St.meld. nr. 50 (1998-99)

Utjamningsmeldinga

Til innhaldsliste

7 Fordeling av inntekt og levekår i ein del OECD-land

7.1 Innleiing

Føremålet med kapitlet er å setje funna om levekår i Noreg inn i ei internasjonal referanseramme. Avsnitt 7.2 samanliknar først i korte trekk velferdssystema i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA. Vidare blir den økonomiske utviklinga, utviklinga på arbeidsmarknaden, utdanningsnivået og skattenivået i desse landa dei siste ti åra omtala.

Boks 7.1 Om datagrunnlaget og ekvivalensskala

For å kunne gi eit breiast mogleg bilete av levekår og inntekt i Noreg samanlikna med andre land, er data til dette kapitlet henta frå mange ulike kjelder. Men det har ikkje vore mogleg å skaffe like mykje og gode data om alle dei åtte landa som blir analyserte på alle områda. Kategoriseringa i ulike velferdsstatar i kapittel 7.2 er henta frå boka The three worlds of welfare capitalism av Esping Andersen (1990). Utgreiinga om økonomisk utvikling og arbeidsmarknaden er teken frå OECD Economic Outlook (1997), medan delen om utdanning kjem frå OECD Education at a glance. Indicators (1998).

Data i kapittel 7.3 om inntektsfordeling er hovudsakleg henta frå OECD Working paper no 189 Income distribution and poverty in selected countries (1998). I kapittel 7.4 om låge inntekter har ein i tillegg, brukt LIS Working paper no 155 Financial poverty in Developed Countries av Smeeding (1997) og rapporten frå FAFO Fattigdom og sosial eksklusjon i et komparativt perspektiv av Lian, Enjolras og Lødemel (1999). Kapittel 7.5 om opphoping av dårlege levekår er bygd på Fattigdom og sosial eksklusjon i et komparativt perspektiv.

Fordi kapitlet byggjer på fleire ulike kjelder, kan årstal som data er henta frå, inntektsomgrepet og type ekvivalensskala variere noko gjennom kapitlet. Både i Income distribution and poverty in selected countries og Financial poverty in Developed Countries blir kvadratrotskalaen brukt (sjå boks 3.3 for ei nærmare utgreiing av ulike typar ekvivalensskalaer). I Fattigdom og sosial eksklusjon i et komparativt perspektiv blir derimot ein modifisert OECD-skala brukt (OECD-86-skalaen) som gir noko mindre stordriftsfordelar enn kvadratrotskalaen. OECD86-skalaen gir første vaksne person i eit hushald vekta 1, andre vaksne over 14 år 0,5 og barn 0,3.

I avsnitt 7.3 er utviklinga og nivå på inntektsfordelinga i Noreg samanlikna med andre land kartlagt. Avsnittet inneheld ein analyse av inntektsfordeling på eit aggregert nivå, samansetnaden av inntekter og inntektsfordeling etter alder, familietype og yrkestilknyting. Avsnitt 7.4 tek for seg omfang og utvikling av låge inntekter på 1990-talet. For Noreg, Frankrike, England, Danmark og Nederland er det i tillegg gjort ein analyse av låge inntekter i gruppene unge vaksne, einslege forsørgjarar, sjuke/uføre og alderspensjonistar. Opphoping av inntekt og dårlege levekår er temaet i avsnitt 7.5 for dei same fem landa, både på aggregert nivå og i dei fire gruppene.

7.2 Strukturelle skilnader mellom landa

7.2.1 Institusjonelle ordningar

Ulike innretningar på velferdsinstitusjonar og stønadssystem mellom desse landa kan i høg grad påverke inntektsfordelinga, omfanget av låge inntekter og levestandard for dei same gruppene på tvers av landegrensene. Eit viktig skilje ligg i om hovudansvaret for velferdssikringa kviler på staten, marknaden eller familien. I samfunnsvitskapleg litteratur er det vanleg å skilje mellom tre idealtypiske velferdsmodellar; den angloamerikanske, den kontinentale og den skandinaviske. I realiteten er det få land som har eit system som reindyrkar ein av desse modellane, men heller at dei tek med element frå alle. Velferdsmodellane er likevel eit godt utgangspunkt for å gi eit oversyn over sentrale skilnader mellom velferdsinstitusjonane i ulike land.

Den angloamerikanske velferdsstaten

Hovudføremålet med ein angloamerikansk velferdsmodell er i korte trekk å syte for å gi innbyggjarane ei minstesikring, samtidig som ein legg vekt på incentivet for å få folk til å arbeide. Fordi fokus i denne modellen er på fattigdom - og ikkje på omfordeling - er omfordelingsgraden i eit slikt system normalt låg. Marknaden spelar ei viktig rolle, anten ved at staten garanterer ei minstesikring for den enkelte og overlet resten til marknaden, eller ved at han subsidierer private velferdstrygder. Nivået på ytingane er relativt lågt for å motivere til arbeid. Ytingane kan utformast på to måtar; anten behovsprøvd slik at berre dei med størst behov får stønad, eller staten kan yte låge universelle overføringar. Ytingane blir oftast finansierte med generelle skattar.

Den kontinentale velferdsstaten: Statussikringsmodellen

Rettar er i ein kontinental velferdsmodell knytt til klasse, yrke og status, og føremålet med velferdssystemet er i stor grad å sikre inntektsnivået frå tidlegare yrkesaktivitet til personar som ikkje lenger kan arbeide. Familien er tradisjonelt viktig som velferdsforsørgjar, og staten kjem inn når dette ikkje lenger er mogleg. Marknaden spelar ei mindre viktig rolle enn i den anglo-amerikanske velferdsstaten. Ytingane er i hovudsak avhengige av inntekt, og fokus er i første rekkje sett på omfordeling over livsløpet, og i mindre grad omfordeling til personar som ikkje har opptening i systemet. Folk med høg inntekt frå tidlegare arbeid får høge ytingar og folk med låg inntekt får låge ytingar. Sidan ytingane i stor grad avheng av tidlegare lønnsinntekt, er dei ikkje universelle. Velferdsstaten er i hovudsak avgiftsfinanisert frå partane i arbeidslivet, og ikkje med generelle skattar.

Den skandinaviske velferdsstaten: Likskap og universalitet

Staten har i ein skandinavisk velferdsmodell som mål å sikre likskap, og både stønadssystemet og skattesystemet er innretta med omfordeling av inntektene som eit sentralt mål. Stønadssystemet byggjer i stor grad på individuelle rettar, og familien spelar ei relativt underordna rolle som velferdsforsørgjar. Ytingane er universelle, og for å sikre individuell sjølvstende og likskap på eit relativt høgt nivå (i motsetnad til ei minstesikring), er både ytingar og offentlege tenester relativt generøse. Den skandinaviske velferdsstaten er i stor grad finansiert med generelle skattar.

Kort om velferdssystema i ulike land

Jamvel om ingen land har eit velferdssystem som passar nøyaktig til skildringa av nokon av dei tre velferdsmodellane ovanfor, har dei ulike landa velferdssystem som i større eller mindre grad liknar på dei tre modellane. Dei åtte landa kan kategoriserast i høve til dei tre velferdsmodellane:

  • Dei angloamerikanske velferdsstatane: USA og Storbritannia, sjølv om Storbritannina og har trekk frå det skandinaviske systemet.

  • Dei skandinaviske velferdsstatane: Sverige, Danmark, Noreg og Nederland. Danmark har trekk frå den angloamerikanske modellen, Noreg frå den kontinentale og Nederland frå begge.

  • Dei kontinentale velferdsstatane: Frankrike og Tyskland. Frankrike har trekk frå den skandinaviske modellen, medan Tyskland har trekk både frå den angloamerikanske og den skandinaviske modellen

7.2.2 Økonomisk nivå og utvikling

Alle landa som blir omtala i dette kapitlet er relativt velståande. USA hadde i 1995 det høgaste bruttonasjonalproduktet per innbyggjar av dei 8 landa, følgd av Noreg. Det var lågkonjunktur i dei fleste europeiske landa først i 1990-åra. Både Frankrike, Storbritannia, USA, Sverige og Tyskland hadde negativ økonomisk vekst i eit eller fleire år i denne perioden, men etter 1993 har det vore relativt høg økonomisk vekst i alle landa. Noreg hadde saman med Danmark lågkonjunktur på slutten av 1980-åra, og Noreg har i 1990-åra gjennomsnittleg hatt den sterkaste veksten av landa vi analyserer (tabell 7.1).

Tabell 7.1 Økonomisk nivå og vekst i åtte OECD-land 1986-96. Gjennomsnittleg prosentvis vekst frå føregåande år og bnp per innbyggjar i prosent av gjennomsnittet i OECD

Bnp per innbyggjar 19951986-901990-96
USA1382,91,9
Noreg1211,63,6
Danmark1121,32,2
Tyskland1063,42,5
Frankrike1043,21,2
Nederland1013,12,6
Sverige952,30,7
Storbritannia953,31,3

Kjelde: OECD Economic Outlook Dec 97/OECD National Accounts 1996

7.2.3 Arbeidsmarknaden

Det har vore store variasjonar i arbeidsløysa i dei åtte OECD-landa i perioden 1986-96. Frå slutten av 1980-åra/byrjinga på 1990-åra opplevde dei fleste landa vekst i arbeidsløysa, og frå om lag 1993 har arbeidsløysa falle eller stabilisert seg i alle land utanom Tyskland og Frankrike.

På slutten av 1980-åra var arbeidsløysa lågast i Noreg, Sverige og USA, medan ho var høgast i Storbritannia, Danmark og Frankrike. I 1990-åra har auken i talet på arbeidslause vore særleg sterkast i Sverige og Tyskland. Danmark og Storbritannia har opplevd det største fallet i arbeidsløysa sidan 1993. Arbeidsløysa var i 1996 under 6 pst. berre i Noreg og USA, og over 10 pst. i Frankrike og Tyskland.

Eit land kan ha låg arbeidsløyse, men samtidig låg arbeidsmarknadsdeltaking og omvendt. Ein auke i arbeidsmarknadsdeltakinga kan minske delen personar med ingen eller låg inntekt og har derfor innverknad på inntektsfordelinga. Arbeidsdeltakinga var i 1996 høgast i dei skandinaviske landa, USA og Storbritannia, medan ho var lågast i Nederland og Frankrike (figur 7.1). Det siste tiåret har deltakinga på arbeidsmarknaden auka i USA og Nederland, og ho har gått ned i Sverige og Danmark. I Noreg gjekk delen sysselsette ned fram til 1993, men har auka att etterpå, og er i 1996 den same som i 1986.

Figur 7-1 Deltaking i arbeidsmarknaden i åtte OECD-land. Arbeidsstyrken som del av det totale folketalet i arbeidsfør alder 1986 og 1996.

Figur 7-1 Deltaking i arbeidsmarknaden i åtte OECD-land. Arbeidsstyrken som del av det totale folketalet i arbeidsfør alder 1986 og 1996.

Kjelde: OECD

7.2.4 Utdanning

I høve til andre land er utdanningsnivået høgt i Noreg. USA, Noreg og Tyskland har den høgaste delen av befolkninga med vidaregåande utdanning av landa som er sett på her. Hovudtendensen i disse landa, er at yngre i større grad enn eldre har vidaregåande opplæring. Det er særleg stor avstand mellom dei yngste og dei eldste i Frankrike, Sverige og Noreg. Dersom ein ser alle aldersgrupper samla, har færre kvinner enn menn vidaregåande opplæring. Unntaket er Sverige, der delen kvinner med vidaregåande opplæring er høgare enn for menn i alle aldersgrupper. I dei andre landa har unge kvinner i like stor grad vidaregåande opplæring som unge menn. Unntaket er Tyskland, der delen kvinner med vidaregåande opplæring er lågare enn for menn i alle aldersgruppene.

Delen av folketalet med minst universitets- eller høgskuleutdanning er høgast i USA og Nederland, men den er også relativt høg i Danmark og Noreg.

Tabell 7.2 Del av folketalet i alderen 25-64 år som har utdanning minst på nivå med vidaregåande skole og universitet- eller høgskulenivå (1996)

LandDel med vidaregåande skuleDel med utdanning på høgskule/universitetsnivå
USA8626
Noreg8216
Tyskland8113
Storbritannia7613
Sverige7413
Danmark6615
Nederland6323
Frankrike6010

Kjelde: OECD Education at a glance. Indicators 1998

I Noreg stig delen med universitets- eller høgskuleutdanning jamt med aukande alder, slik at dei yngste har høgare utdanning enn dei eldre. Det same ser ein også i Frankrike, medan i dei andre landa er biletet meir variert. Til dømes er delen med universitet og høgskule i Sverige høgst i aldersgruppa 45-54 år og minst i aldersgruppene 25-34 år og 55-64 år. I Noreg er skilnaden mellom utdanningsnivået til dei yngste og eldste med omsyn til utdanning på universitetsnivå særleg markert.

I Noreg og Danmark er delen kvinner under 45 år med høgare utdanning større enn for menn i same alder. I dei andre landa er delen menn med høgare utdanning i denne alderen stort sett større enn for kvinner.

7.2.5 Skattenivå

Skattar og avgifter som del av BNP

Tabell 7.3 viser inntektene frå direkte og indirekte skattar som del av bruttonasjonalproduktet (BNP) i 1997 for Noreg og OECD-land. Tabellen viser at skattenivået målt i forhold til BNP i Noreg var på om lag 43,1 pst. i 1997. Dette er litt høgare enn nivået i EU, som var på 41,1 pst. (voge gjennomsnitt). Delen for Noreg er høgare når vi utelet petroleumssektoren. Delen for Fastlands-Noreg var i 1997 på om lag 48,1 pst. Noreg har eit skattenivå som er lågare enn gjennomsnittet for dei nordiske landa, men vesentleg høgare enn for eksempel USA (28,5 pst.).

Eit forhold som ein må ta med ved slike internasjonale sammenlikningar er at skattenivået i ulike land vil ha samanheng med bl.a. i kva grad dei ulike landa har offentlege eller private pensjonssystem, og i kva grad pensjonar og andre offentlege kontantytingar er skattepliktige. Noreg og dei andre nordiske landa har eit relativt godt utbygd offentleg pensjonssystem samanlikna med andre OECD-land og stor grad av skatt på pensjonar m.m. Dette dreg isolert sett i retning av høgare registrerte skattar og avgifter som del av BNP. Eit anna forhold ein må ta med, er kva land som har gjort revisjon etter nye nasjonalrekneskapsstandardar. Noreg er eit av dei første landa som har gjort dette, og det har gitt ein auke i BNP. Det trekkjer isolert sett i retning av at Noreg får lågare skattar og avgifter som del av BNP enn land som ikkje har gjennomført ein revisjon av nasjonalrekneskapen.

Tabell 7.3 Skattar og avgifter som del av BNP i Noreg og OECD-land1. 1997. Prosent

Land1997
Japan228,4
USA228,5
Storbritannia235,3
Tyskland37,5
Noreg43,1
Italia44,9
Frankrike46,1
Finland47,3
Danmark252,2
Sverige53,3
Voge gjennomsnitt:
Norden49,5
EU41,1
OECD34,4

1 Rangert etter skattenivået

2 1996-tal

Kjelde: OECD og Statistisk sentralbyrå

Skattlegging av arbeid

Arbeidskraft blir skattlagd på arbeidsgivars hand gjennom arbeidsgivaravgifta og for arbeidstakaren gjennom personlege inntektsskattar og trygdeavgifter. OECD utgir årleg statistikk over skattereglane og dei formelle skattesatsane for ein gjennomsnittleg lønnstakar i dei ulike landa. Dei ulike landa skattlegg lønn på forskjellige måtar, og land med låge inntektsskattar har ofte høge trygdeavgifter og/eller arbeidsgivaravgift. For å få eit best mogleg samanlikningsgrunnlag er det derfor tenleg å sjå på den samla skatten på lønnsinntekter basert på formelle skattesatsar og grenser når ein samanliknar skatten på arbeid mellom landa i OECD-området.

En bør vere varsom med å trekkje generelle konklusjonar om skattenivået i ulike land på bakgrunn av ein slik tabell. Det kjem bl.a. av at gjennomsnittleg industriarbeidarinntekt i forhold til gjennomsnittsinntekta kan variere mellom landa. I eit progressivt skattesystem kan dette påverke kor høg skatteprosenten blir i tabellen. Vidare er samanlikninga basert på formelle reglar. Forskjellar i frådragsreglar og liknande vil kunne ha mykje å seie for den faktiske skattlegginga.

Tabell 7.4 viser marginalskatten på arbeid i Noreg og utvalde OECD-land i 1997 for ein lønnstakar med inntekt på høvesvis 67 pst., 100 pst. og 167 pst. av gjennomsnittslønna til ein industriarbeidar i dei respektive landa. Tabellen viser at dei fleste landa har progressive skattar ved at marginalskatten aukar når inntektsnivået aukar frå 67 pst. til 167 pst. av gjennomsnittslønna. I følgje OECD-oversikta har Noreg lågare marginalskatt på arbeid enn dei fleste europeiske landa, men vesentleg høgare enn t.d. Storbritannia og USA.

Tabell 7.4 Høgaste direkte marginalskatt på arbeidsinnsats i Noreg og utvalde OECD-land1. 1997. Prosent

Lønnsinntekt i pst. av gj.sn.lønnsinntekt3Marginalskatt medrekna inntektsskatt, trygdeavgift og arbeidsgivaravgift2.
67 pst.100 pst.167 pst.
Japan22,026,829,8
USA34,934,947,0
Storbritannia39,139,130,0
Noreg43,051,455,2
Sverige54,051,667,4
Danmark52,252,263,9
Frankrike74,053,951,5
Italia55,259,557,7
Finland56,260,765,2
Tyskland60,263,063,4

1 Landa er rangert etter nivået på marginalskatten når lønnsinntekta tilsvarar gjennomsnittlig industriarbeidarlønn.

2 Marginalskatten er rekna i forhold til samla lønnsutgifter, som tilsvarar utbetalt lønn og arbeidsgivaravgift.

3 Gjennomsnittleg lønnsinntekt tilsvarar gjennomsnittslønna til ein industriarbeidar. I Noreg var denne på 230 200 kroner i 1996.

Kjelde: OECD

Skatt på overskot i OECD-landa

Tabell 7.5 viser den maksimale marginalskatten på overskot i aksjeselskap i 1997. Tabellen viser at dei formelle skattesatsane på overskot i aksjeselskap varierer kraftig mellom landa i OECD-området, frå 28 pst. i Noreg, Finland og Danmark til 52,2 pst. i Italia. Tabellen viser også at den formelle skattesatsen på overskot i Noreg er låg i internasjonal samanheng.

Tabell 7.5 Høgaste marginalskatt på overskot i aksje-selskap. 1997. Prosent

Land11997
Noreg28
Sverige28
Finland28
Frankrike33
Storbritannia33
Danmark34
Japan37,5
USA39,5
Tyskland45/30
Italia52,2

1 Landa er rangert etter nivå på marginalskatten.

Kjelde: OECD

Dei formelle skattesatsane gir likevel ikkje eit fullstendig bilete av den effektive bedriftsskattlegginga, sidan grunnlaget for skatten ikkje er det same i dei ulike landa. Dette er tilfellet sjølv om mange av OECD-landa sidan midten av 1980-talet har hatt skattereformer i retning av å utvide skattegrunnlaget, kombinert med ein reduksjon av skattesatsane. Noreg er eit av de landa som gjekk lengst i retning av å redusere skattesatsane og utvide skattegrunnlaget.

7.3 Inntektsfordeling

I dette avsnittet er inntektsfordelinga i Noreg samanlikna med fordelinga i Sverige, Danmark, Tyskland, Frankrike 1, Nederland og USA, medan vi ikkje har tal for Storbritannia. I tillegg er vist gini-koeffisientar for seks andre land 2for å kunne gi eit breiare bilete av korleis inntektene er fordelte i Noreg samanlikna med andre land. Inntektsomgrepet er hushaldsinntekt per forbrukseining, og dersom ikkje noko anna er presisert i tabellen, er kvadratrotskalaen brukt.

Boks 7.2 Problem med å samanlikne inntektstilhøve mellom ulike land

Oppbygginga av ulike internasjonale databasar som til dømes Luxemburg Income Study, har gjort at uvissa knytt til resultata ved samanlikning av inntekts- og levekårstilhøve mellom ulike land har vorte mykje mindre i dag enn berre for nokre år sidan. Likevel fører samanlikning på tvers av landegrensene med seg ein del problem som det er viktig å vere merksam på:

  • Berre direkte inntekter og skattar er tekne med i inntektsomgrepet, medan indirekte skattar og subsidiering ikkje er tekne omsyn til. Dersom til dømes bustønad blir gitt som kontantstønader i eitt land og som subsidiar i andre, kan det vere vanskeleg å få eit godt bilete av dei reelle inntektsskilnadene mellom grupper som tek imot bustønad i dei to landa.

  • Inntektsdata er samla inn på ulike måtar i ulike land. I dei fleste land blir det brukt spørjeundersøkingar, medan det i Noreg er brukt registeropplysningar. Feilkjelder og underrapportering er truleg større i land der spørjeundersøkingar er brukte. I tillegg kan innhaldet i ulike inntektskomponentar (eks kapitalinntekt) vere ulikt mellom land. At den «svarte» delen av økonomien manglar heilt i inntektsmaterialet, kan og vere eit problem fordi omfanget av den skjulte økonomien er større i somme land enn i andre.

  • Som regel er inntektseininga ved slike analysar hushaldsinntekt per hushaldsmedlem. Ulik hushaldssamansetnad mellom land kan gjere det vanskeleg å samanlikne resultata. Dersom ein nyttar ekvivalensskalaer med store stordrifsfordelar, vil til dømes talet på menneske med låg inntekt kunne bli større i eit land kor ein høg del av hushalda er einpersonshushald enn i eit land der den gjennomsnittlege storleiken på hushalda er større.

  • Ulike velferdssystem og kulturelle skilnader kan gjere at folk på tvers av landegrensene oppfattar spørsmål om inntekt og levekår på ulike måtar.

  • Storleiken på utvala i høve til folketalet kan variere i ulike land, slik at representativiteten av resultata kan variere.

  • Undersøkingar kan vere frå ulike tidspunkt, slik at inntektsperiodane ikkje kan samanliknast direkte.

Boks 7.3 Inntektsomgrepet i OECD-materialet

Lønnsinntekt: Lønn og sjukepengar

Kapitalinntekt: Tenestepensjonar, renter, aksjeutbytte mm, pluss inntekt frå sjølvstendig næringsdrivande

Overføringar: Overføringar frå offentlege kjelder (ulykkes- og uføreytingar, alderspensjonsytingar, arbeidsløyseytingar, fødselsytingar, barne- og familieytingar og alle inntekts - eller behovsprøvde ytingar)

Skattar: Direkte skattar og trygdeavgift

Marknadsinntekt: Lønnsinntekt + kapitalinntekt

Disponibel inntekt: Lønnsinntekt + kapitalinntekt + overføringar - skattar

7.3.1 Skilnader og utvikling i inntektsfordelinga

Dei fleste komparative studiar av inntektsfordelinga i ulike land syner at inntektene i Noreg er relativt jamt fordelte. Det gjeld både på midten av 1980-åra og på midten av 1990-åra. Saman med dei andre skandinaviske landa og Nederland 3 har Noreg den minste spreiinga i disponibel inntekt per hushald av alle landa som er analysert i dette kapitlet. Det gjeld også når ein samanliknar med andre OECD-land 4. Jamvel om det er noko uvisse knytt til resultata frå slike samanlikningar mellom fleire land, kan det likevel verke som inntektsulikskapen er noko større i Noreg enn i dei tre andre nordiske landa som er med i OECD-materialet.

Tabell 7.6 Ulikskap i inntektsfordelinga. Gini-koeffisientar for disponibel inntekt på midten av 1980-talet og midten av 1990-åra for 13 OECD-land.

Årstal-90-åra-80-åraEndring på indeksen1
Danmark1994, 198321,722,9- 1,2
Sverige1995, 198323,021,6+ 1,4
Finland1995, 198623,121,2+ 1,9
Nederland1994, 198525,323,4+ 1,9
Noreg1995, 198625,623,4+ 2,2
Japan1994, 198426,525,2+ 1,3
Belgia1995, 198327,225,9+ 1,3
Tyskland1994, 198428,226,5+ 1,7
Canada1994, 198528,428,9- 0,5
Frankrike1990, 197929,129,6- 1,7
Australia1994, 198430,631,2- 0,6
USA1995, 198534,434,0+ 0,4
Italia1993, 198434,530,6+ 3,9

1 Det er ikkje sikkert at små endringar i tabellen er statistisk signifikante, fordi OECD ikkje hadde tilstrekkeleg informasjon til å rekne ut konfidensintervalla til endringane.

Kjelde: OECD Economics Department Working Paper no 189

Av tabell 7.6 kan det sjå ut som om skilnadene i inntekt har auka noko i Noreg det siste tiåret. Tabellen syner at dei svakt aukande inntektsskilnadene i Noreg frå midten av 1980-åra ikkje er eit særnorsk fenomen. Det kan sjå ut som om inntektsskilnadene har auka noko meir i Noreg enn i dei fleste andre land i denne perioden, og mykje meir enn gjennomsnittet (1,4). Ein kan sjå den same tendensen med aukande skilnader i Tyskland, Nederland, Sverige, Finland, Japan, Belgia og Italia, medan inntektsskilnadene etter tala frå OECD har vore relativt stabile i USA, Canada og Australia. Berre i Danmark og Frankrike 5 har skilnadene vorte klart mindre.

Analysane frå OECD er tverrsnittsundersøkingar og syner berre inntektsfordelinga i eitt eller fleire enkeltår. Når ein utvidar inntektsperioden frå eitt til fem år (1986-90) og følgjer dei same personane anten gjennom eit panel eller gjennom registerdata, er gjennomsnittsinntektene framleis mykje meir ulikt fordelte i USA enn i dei skandinaviske landa (tabell 7.7). Dette forholdet kan tyde på at i tillegg til at inntektene er jamnare fordelte i dei skandinaviske landa enn i USA, er inntektsmobiliteten lågare i USA enn i Noreg. Det vil seie at personar i USA flytter seg mindre mellom ulike inntektsklasser enn i dei skandinaviske landa.

Tabell 7.7 Ulikskap i inntektsfordelinga. Gini-koeffisientar for gjennomsnittleg disponibel inntekt 1986-901

1986-90
Sverige18,3
Noreg19,7
Danmark22,4
USA32,1

1 Aaberge bruker ikkje ekvivalensskala i denne undersøkinga, og bruker i staden hushaldsinntekt per vaksen person i hushaldet som eining

Kjelde: Aaberge m.fl.: Income Inequality and income mobility in the scandinavian coutries compared to the United States. SSB 1996

7.3.2 Inntektskomponentar

Lønnsinntekt

Figur 7-2 Fordeling av lønnsinntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Figur 7-2 Fordeling av lønnsinntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Kjelde: OECD

Lønnsinntekt skaper store skilnader i disponibel inntekt. Personane i dei øvste tre desilane tener til dels mykje meir enn personane i dei nedste tre desilane i alle dei 6 landa som her er analysert, varierande frå 5,8 gonger i Noreg til 8,1 gonger i Danmark (figur 7.2). Lønnsinntekt er jamnare fordelt i Noreg enn i dei andre fem landa. Både personar i dei tre nedste desilane og «middelklassa» har ein klart høgare del av lønnsinntektene i Noreg enn i dei andre landa. Samtidig har dei tre rikaste desilane ein lågare del av lønnsinntektene enn i andre land.

Kapitalinntekt

Kapitalinntektene tilfell på den andre sida i større grad dei rikaste tre desilane i Noreg enn i andre land; om lag 68 pst. i Noreg mot om lag 54 pst. i Danmark og Sverige (figur 7.3). Berre i USA og Nederland har dei tre nedste desilane ein lågare del av kapitalinntektene enn i Noreg. Det er her viktig å merke seg at også inntekter frå sjølvstendig næringsdrivande er med i kapitalinntekt. Jamvel om kapitalinntektene er skeivare fordelte, gjer den relativt jamne fordelinga av lønnsinntektene at marknadsinntekt(lønnsinntekt pluss kapitalinntekt) er jamnare fordelt mellom kvartilane i Noreg enn i dei andre landa. Om lag 6,2 gonger så stor del av marknadsinntekta tilfell i Noreg personane i dei tre øvste desilane som personane i dei tre nedste desilane, mot 7,8 gonger i USA, der skilnadene i marknadsinntekta er størst. I dei andre landa er forholdstala om lag 7. Marknadsinntekta har vorte skeivare fordelt i Noreg sidan midten av 1980-åra ved at dei tre øvste desilane har fått auka sin del av marknadsinntekta, medan dei tre nedste desilane har fått redusert sin del. Den same utviklinga kan ein sjå i Danmark og Tyskland.

Figur 7-3 Fordeling av kapitalinntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Figur 7-3 Fordeling av kapitalinntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Kjelde: OECD

Offentlege overføringar

Offentlege overføringar har ein annan fordelingsprofil i alle dei seks landa enn lønns- og kapitalinntekt fordi ein mykje større del av overføringane går til den delen som har låg inntekt. Overføringane verkar derfor utjamnande i alle dei seks landa. Ein større del av dei offentlege overføringane går til dei tre nedste inntektsdesilane i Noreg enn i andre land, noko som er med på å sikre den jamne inntektsfordelinga her i landet (figur 7.4). I Noreg fekk dei tre nedste desilane om lag 48 pst. av overføringane, mot 38 pst. i Tyskland og 31 pst. i Sverige. I Sverige, Tyskland og USA får «mellomklassa» ein større del av overføringane enn dei med lågast inntekt, medan det motsette gjeld i dei andre landa, m a Noreg. Både «mellomklassa» og dei øvste tre desilane får ein lågare del av offentlege overføringar i Noreg enn i andre land. At dei rike får ein så stor del av overføringane i USA, passar ikkje heilt med velferdsmodellen som er omtala tidlegare i kapitlet, med stor grad av behovsprøvde ordningar i USA. Her er det viktig å vere merksam på at figur 7.4 ikkje seier noe om nivået på overføringane.

Figur 7-4 Fordeling av offentlege overføringar etter kvartilar midt i 1990-åra

Figur 7-4 Fordeling av offentlege overføringar etter kvartilar midt i 1990-åra

Kjelde: OECD

Skatt

Skattar verkar som regel utjamnande på inntektsfordelinga. Dei tre øvste desilane betaler meir enn 50 pst. av totale skattar i alle dei seks landa; høgast del med om lag 68 pst. i USA og lågast med om lag 51 pst. i Danmark. I Noreg betaler dei rikaste tre desilane om lag 56 pst. av samla skattar, medan gjennomsnittet for dei seks landa er om lag 58 pst. Det er ikkje mogleg å seie i kva grad det norske skattesystemet verkar omfordelande samanlikna med dei andre landa ut frå desse tala.

Disponibel inntekt

I 1995 hadde dei tre nedste inntektsdesilane i Noreg litt lågare del av total disponibel inntekt enn i Danmark og Sverige og dei rikaste tre desilane hadde ein noko høgare del av disponibel inntekt. USA skil seg ut med at ein særleg høg del av inntektene tilfell dei rikaste, og ein låg del av inntektene tilfell dei med lågast inntekt (figur 7.5).

Vi har berre tal for Noreg, Tyskland og Danmark når det gjeld endringar i fordeling av inntektskomponenter frå 1980-åra til 1990-åra. Både i Noreg og Tyskland har dei med høgast inntekt auka sin del av total disponibel inntekt sidan midten av 1980-åra, og dei 30 pst. med lågast inntekt har fått sin del av disponibel inntekt redusert. I Danmark var utviklinga omvendt. Marknadsinntekta fall for dei med lågast inntekt i alle dei tre landa, men dette fallet vart (delvis) kompensert med auka offentlege overføringar til denne gruppa i Noreg og Danmark, men mest i Danmark.

Figur 7-5 Fordeling av disponibel inntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Figur 7-5 Fordeling av disponibel inntekt etter kvartilar midt i 1990-åra

Kjelde: OECD

7.3.3 Inntektsfordelinga for ulike grupper av folketalet

I dette avsnittet er den relative inntekta til ulike grupper i befolkninga i Noreg samanlikna med dei same gruppene i Danmark, Sverige, Nederland, Frankrike, Tyskland og USA. Det som blir samanlikna er inntekt etter alder, hushaldstype og yrkestilknyting. Den gjennomsnittlege inntekta til kvar gruppe er presentert i forhold til gjennomsnittsinntekta i kvart land. Samanlikninga av inntektsnivået mellom ulike grupper er svært avhengig av val av ekvivalensskala og resultata må difor tolkast med varsemd. Det same gjeld samanlikninga av inntektsnivået til same gruppe i desse landa. Sjølv om ei gruppe i eitt land har lågare relativ inntekt samanlikna med gjennomsnittet enn denne gruppa har i eit anna land, treng ikkje det tyde at denne gruppa har høgare absolutt inntektsnivå. I tillegg kan samansetjinga av gruppene variere frå land til land. Resultata for Noreg er ikkje dei same som t.d. i kapittel 3, m.a. på grunn av ulike inntektsomgrep og ulik inntektsperiode.

Alder

I alle landa har hushald med hovudforsørgjar under 30 år og over 65 år lågare inntekt enn gjennomsnittet, medan aldersgruppene mellom 30 år og 65 år har høgare inntekt enn gjennomsnittet i kvart land (tabell 7.5). Aldersgruppa under 30 år har hatt den dårlegaste inntektsutviklinga i dei fleste land, medan både aldersgruppa 50-65 år og dei over 65 år har generelt sett hatt ei god inntektsutvikling. Yngre i Noreg ser ut til å ha lågare relativ inntekt enn yngre i Danmark og Nederland, men høgare enn i Sverige og USA. Personar over 65 år har relativt lågare inntekt i Noreg og Danmark enn i dei andre landa.

Tabell 7.8 Relativ disponibel hushaldsinntekt pr. forbrukseining i høve til gjennomsnittsinntekta i kvart land etter alderen til hovudforsørgjaren i hushaldet. Nivå og utvikling i prosent

LandUnder 30 år30-49 år50-65 årOver 65 år
NoregNivå 19957810711774
Endring 1986-95-13+1+4+6
DanmarkNivå 19949010611773
Endring 1983-94-11-1+10+7
FrankrikeNivå 19907910211095
Endring 1979-90-10+1+2+1
TysklandNivå 19947910111389
Endring 1984-94-2-2+1+5
NederlandNivå 19948510111488
Endring 1977-94-6+5-2-9
SverigeNivå 19957310412689
Endring 1975-95-16-5+12+17
USANivå 19957510212092
Endring 1974-95-10+1+2+6

Kjelde: Income distribution and poverty in selected OECD countries

Familietype

Einslege forsørgjarar og einslege har monaleg lågare inntekt enn gjennomsnittsinntekta i alle land, medan barnefamiliar har inntekt omtrent som gjennomsnittet. Par utan barn har høgare inntekt enn gjennomsnittet i alle landa. Både einslege forsørgjarar og barnefamiliar ser ut til å ha relativt høge inntekter i Noreg samanlikna med gjennomsnittet i kvart land, medan einslege ser ut til å ha noko lågare inntekt. Det er berre i Noreg, Tyskland og USA at einslege forsørgjarar har hatt vekst i inntektene. Einslege ser ut til å hatt ei svak utvikling i dei fleste land, Noreg medrekna, men i Tyskland og USA har denne gruppa hatt ei god inntektsutvikling.

Tabell 7.9 Relativ disponibel hushaldsinntekt per forbrukseining i høve til gjennomsnittsinntekta i kvart land etter familietype. Nivå og utvikling i prosent

LandEinslege forsørgjararEinslegePar med barnPar utan barn
NoregNivå 19957069104112
Endring 1986-95+2-40+1
DanmarkNivå 19946271104111
Endring 1983-94-40-2+3
FrankrikeNivå 19907084101108
Endring 1979-90-10-2+2-2
TysklandNivå 1994598597110
Endring 1984-94+5+3-10
NederlandNivå 1994598095118
Endring 1977-94-6-12+1+1
SverigeNivå 19957475104122
Endring 1975-95-14-2-3+7
USANivå 1995508895122
Endring 1974-95+13+9-1-1

Kjelde: Income distribution and poverty in selected OECD countries

Yrkestilknyting

Sjølv om det er relativt store skilnader mellom landa, har naturleg nok hushald som vantar arbeidsinntekt mykje lågare inntekt enn gjennomsnittet i alle land, hushald med ei arbeidsinntekt har noko lågare inntekt enn gjennomsnittet, medan hushald med to eller fleire arbeidsinntekter har klart høgare inntekt enn gjennomsnittet. Hushald utan arbeidsinntekter ser ut til å ha relativt lågare inntektsnivå samanlikna med gjennomsnittet i Noreg enn i dei fleste andre land, men på den andre sida kan det sjå ut som om dei som var arbeidslause i 1995 i Noreg har hatt ei relativt god inntektsutvikling dei siste 10 åra. Det er små skilnader mellom hushald med berre ei arbeidsinntekt i dei sju landa; dei har mellom 80 og 90 pst. av gjennomsnittsinntekta.

Tabell 7.10 Relativ disponibel hushaldsinntekt per forbrukseining i høve til gjennomsnittsinntekta i kvart land etter yrkestilknyting i hushaldet. Nivå og utvikling i prosent

LandIngen i arbeidEin person i arbeidTo personar i arbeid
NoregNivå 19954986115
Endring 1986-95+500
DanmarkNivå 19946785112
Endring 1983-94+3+1-1
FrankrikeNivå 19907592116
Endring 1979-90-6+30
TysklandNivå 19945689122
Endring 1984-94-15-1+3
NederlandNivå 19946290119
Endring 1977-94-150+2
SverigeNivå 19955881115
Endring 1975-95+21-7+3
USANivå 19954082117
Endring 1974-95+3-6+3

Kjelde: Income distribution and poverty in selected OECD countries

7.4 Låge inntekter

Låge inntekter og fattigdom blir oppfatta som eit aukande problem i dei fleste europeiske land. I dei nordiske velferdsstatane er kampen mot fattigdom ein del av den generelle fordelingspolitikken, og har tradisjonelt vore eit relativt lite debattert tema både i politikk og i forsking.

7.4.1 Omfang og utvikling av låge inntekter

Som mål på låge inntekter brukast i likskal med resten av meldinga den delen av befolkninga som har disponibel inntekt under 50 pst. av medianinntekta til folk. Som det går fram av tabell 7.11 og 7.12 er nivået på delen av befolkninga med låge inntekter relativt låg i dei skandinaviske landa, særleg samanlikna med Storbritannia og USA, der utbreiinga av låge inntekter er om lag to og tre gonger så stor som i Skandinavia. Skilnaden mellom dei skandinaviske landa og Tyskland/Frankrike er ikkje stor. Rangeringa mellom landa er i grove drag den same som for skilnader i inntektsfordelinga. Delen med låge inntekter er svært var for val av ekvivalensskala (sjå boks 3.3 og 3.4), noko ein mellom anna kan sjå på skilnaden i delen med låge inntekter for Danmark i dei to tabellane. I tabell 7.11 er det kvadratrotskalaen som er brukt, medan OECD86-skalaen, som gir noko mindre stordriftsfordelar, er brukt i tabell 7.12. I tillegg vil det vere skilnader mellom dei to tabellane fordi tala er frå ulike år, datamaterialet ikkje er det same og det kan vere brukt noko forskjellig inntektsomgrep.

Tabell 7.11 Låge inntekter. Del av befolkninga med låge inntekter i åtte land først i 1990-åra (E=kvadratrotskalaen)

LandÅrstalDel med låge inntekter Prosent
Noreg19916,6
Sverige19926,7
Nederland19916,7
Frankrike19847,5
Danmark19927,5
Tyskland19897,6
Storbritannia199114,6
USA199419,1

Kjelde: Smeedings 1997

Tabell 7.12 Del med låge inntekter i 5 land 1994/1995.(E= OECD86)

LandDel med låge inntekter ProsentFGT-indeks1
Danmark4,35,2
Noreg27,511,1
Nederland8,022,2
Frankrike9,414,7
Storbritannia14,520,5

1 Kombinasjonen av talet på personar under grensa for låge inntekter og gjennomsnittleg avstand opp til grensa for låge inntekter for dei under denne grensa.

2 I 1994 var grensa for låge inntekter i Noreg om lag 66 000 kroner.

Kjelde: Lian m f 1999

Også når det gjeld sosiale skilnader kjem dei skandinaviske landa godt ut (figur 7.6). Skilnaden i inntekt mellom dei rikaste og dei fattigaste er klart mindre i Noreg, Sverige og Danmark enn i land med kontinentale velferdssystem (Frankrike og Tyskland), som har om lag same nivå på delen av befolkninga med låge inntekter som dei skandinaviske landa. Mens dei 10 pst. med høgst inntekt i USA hadde nesten 6 gonger så høg inntekt som dei 10 pst. med lågast inntekt, var dette forholdstalet under 3 i Noreg. I Frankrike og Tyskland var forholdstalet mellom 3 og 4. Noreg skil seg særleg ut ved at dei med høgast inntekt har lågare relativ inntekt i høve til gjennomsnittet enn i andre land. Av tabell 7.12, andre kolonne, kan ein sjå noko av det same, nemleg at graden av låge inntekter, dvs. ein kombinasjon av talet på personar med låge inntekter og gjennomsnittleg avstand opp til grensa for låge inntekter for dei med låge inntekter (FGT-indeksen), er lågare i Danmark og Noreg enn i Frankrike og særleg Nederland og Storbritannia.

Figur 7-6 Inntektsnivået blant dei 10 pst. med høgast og 10 pst. med lågast inntekt målt som avvik i høve til gjennsnittet for heile folket, og tilhøvet mellom inntektsnivået for dei to gruppene.

Figur 7-6 Inntektsnivået blant dei 10 pst. med høgast og 10 pst. med lågast inntekt målt som avvik i høve til gjennsnittet for heile folket, og tilhøvet mellom inntektsnivået for dei to gruppene.

Kjelde: Smeedings 1997

Spørjeundersøkingar greier normalt ikkje å fange opp individ som ikkje har fast bustad. Omfanget av låge årlege inntekter er derfor truleg høgare i alle land enn tabellane syner. Samtidig syner internasjonal forsking at det er store endringar inn og ut av låginntektsgruppa. Ein relativt høg del av folketalet har låge inntekter ein eller annan gong kvar seksårsperiode, men berre ein liten del har låge inntekter i heile perioden. Fleire undersøkingar har stadfest at skilnadene mellom land når det gjeld omfanget av låge inntekter blir større når tidsdimensjonen blir trekt inn (Cantillion 1996, Heady 1997). Det er naturlegvis også avhengig av intensiteten av problemet med låge inntekter. Her har ein ikkje tal som kan samanliknast frå alle landa. I femårsperioden (1991-95) hadde om lag 2,1 pst. av befolkninga i Noreg låg inntekt i alle dei fem åra. Liknande undersøkingar frå Canada, Tyskland, USA og Storbritannia syner at den delen som hadde låg inntekt i kvart av dei seks åra analysen tok føre seg, varierer frå 2 pst. til 6 pst 6. Det indikerer at den delen som har langvarige inntektsproblem i Noreg, komparativt sett er relativt låg.

Av tabell 7.13 går det fram at delen med låg inntekt har gått litt ned i Danmark, Frankrike 7 og USA sidan midten av 1980-åra, medan trenden går i retning av fleire med låg inntekt i dei andre landa. I Noreg viser datamaterialet frå OECD at delen som har inntekt under 50 pst. av medianinntekta auka med 1,1 prosentpoeng mellom 1986 og 1995, i realiteten relativt stabile tal. Nederland og Tyskland har fått relativt fleire med låg inntekt enn Noreg.

Tabell 7.13 Endring i delen med låg inntekt (50 pst. av medianinntekta) frå midt i 1980-åra til midten av 1990-åra. Endringar i prosentpoeng

PeriodeUtbreiing
Danmark1983-94-2,0
Frankrike1979-90-1,5
USA1985-95-1,2
Sverige1983-95+0,4
Noreg1986-95+1,1
Tyskland1984-94+2,9
Nederland1985-94+3,0

Kjelde: OECD Economics Department Working Paper no 189

Samanlikna med andre OECD-land er ikkje låge inntekter noko stort problem for Noreg. Sjølv om resultata kan variere noko mellom ulike undersøkingar, viser fleire analysar at delen med låge inntekter i Noreg er relativt låg. Delen med låge inntekter har auka noko meir i Noreg enn i ein del andre land. Skilnaden i talet på personar med låg inntekt er ikkje stor mellom dei skandinaviske velferdssystema på den eine sida og Frankrike og Tyskland på den andre, men strukturen på låge inntekter er noko annleis. Mens Noreg og Danmark både har låg del med låge inntekter og dei som har inntekt under låginntektsgrensa har liten avstand opp til denne grensa, har dei kontinentale velferdsstatane relativt låg del av befolkninga med låge inntekter, men dei som har inntekt under låginntektsgrensa har relativt stor avstand opp til denne grensa. I eit internasjonalt perspektiv har dei nordiske velferdsstatane i hovudsak redusert fattigdom til eit avgrensa problem. For dei relativt få individa som har låge inntekter over lang tid, kan det kanskje opplevast minst like ille å vere marginaliserte i eit samfunn der det store fleirtalet har det svært bra som i eit samfunn der det er mange i same situasjon.

7.4.2 Tilhøvet mellom låge inntekter og velferdsutgifter

Tabell 7.14 Rangering av land etter offentlege utgifter til trygder og helsetenester og del av befolkninga med låge inntekter

LandOffentlege utgifter til helsetenester og trygder i pst. av BNPDelen av folketalet med låg inntekt i prosent
Sverige34,8 (1)6,7 (2)
Nederland30,2 (2)6,7 (2)
Danmark29,7 (3)7,5 (4)
Noreg29,0 (4)6,6 (1)
Frankrike28,0 (5)7,5 (4)
Tyskland27,3 (6)7,6 (6)
England22,1 (7)14,6 (7)

Kjelde: OECD Social Policy Studies no 19 (1996). Tal frå 1990.

Tabell 7.14 kan tyde på at det er ein samanheng mellom velferdsstatens omfang og utbreiinga av låge inntekter, endå om denne samanhengen ikkje er eintydig. Noreg bruker til dømes mindre på trygder og helsetenester enn Nederland, Sverige og Danmark, men har færre med låge inntekter. Den store skilnaden er mellom England og dei andre landa. England bruker minst på helsetenester og sosiale trygder, og har den høgaste delen med låge inntekter. Dersom ein hadde tatt med USA ville truleg samanhengen mellom velferdsstatens omfang og utbreiinga av låge inntekter ha vore sterkare, fordi dei offentlege velferdstenestene i USA er relativt lite omfattande samtidig som landet har ein svært høg del med låge inntekter.

7.4.3 Låge inntekter i ulike folkegrupper

Tabell 7.15 Delen med låg inntekt i ulike folkegrupper 1994/95. Prosent. (E= OECD86)

LandDanmarkNoregNederlandFrankrikeEngland
Unge vaksne5,18,95,99,816,1
Einslege forsørgjarar5,414,023,317,236,3
Sjuke/uføre3,39,511,210,413,9
Alderspensjonistar3,69,78,410,614,1
Heile folket4,37,58,09,414,5

Kjelde: Lian m fl 1999

Av avsnitt 7.3.2 gjekk det fram at norske hushald utan yrkesaktive, alderspensjonistar og aleinebuande utan barn hadde monaleg lågare relativ inntekt samanlikna med gjennomsnittet for dei seks landa. Rapporten «Fattigdom og sosial eksklusjon i et komparativt perspektiv» samanliknar låge inntekter og andre levekår mellom gruppene unge vaksne, einslege forsørgjarar, sjuke/uføre og alderspensjonistar 8 i Noreg, Danmark, Nederland, Frankrike og England (tabell 7.15).

Unge vaksne

Delen med låg inntekt er gjennomgåande noko høgare for denne gruppa enn for heile folket i alle landa med unntak av Nederland. Danmark og Nederland har den lågaste delen med låg inntekt, medan han er noko høgare i Noreg. Ei årsak til den relativt høge delen med låg inntekt i denne gruppa i Noreg kan vere at unge flytter relativt tidleg ut av heimen i Noreg samanlikna med ein del andre land og dermed mister noko av inntektstryggleiken som familien kan gi. Også når det gjeld graden av låge inntekter (FGT-indeksen) kjem Danmark best ut, men her er det små skilnader mellom Noreg og Danmark. England har både klart høgast del med låg inntekt og grad av låge inntekter.

Einslege forsørgjarar

Omfanget av låge inntekter mellom einslege forsørgjarar er klart høgare enn for resten av folketalet i alle landa. Delen med låg inntekt er også for denne gruppa klart høgare i Noreg enn i Danmark, men lågare enn i dei andre tre landa. Skilnadene mellom Danmark på den eine sida og Noreg/Frankrike på den andre sida blir endå sterkare når ein ser på FGT-indeksen. Graden av låge inntekter mellom einslege forsørgjarar er klart høgast i Nederland og England.

Sjuke/uføre

Med unntak av Danmark og England er også delen med låg inntekt høgare mellom sjuke/uføre enn i heile folket, men skilnadene er små. Delen med låg inntekt er igjen klart lågast i Danmark, følgd av Noreg som ikkje skil seg mykje ut frå dei andre tre landa. Graden av låge inntekter mellom sjuke/uføre er klart lågast i Danmark, følgd av Noreg og Frankrike, medan England og særleg Nederland har høg grad av låge inntekter i denne gruppa.

Alderspensjonistar

I Noreg, Frankrike og Nederland er delen med låg inntekt mellom alderspensjonistar noko høgare enn for heile folketalet. Danmark har lågast del med låg inntekt i denne gruppa med 3,5 pst, Nederland har om lag 8 pst. med låg inntekt og Noreg knapt 10 pst. Delen med låg inntekt mellom alderspensjonistar er svært var for val av ekvivalensskala (sjå boks 3.3). Ved å bruke ein skala som i mindre grad tek omsyn til stordriftsfordelar, blir delen eldre med låg inntekt klart lågare, fordi mange av dei eldre med lågast inntekt bur aleine. Grensa for låge inntekter som er brukt her for Noreg, ligg noko over minstepensjonen same året, medan ho til dømes i Danmark ligg noko under. Det fører til at ein i Noreg får mange minstepensjonistar under grensa for låge inntekter. Med å bruke FGT-indeksen ser ein at alderspensjonistar med låg inntekt i Noreg ligg rett under grensa for låge inntekter. Avstanden opp til låginntektsgrensa for dei med låg inntekt er klart mindre i Danmark og Noreg enn i dei andre landa. Særleg er graden av låge inntekter høg i Nederland.

7.5 Opphoping av dårlege levekår i ulike land

Låg inntekt er ikkje ein fullgod indikator på fattigdom. For å kunne seie noko om utbreiinga av fattigdom i eit samfunn er det brei semje i samfunnsvitskapen om at det er nødvendig å sjå på andre sider ved levekåra i tillegg. Vi skal her sjå på samanhengen mellom låge inntekter og opphopinga av dårlege levekår på andre levekårsområde. Også her gjeld det at resultata må tolkast med varsemd.

7.5.1 Opphoping av dårlege levekår i fem land

Tabell 7.16 syner opphoping av dårlege levekår på fire ulike område; bustad, tilgang på forbruksgode, tilgang på nødvendige gode og inntekt. Denne opphopingsanalysen er ikkje identisk med den i kapittel 5, mellom anna er det her lagt meir vekt på inntektstilhøva 9. Personar som har dårlege levekår på alle dei fire områda, har derfor både låg inntekt og andre levekårsproblem.

Tabell 7.16 Opphoping av dårlege levekår på områda bustad, forbruksgode, nødvendige gode og inntekt. Frå problem på ingen av områda til problem på alle fire områda. Prosent. (E= OECD86)

LandDel av folketalet som har dårlege levekår i høve til talet på levekårsområde
01234
Danmark51,331,012,64.70,7
Noreg42,037,014,85,11,2
Nederland34,445,713,74,91,2
Frankrike53,126,811,76,42,1
England52,226,912,86,51,6

Kjelde: Lian m f 1999

Dei fleste har gode levekår i alle landa, nesten 80 pst. har anten ingen problem eller problem berre på eit område. Likevel er det nasjonale skilnader: I Danmark, Noreg og Nederland er delen som har opphoping av levekårsproblem (både på tre og fire dimensjonar) lågare enn i Frankrike og England. Frankrike og England har med andre ord fleire med samla dårlege levekår enn i landa med skandinaviske velferdsmodellar.

Analysane syner at for alle landa aukar sjansen for å ha dårlege levekår på fleire område for einslege under 65 år, for einslege forsørgjarar med barn under 16 år og for dei arbeidslause (gjeld ikkje Noreg for dei arbeidslause). For studentar aukar sjansen i alle land utanom Noreg. I Noreg aukar sjansen for å få dårlege levekår på fleire område samtidig for sjølvstendig næringsdrivande og heimeverande, men dette forholdet gjeld ikkje for andre land. Dette tyder på at opphoping av dårlege levekår i hovudsak er knytt til enkelte livsfasar, til hushald med få personar og dei som står utanfor eller har ein svak tilknyting til arbeidsmarknaden.

Ved å fokusere på tre aspekt ved sosial deltaking 10, er det relativt store skilnader mellom dei fem landa. Graden av sosial deltaking for heile befolkninga ser ut til å vere høgast i England og Danmark, noko lågare i Nederland og Noreg, og lågast i Frankrike. Det låge talet på indikatorar som er brukt, gjer likevel at ein skal vere varsam med å trekkje klare konklusjonar om skilnader i den sosiale aktiviteten. Deltakinga varierer òg frå indikator til indikator. I Noreg kan det til dømes sjå ut til at delen som er medlem av lag eller organisasjon er relativt høg, medan det er relativt færre som har kontakt med grannar, familie eller venner meir enn to gonger i månaden. Analysane syner ingen klar samanheng mellom låg inntekt og sosial deltaking. Likevel kan det sjå ut som om dei med låg inntekt i alle landa sjeldnare er medlem av lag eller organisasjon, medan dei oftare har kontakt med venner, familie og grannar enn resten av folket.

7.5.2 Opphoping av dårlege levekår i ymse grupper

Det er her fokusert på dei same fire gruppene som i avsnitt 7.4.3, nemleg unge vaksne, einslege forsørgjarar, sjuke/uføre og alderspensjonistar (tabell 7.17).

Tabell 7.17 Opphoping av dårlege levekår i ymse grupper. Del av folketalet som har dårlege levekår i høve til dei fire levekårsdimensjonane inntekt, bustad, materielle gode og nødvendige gode. Prosent. (E= OECD86)

GruppeNoregDanmarkNederlandFrankrikeEngland
Unge vaksne3,20,70,32,72,3
Einslege forsørgjarar5,41,79,62,78,0
Sjuke/uføre2,40,01,61,24,3
Alderspensjonistar0,00,60,01,51,4
Heile folket1,20,71,22,11,6

Kjelde: Lian m f 1999

Unge vaksne

Noreg er det landet som har størst grad av levekårsproblem mellom unge vaksne. 3,2 pst. i denne gruppa har levekårsproblem på alle områda, mot 0,7 pst. i Danmark, der færrast unge har dårlege levekår. Nesten 10 pst. av dei unge i Noreg har dårlege levekår på tre levekårsområde. Både i Noreg, Frankrike og England er det fleire unge enn i resten av folket som har levekårsproblem på alle fire områda.

Einslege forsørgjarar

I alle landa har einslege forsørgjarar opphoping av dårlege levekår mykje oftare enn andre, samtidig som færre i gruppa ikkje har noka form for levekårsproblem. I Noreg har 5,4 pst. dårlege levekår på alle dimensjonane, mot 1,7 pst. i Danmark, 2,7 pst. i Frankrike og 8-10 pst. i England og Nederland. I Noreg har om lag 50 pst. ingen eller berre eitt levekårsproblem, medan om lag 20 pst. har tre eller fire levekårsproblem.

Sjuke/uføre

I Danmark har ingen av dei sjuke/uføre dårlege levekår på alle levekårsområda, omtrent 1,5 pst. i Frankrike og Nederland, 2,4 pst. i Noreg og vel 4 pst. i England. I Noreg, Nederland og England er delen som har levekårsproblem på alle områda høgare mellom dei sjuke/uføre enn for resten av folket, men skilnadene er ikkje store. Berre i England er den delen av denne gruppa som har opphoping i minst tre dimensjonar høgare enn i Noreg med knapt 10 pst.

Alderspensjonistar

Opphoping av dårlege levekår er eit mindre problem for alderspensjonistar i alle dei fem landa enn for resten av folket. Både i Noreg og Nederland er det ingen alderspensjonistar som blir utsette for opphoping i alle dei fire dimensjonane. I underkant av 4 pst. i denne gruppa har levekårsproblem på minst tre område i Noreg, og det er berre i Nederland at denne delen er lågare. Årsaka til at alderspensjonistar i mindre grad enn dei andre gruppene i spørjeundersøkingar oppgir å ha levekårsproblem, kan på den eine sida kome av at denne gruppa har betre levekår enn dei andre tre gruppene, men det kan og kome av ulik livsstil, t d kan dei gjennomsnittleg vere meir nøysame og ikkje kjenne det same saknet etter ulike materielle gode som yngre personar.

7.5.3 Inntekt, levekår og velferdsstat

Det kan sjå ut som om det er skilnader i utbreiing av låge inntekter mellom ulike typar velferdsstatar (sjå kap 7.2.1).

Dei skandinaviske velferdsstatane Noreg og Danmark er prega av at låge delar av befolkninga har låge inntekter, og dei som har låge inntekter har ofte ei inntekt rett under grensa for låge inntekter. Universelle trygdeordningar fører til at heile folket er sikra ein minimumsstandard, og at dei fleste er lyfta ut av fattigdom. Samtidig er det ein relativt låg del av folketalet i Noreg som har opphoping av dårlege levekår i fleire levekårsdimensjonar.

I Frankrike, som har eit kontinentalt velferdssystem, er det relativt låge delar av folketalet som har låg inntekt, men samtidig er graden av låge inntekter relativt høg. Det same gjeld for Nederland, sjølv om dette landet blir rekna for å ha eit skandinavisk velferdssystem. I England, ein angloamerikansk velferdsstat, er det både høge delar med låg inntekt og høg grad av låge inntekter. Delen av befolkninga som har opphoping av dårlege levekår, er høgare i både England og Frankrike enn i Noreg, Danmark og Nederland. I den angloamerikanske modellen har fokus vore retta mot låge inntekter i større grad enn universelle ytingar og standardsikring, men tala som er vist i dette kapitlet kan tyde på at ein slik modell fører til at mange fell ned i gruppa med låge inntekter, til større grad av levekårsdeprivasjon og til høg grad av låge inntekter mellom dei som fell under grensa for låge inntekter. Ei årsak til dette resultatet kan vere manglande kompensasjon gjennom offentlege velferdstenester for dei som fell utanfor arbeidsmarknaden.

7.6 Oppsummering

Kapitlet samanliknar velferdssystema, utdanningsnivået, arbeidsmarknaden, skattenivået, inntektsfordelinga og omfanget av låge inntekter i Noreg, Sverige, Danmark, Tyskland, Storbritannia, Nederland, Frankrike og USA. Desse landa har ulike innretningar på velferdssystema sine, og det blir skilt mellom tre idealtypiske modellar; ein angloamerikansk, ein kontinental og ein skandinavisk. Dei fleste landa har trekk frå fleire av modellane. Noreg har i stor grad ein skandinavisk velferdsmodell, men har og trekk frå den kontinentale modellen.

Samanlikna med dei andre landa har Noreg i heile perioden 1986-96 hatt relativt låg arbeidsløyse. I tillegg er arbeidsmarknadsdeltakinga svært høg i Noreg og Danmark i høve til andre land. Medan både Sverige og Danmark har opplevd fallande yrkesdeltaking etter 1986, var deltakinga i Noreg i 1996 på om lag same nivå som 10 år tidlegare. Utdanningsnivået er høgt i Noreg i forhold til andre land. Saman med Tyskland og USA har Noreg den høgaste delen i yrkesaktiv alder med utdanning på minst vidaregåande nivå. USA og Nederland har den høgaste delen med utdanning på universitetsnivå, men denne delen er også relativt høg i Noreg og Danmark. Særleg har kvinner høgt utdanningsnivå i Noreg.

Noreg har eit skattenivå som er lågare enn gjennomsnittet for dei nordiske landa, men klart høgare enn til dømes USA. Når det gjeld marginalskatt på arbeid, har Noreg lågare skattenivå enn dei fleste europeiske landa, men klart høgare enn til dømes Storbritannia og USA. Sjølv om dei formelle skattesatsane på overskot ikkje gir eit fullstendig bilete av den effektivet beskatninga av bedriftar, er den formelle skattesatsen på overskot i Noreg relativt låg i internasjonal samanheng.

Jamvel om det er ein del uvisse knytt til resultata frå samanlikningar av inntektsfordeling mellom ulike land, er det klart at inntektene i Noreg komparativt sett er relativt jamt fordelte. Saman med dei andre nordiske landa og Nederland er inntektsfordelinga jamn i Noreg samanlikna med andre OECD-land, sjølv om resultata kan tyde på at inntektsskilnaden er noko større i Noreg enn i dei andre nordiske landa.

Inntektsskilnadene i Noreg ser likevel ut til å ha auka noko meir enn i dei fleste av dei andre landa frå midt i 1980-åra til midt i 1990-åra, men auka inntektsskilnader er ikkje eit særnorsk fenomen.

Lønnsinntektene i Noreg er jamnare fordelte enn i Danmark, Sverige, Tyskland, Nederland og USA. Personar i dei tre nedste desilane og «middelklassa» får ein høgare del av lønnsinntektene i Noreg enn andre stader. I tillegg går ein større del av dei offentlege overføringane til dei tre nedste desilane i Noreg enn i andre land. Fordelinga av begge desse inntektskomponentane fører til at Noreg får ei jamn inntektsfordeling.

På den andre sida tilfell kapitalinntektene i større grad dei tre rikaste desilane i Noreg enn i både Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland og USA.

Det er mogleg å analysere inntektsfordelinga mellom grupper ut frå arbeidstilknyting, alder og hushaldstype for Noreg, Danmark, Sverige, Nederland, Tyskland, Frankrike og USA. For å kunne samanlikne inntektsnivået til grupper frå ulike land, er den gjennomsnittlege inntekta til kvar gruppe samanlikna med gjennomsnittsinntekta i kvart land. Personar under 30 år og over 65 år har klart lågare inntekter enn gjennomsnittet i alle landa, og medan det ser ut til at inntektene til unge er på om lag same relative nivå i Noreg som i dei andre landa, har alderspensjonistane noko lågare inntekt i Noreg enn i ein del andre land. Også einslege forsørgjarar og einslege har klart lågare inntekter enn gjennomsnittet i folket i alle landa. Både norske einslege forsørgjarar og barnefamiliar ser ut til å ha gode relative inntekter i høve til andre land, medan einslege gjennomsnittleg ser ut til å ha relativt låge inntekter. Hushald utan yrkestilknyting har naturleg nok mykje lågare inntekter enn gjennomsnittet i alle dei sju landa, men det kan sjå ut som om denne gruppa har lågare inntekter i Noreg enn i ein del andre land.

Når det gjeld utbreiinga av låge inntekter, er rangeringa mellom landa i grove trekk den same som for inntektsfordelinga. Den delen av befolkninga som har låge inntekter er relativt låg i dei skandinaviske landa og Nederland, særleg samanlikna med Storbritannia og USA. Delen med vedvarande låge inntekter er endå lågare.

I Noreg og dei fleste andre land har det vore ein auke i delen med låge inntekter dei siste 10 åra, medan det kan sjå ut som det har vorte færre med låge inntekter i Danmark, Frankrike og USA. Auken i talet på personar med låg inntekt har vore sterkare til dømes i Tyskland og Nederland enn i Noreg.

Delen einslege forsørgjarar som har låg inntekt, er klart høgare enn i heile folket i både Danmark, Noreg, Nederland, Frankrike og England. Også for unge vaksne, sjuke/uføre og pensjonistar er delen med låge inntekter jamt over høgare enn for gjennomsnittet av heile folket. For alle fire gruppene ser delen med låge inntekter ut til å vere høgare i Noreg enn i Danmark, medan han er relativt låg i høve til dei andre landa. Noko av årsaka til skilnaden mellom Noreg og Danmark for alderspensjonistar, er at i Noreg ligg grensa for låge inntekter over minstepensjonen, medan han ligg rett under i Danmark.

Delen av folketalet som har dårlege levekår på fire område samtidig (bustad, inntekt, mangel på forbruksgode og mangel på nødvendige gode) er svært låg både i Danmark, Noreg, Nederland, Frankrike og England, mellom 0,7 pst. og 2,1 pst. Vel 6 pst. har dårlege levekår på minst tre område i Noreg, mot vel 5 pst. i Danmark og over 8 pst. i Frankrike. Det ser ikkje ut til å vere nokon klar samanheng mellom låge inntekter og sosial deltaking i nokon av desse landa.

Delen av unge vaksne som har dårlege levekår på alle fire områda er høgare i Noreg enn i dei andre landa. For alderspensjonistar er det derimot færre som har dårlege levekår på fleire område samtidig i Noreg enn i dei andre landa.

Analysar syner at det kan vere ein samanheng mellom offentleg velferdsproduksjon og type velferdstat på den eine sida og låge inntekter og opphoping av dårlege levekår på den andre. Land som bruker mykje pengar på helsetenester og trygder har i hovudsak eit mindre omfang av låge inntekter enn statar som bruker lite på slike føremål. Og jamvel om datagrunnlaget er noko usikkert, kan det også sjå ut som om både talet på personar med låge inntekter, graden av låge inntekter for dei som har låg inntekt og omfanget av opphoping av dårlege levekår er lågare i dei universelle skandinaviske velferdsstatane som Noreg og Danmark enn i den angloamerikanske velferdsstaten England som har meir fokus på behovs-/inntektsprøvde ordningar.

Fotnotar

1.

Tal for Frankrike manglar når det gjeld inntektskomponentar.

2.

Finland, Japan, Belgia, Canada, Australia og Italia.

3.

Analysar gjort på grunnlag av ei panelundersøking i EU (European Community Household Panel) av 13 EU-land syner derimot at inntektsfordelinga er mykje meir ujamn i Nederland enn denne studien syner, og at ho er meir ujamn enn til dømes i Tyskland og Belgia.

4.

Ein bør generelt vere varsam med å bruke gini-koeffisientar til å analysere nøyaktig kor store skilnader det er mellom landa, men heller fokusere på rangeringa mellom dei. Hovudårsaka til det er uvissa knytt til måling av inntekt. Ei anna viktig årsak til berre å fokusere på rangeringa mellom landa er at nivået og storleiken på skilnadene mellom landa kan variere etter kva ulikskapsmål ein bruker. Når det er små skilnader i gini-koeffisienten mellom ulike land, kan også rangeringa mellom landa variere i ulike undersøkingar.

5.

Data frå Frankrike dekkjer ikkje same tidsrommet som dei andre landa, sjå tabell 7.6.

6.

Poverty Dynamics in four OECD-Countries. Economic Department Working Papers no 212 1999.

7.

Data frå Frankrike dekkjer ikkje same tidsrommet som dei andre landa, sjå tabell 7.13.

8.

Med unge vaksne meiner vi personar under 30 år som ikkje bur saman med foreldra og som ikkje studerer. Definisjonen på einslege forsørgjarar er at det må vere minst eit barn under 18 år i hushaldet, og foreldra kan ikkje vere gifte eller sambuarar. Uføre/sjuke er definerte som personar med høg grad av funksjonshemming etter to spørsmål: «Fører sjukdom eller funksjonshemming til nokon avgrensingar i arbeidsevna di?», og «Kan du seie at dei avgrensar arbeidsevna i høg grad, nokon grad eller ikkje i det heile teke?». Alderspensjonistar er definerte som personar over 45 år som tek imot alderspensjon, slik at og førtidspensjonering er fanga opp.

9.

Denne hopingsanalysen legg vekt på fire ulike sidar ved levekår: Bustad, forbruksgode, nødvendige gode og inntekt. For kvart område er det nytta ulike indikatorar, og det er laga indeksar for kvart av områda som viser korleis materiell hoping av levekår fordelar seg for kvart land. Som grunnlag for analysen er det brukt intervjudata frå Levekårsundersøkinga 1995 for Noreg, og intervjudata frå European Community Household Panel (ECHP) frå 1994 for dei andre landa. Den viktigaste skilnaden mellom den norske levekårsundersøkinga og ECHP er at det i sistnemnde er gjennomført intervju med alle dei vaksne i kvart hushald, mens det i Noreg berre er informasjon om levekåra til ein person i kvart hushald. I tillegg er inntektdata i Noreg henta frå register, mens det for dei andre landa er basert på intervjudata.

10.

Kontakt med venner og familie meir enn to gonger i månaden, kontakt med grannar meir enn to gonger i månaden, og medlem av lag eller organisasjon.

Til forsida