St.meld. nr. 6 (1998-99)

Embetsutnemningar m.m. 1. juli 1997-30. juni 1998

Til innhaldsliste

2 Oppgåve frå departementa pr. 30. juni 1998 over konstitueringar i embete og over mellombels oppretta stillingar

a. Statsministerens kontor

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

b. Barne- og familiedepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

c. Finansdepartementet

  1. To avdelingsdirektørar er konstituert fordi den faste innehavaren av embete har permisjon.

  2. Fem underdirektørar er konstituert fordi den faste innehavaren av embete har permisjon.

  3. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste stillingsinnehavaren har permisjon for å tiltre anna stilling.

e. Forsvarsdepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  2. Ein avdelingsdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  3. Ein avdelingsdirektør er konstituert da den faste innehavaren har permisjon for å tiltre ei anna stilling.

f. Justis- og politidepartementet

  1. Fem avdelingsdirektørar er konstituert fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i anna embete.

  2. To avdelingsdirektørar er konstituert grunna omorganisering.

  3. Fire underdirektørar er konstituert fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i anna embete.

  4. To lagdommarar i Eidsivating lagmannsrett er konstituert fordi dei faste innehavarane er konstituert i anna embete eller har permisjon.

  5. Tre lagdommarar i Hålogaland lagmannsrett er konstituert i påvente av ny kunngjering.

  6. Sorenskrivaren i Karmsund sorenskrivarembete er konstituert fordi den faste innehavaren er utnemnd til statssekretær.

  7. I Borgarting lagmannsrett er ein lagdommar konstituert, og vedkommande er seinare saman med fem øvrige lagdommarar gitt forlenga konstitusjon ut året for å fortsette arbeidet med nedarbeiding av restanser og å redusere saksbehandlingstida for sivile ankesakar.

  8. To avdelingsleiarar/dommarar i Oslo byrett er gitt forlenga konstitusjon fordi dei faste innehavarane er konstituert i anna embete.

  9. Ein avdelingsleiar i Asker og Bærum herredsrett er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon

  10. Ein herredsrettsdommar i Nedre Romerike herredsrett og ein herredsrettsdommar i Hedmarken sorenskrivarembete er konstituert fordi dei faste innehavarane er konstituert i anna embete.

  11. Ein dommar i Asker og Bærum herredsrett er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  12. Ein dommar i Hardanger sorenskrivarembete er konstituert fordi arbeidsområdet er planlagt endra.

  13. Ein dommar i Agder lagmannsrett er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  14. Ein dommar i Bergen byrett er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  15. Ein dommar i Nord-Troms herredsrett er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  16. To dommarar i Høgsterett er konstituert fordi dei faste innehavarane har permisjon.

  17. Ein dommar i Høgsterett er konstituert i påvente av at vedkommande som er utnevnt, kan tiltre.

  18. Sorenskrivaren i Tinn og Heddal sorenskrivarembete er konstituert fordi den faste innehavaren har permisjon.

  19. Ein fengselsdirektør ved Ila landsfengsel og sikringsanstalt er konstituert fordi embetet ikkje er fast organisert.

  20. Ein underdirektør ved Søndre Fengselsdistrikt er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  21. Direktøren ved Kriminalomsorgens utdanningssenter er konstituert fordi den faste innehavaren er konstituert i eit anna embete.

  22. Fire førstestatsadvokatar ved ØKOKRIM og ein statsadvokat ved Rogaland statsadvokatembete er konstituert fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i anna embete.

  23. Nordmøre og Sør-Varanger politimeisterembete er besatt ved konstitusjon fordi dei faste innehavarane har permisjon eller er konstituert i andre embeter.

  24. Fredrikstad, Sarpsborg og Vardø politimeisterembete er besatt ved konstitusjon fordi departementet arbeider med regulering av distriktsinndelinga i politi- og lensmannsetaten.

g. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

  1. Ein byråsjef er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

  2. Ein byråsjef er konstituert i embete fordi den faste innehavaren har permisjon for å tiltre ei anna stilling.

j. Landbruksdepartementet

  1. Ein byråsjef er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

k. Miljøverndepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

l. Nærings- og handelsdepartementet

  1. Tre underdirektørar er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

m. Olje- og energidepartementet

  1. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi stillingsinnehavaren har permisjon.

n. Planleggings- og samordningsdepartementet

  1. Ein byråsjef er konstituert i embete fordi stillingsinnehavaren har permisjon.

p. Sosial- og helsedepartementet

  1. Ein byråsjef er framleis konstituert fordi den faste stillingsinnehavaren har fått forlenga permisjon.

  2. Ein underdirektør er konstituert i embete fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon for å tiltre ei anna stilling.

  3. Ein underdirektør er konstituert fordi den faste innehavaren av stillinga har permisjon.

q. Utanriksdepartementet

  1. To underdirektørar er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  2. Ein ministerråd er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

  3. Ein ambassaderåd er konstituert da dette er ei tidsavgrensa stilling.

r. Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  1. Ein fylkesmann er konstituert i embetet på grunn av at Kåre Gjønnes er Landbruksminister.

s. Kommunal- og regionaldepartementet

  1. Ein avdelingsdirektør er konstituert i embetet da innehaveren av stillingen har forlenga permisjon

  2. Ein byråsjef er konstituert fordi stillingsinnehavaren har permisjon.

Til forsida