St.prp. nr. 8 (2007-2008)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS- komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordninga krev at opplysningar om betalaren (avsendaren) skal følgje pengeoverføringar som vert formidla av betalingsformidlarar som er etablerte i EØS-området. Normalt finn betalingsformidling stad gjennom minst to åtskilde formidlarar – éin som representerer betalaren og éin som representerer mottakaren. Krava til innhaldet i opplysningane er avhengig av om éin av eller begge desse held til i EØS-området.

Forordninga gjev formidlaren til betalaren pålegg om opplysningsplikt. Dersom berre éin av betalingsformidlarane er etablert i EØS-området, skal pengeoverføringa vere vedlagd fullstendig informasjon om betalaren. Etter forordninga vil dette seie opplysningar om namnet, adressa og kontonummeret til betalaren. Adressa kan bytast ut anten med fødselsdag og –stad, personnummer eller kundeidentifikasjonsnummer. Før overføringa vert gjennomførd, skal formidlaren kontrollere at opplysningane stemmer på grunnlag av informasjon som er skaffa fram frå ei truverdig og uavhengig kjelde. Men når det gjeld overføringar til mottakarar utanfor EØS-området som ikkje er på meir enn 1 000 euro, kan formidlaren sjølv avgjere om og i kor stor grad ein slik kontroll skal gjennomførast, ut frå ei vurdering av om overføringa inneber nokon reell fare for kvitvasking eller terrorfinansiering.

Dersom begge betalingsformidlarane held til i EØS-området, er det tilstrekkeleg å leggje ved kontonummeret til betalaren eller annan unik identifikasjon som gjer det mogleg å spore transaksjonen tilbake til betalaren. Betalingsformidlaren til mottakaren kan likevel krevje at det vert gjeve fullstendig informasjon òg i desse tilfella. I så fall skal slike opplysningar gjevast innan tre arbeidsdagar etter at førespurnaden vart motteken.

Formidlaren til betalaren pliktar å ta vare på dei nemnde opplysningane i minst fem år etter at overføringa er gjennomførd.

Forordninga gjev formidlaren til mottakaren pålegg om kontrollplikter. Betalingsformidlaren til mottakaren er pålagd å ha effektive prosedyrar for å kunne kontrollere om det ligg føre tilstrekkelege opplysningar om betalaren. Dersom opplysningar manglar eller er ufullstendige, kan formidlaren anten avvise overføringa eller be om fullstendig informasjon. I dei sistnemnde tilfella kan han velje om pengane skal utbetalast straks, eller om dei skal haldast tilbake inntil informasjonen er motteken. Dersom det fleire gonger ikkje vert gjeve tilfredsstillande opplysningar, skal formidlaren anten avvise transaksjonen eller avbryte samarbeidstilhøvet med formidlingsmotparten, og dessutan melde frå om situasjonen til dei rette tilsynsstyresmaktene.

Formidlaren pliktar å ta vare på dei opplysningane som han har motteke om betalaren i minst fem år.

Andre formidlarar vert pålagde visse krav til å bringe opplysningar vidare. I visse tilfelle står det éin eller fleire betalingsformidlarar mellom formidlarane til betalaren og mottakaren. Desse pliktar å bringe dei opplysningane som dei får, vidare til den neste formidlaren i betalingskjeda.