsplan for funksjonshemmede. «Funksjonshemming er eit mishøve mellom individet sine føresetnader og krav frå miljøet og samfunnet si side til funksjon på område som er vesentlege for å etablere og halde ved lag eit sjølvstendig og sosialt tilvære».

I St meld nr 8 (1998-99) Handlingsplan for funksjonshemma, er det lagt til grunn at levekåra til funksjonshemma blir omtala i denne meldinga.

Ved samanlikningar må ein ta omsyn til at funksjonshemma er noko eldre enn folket elles. Av dei funksjonshemma under 67 år er snautt 10 pst. under 25 år og 60 pst. er mellom 45 og 67 år, mot vel 20 og vel 30 pst. for ikkje-funksjonshemma. Undersøkingar viser at det ofte går eit skilje internt i gruppa funksjonshemma mellom dei som er over og dei som er under 40 år. Det er gjerne først frå 40-årsalderen og oppover at skilnader er store mellom funksjonshemma og andre i same aldersgruppe 26. Det kan henge saman med ein forverra helsesituasjon og lågare yrkesaktivitet for dei eldre funksjonshemma enn for folket generelt i same aldersgruppe. Aldersskilnaden mellom funksjonshemma og folket er viktig for analysane vidare i dette kapittelet.

Ei undersøking av levekår og livskvalitet i ulike grupper viser at funksjonshemma fører opp å vere mindre tilfredse enn folket elles på områda utdanning, arbeid og økonomi 27. Det kan henge saman med at det er på desse områda funksjonshemminga får størst konsekvensar, og med det innverknad på livskvaliteten til funksjonshemma. I tillegg fører fleire funksjonshemma opp å vere mindre nøgde med fritidsaktivitetar, noko som kan tyde på at funksjonshemminga for mange set grenser også for aktivitetar i fritida på grunn av manglande tilrettelegging frå samfunnet si side.

Boks 5.4

I 1995 gjorde Statistisk sentralbyrå ei spesialundersøking av mottakarar av grunnstønad. Analysen viste at det blant mottakarane av grunnstønad var 10,6 pst. som hadde mykje dårlegare levekår enn dei andre. For å skaffe fram betre datagrunnlag om sistnemnde gruppe tok Sosial- og helsedepartementet i 1998 initiativ til ei ny undersøking av grunnstønadsmottakarane. Dette er den mest omfattande undersøkinga blant grunnstønadsmottakarar som er utført, med totalt 1520 intervjupersonar, og omfattar mange med fysisk funksjonshemming og kroniske sjukdomar.

Utdanningsnivå

Funksjonshemma har gjennomgåande lågare utdanningsnivå enn kva som er tilfelle i befolkninga elles. Fram til og med vidaregåande skule er det ikkje så store forskjellar mellom funksjonshemma og andre, sjølv om delen med fullført vidaregåande skule blant dei funksjonshemma framleis er lågare enn blant ikkje- funksjonshemma. Skilnadene i utdanningsnivå mellom funksjonshemma og befolkninga elles er størst når det gjeld utdanning på universitets- eller høgskolenivå. Det har likevel vore ei auke i perioden 1987 til 1995 i delen funksjonshemma med utdanning på universitets- og høgskulenivå, særleg blant menn.

I tillegg til at helsa set grensar for den funksjonshemma, kan det vere mangel på tilretteleggjing på skulane, og sosiale faktorar som normer og forventningar som kan ver årsaka til at dei har lågare utdanningsnivå enn folket elles.

Grad av og type funksjonshemming speler og ein rolle for utdanningsnivået blant funksjonshemma. Det kjem også an på når i livsløpet ein person har blitt funksjonshemma - om funksjonshemminga er medfødt eller om ein har blitt funksjonshemma i vaksen alder.

Forskjellar i utdanningsnivå mellom funksjonshemma og ikkje-funksjonshemma kan til dels forklarast med ulik alderssamansetting i gruppene. Funksjonshemma har høgare gjennomsnittsalder enn ikkje-funksjonshemma, og eldre har generelt lavere utdanningsnivå enn yngre. Undersøkingar viser at forskjellane i utdanningsnivå mellom funksjonshemma og andre er størst i befolkninga over 40 år. Dette kan tyde på at utdanningsinstitusjonar no er betre tilrettelagde for funksjonshemma forutan at funksjonshemma har kunna ta del i utdanningseksplosjonen dei siste tiåra. 28

Økonomi og sysselsetjing

Den delen med funksjonshemma som hadde inntekt etter skatt per forbrukseining under halvparten av medianinntekta, var på 2,7 pst. i 1996. Det er to prosentpoeng lågare enn gjennomsnittet for heile folket. Mykje tyder likevel på at mange funksjonshemma kan ha inntekter rett over denne grensa for låge inntekter, og gjennomsnittsinntekta til funksjonshemma er lågare enn for folket elles.

Mange funksjonshemma fører opp å ha vanskar med å greie dei faste utgiftene sine, og særleg dei yngre fører opp at dei har dårleg råd. Heile 22 pst. av dei yngre har ofte eller av og til vanskar med å greie dei faste utgiftene, medan det gjeld berre 19 pst. av dei eldste. Skilnader mellom yngre og eldre finn ein også hjå personar utan funksjonshemmingar, men her er differansen mindre og tala er generelt lågare, tilsvarande 14 og sju pst.

Undersøkinga av grunnstønadsmottakarar i 1998 (sjå boks 5.4) viser at enda fleire i denne gruppa har store betalingsvanskar både i forhold til faste utgifter og uventa rekningar. Ein del har store økonomiske vanskar m a fordi dei har ekstrautgifter til behandling som mellom anna spesielle diettar og medikament som ikkje er på "blå resept". Snautt halvparten fører opp at dei ofte eller av og til har vanskar med å greie faste utgifter, medan over halvparten ikkje greier å betale ei uventa utgift på 2000 kroner. Materialet tyder på at funksjonshemma kvinner i alderen 30-49 år som bur aleine eller saman med barn, og som er utan arbeidsinntekt, har det vanskelegast. Endå om det er store økonomiske problem i denne gruppa, er det relativt få som tek imot sosialhjelp eller bustønad.

Økonomiske vanskar heng også blant funksjonshemma ofte saman med manglande sysselsetjing, og undersøkingar viser at det i denne gruppa er monaleg lågare sysselsetjing enn for folket elles. Talet på sysselsette i denne gruppa har også minka det siste tiåret. St meld nr 8 Handlingsplan for funksjonshemma viser at prosentdelen med sysselsette funksjonshemma i alderen 16-66 år var 43 pst. i 1987 og 37 pst. i 1995.

Sjølv om ulike undersøkingar gir ulike tal for sysselsetjing, avhengig av korleis ein definerer funksjonshemma, viser dei likevel den same tendensen på lang sikt. Sysselsetjinga for funksjonshemma har gått ned frå slutten av 1980-åra til midt i 1990-åra. Nedgangen har vore monaleg større enn for ikkje-funksjonshemma, som hadde ein sysselsetjingsnedgang på to prosentpoeng i same periode (frå 78 pst. i 1987 til 76 pst. i 1995). Skilnadene i sysselsetjing mellom funksjonshemma og andre aukar med alderen. Særleg i aldersgruppa 40 til 66 år er yrkesaktiviteten lågare for funksjonshemma. Det kan henge saman med at gjennomsnittsalderen for folket aukar, og at delen med funksjonshemma av folket aukar med alderen. Dette kan ein sjå i samanheng med den generelle nedgangen i yrkesaktviteten blant eldre arbeidstakarar, slik det er vist i avsnitt 5.3. Det kan likevel også tyde på at funksjonshemma tidlegare enn andre blir støytte ut frå arbeidslivet.

Data frå Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking av grunnstønadsmottakarar i 1995 viser at dei viktigaste grunnane til at denne gruppa går ut av arbeidslivet er helseproblem, at dei blir uførepensjonerte eller går over på attføring. Undersøkinga viser også at mange av grunnstønadsmottakarane vil arbeide framfor å få trygd, dersom forholda blir lagde til rette for det. Om lag 50 pst. av dei spurde meinte likevel at det ikkje var praktisk/teknisk mogleg for ein arbeidsgivar å leggje til rette ein jobb dei kunne greie. Undersøking viser ikkje kor mange som er aktivt arbeidssøkjande. Fleire andre utvalsundersøkingar viser også at funksjonshemma vil arbeide, men at det er mangel på tilrettelagde arbeidsplassar.

Data frå Statistisk sentralbyrås helseundersøking 1995 viser ein tydeleg samanheng mellom helse og arbeidsevne hjå dei funksjonshemma. Heile 84 pst. av funksjonshemma i aldersgruppa 24-66 år med svært god helsetilstand er yrkesaktive. Av dei som fører opp svært dårleg helsetilstand, er berre 17 pst. yrkesaktive. Av dei som er yrkesaktive, er det 11 pst. som seier at den langvarige sjukdommen verkar inn på dagleglivet. For dei som ikkje er yrkesaktive, meiner 35 pst. at den langvarige sjukdommen verkar inn på dagleglivet.

Helseundersøkinga 1995 viser at funksjonshemma som ikkje er yrkesaktive, har dårlegare psykisk helse samanlikna med funksjonshemma som er yrkesaktive. Til og med dei som seier at dei er svært mykje hemma på grunn av funksjonshemming, har betre psykisk helse om dei er i arbeid. Truleg er det slik at psykiske problem aukar risikoen for yrkespassivitet, samtidig som arbeidsløyse i seg sjølv kan føre til redusert psykisk helse.

Bustad

Bustaden er særleg viktig for funksjonshemma og eldre fordi dei bruker meir tid i bustaden enn andre grupper. Redusert funksjonsevne stiller spesielle krav til utforminga av bustaden. Det blir også stilt større krav til bustaden når omsorgstenester skal bli gitt i heimen. Funksjonshemma som gruppe er derfor særleg prioritert når det gjeld tilskot til etablering og støtte til bustad.

Tal frå buforhold- og levekårsundersøkingane 1995 viser at 11 pst. av alle over 16 år, eller vel 300 000 menneske, har bustadrelevante funksjonshemmingar 29. Med bustadrelevante funksjonshemmingar siktar ein til at ein person har vanskar med å ta seg fram i og utanfor bustaden, gå i trapper, eller greie vask og liknande av bustaden utan hjelp. Nær 60 pst. av desse er over 60 år.

Funksjonshemma generelt sett bur likevel like bra som andre når det gjeld utstyr og storleik på bustaden, men det er ein tendens til at dei har det noko dårlegare på somme område. Det gjeld først og fremst tilpassing av bustaden til funksjonshemminga. Særleg er dårleg tilkomst til bustaden eit problem i dei større byane. Det kan vere ein av grunnane til at rørslehemma er underrepresenterte i storbyane.

Grunnstønadsundersøkinga frå 1998 viser likevel at 46 pst. av intervjupersonane hadde eitt eller fleire problem med bustaden. Det kan henge saman med at intervjupersonane i denne undersøkinga i hovudsak er busette i dei store byane, og at enkelte grupper funksjonshemma ser ut til å ha størst levekårsproblem i storbyane. Dei bustadproblema som oftast vart nemnde, var at dei vart plaga av støy eller støv i bustaden, at dei hadde for liten plass, eller at bustaden generelt var for dårleg tilrettelagt. Gruppa som fører opp bustadproblem er i stor grad samanfallande med gruppa grunnstønadsmottakarar som har økonomiske problem. Resultata i undersøkinga kan tyde på at mange funksjonshemma i gruppa grunnstønadsmottakarar ikkje har informasjon om korleis dei kan få støtte og/eller hjelpemiddel til bustaden sin.

Funksjonshemma leiger bustad i større grad enn ikkje-funksjonshemma, men talet på dei som leiger bustad har gått ned i 1990-åra også for funksjonshemma. For funksjonshemma i alle aldersgrupper er det gjennomgåande om lag fem pst. fleire som leiger enn for ikkje-funksjonshemma. I 1980- og 1990-åra har det vorte stadig fleire funksjonshemma som bur aleine, som for befolkninga generelt. Funksjonshemma har like bra nærmiljø som andre, men kjenner seg noko oftare enn andre utrygge med tanke på vald og kriminalitet i nærmiljøet. Datamaterialet kan likevel ikkje seie om dei oftare enn andre faktisk er utsette for det.

5.7 Alderspensjonistar

Alderspensjonistane utgjer den største stønadsgruppa i folketrygda, og talet auka frå vel 595 000 i 1988 til 630 500 i 1998. Alderspensjonistane sine inntekter og levekår varierer mellom anna etter kva slag inntekt og yrkestilknyting dei har hatt før dei gjekk av med pensjon. Som vist i kapittel 3, har dei likevel ei jamnare fordeling av inntektene enn folket elles, som følgje av fordelingsprofilen i pensjonssystemet.

Det er vanleg å skilje ut minstepensjonistane som den gruppa med lågast inntekt og dårlegast levekår av dei eldre. Med minstepensjonistar meiner vi personar som tek imot særtillegg eller tilleggspensjon mindre eller lik særtillegget i folketrygda, dvs. minsteytingar i folketrygda. Det er likevel få minstepensjonistar som ikkje har andre inntekter i tillegg til folketrygda, og berre ein pst. av minstepensjonistane har berre minstepensjonen å leve av i hushaldet. Av alle alderspensjonistane i 1998 var det om lag 259 000 personer som hadde minstepensjon frå folketrygda. Av desse var det vel 87 000 som ikkje hadde tilleggspensjon, medan vel 179 000 personar hadde tilleggspensjon under grensa for særtillegget (om lag 0,8 G).

Felles for minstepensjonistane er at dei har hatt lita arbeidstilknyting i sitt vaksne liv, eller at dei vart pensjonerte før dei hadde tent opp tilleggspensjon utover særtillegget 30. Dei aller fleste minstepensjonistane er kvinner som er eller har vore gifte (86 pst. i 1997), og mange er over 80 år.

Utviklinga har gått i retning av at det blir stadig færre minstepensjonistar. Talet på minstepensjonistar vart redusert med vel 16 pst. i perioden 1988 til 1998, og utgjorde i 1998 vel 41 pst. (vel 259 000 personar) av alle alderspensjonistar. Det kjem av at nye kull av pensjonistar har tent opp høgare tilleggspensjon enn særtillegget. Stadig fleire har også andre inntekter. Auken av særtillegget per 1. mai 1998 med inntil kr. 12 000, løfta minstenivået i folketrygda monaleg, og førte til ein auke i talet på minstepensjonistar med alderspensjon på vel 34 000 personar.

Inntekt

Gjennomsnittleg samla hushaldsinntekt etter skatt for alderspensjonistar har auka det siste tiåret. Gjennomsnittleg inntekt etter skatt for einslege over 65 år var på 102 500 kroner i 1996, som er ein auke på 13 pst. i forhold til 1986. For par over 65 år har auken i perioden vore på 19 pst, og desse hadde i 1996 ei gjennomsnittsinntekt på 213 000 kroner. Både einslege og par (utan barn) over 65 år har hatt større inntektsvekst i perioden enn andre aldersgrupper i same hushaldstype. Den delen av alderspensjonistane som har inntekt per forbrukseining under halvparten av medianen gjekk ned frå 3,5 pst. til 1,6 pst. for einslege og frå 1,5 pst. til 0,7 pst. for par i perioden 1986 til 1996. I 1986 var om lag 25 pst. av alle personar med låge inntekter alderspensjonistar (om lag 33 000 personar), medan i 1996 var delen med alderspensjonistar av personar med låge inntekter redusert til om lag sju pst. (om lag 14 000 personar). Når det gjeld minstepensjonistane, hadde desse i 1996 ei gjennomsnittleg inntekt etter skatt på 68 333 kroner, som ligg vel 7 500 kr over grensa for låginntekt dette året, slik den er definert her.

Noko meir enn 60 pst. av inntektene til alderspensjonistane er pensjon i folketrygda. Resten er først og fremst tenestepensjonar og kapitalinntekter. Vidare har alderspensjonistane formue i større grad enn andre.

Minstepensjonistane får ein større del av inntekta si frå folketrygda enn andre pensjonistar, og jamvel om også mange minstepensjonistar har tilleggsinntekter, er desse relativt små. Heile 2/3 hadde tilleggsinntekter på mindre enn 10 000 koneri 1996.

Når inntektene til alderspensjonistane i gjennomsnitt har stige det siste året, har det fleire årsaker. Nye kull med alderspensjonistar har i større grad tent seg opp rett til tilleggspensjon enn dei eldste pensjonistane som fell frå.

Dei nye alderspensjonistane har også i større grad inntekter frå andre kjelder enn folketrygda som tenestepensjon, private pensjonar og kapitalinntekt. Slike inntekter utgjer ein stadig større del av inntektene til pensjonistane. Det er inntektene til dei nye pensjonistane som gjer at gjennomsnittsinntektene til alderspensjonistane aukar. Det er derfor store og aukande skilnader mellom eldre og yngre alderspensjonistar.

Inntektene til alderspensjonistane er også avhengige av tidlegare yrke. Til dømes disponerte eldre med bakgrunn som ufaglærte arbeidarar eller lågare funksjonærar om lag halvparten av hushaldsinntekta til høgare funksjonærar. Det er som oftast arbeidstakarar med høg utdanning, gode stillingar og sikre inntekter som har tenestepensjonar. I 1997 hadde pensjonistar utan tenestepensjon i gjennomsnitt 54 pst. av bruttoinntekta til pensjonistar med tenestepensjon.

Det er også store inntektsskilnader mellom mannlege og kvinnelege alderspensjonistar. I 1998 var 15 pst. av dei mannlege alderspensjonistane minstepensjonistar, mot 59 pst. av dei kvinnelege. Dei kvinnelege alderspensjonistane tilhøyrer ein generasjon som i langt mindre grad enn yngre kvinner har vore ute i yrkeslivet. Endå om kvinner etter kvart går meir ut i arbeidslivet, og det også mellom kvinner er fleire med rett til tilleggspensjon, så er det framleis eit stykke fram til å tene opp like gode pensjonar som menn. I 1997 hadde kvinnelege alderspensjonistar ei gjennomsnittleg bruttoinntekt som utgjorde 61 pst. av inntekta til mennene. Fem år tidligare var tilsvarande tal 62 pst.

Einslegealderspensjonistar har lågare inntekter enn par. Gjennomsnittleg inntekt etter skatt var i 1996 vel 100 000 kroner lågare for einslege eldre enn for eldre par, og dei einslege har også hatt ein mindre auke i inntektene enn par det siste tiåret (13 mot 19 pst). Det er dei einslege kvinnene som kjem dårlegast ut med relativt låge gjennomsnittsinntekter. Dei er stort sett enkjer som har hatt lita eller inga yrkestilknyting og som har vorte forsørgde av ektemannen. Dei får ein attlevandepensjon basert på dei opptente pensjonsrettane til ektemannen. Også skilde kvinner som har vore heimearbeidande kan kome dårleg ut økonomisk, då pensjonsrettane ikkje blir delte ved skilsmisse. Gifte kvinner som er minstepensjonistar har som regel ektefellar med tilleggspensjon.

Data frå Statistisk sentralbyrå viser at få alderspensjonistar tek imot supplerande økonomisk sosialhjelp. I 1997 var talet på personar over 67 år som fekk økonomisk sosialhjelp om lag 5 800 personar, det vil seie mindre enn ein pst. av alle alderspensjonistar ved utgangen av året. For dei som fekk sosialhjelp i 1996 og alderspensjon, var gjennomsnittleg stønadstid for heile perioden 1990-1996 til saman 19 månader, som var fire månader lågare enn gjennomsnittet for alle sosialhjelpsmottakarar. Stønadstida har likevel auka også for alderspensjonistar i forhold til perioden 1987-1993, då gjennomsnittleg stønadstid var 16 månader. Stønadstida var noko høgare for einslege kvinnelege enn for mannlege alderspensjonistar. Det kan ha samanheng med at dei fleste minstepensjonistar er kvinner. Auken i minstepensjonen frå og med mai 1998 kan venteleg isolert sett redusere behovet for økonomisk sosialhjelp til alderspensjonistane. Med full minstepensjon får dei då til vanleg eit inntektsnivå som gjer at dei ikkje vil få økonomisk sosialhjelp. Alderspensjonistar med berre minstepensjon kan som regel få bustønad. I 1997 tok vel sju pst. av alle alderspensjonistar imot slik støtte.

Ei gruppe alderspensjonistar som stiller særleg svakt, er personar med manglande trygderettar. Det gjeld særleg flyktningar og innvandrarar med opphald på humanitært grunnlag og nordmenn som har budd lenge i utlandet, og som ikkje oppfyller kravet om butid i Noreg i minst tre år mellom fylte 16 og 67 år. I 1996 var det relativt få personar over 67 år som hadde ingen (622 stk.) eller reduserte (236 stk.) pensjonsrettar på grunn av for kort botid som fekk utbetalt økonomisk sosialhjelp. Desse vil ha vanskar med å bli (sjølv)forsørgde, og vil kunne bli mottakarar av økonomisk sosialhjelp over lang tid.

Bustad og buformer

For eldre er det spesielt viktig at bustaden er lettstelt og er tilpassa rørslehemma (jf livsløpsstandard). Gode og tilpassa bustader gjer det mogleg for eldre som blir skrøpelege og funksjonshemma å bli buande (lenger) i bustaden sin og unngå å måtte flytte til sjukeheim eller omsorgsbustader.

Det har skjedd ei klar standardbetring også av bustadene til eldre. Det er likevel ein tendens til at alderspensjonistar bur i eldre bustader med lågare standard enn yngre menneske. Under to pst. av dei eldre bur trongt. I store delar av bustadmassen er det likevel problem med godt ytre og indre tilgjenge. Det skaper problem for eldre som har vanskar med å flytte på seg. Det skaper større behov for praktisk hjelp både frå hushaldsmedlemmer og frå heimetenestene. Eldre vil bu heime så lenge som mogleg. Dersom dei må flytte, er omsorgs- og servicebustad førstevalet, sjuke- og aldersheim sistevalet 31.

Det å bu åleine eller saman med andre er avgjerande for om ein tek imot uformelle omsorgstenester. Dei uformelle omsorgstenestene som blir gitt av familie - eller hushaldsmedlemmer - som regel ektefellar- har eit stort omfang. Det er vurdert at uformell omsorg til eldre og funksjonshemma dreier seg om minst like mange årsverk som den offentlege omsorga i og utanfor institusjon. Den uformelle omsorga har dessutan det særpreget - til skilnad frå andre heimetenester - at omsorgsytaren er saman med mottakaren store delar av døgnet, spesielt om natta. Det gir ein tryggleik som det er vanskeleg å sikre med offentlege tenester.

Den delen av folket som er 67 år og eldre, og som bur aleine, går opp. I 1970 budde 52 pst. aleine. I 1990 var denne delen 58 pst. Det blir rekna med at dei eldre over 80 år som bur aleine, kan gå opp frå 58 pst. i 1990 til 65 pst. i 2015. Delen med åleinebuande aukar med alderen.

Dei siste 15 åra har det berre skjedd små endringar i kontakten som dei fleste grupper har med familien. Unntaket er kvinner i alderen 67-79 år. For denne gruppa var familiekontakten mykje betre i 1995 enn i 1980. Flest sosialt isolerte finn ein mellom kvinner over 80 år.

Helse

Mange eldre er redde for å bli avhengige av andre dersom helsa skulle svikte. Sjølv om eldre har dårlegare helsetilstand enn dei yngre, er det store variasjonar i helsa blant dei eldre. Kor raskt helsa tapar seg, vil også koma an på forskjellar i tidlegare og noverande levekår, både materielle og sosiale. Helse i tydinga funksjonsevne er særleg viktig. Eldre har relativt mange helseproblem som går ut over evna til å fungere sosialt, og som kan gå ut over livskvaliteten. Utryggleik og frykt for vald utandørs aukar også med alderen. Vel 40 pst. av dei eldre fører opp at dei er plaga av nedsett aktivitet og smerter. Om lag ein tredel har redusert funksjonsevne, det vil seie at dei ikkje greier å kjøpe inn daglegvarer, og eller vask og reingjering, og/eller av-/påkleding. Fleirtalet meiner likevel at helseproblema deira ikkje får alvorlege konsekvensar. Kvinner rapporterer jamt over dårlegare helse enn menn. Særleg rapporterer kvinner meir psykiske plager og dårlegare funksjonsevne enn menn. Arbeidarar er noko meir plaga av sjukdom og har oftare psykiske problem enn høgare funksjonærer. (Dahl og Vogt 1997)

Sosiale relasjonar

Nære sosiale relasjonar fyller viktige menneskelege behov av sosial og kjensleprega karakter. Når folk blir spurde om kva dei meiner er viktig for å leve eit godt liv, blir helse og sosiale relasjonar rangert høgast (Elstad 1984). Undersøkingar viser at vel ein av fem over 65 år ikkje har ein fortruleg ven. Delen som kjenner seg forlaten i heimen eller ikkje har nokon å ringje til, overstig ikkje 10 pst. Elles konkluderer Dahl og Vogt med at forskjellane i sosial forankring ikkje er så nært knytte til den plassen eldre har i den sosiale strukturen som økonomi og materielle gode.

Hopningseffektar

Undersøkingar viser at kvinnene, dei aller eldste, dei ugifte, og dei eldre med arbeidarbakgrunn jamt over har dårlegare levekår på områda økonomi og helse og dels sosial forankring. Kvinner er oftare utryggare enn menn. Eit stykke på veg kan ei forklaring vere at kvinner har dårlegare helse. Å høyre til visse demografiske grupper, som t.d. å vere kvinne, ugift, over 80 år eller tidlegare arbeidar, inneber auka risiko for å ha ulemper på fleire levekårsområde samtidig. For eksempel er det meir truleg at ei typisk eldre kvinne samanlikna med ein typisk eldre mann har låg inntekt, svak sosial forankring, dårleg mental helse og opplevd utryggleik. Effektane av dei sosiale variablane verkar dessutan ofte uavhengig av kvarandre. Det inneber at spesielle kombinasjonar av sosiale statusar skaper særleg høg risiko for store levekårsproblem på enkelte område. (Vogt og Dahl 1996)

Personar som bur på sjukeheim og i omsorgsbustader

Det er om lag 44 000 plassar i dei kommunale institusjonane aldersheimar og sjukeheimar. Dei seinare åra har dei som bur på sjukeheimane vorte stadig meir hjelpetrengjande. 70 pst. av dei som bur der er i varierande grad aldersdemente eller har alvorleg kognitiv svikt. I alt 70 pst. av kommunane har skjerma avdelingar for aldersdemente på ein eller fleire sjukeheimar. Sjukeheimen er ein total institusjon på den måten at levekåra og livskvaliteten til dei gamle er heilt avhengige av forholda på institusjonen. I mange sjukeheimar er område som bustadstandard, heimehygge og privatliv dårleg ivareteke. Ein del sjukeheimar har framleis to- eller fleirsengsrom. Ved utgangen av 1997 viser tala at om lag 13 000 personar må dele rom med andre. I fleirsengsrom er det til dømes vanskelegare å ha eigne møblar og å kunne vere saman med pårørande/venner utan at det er andre til stades. Talet på fleirsengsrom er redusert som ei følgje av tiltaka i «Handlingsplanen for eldreomsorga». Det skal òg leggjast fram eit forslag om å lovfeste kommunane si plikt til å tilby bebuarar med varig opphald, og som ønskjer det, eisengsrom innan år 2003.

Dei kvalitative tilhøva ved sjukeheimane er ikkje alltid like gode. Det er store variasjonar mellom institusjonane når det gjeld tilbodet av tenester. Dette er dokumentert m.a. i Helsetilsynets tilsynsrapport for 1988. Grunnleggjande behov som normal døgnrytme, personleg hygiene og eit godt kosthald, blir ikkje oppfylt i 35 pst. av kommunane. Rapporten fortel vidare at 90 pst. ikkje har planar om system for internkontroll. Begge desse døma er brot på kvalitetsforskrifta av 1. mai 1997. Rapporten opplyser vidare at fylkeslegens påpeiking i dei aller fleste tilfella fører til at tilhøva blir retta opp. Helsetilsynet/fylkeslegen vil også følge opp desse problemstillingane i tida framover. Vidare vil spørsmål omkring kvalitet og innhaldet i tenestene bli viktige i den varsla stortingsmeldinga Omsorg 2000 (jfr. Kap. 8) som skal leggjast fram ved årsskiftet.

I omsorgsbustader er det lagt stor vekt på bustandard og heimehygge. Handlingsplanen for eldreomsorg legg opp til at det skal byggjast om lag 13 000 slike bustader i handlingsplanperioden. Omsorgsbustadene skal vere tilpassa orienterings- og rørslehemma og vere fysisk tilrettelagde slik at bebuarane skal kunne ta imot heildøgns omsorg og pleie. Det er dei eldste eldre som bur i omsorgsbustader og ein stor del har nedsett eller dårleg funksjonsnivå. Rapporten «Beboere i nye omsorgsboliger» (Byggforsk, 1997) peikar på at bebuarane har lågare utdanningsnivå enn eldrebefolkninga elles. Opplysningar om tidlegare yrke-, inntekt- og formuesopplysning er noko mangelfulle.

5.8 Langtidssjuke

Med langtidssjuke meiner ein her personar som har meir varig nedsett arbeidsevne av helsemessige grunner, men som ikkje (i første omgang) fyller vilkåra for rett til uførepensjon.

Mange av desse vil trenge medisinsk behandling eller yrkesretta attføring før det er aktuelt med arbeid. Dei vil i denne perioden motta ytingar frå ulike offentlege stønadsordningar (sjukepengar, rehabiliterings- og attføringspengar). Føremålet med stønaden er at den enkelte skal vere sikra økonomisk og evt. etter ein overgangsperiode skal kunne bli sjølvforsørga. For nærare omtale av stønadsordningane for denne gruppa, sjå avsnitt 8.7.2.

Frå sjukefråvær til uførepensjon - «klientkarrieren».

For ein del personar startar avgangen frå arbeidslivet og inn i ein stønadssituasjon med hyppige og etter kvart meir langvarige sjukefråvær. Tal frå Rikstrygdeverket syner at ein liten del av dei sysselsette står for ein stor del av sjukefråværet, og at auken i fråværet dei seinare åra i stor grad skuldast ein auke i talet på såkalla gjengangarar og tilbakevandrarar 32. Mellom halvparten og to-tredelar av veksten i sjukefråværet frå 1995 til 1998 skuldast auke i desse to gruppene.

Det har òg vore ein vekst i talet på personar som har brukt opp sjukepengeretten sin gjennom eit eller fleire sjukepengetilfelle. Drygt 16 pst. av dei som brukte opp sjukepengeretten sin i perioden 1995 til 1997 finn ein igjen på uførepensjon seks månader etter, knapt 28 pst. er mottakarar av rehabiliteringspengar og om lag 9 pst. går på yrkesretta attføring.

Nærare 60 000 personar fekk i 1998 utbetalt rehabiliterings- og attføringspengar. Talet på dei som er på yrkesretta attføring har halde seg konstant dei siste åra, medan talet på personar under medisinsk behandling har variert monaleg på 1990-talet, men har auka dei siste par åra.

I 1998 gjekk om lag halvparten av dei yrkeshemma etter sluttført attføring til aktive løysingar, dvs. arbeid, skole eller var formidlingsklare til arbeidsmarknaden. Delen av yrkeshemma som har gått til aktive løysingar har vore aukande sidan arbeidsmarknadsetaten tek over ansvaret for yrkesretta attføring i 1994. Det ligg ikkje føre opplysingar om langtidseffektane for dei som har gått på yrkesretta attføring i perioden fra 1994-1998.

Mange av dei som gjennomgår medisinsk behandling og yrkesretta attføring hamnar likevel til slutt på uførepensjon. I 1998 blei snaut 15 pst. av dei yrkeshemma registrert under arbeidsmarknadsetaten attendeført til trygdeetaten med sikte på vurdering i høve til uførepensjon. I 1997 hadde til saman 25 pst. av dei nye uførepensjonistane gjennomførte eller avbrote yrkesretta attføring.

Ein analyse av Rikstrygdeverket syner at perioden frå første uføretidspunkt 33 til registrert uførepensjon for nye pensjonistar har auka monaleg på 1990-talet, jfr. tabell 5.3.

Frå 1995 til 1997 har det vore ein svak nedgang i denne perioden, men den er framleis monaleg lengre enn i 1992.

Tabell 5.3 Utvikling i gjennomsnittleg varighet (månader) frå første uføretidspunkt til registrert uførepensjon for nye uførepensjonistar*

ÅrstalGjennomsnittleg varighet i talet på månader
199226,6
199539,6
199737,0

* Uføre med lengre forløp enn 15 år er ikkje med i denne tabellen. Unge uføre er derimot inkludert.

Kjelde: Rikstrygdeverket

Av totalt vel 28 000 nye uførepensjonistar i 1997, fekk om lag 65 pst uførepensjon innan tre år etter første uføretidspunkt. Resten, eller over 9 000 personar, hadde dermed lengre periode enn tre år frå første uføretidspunkt til tilstått uførepensjon. Om lag 17 pst. av dei nye uførepensjonistane i 1997 hadde ein periode på over 6 år frå første uføretidspunkt til dei fekk tilstått uførepensjon. For personar under 50 år gjaldt dette vel 20 pst., medan det gjaldt knapt 10 pst. av personar over 50 år. Tala tyder på at det er ein del personar som trass i omfattande rehabilitering og attføring likevel ikkje kjem i arbeid. Mange av desse, og særleg yngre personar, går svært lenge på ulike korttidstiltak og stønader før dei får avklart spørsmålet om rett til uførepensjon 34.

Det er stor variasjon når det gjeld kva slags inntektssikring og tiltak nye uførepensjonistar har motteke/vore innom undervegs frå dei går ut av arbeidslivet til dei blir registrerte som uførepensjonistar. Vel 30 pst. av nye uførepensjonistar har berre eitt sjukepengetilfelle bak seg, om lag 22 pst. har vore innom sjukepengar og rehabilitering, 14 pst. har inga yting bak seg etter 1992, medan 8 pst. har vore innom sjukepengar, rehabilitering, yrkesretta attføring og ventetid for attføring. Personar med meir enn tre års forløp før dei fekk uførepensjon har i mykje større grad enn dei med kortare forløp vore innom fleire ytingar. Generelt sett har yngre vore innom fleire ytingar enn eldre. Undersøkingar tyder på at også mange av dei som får avslag på søknad om uførepensjon blir gåande svært lenge i behandlings- og attføringsapparatet. For å avgrense meir langvarige klientforløp eller rehabiliteringsprosessar har Rikstrygdeverket sett nærmare på personar som har motteke rehabiliteringspengar minst to gonger i perioden 1992 t.o.m. 1997 35. Denne gruppa inneheld både personar som har vore i trygdesystemet i heile denne perioden, men då periodevis på andre ytingar enn rehabiliteringspengar, og personar som i kortare periodar har vore i arbeid eller ikkje hatt inntekt frå arbeid eller trygd i det heile tatt. Med den avgrensinga som her er gjort utgjer denne gruppa knapt 20 000 personar som i en periode på seks år ikkje har kome i arbeid eller fått tilstått uførepensjon. Desse vil her bli omtala som langtidssjuke.

Gruppa kan også snevrast inn ytterlegare ved å setje vilkår at i tillegg til å ha vore innom rehabiliteringspengar minst to gonger i perioden, må dei også ha vore ute av trygdesystemet eller hatt ein periode på sjukepengar. Denne gruppa består av vel 5 000 personar. På denne måten vil ein i endå større grad få fram reine endringar inn og ut av trygdesystemet, medan den større gruppa av langtidssjuke òg inkluderer personar som har gått mellom ulike tiltak/ordningar innan trygdesystemet heile perioden. Det er grunn til å understreke at avgrensinga av gruppene er gjort for å illustrere langvarige klientforløp eller rehabiliteringsprosessar. Det kan også tenkjast andre avgrensingar. Gruppene omfatter truleg både «mislykka» forløp som representerer eit problem for den enkelte og for det offentlege hjelpeapparatet, men også normale forløp i ein situasjon der personar med ofte usikre diagnosar og varierande helsetilstand skal få høve til, gjennom blant anna behandling og ulike tiltak, å kome i jobb. Komplekse hjelpebehov krev som oftast at fleire offentlege instansar er involvert. Etter regelverket skal også rehabilitering eller attføring vurderast før uførepensjon blir tilstått.

Kjenneteikn ved dei langtidssjuke

I tabell 5.4 er dei langtidssjuke samanlikna med heile gruppa av ikkje-uføre i befolkninga i alderen 15-60 år, og med personar som har fått tilstått uførepensjon (>50 prosent uføregrad) i perioden 1992-97. Kvinnedelen er noko høgare blant dei langtidssjuke enn blant dei ikkje-uføre, men den er monaleg lågare enn blant dei uføre.

Tabell 5.4 Fordeling etter kjønn, alder og sivil status for dei langtidssjuke, i høve til den ikkje-uføre delen av befolkninga og dei uføre i alderen 15-60 år. Prosent

LangtidssjukeIkkjeuføreUføre
Kjønn
Kvinner524858
Menn485242
Alder
16-29 år27384
30-39 år302512
40-49 år322320
50-60 år121465
Sivil status
Gift505076
Ugift324110
Skilt/separert/ etterlaten19815

Kjelde: RTV

Tabellen viser at delen unge under 30 år er klart lågare blant dei langtidssjuke enn i den ikkje-uføre delen av befolkninga. Truleg heng dette saman med at mange i gruppa ikkje har rett til sjukepengar. Både aldersgruppene 30-39 år og 40-49 år er difor overrepresentert i gruppa av langtidssjuke. I høve til den uføre delen av befolkninga er dei langtidssjuke monaleg yngre. Mens 57 pst. av dei langtidssjuke er under 40 år, gjeld dette berre 16 pst. av dei som vart uføre i perioden. Den meir snevert definerte gruppa av langtidssjuke er i gjennomsnitt noko eldre enn den store gruppa av langtidssjuke: Her er 47 pst. under 40 år.

Tabellen viser at skilde/separerte er sterkt overrepresenterte blant dei langtidssjuke, og at einslege utgjer ein større del av denne gruppa enn blant uførepensjonistar.

Det er små skilnader mellom dei langtidssjuke og dei ikkje-uføre når det gjeld tidlegare yrkesaktivitet. Knapt halvparten i begge gruppene har under 15 års yrkesaktivitet. Dei som fekk uførepensjon i perioden har derimot monaleg lengre yrkeskarriere. Hovudårsaka til denne skilnaden mellom langtidssjuke og uførepensjonistar er truleg at dei som blir uføre har mykje høgare gjennomsnittsalder.

Sjølv om datamaterialet for diagnose er svakt 36, ser det ut til å vere ei klar overvekt av muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar blant dei langtidssjuke i høve til dei uføre. Nesten 50 pst. av dei langtidssjuke har muskel- og skjelettlidingar og nesten 30 pst. har ei form for psykisk liding.

I tillegg til dårleg helse kan låg inntekt og låg yrkesdeltaking blant langtidssjuke til dels ha samanheng med låg utdanning. Tal frå Levekårsundersøkelsen i 1995 viser at 74 pst. av dei langtidssjuke (attføring og rehabilitering) har utdanning ut over grunnskule og 10 pst. har utdanning på universitets- eller høgskulenivå. Tilsvarande tal for heile befolkninga over 16 år og eldre var 72 og 21 pst. Det tyder på at utdanningsnivået blant langtidssjuke er langt lågare enn blant yrkesaktive. Undersøkingar viser at personar med låg utdanning oftare enn personer med høg utdanning har belastande arbeid som aukar risikoen for helseproblem og langtids sjukefråvær.

Inntekt m.v.

I inntekts- og formuesundersøkingane til SSB er langtidsjuke (som mottek rehabiliterings- og attføringspengar) svakt overrepresenterte i låginntektsgruppa (under halvparten av medianinntekt) i høve til delen dei utgjer av befolkninga. I 1996 hadde 6 pst. av desse ei inntekt etter skatt pr hushaldseining som låg under låginntektsgrensa, mot 5,8 pst. for heile befolkninga 37.

Datamaterialet frå Rikstrygdeverket stadfester at langtidssjuke har lågare inntekter enn den ikkje-uføre delen av befolkninga. Mens 59 pst. av dei langtidssjuke har gjennomsnittleg årleg pensjonsgjevande inntekt (før skatt) under 75 000 kronar i perioden, har berre 20 pst. av dei ikkje-uføre så låg gjennomsnittsinntekt. Den meir snevert definerte gruppa av langtidssjuke hadde noe høgare inntektsnivå enn andre langtidssjuke. Årsaka kan vere at denne gruppa har kortare periodar med rehabilitering og attføring.

Generelt tyder dataene på at inntektene til langtidssjuke fell gradvis i løpet av perioden frå dei går ut av arbeidslivet til uførepensjon blir innvilga.

Personar som gjennomgår ei langvarig attførings- og rehabiliteringsperiode, har gjennomgåande lågare inntekt enn dei som er kortare tid på slike tiltak. Skilnadene er store både i aldersgruppene over og under 50 år for begge kjønn. Ei årsak til at dei med lang avklaringsperiode har lågare inntekt, kan vere at dei har hatt ein meir marginal tilknyting til arbeidsmarknaden. Bruken av sosialhjelp i gruppa tyder òg på dette.

Datane frå RTV inneheld ikkje opplysningar om forbruk av økonomisk sosialhjelp, men her kan data frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) supplere 38. I ei liknande, men ikkje identisk avgrensa gruppe av «langtidssjuke» mottok 17 pst. økonomisk sosialhjelp i 1995.

5.9 Uførepensjonistar

Det har i siste del av 1990-åra vore ein sterk vekst i talet på uførepensjonistar. Ved utgangen av 1998 fekk til saman vel 258 000 personar uførepensjon, ein auke på nesten 40 000 personar frå 1988. Utover på 1990-talet har det vore ein markant auke i talet på kvinnelege uførepensjonistar. Særleg har kvinnedelen auka markert først i 1990-åra. Kvinnedelen av nye uførepensjonistar var om lag 48 pst. i 1993 og auka til vel 55 pst. i 1998. Det må sjåast i samanheng med at sysselsetjinga blant kvinner har auka, og at kvinner lettare får godkjent uførepensjon når dei blir vurderte som yrkesaktive, og ikkje opp mot evna til å utføre arbeid i heimen.

Auken i talet på uførepensjonistar må også sjåast i samanheng med endringar i alderssamansetninga i folket og ein auke særleg i aldersgruppa over 50 år. Det har likevel også vore ei utvikling i retning av stadig fleire unge uførepensjonistar i 1990-åra. Delen nye uførepensjonistar under 40 år auka frå vel 13 til nær 17 pst. av alle nye uførepensjonistar i perioden 1993-1997.

Nærare 60 pst. av alle nye uførepensjonistar er uføre på grunn av diagnosene mentale lidingar eller sjukdomar i muskel-skjelett systemet. Det har også vore ein liten auke i talet på nye uførepensjonistar med desse diagnosane i 1990-åra. Delen med mentale lidingar auka frå litt under 20 pst. til 23 pst. i perioden 1993-1998, medan delen med muskel-skjelett sjukdomar auka frå snautt 33 pst. til vel 34 pst. i same periode.

Inntekt

Som for alderspensjonistane, har det vorte fleire uførepensjonistar med tilleggspensjon og færre med berre minstepensjon. I 1997 var 20 pst. av uførepensjonistane minstepensjonistar, som er ein nedgang på 12 prosentpoeng frå 1988. Gjennomsnittsinntektene for heile gruppa har auka i perioden.

For hushald der hovudpersonen er uførepensjonist, auka gjennomsnittleg hushaldsinntekt etter skatt pr. forbrukseining frå vel 102 000 kroner i 1986 til vel 118 000 kroner i 1996, medan gjennomsnittsinntekta for einsleg uførepensjonist auka frå vel 97 000 kroner til vel 106 000 kroner i same periode.

I 1996 hadde i gjennomsnitt nær fire pst. av hushalda der hovudpersonen er uførepensjonist ei hushaldsinntekt under halvparten av medianinntekta. Det er mindre enn i folket elles, der denne delen er på 4,5 pst. Uførepensjonist med minstepensjon eller låg tilleggspensjon har likevel ei inntekt som ligg like over grensa for låge inntekter. Uførepensjonistar hevdar i større grad enn andre pensjonistar at dei har vanskeleg økonomi. Særleg uførepensjonistar med minstepensjon og/eller som mottek barnetillegg hevdar det.

Mange fleire uførepensjonistar enn alderspensjonistar tek imot økonomisk sosialhjelp. Vel 15 000 uførepensjonistar fekk økonomisk sosialhjelp i 1993. I 1997 var det vel 16 000 personar som hadde uførepensjon på det tidspunktet dei søkte om økonomisk sosialhjelp. I perioden 1990-1996 hadde uførepensjonistar som tok imot sosialhjelp ei gjennomsnittleg stønadstid på 25 månader, det vil seie noko lengre enn gjennomsnittet for alle mottakarar av sosialhjelp i 1996.

Dei fleste uførepensjonistane som i 1997 trong sosial stønad, tilhøyrde etter sosialstatistikken aldersgruppene 40-49 år og 50-59 år (vel 10 000 til saman). Det er likevel i dei yngste aldersgruppene at delen uførepensjonistar som må supplere med sosial stønad er høgast: Om lag 13 pst. i aldersgruppa 25-39 år og 12 pst. i aldersgruppa 40-49 år, mot om lag 6 pst. i aldersgruppa 50-59 år.

Utdanning

I likskap med langtidssjuke har også uførepensjonistar gjennomgåande låg utdanning samanlikna med folket elles, sjølv om utdanningsnivået også i denne gruppa har auka det siste tiåret. I perioden 1987 - 1995 har delen med uførepensjonistar som har utdanning utover grunnskulen auka frå 31 til 54 pst. Talet på dei med høgare utdanning har auka frå fire til 11 pst. Skilnader i utdanningsnivå mellom uførepensjonistar og resten av folket kan til ein viss grad kome av at det er ein relativt større del eldre blant uførepensjonistane. Likevel er skilnadene i utdanningsnivå mellom uførepensjonistar og folket generelt størst i aldersgruppene under 50 år, og spesielt markert for personar under 30 år. For nærmere omtale av unge uførepensjonistar, sjå avsnitt 5.8.2.

Ei undersøking av risikofaktorar for uførepensjonering på grunn av muskel- og skjelettlidingar viser at personar med berre grunnskuleutdanning har høgare risiko for å bli uførepensjonerte enn personar med høg utdanning. Det kan truleg forklarast med at dei med høg utdanning vel yrke der faren for å bli uførepensjonist med slike lidingar er liten. Undersøkinga finn at høgrisikogruppa for uførepensjonering med muskel- og skjelettlidingar er personar med berre grunnskuleutdanning som arbeider deltid i såkalla arbeidaryrke. 39

Tilknyting til arbeidslivet

På grunn av dårleg helse (og ofte låg utdanning) har uførepensjonistar lågare yrkestilknyting enn folket elles. Data frå levekårsundersøkingane viser likevel at delen med sysselsette uførepensjonistar har auka det siste tiåret, og i 1995 var den kome opp i 33 pst. Det er rimeleg å tru at denne auken i første rekkje kjem av den generelle konjunkturutviklinga. Yrkesdeltakinga hjå uførepensjonistane varierer likevel med alder, uføregrad og utdanningsnivå. Det er berre små skilnader mellom uførepensjonerte kvinner og menn. Dei som har lågast tilknyting til arbeidslivet, er dei eldre uføre med låg utdanning og høg uføregrad. Uførepensjonistar som er i arbeid, er som venta stort sett i deltidsjobb.

Data frå Rikstrygdeverket viser at om lag 20 pst. av uførepensjonistane med full pensjon frå folketrygda har pensjonsgivande inntekt. Det talet har vore stabilt i heile perioden 1992-1996. Det vil seie at dei fleste som tek imot full uførepensjon har trekt seg heilt attende frå inntektsgivande arbeid, eller aldri har vore i arbeid. For mange kjem det venteleg av at helsesvikten er så alvorleg at dei ikkje er i stand til å arbeide. I tillegg er det truleg liten etterspørsel etter deira arbeidskraft. Det er også slik at di lenger ein person har vore utan arbeidsinntekt, dess mindre sannsynleg er det at vedkomande skal kome attende til inntektsgivande arbeid.

Få uførepensjonistar går ut av ordninga eller ned i uføregrad. Det synest heller ikkje å vere særleg stor interesse hjå uførepensjonistane for å auke arbeidsinnsatsen sin. Levekårsundersøkinga frå 1995 viser at berre fire pst. av uførepensjonistane fører opp at dei vil ha lengre arbeidstid. Utviklinga frå 1992 og framover tyder ikkje på at utviklinga går i retning av at fleire uførepensjonistar held på kontakten med arbeidslivet eller aukar arbeidsinnsatsen sin.

I 1997 ble det gjort fleire endringar i folketrygdlova for å motivere uførepensjonistar til å prøve seg i arbeid eller auke arbeidsinnsatsen sin. Mellom anna vart den såkalla friinntekta auka frå 1/2 G til 1 G. Det er for tidleg å seia noko om erfaringane med desse regelendringane, men inntrykket er likevel at mange uførepensjonistar har ein restarbeidsevne som kan nyttast til inntektsgjevande arbeid. Dette vil Regjeringa stimulere meir til.

Buforhold

Uførepensjonistar har ikkje vesentleg dårlegare bustandard enn folket elles, verken i 1985 eller i 1995, men dei eldste uførepensjonistane bur oftare i bustader med relativt høg standard og betre standard enn dei yngre uførepensjonistane. Dei fleste uførepensjonistane bur aleine eller i hushald med to vaksne (utan barn). Heile 16 pst. av yngre uføre bur heime hjå foreldre eller eldre sysken, mot ti pst. av ikkje-uføre i same aldersgruppe. Det er ein større del yngre uføre menn som har redusert bustandard enn for ikkje-uføre menn. Statistisk sentralbyrå sine levekårsundersøkingar viser at uførepensjonistar oftare blir utsette for støy og miljøforureining enn resten av folket.

I 1998 tok vel 33 000 uførepensjonistar imot bustønad. Av uførepensjonistar som tok imot bustønad, budde vel halvparten i utleigebustader, og det er noko færre enn for andre mottakarar av bustønad.

5.9.1 Nærmare om inntekt og levekår blant nokre grupper uførepensjonistar

Personar som blir uføre i relativt ung alder, er utsett når det gjeld langvarige levekårsproblem. Hovudårsaka til det er i første rekkje mangel på arbeidstilknyting i ung alder. Det kan for somme føre med seg eit økonomisk problem på grunn av relativt høge utgifter i etableringsfasen og for mange ein meir permanent låginntektssituasjon. Ikkje alle yngre uførepensjonistar har dårlege levekår. Uførepensjonistar med barn og personar som blir uføre i ung alder, men som ikkje får garantipoeng som unge uføre, ser ut til å ha størst problem.

Yngre uførepensjonistar

Ved utgangen av 1997 var vel 28 000 av uførepensjonistane under 40 år eller knapt 12 pst. av alle uførepensjonistar. I 1990-åra har det vore ei utvikling i retning av stadig fleire yngre uførepensjonistar. Av dei som vart uførepensjonerte i 1993, var om lag 13,5 pst. under 40 år. I 1997 hadde delen med yngre uførepensjonistar auka til nesten 17 pst. Det er fleire uføre menn enn kvinner under 30 år, men det er omvendt i aldersgruppene over 30 år.

Personar som blir uføre etter fylte 26 år, og som får pensjon utrekna etter hovudregelen, har ofte låg inntekt. Dei som har hatt dårleg tilknyting til arbeidslivet, kan dermed ende opp som minstepensjonistar. Det same gjeld dei som blir uføre før 26 år, og som ikkje har rett til tilleggsytingar. Om lag 2/3 av uførepensjonistane under 40 år har garantipoeng, ein noko høgare del av mennene enn kvinnene. Ved utgangen av 1997 var vel 3000 uførepensjonistar under 40 år minstepensjonistar.

Inntekts- og levekårsproblem for yngre uførepensjonistar

På grunn av låg tidlegare arbeidsdeltaking har yngre uførepensjonistar gjennomgåande lågare hushaldsinntekt enn gjennomsnittet for same aldersgruppe av ikkje-uføre. Totalt sett har den ikkje-uføre delen av folket under 40 år om lag 30 pst. høgare inntekt enn uførepensjonistar i same aldersgruppe 40.

Skilnadene mellom dei to gruppene blir større med aukande alder, noko som kan tyde på at uføre ikkje får den same inntektsauken som andre unge gjer i yrkeslivet. For personar under 25 år er det liten skilnad i inntekt mellom uføre og ikkje-uføre. Årsaka til det er truleg at i denne aldersgruppa går mange av dei ikkje-uføre på skole eller studerer, og har derfor inga eller svært låg inntekt. Dei fleste av uførepensjonistane under 25 år får dessutan garantipensjon.

Omfanget av låginntekt er høgt for yngre uførepensjonistar. Delen med inntekt under halvparten av medianinntekta 41 i heile folket 16 til 66 år er klart høgare for yngre uførepensjonistar enn for dei som ikkje er uføre i same aldersgruppe. Så mange som 23 pst. av dei yngre uførepensjonistane har inntekt under denne grensa mot vel fire pst. av dei ikkje-uføre. Meir enn 16 000 uførepensjonistar fekk sosialhjelp i 1997, og over 9 000 av desse var under 50 år. Det tyder på at ein del i denne gruppa har økonomiske problem.

Analysar av nye uførepensjonistar i 1998 syner at yngre uførepensjonistar med garantipoeng har høgare pensjon enn gruppa som ikkje har slike poeng. Einslege, som på uføretidspunktet var i aldersgruppa 26 til 30 år, hadde om lag ti pst. lågare gjennomsnittleg pensjon enn dei som på det første uføretidspunktet var mellom 20 og 26 år. Hovudårsaka til det er at fleire i den eldste aldersgruppa er minstepensjonistar eller har låg tilleggspensjon. At mange av desse personane kan ha det vanskeleg økonomisk kjem også til uttrykk ved at 20 pst. av yngre uførepensjonistar utan garantert tilleggspensjon (25-39 år) i 1992 budde i eit hushald som tok imot sosialhjelp, mot 15 pst. av dei med denne garantien.

Det er visse skilnader mellom ulike aldersgrupper når det gjeld mottak av sosialhjelp. Sjå avsnitt om inntekt. Delen med menn som tek imot sosialhjelp er noko høgare enn for kvinner. Ein større del av skilde/separerte pensjonistar (om lag 30 pst) tok imot sosialhjelp enn gifte og ugifte, og denne delen var høgare blant dei utan barn. Om lag 14 pst. av skilte/separerte med barn fekk likevel sosialhjelp dette året. Elles viser denne analysen at ein mykje større del av dei som var 100 pst. uføre, enn dei som hadde gradert uførepensjon, tok imot sosialhjelp.

Utgifter

Inntektsdata treng ikkje alltid gi eit godt bilete av den økonomiske situasjonen til hushald med uførepensjonistar. Mange yngre uføre har utgifter i samband med sjukdom og har etableringskostnader på linje med andre i same aldersgruppe. Etableringsfasen er generelt sett prega av forsørgjarbyrde og gjeld, noko som kan vere vanskeleg å greie utan yrkesinntekt. Ei undersøking av yngre uførepensjonistar i 1991 syner at om lag halvparten av unge uføre fører opp at den økonomiske stillinga deira vart forverra etter uførepensjonering, medan om lag 28 pst. meinte at den økonomiske stillinga vart betre.

Delen med yngre uførepensjonistar som hadde problem med å greie utgiftene sine, er mykje høgare enn for den ikkje-uføre delen av folket. I 1992 hadde meir enn halvparten av unge uførepensjonistar problem med å greie faste utgifter ofte eller av og til, mot vel 15 pst. av ikkje-uføre i same aldersgruppe. Samtidig hadde noko over halvparten ikkje høve til å greie ei uventa rekning på 2 000 kroner, mot om lag 15 pst. av ikkje-uføre.

Yrkesdeltaking

I 1992 var 42 pst. av yngre uførepensjonistar registrerte med yrkesinntekt i inntekts- og formuesundersøkinga, medan 28 pst. i Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking av yngre uførepensjonistar i 1991 gav opp «å ha inntektsgivande arbeid meir enn ein time per veke». Det tyder at for ein del gjeld det kortvarig arbeid som har relativt liten innverknad på dei økonomiske tilhøva for gruppa. Likevel syner bruken av sosialhjelp blant yngre uførepensjonistar at deltaking i yrkeslivet kan vere viktig for den økonomiske situasjonen også for denne gruppa dersom det er mogleg. I alt 23 pst. utan yrkesinntekt budde i hushald som tok imot sosialhjelp, mot berre 12 pst. av yngre uførepensjonistar med yrkesinntekt. Kvinner melder oftare enn menn å ha inntektsgivande arbeid. Grunnen til det er i første rekkje at kvinner i større grad enn menn har gradert uførepensjon. Nesten ni av ti unge uføre hevdar at dersom det var mogleg, ville dei heller arbeide enn å vere avhengige av uførepensjon 42. Dei viktigaste årsakene dei fører opp for ikkje å arbeide, er at det ikkje er mogleg å få tilrettelagt arbeidet slik at den uføre kan greie det, og at dei ikkje veit når dei har gode og dårlege dagar.

Ei undersøking av unge uførepensjonerte i 1991 viser at 40 pst. av desse berre har inntil ni års skulegang. Personar som vart uførepensjonerte i 1990-åra har likevel gjennomgåande lengre utdanning enn dei som vart uførepensjonerte i det førre tiåret. Det må sjåast i samanheng med det auka utdanningsnivået generelt i samfunnet. Nær 30 pst. av dei yngre uførepensjonistane i undersøkinga fører opp at dei slutta med utdanninga utan å ta avsluttande eksamen. Hovudårsaka er sjukdommen eller funksjonshemminga, men ein del grunngir det også med at dei vart leie av skulen. Noko av skilnadene i utdanningsnivå mellom unge uførepensjonistar og andre unge kan også kome av at det er fleire med psykisk utviklingshemming mellom dei unge uføre. Likevel kan det synast som om det å bli ufør tidleg i livet verkar hemmande på å ta vidaregåande og høgare utdanning.

Andre kjenneteikn

Yngre uførepensjonistar har etter eiga vurdering som venta monaleg dårlegare helse enn det som er vanleg for andre stønadsgrupper. Ein større del av kvinner enn menn hevdar å ha dårleg helse. Psykiske lidingar eller sjukdommar i skjelett- eller muskelsystemet er dei vanlegaste diagnosane for yngre uførepensjonistar. I særleg grad gjeld det nevrosar, ryggsjukdommar og forstyrringar i personlegdommen. Svært mange opplyser å ha fleire enn ein sjukdom som hemmar funksjonsevna deira sosialt eller på arbeid.

Det er lite som tyder på at unge uførepensjonistar har spesielt dårlegare bustadtilhøve enn jamnaldrande. Det største problemet ser ut til å vere mangel på tilrettelagde bustader for funksjonshemma.

Skilnaden mellom dei yngre uføre og resten av folket er heller ikkje store når det gjeld sosiale relasjonar, sjølv om den sosiale kontakten er noko lågare for dei unge uføre. Noko færre uføre enn andre har gode venner i nærmiljøet, og noko færre har personar utanfor nærmaste familie å prate fortruleg med. Unge uføre tek mindre del i fritidsaktivitetar enn resten av folket.

Særskilt om uførepensjonistar med barnetillegg

Uførepensjonistar med forsørgjaransvar for barn kan få eit inntektsprøvt forsørgjartillegg for barn under 18 år. Om lag 13 000 uførepensjonistar hadde i 1997 eit slik barnetillegg, og 4 300 av desse var under 40 år 43.

Uførepensjonistar med barnetillegg har som venta gjennomgåande mykje lågare pensjonsgivande inntekt enn andre barnefamiliar med barn under 18 år, då barnetillegget er inntektsprøvt. Dei ikkje-uføre barnefamiliane har om lag dobbelt så høg hushaldsinntekt per hushaldsmedlem som uføre som tek imot barnetillegg (jf tabell 5.5). Skilnadene er størst for gifte.

Tabell 5.5 Gjennomsnittleg hushaldsinntekt per forbrukseining før skatt for uførepensjonistar med barnetillegg og ikkje-uføre barnefamiliar etter hushaldstype 1997.(E=Kvadratrotskalaen)

Talet på uførepensjonistarGjennomsnittsinntekt uførepensjonistar med barnetillegg i kronerGjennomsnittsinntekt andre barnefamiliar i kroner
Einsleg med eitt barn4 50071 400100 800
Einsleg med to barn2 20071 40079 800
Einsleg med fleire barn90063 00050 400
Sum einslege7 60071 40088 200
Gifte med eitt barn1 700117 600260 400
Gifte med to barn1 700113 400231 000
Gifte med fleire barn1 800100 800180 600
Sum gifte med barn5 200109 200231 000
Sum gifte og einslege med barn12 80088 200180 600

Kjelde: RTV

Inntektsskilnaden mellom dei to gruppene kjem også klart fram når det gjeld delen som har låg inntekt (under halvparten av medianinntekta). Heile 73 pst. av uførepensjonistane med barnetillegg har inntekt under denne grensa, mot vel to pst. av dei ikkje-uføre barnefamiliane. Delen med låg inntekt er også klart høgare for mottakarar av barnetillegg enn for yngre uførepensjonistar generelt. Det tyder på at ein del barn av uføre foreldre veks opp i hushald med låge inntekter, og at dei vanskeleg kan få dei same materielle oppvekstvilkåra som barn av ikkje-uføre.

Deltidsarbeidande kvinner

Gifte/sambuande kvinner med deltidsstilling som blir 100 pst. arbeidsuføre og må slutte i arbeid, men som framleis kan arbeide heime, kan risikere å få avslag på søknad om uførepensjon. Det er på grunn av at uføregraden blir fastsett både utifrå evna til å stå i inntektsgivande arbeid og utifrå evna til å arbeide heime. Når inntektsevna blir vurdert, blir det teke utgangspunkt i kor mange timar vedkomande har arbeidd i forhold til ordinær arbeidstid. For ein stillingsdel på under 50 pst. fyller vedkomande etter denne kombinerte vurderinga ikkje vilkåra for at uføregraden er varig og minst 50 pst, med mindre evna hennar til å arbeide i huset også er nedsett.

Delen med kvinner som får uførepensjon etter ei kombinert vurdering har gått sterkt ned dei seinare åra på grunn av auka yrkesaktivitet for kvinner. Etter Rikstrygdeverkets statistikk var det 20,8 pst. som fekk uførepensjon etter ei kombinert vurdering i 1987, medan delen i 1995 hadde gått ned til 9,8 pst. Delen som berre vert vurdert mot heimearbeid, er gått ned, frå 4,4 til 1,5 pst. I det same tidsrommet auka den delen som vart vurdert som yrkesaktiv frå 70 til 81 pst. Desse tala reflekterer ei generell utvikling i samfunnet der fleire kvinner arbeider fulltid eller lang deltid.

Sjølv om det etter kvart er færre som blir vurderte i forhold til heimearbeid, kan regelverket oppfattast som kvinnediskriminerande ettersom det stort sett berre gjeld kvinner som har deltidsarbeid. Med ei årleg inntekt på minst 125 pst. av grunnbeløpet har desse kvinnene pr. i dag rett til sjukepengar og rehabiliteringspengar. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett at minsteinntektsgrensa for rett til sjukepengar vil bli nedjustert i statsbudsjettet for 2000. Som ein varig uføre kan dei likevel falle utanfor inntektssikringssystemet i folketrygda.

Tidlegare deltidsarbeidande uføre kvinner hadde om lag ti pst. lågare gjennomsnittsinntekt enn deltidsarbeidande ikkje-uføre kvinner. Ved å sjå på delen med låg inntekt (under halvparten av medianinntekta) i forhold til den ikkje-uføre delen av folket, ser ein at fleire av dei uføre kvinnene har relativt låge inntekter. Medan 11 pst. av dei uføre deltidsarbeidande kvinnene hadde inntekt under grensa for låge inntekter, gjaldt dette under ein pst. av ikkje-uføre deltidsarbeidande kvinner. Det er grunn til å tru at dei fleste av dei deltidsarbeidande uføre er minstepensjonistar, evt. har lågare pensjon enn minstepensjon.

5.10 Arbeidslause

Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftundersøking viser at 72 000 personar var arbeidslause i 4. kvartal 1999, og av desse var 15 pst. (11 000 personar) langtidsledige. Den totale arbeidsløysa vart redusert med 13 pst. i forhold til året før, medan langtidsarbeidsløysa vart redusert med heile 55 pst. 44

Det er samla sett flest arbeidsledige menn i aldersgruppa 30-49 år. Aldersgruppa som har den høgaste delen med arbeidsledige er likevel unge i alderen 16-24 år (16-20 år og 20-24 år), med eit årsgjennomsnitt i 1998 på 9,5 pst. ledige. Kjønnsfordelinga her er tilnærma lik. Som vist i avsnitt 5.5 er det også langt høgare arbeidsløyse blant personar med ikkje-vestlege innvandrarbakgrunn, enn blant folk elles.

Utdanning

Risikoen for å bli langtidsarbeidslaus er klart størst for personar med låg eller inga utdanning. Ein analyse av langtidsledige frå 1997 viser at berre ni pst. av dei langtidsledige hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå. Figur 5.3 viser at i 1998 var delen med berre grunnskule av arbeidsledige dobbelt så høg som av sysselsette. Om lag 30 pst. av dei sysselsette har høgare utdanning, medan den tilsvarande delen for arbeidsledige er ti prosentpoeng lågare. I 1980 var delen med arbeidsledige som har berre grunnskuleutdanning på om lag 45 pst. mot 30 pst. av dei sysselsette. Delen med arbeidsledige som har høgare utdanning var på seks pst. mot 15 pst. av dei sysselsette det same året. Det å ha høgare utdanning treng derfor ikkje å vere ein garanti for sysselsetjing, men risikoen for arbeidsløyse er mykje mindre enn for personar med låg utdanning.

Figur 5-3 Fordeling av arbeidsledige og sysselsette etter høgast fullført utdanning 1998

Figur 5-3 Fordeling av arbeidsledige og sysselsette etter høgast fullført utdanning 1998

Helse

Helseundersøkinga frå 1995 viser at det for personar som tek imot dagpengar er ein større del som har varig sjukdom enn for folket totalt. Når det gjeld vurdering av eiga helse, ligg dagpengemottakarar likevel omtrent på gjennomsnittet for heile folket. Vidare viser levekårsundersøkinga frå 1995 at delen med sterkt redusert arbeidsevne er omtrent dobbelt så høg for langtidsledige i alderen 16-44 år som for alle i same aldersgruppe. Delen med psykiske problem var omtrent dobbelt så høg, og delen med langvarige sjukdomar om lag 50 pst. høgare for langtidsledige enn for alle i aldersgruppa. Det er i ei rekkje undersøkingar påvist at langtidsledige i større grad enn yrkesaktive har lettare psykiske problem, medan biletet er meir uklart når det gjeld fysiske lidingar. Det er likevel usikkert kva det er som gjer at arbeidsledige har dårlegare helse enn yrkesaktive. Situasjonen for den enkelte kan spele ei rolle når dei blir arbeidslause.

Inntekt

Manglande arbeidstilknyting gjer at inntekter og økonomiske levekår for langtidsledige i gjennomsnitt er dårlegare enn for sysselsette. Inntektssituasjonen for langtidsledige er likevel ofte avhengig av kva slags hushaldstilknyting den ledige har. Det er ein høgare del einslege langtidsledige med dårlege økonomiske kår enn blant dei som har fleire i hushaldet som kan hjelpe til med økonomien.

I 1996 hadde langtidsledige og personar på tiltak ei gjennomsnittleg hushaldsinntekt per forbrukseining på 103 139 kroner. Det var 77 pst. av gjennomsnittet for heile folket elles. Vel 12 pst. i denne gruppa hadde inntekt under halvparten av medianinntekta, mot 4,5 pst. av folket, når moderate stordriftsfordelar blir lagde til grunn. Det er berre hjå sosialhjelpsmottakarar ein finn høgare del med låg inntekt (om sosialhjelpa ikkje blir rekna med i inntektsgrunnlaget).

Overføringane utgjer nær 60 pst. av dei samla bruttoinntektene til langtidsledige. To tredelar av denne summen er dagpengar. Kvinner tek imot mindre enn menn i dagpengar, men tek imot meir i andre overføringar, slik at samla del av inntekta som er overføringar, er om lag lik for menn og kvinner.

Mange arbeidsledige har ikkje arbeidd seg opp rettar til dagpengar, slik som unge nykomarar på arbeidsmarknaden og/eller innvandrarar, som til dels har vore her ei stutt tid. Mange av desse må søkje økonomisk sosialhjelp til livsopphald. I alt 40 pst. av dei heilt ledige i 1996 hadde ikkje rett til dagpengar, og av desse tok om lag 40 pst. imot økonomisk sosialhjelp. Sjå også tabell 5.6.

5.11 Mottakarar av sosial stønad

Økonomisk stønad etter sosialtenestelova (økonomisk sosialhjelp) går til personar som ikkje er i stand til sjølv å sørgje for livsopphaldet sitt. Sosial stønad er ei subsidiær yting. Dette ligg i dette at alle andre moglegheiter for å sørgje for seg sjølve må prøvast før ein får stønad. For nærare omtale av ordninga visast det til kapittel 8.

Talet på klientar som får sosial stønad auka sterkt på 1980- og første del av 1990-talet, men har dei siste åra gått noko ned, (sjå figur 2.12). I 1997 fekk om lag 150 000 personar sosial stønad. Dette svara til 4,5 pst. av heile befolkninga som var 18 år eller eldre. Førebels tal for 1998 syner at reduksjonen i talet på klientar held fram. Den sosiale stønaden som vert gjeven til ein person kan gjelde fleire personar. Talet på personar som er avhengige av sosial stønad, ligg difor over talet på klientar som får slik stønad.

Utviklinga i talet på klientar speglar mellom anna endringar i arbeidsmarknaden, i familiemønster og i utviklinga i dei (andre) generelle velferdsordningane.

Den sosiale stønaden er meint å vere ei mellombels yting. Det er likevel store variasjonar i kor lenge den enkelte mottakar får stønad. Sjølv om utviklinga den seinare tida gått i retning av at det blir færre sosialhjelpsmottakarar totalt sett, er det vorte relativt fleire som mottar sosial stønad over lang tid, sjå punkt 5.11.2.

Dei fleste som får sosial stønad er relativt unge, (sjå figur 5.4), og bruken av sosial stønad går ned med aukande alder. Det er skilnader mellom dei ulike aldersgruppene når det gjeld i utviklinga i talet på stønadstilfelle i perioden 1986-1998. Medan det med unnatak av dei over 67 år var ein sterk vekst i talet på stønadstilfelle for alle aldersgrupper i perioden 1986-94, kan vi sjå av figuren at reduksjonen i talet på stønadstilfelle etter 1994 har vore langt sterkare i dei yngre aldersgruppene samanlikna med dei eldre. Vidare starta reduksjonen noko tidlegare i dei yngre aldersgruppene. Ein legg vidare merke til at samanlikna med nivået 1986, har det etter dei førebels tala for 1998 vore ein til dels sterk auke for aldersgruppene 30-66 år, medan for dei under 30 år ligg nivået i 1998 nær nivået for 1986 (noko over for dei eldste, noko under for dei yngste).

Figur 5-4 Utviklinga i talet på stønadstilfelle i ulike aldersgrupper i perioden 1986-1988. (Tala for 1998 er førebels)

Figur 5-4 Utviklinga i talet på stønadstilfelle i ulike aldersgrupper i perioden 1986-1988. (Tala for 1998 er førebels)

Delen einslege blant mottakarane av sosial stønad er høg (sjå figur 5.5). I 1997 var 61 pst. av alle sosialhjelpsmottakere einslege. Einslege forsørgjarar utgjer også ei relativt stor gruppe (i underkant av 18 pst. av alle). Slik ein har sett i avsnitt 5.5, er også ikkje-vestlege innvandrarar overrepresenterte blant sosialhjelpsmottakare. Desse er også omtala nærmare i avsnitt 5.11.2.

Figur 5-5 Mottakarar etter familiestaus og kjønn 1997

Figur 5-5 Mottakarar etter familiestaus og kjønn 1997

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

5.11.1 Kjenneteikn ved mottakarar av sosial stønad

Sidan sosial stønad er ein subsidiær stønad ein får når andre inntektskjelder er prøvde, vil mottakarar av sosial stønad til vanleg ha låge årsinntekter og inga formue. Sidan det i særskilde høve kan bli gitt sosial stønad til personar som treng det for å tilpasse seg eller overvinne ein vanskeleg livssituasjon, vil ei lita gruppe kunne ha noko meir i stønad og evt. noko formue.

Vanlege kjenneteikn ved mottakarar av sosial stønad er at dei har relativt lite utdanning og lita, evt. inga tilknyting til arbeidslivet, og har dårlegare bustadhøve enn andre. Mange har vidare helse- og/eller sosiale problem. Det er gjort nærare greie for dette nedanfor.

Inntekt

I 1996 var gjennomsnittleg årleg ekvivalentinntekt (ved moderate stordriftsfordelar) for personar i hushald som fekk sosial stønad, vel 95.000 kroner. Dette svarar til 71 pst. av gjennomsnittsinntekta i befolkninga elles. Delen mottakarar med inntekt under halvparten av medianinntekta var på 14,4 pst. i 1996. Dette er ei dobling frå 1986. Sosialklientane er dermed, som forventa, klårt overrepresenterte i låginntektsgruppa. Dette gjeld både samanlikna med befolkninga elles og med andre grupper med låg inntekt. Dette heng mellom anna saman med at nivået på den sosiale stønaden til vanleg truleg ligg under halvparten av medianinntekta og at stønadstida hos ein del er lang.

Ei studie frå Statistisk sentralbyrå 45 viser at gjennomsnittleg inntekt etter skatt per forbrukseining for hushald som fekk sosial stønad i perioden 1987 til 1996, er gått ned med 14 prosentpoeng, og utgjorde i 1996 omlag to tredeler av inntekta til hushald som ikkje mottar sosial stønad. Det er særleg inntekt frå lønna arbeid som er vorte redusert i hushald som fekk sosial stønad. Nedgangen må òg sjåast i samanheng med at nivået på den sosiale stønaden ikkje regulerast i takt med den generelle lønnsutviklinga i samfunnet 46.

Overføringar utgjer ein relativt sett voksande del av dei samla inntektene til hushald som får sosial stønad. I 1987 utgjorde overføringar 39 pst. av samla årsinntekt, medan dei i 1996 utgjorde halve årsinntekta. Yrkesinntektene sin del er samstundes gått ned med 10 prosentpoeng, til 49 pst. av samla inntekt. Til samanlikning utgjorde yrkesinntekt 69 pst. og overføringar 17 pst. av samla inntekt for heile befolkninga elles.

Ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå 47tyder på at det kan vere store kommunale variasjonar i nivået på den sosiale stønaden. Dette gjeld både mellom ulike kommunar, mellom grupper av kommunar sortert etter storleik, og innafor i den enkelte kommune. I lys av andre undersøkingar av skilnader i nivået på sosial stønad, er det difor grunn til å tru at skilnader i praksis i forvaltninga og ulike rettleiande kommunale satser for stønaden påverkar stønadsnivået. Det er likevel vanskeleg å seie kor store skilnadene kan vere. For einslege med eige hushald med sosial stønad som einaste inntektskjelde og utbetalingar alle månader i 1996 (gjaldt i alt ca.1500 personar), varierte den månadlege stønaden etter at ein har trekt i frå stønad til dekning av buutgifter, mellom 4.500 kronar for dei 25 prosentane med nest høgast stønad til 3.300 kronar for dei med lågast stønad. I kva grad denne variasjonen kan forklarast av skilnader i behov som det ikkje finst registeropplysningar om, er usikkert.

Utdanning

Mottakarar av sosial stønad har relativt lite utdanning. Dess mindre utdanning dei har, dess meir marginal er óg tilknytninga til arbeidsmarknaden. Ei undersøking i aldersgruppa 19-66 år av dei som fekk sosial stønad i november 1996, synte at 25 pst. av dei sosialklientane som ein kjente utdanningsnivået for, hadde ei utdanning på grunnskulenivå (pr. 1. oktober 1995), medan dette berre gjaldt 17 pst. av befolkninga elles. 5 pst. av klientane hadde utdanning på høgskule/universitetsnivå, mot 25 pst. av befolkninga elles. Av sosialklientane med berre grunnskule stod 60 pst. heilt utanfor arbeidslivet/utdanning (heller ikkje registrert arbeidslause), medan dette berre gjaldt om lag ein tredel av klientane med vidaregåande skole eller høgskule/universitet 48.

Sosialstatistikken inneheld ikkje opplysningar om t.d. rusmiddelmisbruk hos klientane. Det kan likevel nemnast at ulike studie av rusmiddelmisbrukarar i behandlingsapparatet viser at desse har låg utdanning og at dei er prega av manglande tilknyting til arbeidslivet. Ei større undersøking av rusmiddelmisbrukarar i behandlingsapparatet i perioden 1990-93, synte mellom anna at 70 pst. hadde hatt store lærings- og åtferdsproblem på skulen, og ein femdel hadde bytta skole meir enn tre gonger. Berre om lag ein prosent hadde utdanning på universitets- og høgskulenivå 49.

Tilknyting til arbeidsmarknaden

I 1997 var om lag 30 pst. av alle mottakarane av sosial stønad (av i alt 147 000) registrerte i ei eller anna form for sysselsetjing (arbeid, utdanning, arbeidsmarknadstiltak). Om lag ein like stor del (noko høgare) var registrert arbeidslause, og dei aller fleste av desse var etter sosialstatstikken registrerte arbeidslause. Om lag 50.000 personar av dei som fekk sosial stønad var ikkje rekna som arbeidssøkjarar, dvs. om lag ein tredel.

Det kan synast som om talet på klientar som ikkje er arbeidssøkjarar har vore relativt stabilt dei seinare åra. Sidan det totale talet på klientar er gått ned, tyder dette at den delen som ikkje er arbeidssøkjarar er gått noko opp 50. Det kan vere ulike årsaker til at personar som får sosial stønad ikkje er aktuelle for arbeid. Dei viktigaste grunnene til dette er truleg at dei er uføre, sjuke eller treng behandling eller rehabilitering/yrkesmessig attføring, eller at dei har omsorg for (små) born. Nokre er ikkje aktuelle for arbeid pga. høg alder. I 1997 var det vel 16 000 uførepensjonistar som fekk sosial stønad (etter sosialstatistikken). Alle som i 1997 var registrerte med uførepensjon tilhøyrde kategorien «ikkje arbeidssøkjar». Vidare hadde om lag 6 000 i denne kategorien attføringsstønad, nokre få (vel 1000) hadde sjukepengar, og om lag 6 000 hadde overgangsstønad. Det var vidare i underkant av 6000 mottakarar av sosial stønad som var over 67 år.

Statistisk sentralbyrå har kopla sosialstatistikken for 1997 med opplysningar frå arbeidsmarknadsstatistikken for perioden 1993-1996, slik at vi har opplysningar om kor mange med sosial stønad i 1997 det er som har fått statlege arbeidsmarknadstiltak i denne perioden. Det er skilt mellom tiltak for ordinære arbeidssøkjarar og tiltak for yrkeshemma.

Av alle mottakarane av sosial stønad i 1997 var det noko meir enn ein tredel (vel 51 000), som hadde fått statlege arbeidsmarknadstiltak i perioden 1993-1996. Dei aller fleste (om lag 44 000) hadde fått tiltak for ordinære arbeidssøkjarar, og av desse hadde igjen litt over halvparten fått to eller fleire statlege tiltak i perioden. I alt vel 11 000 hadde fått tiltak for yrkeshemma 51.

Vel 19 000 av dei som hadde fått ordinære tiltak i perioden, var registrerte arbeidslause på første tidspunktet for sosial stønad i 1997. I underkant av 7 000 var framleis var på tiltak. I underkant av 8 000 var ikkje arbeidssøkjarar. Av desse hadde vel 900 uføretrygd. Dei resterande var i arbeid eller under utdanning.

Av dei 11 400 klientane i 1997 som hadde gjennomført tiltak for yrkeshemma, var vel 3 400 var registrerte som arbeidslause. 4 000 var ikkje arbeidssøkjarar. Av desse hadde om lag halvparten uføretrygd. Dei resterande var anten i arbeid (1 300) eller utdanning (1 800), eller framleis på arbeidsmarknadstiltak (1 700).

Bustad

Mottakarar av sosial stønad skil seg ut saman med langtidsledige når det gjeld å ha dårlege bustadtilhøve. Undersøkinga av bustadtilhøve (boforholdsundersøkelsen) synte at nær 60 pst. av sosialhjelpsklientane hadde dårlege bustadtilhøve i 1995. Om lag 40 pst. av klientane hadde dårleg bustadøkonomi, og samanlikna med andre grupper med dårlege bustadhøve hadde mottakarane av sosial stønad lågast bustandard (kald/trekkfull bustad eller mangel på kjøkken eller sanitærrom), svakast rett til bustaden (for eksempel dårlege og usikre leigeforhold), budde i mest belasta miljø og hadde alt i alt dårlegast bustadtilhøve. Etter Levekårsundersøkelsen for 1995 er sosialhjelpsmottakarar meir utsett for støy i eller utanfor bustaden enn t.d. langvarig arbeidslause.

Tabell 5.6 Buforhold i svakstilte grupper, 1995 i pst.

GruppeDårleg standardSvake rettarDårleg utemiljøDårleg buøkonomiHoping av ulemper
Sosialklientar23.025.215.837.329.7
Langtidsledige19.118.412.316.716.5
Unge med lav utdanning14.816.68.112.69.7
Alle grupper9.210.312.611.67.6

Kjelde: NBI: Spesialkjøring av Buforholdsundersøkinga 1995

Tabell 5.6 er basert på same metode som tabell 4.12 og viser at sosialhjelpsmottakarar jamnt over er den gruppa som har dei mest problematiske butilhøva av dei tre gruppene sosialklientar, langtidsarbeidslause og unge med låg utdanning, som alle har fleire ulemper knytta til butilhøva enn befolkninga samla sett.

Undersøkingar viser at einslege mottakarar har dårlegare samla bustadhøve enn hushald med fleire personar ved at dei oftare manglar bad eller wc, bur i umoderne bustader og oftare er plaga av gatestøy. Dette heng til dels saman med at einslege oftare bur i dei store byane.

Mottakarar av sosial stønad kan ha problem på bustadmarknaden ved at dei blir pressa ut av leiemarknaden av meir ressurssterke leigetakarar, til dømes av studentar. Desse er ofte meir stabile betalarar, og meir attraktive som leigebuarar. Dette kan særleg vere eit problem i dei store byane.

Helse

Mottakarar av sosial stønad har langt oftare dårleg helse enn andre, og dei har også dårlegare helse enn andre utsette grupper. Etter Levekårsundersøkelsen 1995 er det blant klientar i aldersgruppa 16-44 år dobbelt så mange med langvarige sjukdomar som har konsekvensar for kvardagen, tre gonger så mange med sterkt nedsett arbeidsevne og fire gonger så mange med psykiske lidingar samanlikna med same aldersgruppe i hele befolkninga.

Ei studie frå 1988 viste at ein firedel av rusmiddelmisbrukarane hadde alvorlege sjukdomar, og like mange hadde alvorlege skader som følgje av rusmisbruket. Om lag ein tredel hadde psykiske problem. Blant rusmiddelmisbrukarar under behandling 1990-1993, hadde godt over halvparten depresjon eller angst, kvar fjerde hadde indikasjonar på alvorlege psykiske lidingar, og det var óg ein høg del med somatiske sjukdomar. Meir enn fire av ti av desse rusmiddelmisbrukarane hadde tatt livstruande overdosar, og ein av tre hadde minst eitt sjølvmordsforsøk bak seg.

5.11.2 Spesielt om langtidsmottakarar av sosial stønad

Det er grunn til å tru at gruppa som har fått sosial stønad lenge er særleg vanskeleg stilt, økonomisk og på anna måte. Blant dei dårlegast stilte vil det kunne vere personar som treng behandling/rehabilitering, evt. å forbetre den faglege og/eller den sosiale kompetansen før dei evt. kan forsørgje seg sjølve gjennom arbeid. Elles gjeld for langtidsmottakarar liksom for andre at arbeid ikkje er aktuelt for alle.

Av dei 147 000 som fekk sosial stønad i 1997, viser ei undersøking frå Statistisk Sentralbyrå at 43 000 hadde fått sosial stønad i alle åra i perioden 1993-1997. Det er i aldersgruppa 40-49 år ein i 1997 finn den høgaste delen med sosial stønad i alle åra (37 pst.). Det kan nemnast at det var ein marginalt høgare del med sosial stønad alle åra blant dei som ikkje var arbeidssøkjarar.

Om ein ser på innvandrarar frå Afrika, Asia, Mellom- og Sør-Amerika, Tyrkia og det gamle Aust-Europa (i alt 25 000 av dei som fekk stønad i 1997 kom frå desse områda), var delen som fekk stønad i alle åra i perioden berre marginalt høgare enn for alle.

Nedanfor har vi brukt to andre undersøkingar frå Statistisk sentralbyrå søkt å kartleggje utviklinga over tid når det gjeld kor lenge ein får sosial stønad (år og månader det enkelte år) og kjenneteikn ved langtidsmottakarar. Den eine er ei undersøking frå Statistisk sentralbyrå der alle som fekk sosial stønad i 1996 er følgde attende til 1990. Den andre er i liknande undersøking som vart gjort av personar som fekk sosial stønad i 1993. På denne måten er det mogleg å finne kjenneteikn ved gruppa som har fått sosial stønad lenge 52. «Langtidsmottakarar av sosial stønad» har vi kalla personar som har fått sosial stønad i samanlagt minst tre av dei siste sju åra (36 månader eller meir).

Variasjonar i lengda på stønadsperioden og utviklinga over tid

Medan talet på sosialhjelpsmottakarar samla sett har gått ned frå 1993 til 1996, har gjennomsnittleg stønadstid for alle målt ved talet på månader med stønad den føregåande sjuårsperioden auka frå 19 månader i 1993 til 23 månader i 1996. Samstundes var delen som hadde fått sosial stønad i meir enn 3 år samanlagt høgare i 1996 enn i 1993 (sjå tabell 5.7). Av mottakarane i 1996 hadde 24 pst. (35 000 personar) samanlagt fått sosial stønad i meir enn tre år av sjuårsperioden, mot 19 pst. (32 000 personar) i 1993. 8 pst. (om lag 11 600 personar) hadde fått stønad i minst fem av åra, mot 5 pst. i 1993. Om lag 1500 av mottakarane i 1996 (dvs. om lag ein prosent) hadde fått sosial stønad over 80 månader i sjuårsperioden.

Tabell 5.7 Sosialhjelpsmottakarar i 1996 og 1993 etter talet på månader med sosial stønad i føregåande sjuårsperiode. Gjennomsnittleg stønadstid. Prosent.

ÅrTalet på mottakarar av sosial stønadGjennomsnittleg stønadstidDelen under 36 månader (3 år)Delen 37-60 månaderDelen 61-84 månader (5 år)
1993151 7001982145
1996145 800*2376168

* Dette talet er noko lågare enn talet på stønadsmottakarar i 1996 på grunn av fråfall når ein skal følgje dei same personane over lang tid.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det er ein klår samanheng mellom talet på år ein har fått sosial stønad og gjennomsnittleg stønadstid kvart år. Jo fleire år ein har fått sosial stønad, jo lengre er den gjennomsnittlege årlege stønadstida. Dei som hadde motteke sosial stønad i alle sju åra, hadde ei gjennomsnittleg årleg stønadstid på åtte månader, medan dei som hadde fått sosial stønad i eitt år, berre hadde gjennomsnittleg stønadstid på om lag tre månader.

Tala tyder på at i ein god del av mottakarane av sosial stønad er økonomisk marginaliserte, og har vore det over lang tid.

Inntekt

Det er små skilnader i det årlege inntektsnivået mellom personar med stønadstid meir enn 36 månader i perioden 1990-96, og dei med kortare gjennomsnittleg stønadstid. Begge gruppene har monaleg lågare inntekt enn resten av befolkninga. Den store skilnaden mellom langtidsmottakarane og andre mottakarar gjeld kor stor del av den samla inntekta som var sosial stønad. For langtidsmottakarane utgjorde den sosiale stønaden i 1996 gjennomsnittleg 38 pst. av samla årleg inntekt, mot om lag 15 pst. av inntektene for resten av hushalda som fekk sosial stønad.

Dei som fekk sosial stønad meir enn 36 månader, fekk gjennomsnittleg meir i sosial stønad enn andre sosialhjelpsmottakarar. Sosial stønad var viktigaste inntektskjelde i 1996 for 46 pst. av dei som samanlagt har fått sosial stønad i meir enn tre år, medan den var viktigaste inntektskjelde for berre 19 pst. av andre sosialhjelpsmottakarar. Om lag 44 pst. hadde sosial stønad som viktigaste kjelde til livsopphald av langtidsmottakarane i 1993. Tala kan tyde på at dei aller fleste langtidsmottakarar anten står utanfor arbeidsstyrken eller av ulike årsaker har marginal eller inga tilknyting til arbeidslivet.

Av personar som i tillegg til sosial stønad også fekk andre offentlege overføringar i 1996, hadde dei som mottok bustøtte frå Husbanken lengst gjennomsnittleg stønadstid, men også uførepensjonistar og langtidssjuke har lengre gjennomsnittleg stønadstid enn andre mottakarar av sosial stønad (sjå tabell 5.8). Mottakarar av overgangsstønad, dagpengar og alderspensjonistar får derimot sosial stønad i kortare tid enn gjennomsnittet. Gjennomsnittleg stønadstid var noko høgare for einslege kvinnelege alderspensjonistar enn for einslege mannlege alderspensjonistar (18 mot 14 månader) i 1993. Grunnen til dette kan vere at dei fleste minstepensjonistane er kvinner.

Tabell 5.8 Gjennomsnittleg stønadstid for mottak av sosial stønad i perioden 1990-96 for ulike grupper trygdemottakarar og mottakarar av bustøtte i 1996

GruppeGjennomsnittleg stønadstid månader
Alle sosialhjelpsmottakar23
Alderspensjonistar19
Uførepensjonistar25
Arbeidslause (dagpengar)19
Einslege forsørgjarar med overgangsstønad21
Mottakarar av bustøtte frå Husbanken31
Attføring/mottakarar av rehabiliteringspengar25

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Av trygdemottakarar som i 1997 fekk sosial stønad (etter sosialstatistikken), hadde omlag 20 000 fått slik stønad kvart av åra 1993 til 1997 53. Rundt 6 000 av desse var uførepensjonistar, 4 800 hadde dagpengar, om lag 4 400 hadde attføringspengar og knapt 3 800 hadde overgangsstønad.

Utdanning

Mottakarar av sosial stønad har generelt sett lite utdanning (sjå tabell 5.9). Jo mindre utdanning mottakarane av sosial stønad har, jo lengre er óg den gjennomsnittlege stønadstida. Sidan det er få med høgare utdanning, vert dermed delen med utdanning på universitets- eller høgskolenivå liten blant dei som mottok sosial stønad meir enn 36 månader (5 pst.).

Tabell 5.9 Utdanningsnivå blant mottakarar av sosial stønad generelt og etter talet på månader dei har fått sosial stønad i perioden 1990-1996

UtdanningProsentvis fordeling av mottakarane av sosial stønad nov. 1996 etter utdanningsnivå okt.-95Gjennomsnittleg stønadstid (månader)Langtidsmottakarar (>36 månader) ProsentAndre mottakarar (<36 månader) Prosent
Inga utdanning/ikkje oppgitt11271211
Grunnskule25263223
Eitt eller fleire år i vidaregåande skule58225359
Universitet/høgskule61857
Totalt10023100100

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tilknyting til arbeidsmarknaden

Etter undersøkinga av klientane i 1996, er langtidsmottakarane oftare arbeidslause og fleire av dei er utanfor arbeidsstyrken. Vi har likevel ikkje nok opplysningar til å seie i kva grad dei som har fått sosial stønad i relativt kort tid, i større grad har mellombels problem i høve til arbeidsmarknaden enn dei som har fått sosial stønad i lang tid. Personar som berre har fått sosial stønad i ein del av perioden 1990-96, kan likevel ha stått utanfor arbeidsmarknaden i heile eller deler av perioden.

Det som kjenneteiknar mottakarane av sosial stønad i 1997 som hadde fått sosial stønad i alle åra i perioden 1993-97, er at dei er marginale i høve til arbeidsmarknaden. Anten manglar dei arbeid av ulike årsaker eller har arbeid som gir for lite betalt til at dei greier utgiftene. Samstundes har mange gjort noko for å bli meir konkurransedyktige på arbeidsmarknaden ved at dei har vore aktive brukarar av arbeidsmarknadstiltak.

Av dei til saman 43 000 mottakarane av sosial stønad i 1997 som hadde fått sosial stønad i alle åra i perioden 1993-97, var det 9 700 anten i arbeid, under utdanning eller på arbeidsmarknadstiltak. Om lag 14 400 blei oppgitt å vere arbeidslause, medan nærare 17 300 ikkje var arbeidssøkjarar. For om lag 15 000 personar av dei med sosial stønad i alle åra 1993-97 manglar opplysning om arbeidssituasjonen.

Av dei 17 300 som blei oppgitt ikkje å ha vore arbeidssøkjarar var det ein del av desse som truleg etter kvart vil kunne bli aktuelle for arbeid. Dette gjeld dei vel 2 500 som var registrerte med attføringsstønad ( på første søketidspunkt for den sosiale stønaden) og dei 2 100 som var registrerte med overgangsstønad. Vidare var det nokre få (vel 300) med sjukepengar. Ser ein på restgruppa av dei som ikkje var arbeidssøkjarar (om lag 12 000), har om lag halvparten uførestønad. Blant dei resterande 6 000 kan ein del ha alderspensjon, men i denne undersøkinga manglar det opplysning om dette.

«Av mottakarane i 1997 som har fått sosial stønad i alle åra 1993-97, har om lag halvparten delteke på ulike arbeidsmarknadstiltak. Nærmare 4 900 har delteke på tiltak for yrkeshemma, 7 100 har delteke på eitt tiltak for ordinære arbeidssøkjarar og 9 000 hadde delteke på to eller fleire tiltak for ordinære arbeidssøkjarar. Av dei som har delteke på tiltak for ordinære arbeidssøkjarar kan det elles vere nokre som òg har delteke på tiltak for yrkeshemma. Av dei som var registrerte med to eller fleire tiltak for ordinære arbeidssøkjarar, var i 1997 om lag 4 600 registrerte som arbeidslause etter sosialstatistikken (første søketidspunkt), medan 3 100 var registrerte i arbeid, under utdanning eller framleis på arbeidsmarknadstiltak.»

Andre kjenneteikn ved langtidsmottakarar

Aldersgruppa 25-59 år var overrepresentert blant langtidsmottakarane i undersøkinga av klientane i 1996. Om lag 55 pst. av langtidsmottakarane tilhøyrde aldersgruppa 25-39 år, mot 39 pst. av andre mottakarar. Blant dei som tilhøyrde aldersgruppa 25-59 år i 1997, var det om lag ein tredel som har motteke sosial stønad i alle åra 1993-97 54.

Einslege menn er overrepresenterte blant langtidsmottakarane av sosial stønad og har lengst gjennomsnittleg stønadstid etter undersøkinga i 1996. Einslege kvinner og ektepar med barn har også relativt lang gjennomsnittleg stønadstid, men er berre svakt overrepresenterte blant langtidsmottakarane. Einslege heimebuande og einslege forsørgjarar er derimot overrepresenterte blant dei som har motteke sosial stønad kortareenn 36 månader. Einslege heimebuande har monaleg kortare gjennomsnittleg stønadstid enn alle andre hushaldstypar.

Personar med flyktningstatus/opphald på humanitært grunnlag, einslege, unge og personar busette i storbyar er overrepresenterte i gruppa. Ein av fire langtidsmottakarar var busett i Oslo, mot 14 pst. av andre mottakarar av sosial stønad.

Nærmare om innvandrarar

Personar med kortare butid i Noreg enn 40 år har ikkje krav på fulle ytingar frå folketrygda. Dei med kortare butid enn 3 år har til vanleg ikkje krav på pensjon i folketrygda. Unntak her er personar som har fått innvilga asyl. Desse har fulle trygderettar frå dag ein. For dei som ikkje kan ta del i arbeidslivet og ikkje har opparbeidd rett til trygd i utlandet som dei kan ta med seg til Noreg, vil privat forsørging eller sosial stønad over lengre tid vere alternativet. Personar med for kort butid vil difor kunne risikere å bli langtidsmottakarar av sosial stønad.

Ein har ikkje data som kan seie noko om kor mange som har fått avslått søknad om uførepensjon eller etterlatnepensjon p.g.a. for kort butid, eller har for kort butid til å få full pensjon. Analysar frå Statistisk sentralbyrå syner at vel 1 000 mottakarar av uførepensjon, alderspensjon eller etterlatnepensjon med kortare butid enn 40 år, var mottakarar av sosial stønad i 1996. I tillegg kjem 600 personar over 67 år som hadde kortare butid enn 3 år, og dermed ikkje noko krav på alderspensjon.

Flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag er overrepresenterte blant langtidsmottakarane av sosial stønad, og har monaleg lengre gjennomsnittleg stønadstid enn både innvandrarar generelt og andre mottakarar av sosial stønad. Som det går fram av tabell 5.10, var om lag 19 pst. av langtidsmottakarane i 1996 flyktningar/personar med opphald på humanitært grunnlag, mot 11 pst. av dei som har fått sosial stønad i noe kortare tid. Delen andre innvandrarar blant langtidsmottakarane er også noe høgare enn blant dei som fekk sosial stønad under 36 månader.

Tabell 5.10 Fødeland og innvandringsbakgrunn blant mottakarar av sosial stønad 1996

Fødeland/innvandringsbakgrunnGjennomsnittleg stønadstid (månader)Langtidsmottakarar (>36 månader) ProsentAndre mottakarar (<36 månader) Prosent
Norsk227483
Flyktning/opphald på humanitært grunnlag321911
Innvandrarar, andre2554
Familiar med både norske og innvandrarar1912

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Om lag 8 500 av 25 000 ikkje-vestlege innvandrarar som fekk sosial stønad i 1997 (frå Afrika, Asia, Sør- og Mellom-Amerika, Tyrkia og det gamle Aust-Europa), hadde motteke slik stønad i kvart av åra 1993 til 1997. Vel 1 100 ikkje-vestlege innvandrarar over 67 år fekk sosial stønad i 1997. Av desse hadde berre ein mindre del (vel 300) fått stønad i alle åra 1993-97. Vel 900 av dei ikkje-vestlege innvandrarane fekk uførestønad, av desse fekk vel halvparten sosial stønad i alle åra 1993-97.

Levekårsproblem blant langtidsmottakarar av sosial stønad

Sosialhjelpsmottakarar generelt har sett større helseproblem enn andre grupper. Langvarig bruk av sosial stønad, bruken av ulike trygdeytingar i gruppa, lågt utdanningsnivå, lita eller inga tilknyting til arbeidsmarknaden saman med låg bustandard tyder på at ein god del mottakarar av sosial stønad kan ha store og samansette levekårsproblem som held seg over tid.

Ein manglar opplysningar om i kva grad mottakarar av sosial stønad har eit rusmiddelproblem og/eller psykiske problem/lidingar. Truleg er personar med psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem overrepresenterte. Desse vil truleg vere blant dei aller dårlegast stilte i samfunnet. Psykiske lidingar og/eller rusproblem kan vere ei viktig grunn til at ein del har problem med å fungere godt i samfunnet og ikkje har klarar å ta utdanning eller ta del i yrkeslivet, evt. halde på eit arbeid. Nokre vil óg ha problem med å skaffe seg og halde på ein bustad. Sjå om dette i omtalen av rusmiddelmisbrukarar og bustadlause under avsnitta 5.11.1 og 5.12.

5.12 Bustadlause

Bustadlause er ei av dei svakaste gruppene i det norske samfunnet. Som bustadlause er det vanleg å rekne personar som ikkje disponerer eigen bustad, men må ty til tilfeldige eller mellombels bualternativ, og personar som ikkje har ordna opphaldsstad for komande natt. Som bustadlause blir også rekna personar som bur mellombels hjå slekt og venner, og personar som bur på institusjonar utan å ha fast bustad å gå til når dei blir skrivne ut.

I ei undersøking frå Norges byggforskingsninstitutt (NBI) om bustadlause som har vore i kontakt med hjelpeapparatet 55, vart talet på bustadlause i Noreg i desember 1996 vurdert til om lag 6 000 personar. Det er i første rekkje eit storbyfenomen å vere bustadlaus. I Oslo var det om lag 2 500 bustadlause, i Bergen 800, i Trondheim 300 og i Stavanger om lag 250. Til saman nærmare 62 pst. av dei bustadlause held såleis til i desse fire byane. Det er store vanskar med forsking på dette området, og tala bør sjåast på som litt grove overslag. Ut frå ei vurdering av moglege feilkjelder er dei truleg minimumstal. Då det tidlegare berre er gjort undersøkingar i somme byar, og fordi desse undersøkingane byggjer på ulike definisjonar av bustadlause og ulike metodar, er det ikkje mogleg å seie noko om endringar i talet på bustadlause i Noreg etter krigen.

I ein rapport om vanskelegstilte på bustadmarknaden i Oslo 56 har ein likevel samanlikna tal frå 1997 med tal frå 1971. Talet på bustadlause var noko høgare i 1971 enn i 1996, men av grunnar som er nemnde ovanfor, kan ein ikkje utan vidare seie om det er fleire eller færre bustadlause i Oslo no enn tidlegare. Samanlikninga viser likevel at samansetninga av dei bustadlause har endra seg, mellom anna er talet på kvinner i dag nesten fire gonger så høgt som i 1971 og dei bustadslause har i snitt lågare alder.

Kvinner utgjer 24 pst. av gruppa i 1996. 17 pst. er frå land utanfor Norden. Dei aller fleste av desse er relativt unge og kjem frå ikkje-vestlege land. Om lag 400 bustadlause har omsorgsansvar for barn.

Medan ein i 1971 rekna med at alle dei bustadlause i Oslo hadde bruk for ei eller annen form for behandling, viser undersøkinga frå 1996 at ein god del først og fremst har bruk for eigen bustad. I eit notat om hjelpeapparatet for bustadlause 57blir det på bakgrunn av samtalar og intervju med tilsette på sosialsentera rekna med at kanskje så mange som ein tredel av dei bustadlause kan greie seg i eigen bustad straks. Vidare reknar ein med at ein tredel har behov for bustad med oppfølging, og at den siste tredelen har behov for behandling før vedkommande kan greie seg i eigen bustad. Ein kan ikkje ut frå dette seie noko om fordelinga av behov på bustad og tenester, men tal gir ein indikasjon på at ein del av dei bustadlause som er i kontakt med hjelpeapparatet kan klare seg i eigen bustad med eller utan oppfølging.

Dei aller fleste bustadlause bur i ei eller anna form for bustad. Berre nokre få lever verkeleg ute. NBI si undersøking viser at dei viktigaste opphaldsstadene for bustadlause er mellombels hjå kjende (25 pst), på institusjon eller i fengsel (23 pst), hospits og liknande (18 pst), og frå dag til dag hjå kjende (9 pst). For 35 pst. er bustadløysa ein mellombels situasjon, men om det er dei same personane som går ut og inn av situasjonen, eller om det er «nye» personar som kjem til, er vanskeleg å seie.

Det at dei bustadlause er menneske med ulike og ofte samansatte behov, gjer at det kan vere vanskeleg å tilpasse hjelpeapparatet målretta til denne gruppa. Mykje tyder på at mange bustadlause går i ein sirkel frå tilbod til tilbod i ulike delar av hjelpeapparatet, utan å få hjelp som set dei i stand til å bryte ut av situasjonen. Ein typisk sirkel kan vere frå opphald på hospits til opphald på ein institusjon i rusmiddelomsorga eller psykiatrien, deretter opphald på eit hybelhus, omsorgssenter eller liknande, deretter hospits att, og vidare nye rundar i systemet.

Snautt 10 pst. av dei bustadlause hadde bustadproblem primært på grunn av økonomiske vanskar, anten på grunn av arbeidsløyse eller andre problem i ein etableringsfase. Spesielt gjaldt dette innvandrarane. Dei vanlegaste inntektskjeldene til bustadlause var elles økonomisk sosialhjelp (54 pst) og pensjon (19 pst). Berre tre pst. av dei bustadlause hadde løn som viktigaste inntektskjelde. Dei fleste har difor truleg trong økonomi som eit av problema.

Mange av dei som ikkje har eigen bustad eller berre mellombels opphaldsstader, misbruker rusmiddel. Data frå 1996 viser at vel 60 pst. av dei bustadlause som var i kontakt med hjelpeapparatet, misbrukte rusmiddel. Mange bustadlause hadde også psykiske lidingar eller problem. Vel 24 pst. av dei bustadlause hadde slike lidingar i 1996.

Det er ei vanleg oppfatning at misbruk av rusmiddel og/eller psykiske lidingar er årsaken til at ein person manglar bustad. På den andre sida kan livet som bustadlaus skape eller løyse ut ein psykisk sjukdom eller medverke til eit rusmiddelmisbruk, og mangel på bustad kan ofte gjere det vanskeleg å skaffe seg inntektsgivande arbeid. Mangel på bustad kan saman med andre problem skape ein negativ spiral der problema gjensidig forsterkar kvarandre. Ein skal likevel ikkje undervurdere betydninga av ein stram bustadmarknad. Sjå punkt 8.9.4.

5.13 Samla levekår i nokre av gruppene

I avsnitt 4.8 er det gjort ein analyse av utviklinga i samle levekår i befolkninga. Tilsvarande vil ein i dette avsnittet sjå på utviklinga i samla levekår for nokre av gruppene som er omtala i kapittel 5. For omtale av metode og indeksar som er lagde til grunn for måling av samla levekår, sjå avsnitt 4.8

Tabell 5.11 Samla levekår for personar 16-79 år i ulike grupper i 1995. Prosent.

Levekår/gruppeSvært dårlegeDårlegeNormaleGodeSvært gode
Alle111739257
Skuleelevar og studentar182136224
Funksjonshemma332825113
Uførepensjonistar262429165
Einslege minstepensjonistar7520500
Andre minstepensjonistar132738184
Barnefamilier med barn 0-6 år414413010
Barnefamilier med barn 7-19 år29413611
Einslege forsørgjarar192540151
Sosialhjelpsmottakarar52331221

Kjelde: SSB

Samla levekår for skuleelevar og studentar

I 1995 hadde 39 pst. av gruppa skuleelevar og studentar svært dårlege eller dårlege samla levekår. Det er ein auke på ni prosentpoeng frå 1991. Delen med gode eller svært gode samla levekår i denne gruppa er nær uendra i perioden, om lag 26 pst. Den store delen med dårlege samla levekår i denne gruppa kan til dels forklarast med at dei framleis utdannar seg, og skårar med det lågt på områda yrkestilknyting og økonomi. Mange av dei som ikkje bur heime hjå foreldra sine, kjem i tillegg dårleg ut på materiell standard.

Samla levekår for barnefamiliar

I 1991 var både delen med småbarnsfamiliar som hadde svært dårlege/dårlege samla levekår, og dei som hadde gode eller svært gode samla levekår, på om lag 25 pst. I 1995 hadde delen med gode eller svært gode samla levekår auka monaleg, til 40 pst, medan delen med dårlege eller svært dårlege samla levekår var redusert til 18 pst.

Når det gjeld barnefamiliar med større barn (7-19 år), har delen med gode og svært gode samla levekår vore monaleg større enn dei med dårlege/svært dårlege samla levekår i heile perioden. Samtidig hadde delen med gode eller svært gode samla levekår auka ytterlegare i perioden, frå 30 pst. i 1991 til 40 pst. i 1995.

Samla levekår for einslege forsørgjarar

For gruppa einslege forsørgjarar har det i perioden 1991 - 1995 vore ein nedgang på 13 prosentpoeng i delen med svært dårlege samla levekår, medan delen med dårlege samla levekår er omtrent uendra. Delen med gode samla levekår i denne gruppa er om lag fordobla i perioden, medan det i begge åra var berre ein pst. som hadde svært gode samla levekår. I 1991 vart det gjort analysar som viste at dersom ein ser bort frå økonomikomponenten i samleindeksen for einslege forsørgjarar, blir delen med svært dårlege eller dårlege levekår sterkt redusert. Det tyder på at det først og fremst er dårleg økonomi som gir negativt utslag for dei samla levekåra til einslege forsørgjarar.

Samla levekår for funksjonshemma

Dei som har ei funksjonshemming, har mykje dårlegare samla levekår enn gjennomsnittet av folket. Heile 61 pst. av dei funksjonshemma har dårlege eller svært dårlege samla levekår i 1995, mot 28 pst. for heile folket. Berre 14 pst. har gode eller svært gode samla levekår, mot 32 pst. for gjennomsnittet av heile folket. Det kan til ein viss grad kome av at gruppa funksjonshemma i gjennomsnitt er eldre enn folket elles, og at dei per definisjon har dårlegare helse. Som nemnt i kapittel 4, er helse den faktoren som oftast har samanheng med andre levekårsområde. På den andre sida har funksjonshemma dårlegare samla levekår enn til dømes uførepensjonistar og minstepensjonistar (med unntak av einslege minstepensjonistar) 58.

Samla levekår for pensjonistar

Levekåra for personar som blir forsørgde med offentlege ytingar, har til dels monaleg dårlegare samla levekår enn folket elles. Faktorar som høg alder og dårleg helse vil spele ei vesentleg rolle her. Analysene fra 1991 viste at om helse og fritidsaktivitetar tekast ut av samleindeksen, reduserer delen med dårlege levekår sterkt blant alders- og uførepensjonistar. Halvparten av uførepensjonistane har dårlege og svært dårlege samla levekår, medan 21 pst. har gode eller svært gode levekår. Av minstepensjonistane er det 40 pst. som har dårlege samla levekår. I denne gruppa er det likevel ein større del som har «normale» levekår, slik at den delen som har gode levekår ikkje er større for denne gruppa enn for uførepensjonistar.

Blant pensjonistane er det ein påfallande skilnad i samla levekår mellom einslege og andre minstepensjonistar. Dei einslege minstepensjonistane står fram som den gruppa som har størst del med svært dårlege eller dårlege levekår i heile 95 pst. Som vist i kapittel 5.7.1, er einslege minstepensjonistar ofte eldre kvinner. Ein må her merke seg at undersøkinga er gjort før den ekstraordinære auken av minstepensjonen med 12 000 kroner, som Regjeringa foreslo og fekk tilslutnad til i 1998.

Samla levekår for sosialhjelpsmottakarar

Etter dei einslege minstepensjonistane, er sosialhjelpsmottakarar er den gruppa som skil seg ut med dei absolutt dårlegaste samla levekåra. I 1995 hadde over halvparten svært dårlege samla levekår. I tillegg hadde vel ein tredel dårlege samla levekår. Berre tre pst. hadde gode eller svært gode samla levekår. Sosialhjelpsmottakarar er nærast per definisjon ei gruppe med dårlegare levekår enn gjennomsnittet, i og med at økonomi er med i samleindeksen. Om økonomikomponenten i samleindeksen blir teken ut, blir delen med sosialhjelpsmottakarar med svært dårlege og dårlege levekår sterkt redusert, men framleis er denne delen nesten tre gonger så høg som for gjennomsnittet av folket. Det tyder på at problema til sosialhjelpsmottakarar har samband med fleire område enn økonomi.

Samla levekår for innvandrare

Analysane framom har vist at ikkje-vestlege innvandrarar kjem dårlegare ut på dei fleste levekårsområda enn befolkninga elles (sjå avsnitt 5.5). Gruppen innvandrarar er likevel ikkje med i analysen av samla levekår, slik det er vist over. Ein har difor ikkje data for innvandrarane sine samla levekår

5.14 Oppsummering

Analysar av levekår i ulike grupper, viser at dei fleste gruppene i samfunnet har hatt ei positiv utvikling i inntekter og levekår dei siste 10-15 åra. Det er likevel framleis forskjellar både mellom grupper og innanfor i dei enkelte gruppene når det gjeld utviklinga i inntekter og levekår. Spesielt er det forskjellar mellom dei som er tilknytta arbeidslivet og dei som ikkje er det. Manglande yrkestilknyting er den viktigaste årsakan til låg inntekt. Analysane viser at manglande yrkestilknyting ofte skuldast lite utdanning eller dårleg helse.

Ungdomer av ulike årsaker overrepresentert i nederste del av inntektsfordelinga. I tillegg er aldersgruppa 20-24 år den aldersgruppa med høgast del sosialhjelpsmottakarar. Låginntekt og dårlege levekår blant unge er for dei fleste eit mellombels problem, og ofte knytt til utdanningsfasen. Enkelte unge risikerer likevel eit meir varig låginntektsproblem. Dette gjeld særleg unge (menn) med låg utdanning.

Eldre mellom 60 til 65 år har relativt høg inntekt og gode levekår, men det er ein aukande tendens til at dei går ut av arbeidslivet før ordinær pensjonsalder, anten gjennom uførepensjonering eller andre tidlegpensjonsordningar. Dette gjeld først og fremst menn. Årsaker til at denne gruppa går ut av arbeidslivet kan anten vere svekt helse, mangel på etterspurt kompetanse og press frå arbeidsgjevar, eller det kan vere eige ønske om å gå av for å få meir fritid.

Barnefamiliane er den gruppa som har hatt den beste inntektsutviklinga i perioden 1986 til 1996 samla sett. Også einslege forsørgjarar har hatt ei positiv inntektsutvikling. Likevel er par med barn og einslege forsørgjarar overrepresenterte blant dei med låg inntekt over tid. Dette gjeld først og fremst familiar med svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Om lag 10 000 par med barn og einslege forsørgjarar er langtidsmottakarar av sosialhjelp, og mange har høge buutugifter i høve til inntekta, særleg i storbyane. Blant einslege forsørgjarar er det dei som tek i mot overgangsstønad frå folketrygda som har dei dårlegaste levekåra.

Funksjonshemma har ofte dårlegare levekår enn gjennomsnittet for befolkninga, både i form av dårlegare økonomi, svakare arbeidstilknyting og lågare utdanning. I tillegg kan også funksjonshemma ha problem på bustadmarknaden i form av dårleg tilgjenge og tilpassing av bustaden. Unge funksjonshemma kan ha problem med å fullføre vidaregåande opplæring, og dermed vanskar med overgangen til arbeidslivet. Dette kan føre til eit varig låginntektsproblem, med små utsikter til å auke levestandarden seinare.

Ikkje-vestlege innvandrararhar i gjennomsnitt langt lågare inntekter og dårlegare levekår en befolkninga elles. Dei er overrepresenterte både i låginntektsgruppa, og blant (langtids) sosialhjelpsmottakarar. Særleg gjeld dette personar med kort butid i Noreg. Årsaka til låg inntekt og dårlege levekår er først og fremst svak tilknyting til arbeidslivet.

Når det gjeld ulike stønadsgrupper vil overgangen frå yrkesaktiv til stønadsmottakar som regel innebere ein inntektsreduksjon for dei fleste, då både arbeidsløyse og uførepensjon byggjer på eit prinsipp om at ein mottar ein del av tidlegare inntekt. Det er likevel store inntektsforskjellar innanfor i gruppene, avhengig av alder, utdanning, tidlegare arbeidsmarknadstilknyting og helse. Talet på yngre uførepensjonistar har auka, og særleg unge uførepensjonistar med forsørgjaransvar har låg inntekt. På grunn av tidleg svekt helse og låg yrkesdeltaking vil desse kunne få eit meir varig låginntektsproblem. Blant dei langtidsledige er også ei gruppe som ikkje har opparbeidd rett til arbeidsløysetrygd, anten fordi dei er unge, nykommarar på arbeidsmarknaden eller fordi dei er innvandrarar med kort butid i landet. Desse er avhengige av økonomisk sosialhjelp til sitt livsopphald.

Ei gruppe langtidssjukefell utanfor arbeidsmarknaden, men fyller likevel ikkje krava til varig inntektssikring frå folketrygda. Mange kjem inn i ei langvarig vandring mellom ulike tiltak og stønadsordningar utan å få ei varig løysing. Denne gruppa har og inntekts- og levekårsproblem, og mange tek imot sosialhjelp i periodar. Hovudproblemet er at dei ikkje får eit varig fotfeste på arbeidsmarknaden.

Sosialhjelpsmottakarar skil seg særleg ut frå andre grupper ved å ha låge inntekter og dårlege samla levekår, og særleg langtidsmottakarar av sosialhjelp har i stor grad samansette levekårsproblem. Dei fleste sosialhjelpsmottakarar har lite utdanning og ei marginal stilling på arbeidsmarknaden, og mange er av ulike grunnar ikkje vurderte som aktuelle for arbeid. Men sosialhjelpsmottakarane er samansett av ulike grupper, som har det til felles at dei har så låg inntekt at dei treng å få stønad til livsopphaldet. Blant sosialhjelpsmottakarar finn ein mange unge, einslege, ikkje-vestlege innvandrarar og einslege forsørgjarar. I tillegg finn ein spesielt utsette grupper, som bustadslause og rusmisbrukarar.

Fotnotar

1.

Agderforskning 53/98 «Livskvalitet»

2.

Grøgaard m.fl. «Følge opp- eller forfølge? Evaluering av oppfølgingstjenesten i Reform 94» Fafo-rapport 263/99

3.

Vidaregåande skule blir delt inn i VGS 1 (fullført inntil VK1) og VGS2 (fullført vidaregåande skule, evt. teke fagbrev)

4.

Lars Guldbrandsen Skriftserie 3/98 NOVA

5.

Levekårsdata for studentar frå 1998, og det er ikkje gjort tilsvarande undersøkingar tidlegare som gjer at ein kan sjå på utvikling over tid.

6.

Lån og stipend frå Lånekassen blir kostnadsjustert kvar pr ift. lønns- og prisutvikling, jfr. St meld 14 (1993-1994)

7.

Rapport frå ei arbeidsgruppe, desember 1997 «Analyse av fleksible pensjonsordninger og endringer i besteårsregelen» FAFO 1997

8.

NOU 1998:19 Fleksibel pensjonering

9.

Truleg har de i fleste med så låg inntekt gått av med uførepensjon

10.

Buøkonomi er forstått som samla inntekt etter skatt, og minus samla buutgifter. Dårleg buøkonomi har den som sit att med mindre enn 80 pst. av minstesatsen i folketrygda

11.

Ein har ikkje data om kor lenge eineforsørgjarfasen varer for dei som ikkje tek imot overgangsstønad (Kilde: Rikstrygdeverket)

12.

Randi Kjelstad «Enslige forsørgere: Forsørgelse og levekår før og etter overgang til en ny livsfase» SSB, 1998

13.

Melby 1997 «Far har best økonomi» Samfunnsspeilet 1/97 Statistisk sentralbyrå

14.

Bratberg og Tjøtta: «Levekår i barnefamilier etter skilsmisse» SNF 1/99

15.

Basisrapport 1998, Rikstrygdeverket

16.

Statens institutt for forbruksforskning (SIFO)

17.

Lorentzen: «Tung bør, sterk rygg. Arbeids- og inntektsmønstre i familier med funksjonshemmede barn», INAS 2/1992

18.

Datatilfanget for personar med vedvarande låg inntekt er lite fordi desse personane utgjer ei lita gruppe

19.

For innvandrarar har ein ikkje opplysningar om inntekt over tid

20.

Tala for gjennomsnittsinntekt er baserte på kvadratrotskalaen (e= 0,5)

21.

Rapport frå ei tverrdepartemental arbeidsgruppe om nytilkomne innvandrarar/flyktningar og inntektssikring, januar 1999

22.

Djuve, Hagen, Bjørnskau, Fafo-rapport 210, Oslo 1996

23.

Omgrepet «arbeidstakar» inkluderer ikkje sjølvstendig næringsdrivande

24.

Innvandrarane er overrepresenterte i aldersgruppa 25-39 og underrepresenterte i aldersgruppa over 50 år. Ein må ta omsyn til det når ein tolkar statistikken. Gjennomgåande har yngre meir utdanning enn eldre.

25.

Bukonsentrasjon er nemning for område som får ei einsidig befolkningssamansetnad anten det gjeld alder, yrke, levekår eller opphav.

26.

Nordlandsforskning 17/97

27.

Agderforskning 53/98 «Livskvalitet»

28.

«Funksjonshemmede i Nordland. Levekår og livskvalitet» Nordlandsforskning 17/97

29.

Ole Guldbrandsen: Funksjonshemmede i Norge: Boforholdene: Status 1995. Norges byggforskningsinstitutt 1996

30.

Opptening av tilleggspensjon byrja i 1967, og dei som gjekk av med pensjon rett etter dette rakk ikkje å tene opp tilleggspensjon.

31.

Dahl og Vogt - FAFO 1997

32.

Ein gjengangar er ein person som er sjukmeldt i fleire periodar med mindre enn 6 månaders mellomrom. Ein person må ha v ore arbeidsfør i minst 26 veker før han igjen får rett til sjukepengar frå trygda i eit år. Tilbakevandrarar kan anten vere personar som har avslutta rehabilitering eller yrkesretta attføring og som mott ek nye sjukepengar, eller personar med gradert uførepensjon som mott ek sjukepengar.

33.

Første uføretidspunkt er definert i Folketrygdlova § 10-12 «Uføretidspunktet er det tidspunktet da eit medlem fekk inntektsevna/arbeidsevna si varig nedsett med minst halvparten»

34.

Det må takast atterhald når det gjeld fastsetjing av uføretidspunkt for unge uføre, då det er svært vanskeleg å gjera for denne gruppa. Dette gjaldt om lag 2 500 av dei nye uførepensjonistane i 1997.

35.

Rikstrygdeverket har analysert klientstrauørt på eit 10-prosentutval. Alle overgangar mellom sjukepengar, rehabiliteringspengar, attføringspengar, venteperiodar og periodar med ingen ytingar er med i materialet. Kategorien inga yting inneheld m.a. personar i arbeid, personar på sosialhjelp eller personar som er forsørgde av andre. Tala syner at om lag 53 pst. av den ikkje-uføre delen av befolkninga ikkje har motteke nokon av dei tre nemnde trygdeytingane i denne perioden.

36.

Det finst berre diagnosedata f.o.m. 1994. Dette gjer at det manglar diagnose for dei uføre i om lag 40 pst. av tilfella, mens dette berre gjeld om lag 4 pst. av dei langtidssjuke.

37.

Aaberget m.fl. «Temporær og kronisk fattigdom i Norge, 1979-1996», Statistisk sentralbyrå 1999.

38.

SSB har gjort ein liknande analyse som Rikstrygdeverket, og avgrensa ei gruppe personar som i perioden 1992-96 var innom minst 3 av dei 4 statusane: attføring (medisinsk og yrkesmessig), arbeidslaus, arbeidsmarknadstiltak og uførepensjon. I tillegg har dei analysert sitasjonen for personar som var registerte på attføring november alle åra i perioden. Denne gruppa er såleis ikkje identisk med dei langtidssjuke i RTV-materialet.

39.

Holte: Helse i Arbeidslivet, Statens Institutt for folkehelse, 1999.

40.

Inntektsomgrepet som er nytta her, er pensjonsgivande hushaldsinntekt og pensjonar per forbrukseining før skatt. Kapitalinntekter, sosialhjelp, rehabiliterings- og attføringspengar er dermed ikkje med i inntektsomgrepet. Skilnadene blir truleg noko mindre mellom dei uføre og dei ikkje-uføre for inntekt etter skatt, m a på grunn av særskilde skattereglar for uførepensjonistar.

41.

Låginntektsgrensa er 2,2 G, eller om lag 92 400 kroner før skatt. (RTV-data)

42.

Lars-Erik Becken: Unge uførepensjonerte. INAS-notat 1996:3.

43.

Vi har ikkje data som kan knytte sambuarar saman, slik at sambuarar i analysane under framstår som einslege

44.

Ein person blir definert som langtidsledig dersom vedkomande er registrert arbeidslaus i minst seks månader samanhengande. Ledige blir derfor ikkje registrerte som langtidsledige dersom dei i arbeidsløyseperioden er med på arbeidsmarknadstiltak eller har kortvarige jobbar. Mange kan derfor vere utan ordinært arbeid i ein lengre periode utan dermed å bli rekna som langtidsledige (sjå elles definisjonar av arbeidsløyse/undersysselsetjing i avsnitt 4.2 Om arbeid).

45.

Osmunddalen, Åne. Kommunal variasjon i sosialhjelpsnivå, inntektsnivå blant sosialhjelpsmottakere og langtidsbruk av sosialhjelp. Statistisk sentralbyrå 1998. Publisert i Statistisk sentralbyrå sine Notater 99/34. Forskjeller i levekår. Hefte 3. Bruk av velferdsordninger.

46.

Medan prinsippa for regulering av grunnbeløpet i folketrygda inneber at det er ein samanheng mellom nivået på ytingane i dei ulike trygdeordningane og lønnsauken hjå dei yrkesaktive, er det for sosial stønad inga slik direkte samanheng. Dette skyldast at stønadsnivået her byggjer på at det (berre) er visse typar varer og tenester for å sikre naudsynt livsopphald som vert dekt. Det har over tid vore lita endring i kva for varer og tenester som ein får dekt utgiftene til. Regjeringa har hausten 1998 gitt ei ny rettleiing for utmåling av sosial stønad. Den nye rettleiinga er noko meir konkret enn dei gamle, og opnar meir enn dei gamle for dekning av visse typar utgifter, t.d. telefonutgifter. Det vil likevel vere opp til den einskilde kommune å avgjere om dei nye retningslinene skal lede til eit høgare nivå på den sosiale stønaden.

47.

Se fotnote 44.

48.

Når ein berre ser på utdanningsnivået for mottakarar ein einskild månad, vil langtidsmottakarar truleg vere overrepresenterte. Når langtidsmottakarane har eit lågare utdanningsnivå enn andre mottakarar av sosial stønad, vil utdanningsnivået for alle klientar det einskilde året vere noko høgare.

49.

Krogh, P. 1988. Pasienter i A-klinikker og kursteder. SIFA-rapport nr. 1/88. Statens institutt for alkohol- og narkotikaforskning Lauritzen, G., Waal H., Amundsen A. og Arner, O.: A Nationwide Study of Norwegian Drug Abusers in Treatment: Methods and Findings. Nordisk Alkohol- og Narkotikatidsskrift, nr. 14 1997 (English Supplement) 43-63 Rossow I., Skretting, A. og Amundsen A. Fra straff til varm seng. Beskrivelse av utviklingstrekk i tiltak for rusmiddelmisbrukere og klienter ved en avrusningsstasjon gjennom 25 år. SIFA-rapport 1/98. Statens institutt for alkohol- og narkotikaforskning, Oslo 1998.

50.

Det er vanskeleg å seie presis korleis utviklinga har vore sidan det kan variere noko frå år til år kor mange klientar ein manglar opplysningar om arbeidssituasjonen for

51.

Personar med tiltak for yrkeshemma vil óg kunne ha fått tiltak for ordinære arbeidssøkjarar. Til saman 4 300 hadde både fått tiltak for yrkeshemma og for ordinære arbeidssøkjarar. Dette er grunnen til at summen av dei som har fått ordinære tiltak og dei som har fått tiltak for yrkeshemma er større enn talet på klientar som har fått tiltak.

52.

Inndelinga er basert på kjenneteikna ved mottakarane i h.h.v. 1993 og 1996, og mange av disse kjenneteikna kan ha blitt endra over ei tidsperiode.

53.

Talet kan vere noko for høgt då einskilde kan ha fleire trygdeytingar samstundes. Opplysningane er henta frå Statistisk sentralbyrå sin statistikk over sosial stønad, som er basert på data frå sosialkontora. Opplysningar om trygdeytingar gjeld fyrste tidspunktet i året ein søkjer om sosial stønad

54.

I dei yngste aldersgruppene vil det vere få med lang stønadstid, då dei i delar av perioden kan ha vore for unge til å få sosial stønad

55.

Lars Marius Ulfrstad: «Bostedløshet i Norge. Kartlegging av bostedsløse i kontakt med hjelpeapparatet». Byggforsk prosjektrapport 216:97

56.

Rapport om vanskeligstilte på boligmarkedet i Oslo. Utgreidd av NBI, på oppdrag frå ei arbeidsgruppe nedsett av Kommunal- og regionaldepartementet

57.

Ulfrstad: Hjelpeapparatet for bostedsløse. NBI 1999

58.

Tall for 1995 når det gjelder funksjonshemma, uførepensjonistar og minstepensjonistar

Til forsida