St.prp. nr. 1 (2005-2006)

FOR BUDSJETTÅRET 2006 — Utgiftskapittel: 200–288 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 4
Ressursar i grunnopplæringa

7 Ressursar i grunnopplæringa

Innleiing

Ressursinnsatsen til utdanning i Noreg har vore relativt stabil i dei siste åra. Kostnadene har auka totalt sett, mykje på grunn av at talet på elevar i grunnskolen har auka kvart år sidan innføringa av skolestart for seksåringane i 1997. I vidaregåande opplæring har elevtalet auka kvart år sidan 2001. Den delen av driftsutgiftene i kommunane og fylkeskommunane som går til skolesektoren, er høgre i 2004 enn i 2002 og 2003. Den delen av bruttonasjonalprodukt for Fastlands-Noreg som går til grunnopplæringa, var i 2004 på 5,2 pst. og har vore på om lag det nivået i dei siste åra.

Noreg brukar mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre OECD-land. Dette heng i stor grad saman med at det er fleire lærarar per elev i Noreg enn i dei fleste land. Sjølv om leseplikta for norske lærarar er lågare enn i andre OECD-land, indikerer dette at Noreg har høg lærartettleik.

Elevtal

Elevar i grunnskolen og vidaregåande opplæring 2001–04

2001

2002

2003

2004

Grunnskolen

599 468

610 297

617 577

618 250

Vidaregåande opplæring

162 114

168 287

177 7741

173 949

1 Tal på elevar i vidaregåande opplæring kan ikkje direkte samanliknast med tal frå 2002 og 2004. Årsaka er ulik rapportering av vaksne elever. I tillegg er studentar i fagskolar tekne ut per oktober 2004. Talet for 2003 viser eit for høgt tal samanlikna med dei andre åra.

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå

Talet på elevar i grunnskolen er no det høgste sidan innføringa av skolestart for seksåringane. Per 1. oktober 2004 var det i alt 618 250 elevar i grunnskolen. Dette er 10 pst. meir enn elevtalet hausten 1997. Elevtalet i ungdomsskolen har auka meir enn i barneskolen. Dette er eit resultat av at dei store fødselskulla i byrjinga av nittiåra no er i ungdomsskolealder.

Av dei vel 618 000 elevane gjekk i overkant av 605 000 i offentlege skolar. Nesten 13 000 elevar, eller om lag 2,1 pst., gjekk i frittståande skolar. Sidan 1997 har delen av elevane som går i frittståande skolar auka, med 0,5 prosentpoeng. Sidan 2001 har auken vore på 0,3 prosentpoeng eller i gjennomsnitt 0,1 prosentpoeng kvart år i perioden.

Elevtalet i vidaregåande opplæring har òg auka i dei seinare åra og vil halde fram med å auke også i åra som kjem. Dette heng saman med utviklinga i talet på ungdommar i aldersgruppa 16–18 år. I skoleåret 2004–05 var det i underkant av 174 000 elevar i vidaregåande skolar. Etter ein lang periode med nedgang i elevtalet i nittiåra har talet på elevar auka kvart år sidan 2001. Auken har vore på i overkant av 7 pst. frå 2001 til 2004. I 2004 var det om lag 8 600 elevar som gjekk i frittståande vidaregåande skolar. Det utgjer i underkant av 5 pst. av alle elevar i vidaregåande opplæring. Det er ein auke på 2,4 pst. frå førre skoleår, da det var om lag 8 400 elevar, og i 2002–03 var det i underkant av 8 200 elevar.

Delen elevar som vel yrkesfaglege studieretningar, har auka sidan 2000. I 2004 var delen grunnkurselevar på yrkesfag 57,6 pst. Delen er størst på grunnkursnivå. Dette heng saman med at yrkesfagelevane går i lære i det tredje opplæringsåret og dermed ikkje blir registrerte som elevar, og at fleire av elevane i yrkesfaglege studieretningar fell frå i løpet av utdanninga enn i dei allmennfaglege studieretningane.

Elevar i vidaregåande opplæring per studieretning og nivå 2004

Studieretning

Totalt

Delen jenter (i pst.)

Grunnkurs

Vidaregåande kurs I

Vidaregåande kurs II

Allmenne, økonomiske og administrative fag

76 599

53,8

25 014

20 844

30 741

Musikk, dans og drama

5 479

72,4

2 020

1 811

1 648

Idrettsfag

7 971

41,8

3 179

2 512

2 280

Helse- og sosialfag

17 889

89,7

8 030

6 273

3 586

Naturbruk

4 111

54,7

1 691

1 500

920

Formgivingsfag

12 901

85,3

5 847

4 671

2 383

Hotell- og næringsmiddelfag

6 853

55,1

3 797

2 982

74

Byggfag

7 403

1,8

4 052

3 264

87

Tekniske byggfag

2 284

9,3

1 110

1 007

167

Elektrofag

9 214

3,8

4 527

3 704

983

Mekaniske fag

12 233

5,6

6 440

5 175

618

Kjemi- og prosessfag

851

30,0

455

390

6

Trearbeidsfag

611

16,5

340

263

8

Media og kommunikasjon

4 572

55,1

1922

1 485

1 165

Sal og service

4 978

58,0

2 767

2 141

70

Totalt

173 949

51,0

71 191

58 022

44 736

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Allmenne, økonomiske og administrative fag er den studieretninga som har flest elevar. Heile 44 pst. av elevane i vidaregåande opplæring gjekk på denne studieretninga i 2004. Dei yrkesfaglege studieretningane med flest elevar er helse- og sosialfag, formgivingsfag og mekaniske fag. Det er til dels store kjønnsforskjellar mellom studieretningane. Byggfag, elektrofag, mekaniske fag og tekniske byggfag har alle meir enn 90 pst. gutar. Studieretningane for helse- og sosialfag og formgivingsfag har stor overvekt av jenter – høvesvis 90 og 85 pst.

Dei aller fleste elevane som går ut av grunnskolen, byrjar i vidaregåande opplæring. Av dei som gjekk ut av grunnskolen våren 2004, gjekk 96 pst. i vidaregåande opplæring hausten 2004. Utdanningsdirektoratet har tal som viser at i underkant av 77 000 personar søkte om å komme inn på grunnkurs i 2004. Av søkjarane kom 59 000 frå grunnskolen, nærmare 7 900 søkjarar gjekk på grunnkurs året før, medan dei resterande søkjarane hadde ein annan bakgrunn.

Dei fleste søkjarane, 61 pst., fekk oppfylt det første ønsket sitt både om kurs og skole, 28 pst. starta på eit anna kurs og/eller ein skole som ikkje var førstevalet deira. Dei siste elleve pst. av søkjarane starta aldri i vidaregåande opplæring. Dei kan ha funne seg arbeid, starta på skole i utlandet eller liknande. På vidaregåande kurs I fekk 73 pst. av søkjarane oppfylt sitt første ønske om kurs og skole, medan den same delen på vidaregåande kurs II var 57 pst. Tal frå KOSTRA viser at 61 pst. av dei som søkte seg ein læreplass hausten 2004, fekk lærekontrakt same haust. Av dei som fekk lærekontrakt, fekk 86 pst. det i samband med sitt første ønske.

Lærlingar

Per 1. oktober 2004 var det registrert 29 019 lærekontraktar. Det var 2 pst. fleire enn året før. Byggfag, elektrofag og mekaniske fag har flest lærlingar med om lag 5 000 kontraktar kvar. På desse studieretningane er det svært få jenter – mellom 1 pst. og 4 pst. Jentedelen er størst innanfor formgivingsfag og helse– og sosialfag, høvesvis 96 pst. og 90 pst. Berre to studieretningar har jamn kjønnsfordeling: hotell- og næringsmiddelfag og media og kommunikasjon. Av lærlingane i 2004 hadde vel 20 000 ungdomsrett. Den største auken i talet på lærlingar er innanfor studieretningane for media og kommunikasjon og sal og service.

Figur 7.1 Talet på lærlingar på dei ulike
 studieretningane per 1. oktober 2004.

Figur 7.1 Talet på lærlingar på dei ulike studieretningane per 1. oktober 2004.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Talet på lærekontraktar har ligge på om lag 30 000 i heile perioden frå 2000 til 2004. I 2004 var det i overkant av 2 pst. fleire kontraktar enn året før.

Talet på lærekontraktar per 1. oktober i perioden 2000–04

2000

2001

2002

2003

2004

Lærekontraktar

29 945

29 325

29 085

28 321

29 019

Kjelde: Statistisk Sentralbyrå

Vaksne i grunnopplæringa

Tabellen under viser at det hausten 2004 var i underkant av 11 000 vaksne elevar i grunnskolen. Talet på vaksne har vore relativt stabilt i dei siste tre åra som er dei åra det finst gode tal for. Det er fleire vaksne som får undervisning i form av spesialundervisning enn som får ordinær undervisning. Av alle vaksne som får grunnskoleopplæring, har om lag 28 pst. minoritetsspråkleg bakgrunn. Av dei vaksne som mottek ordinær undervisning, har heile 62,2 pst. minoritetsspråkleg bakgrunn. Det er om lag like mange vaksne kvinner som menn som får grunnskoleopplæring.

Vaksne elevar i grunnskolen i perioden 2002–04

2002

2003

2004

Ordinær undervisning

3 686

4 208

4 482

Spesialundervisning

7 037

6 969

6 488

Totalt

10 723

11 177

10 970

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Talet på vaksne elevar i vidaregåande opplæring er i overkant av 20 000. Dei fleste får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod og er ikkje ein del av den generelle søkar og elevstatistikken for vidaregåande opplæring. Statistikkgrunnlaget er førebels for dårleg til at det er mogleg å gjere greie for omfanget av opplæringa i meir detalj.

Skolestruktur

I skoleåret 2004–05 var det 3 192 offentlege og frittståande grunnskolar i Noreg. I overkant av 60 pst. av desse var reine barneskolar, 23 pst. var kombinerte skolar og 15 pst. ungdomsskolar. Storleiken på grunnskolane varierer frå berre to elevar i nokre få tilfelle til nærmare 800 elevar på dei største skolane. Tabellen nedanfor illustrerer fordelinga mellom små, mellomstore og store skolar. Store skolar er definerte som skolar med meir enn 30 elevar på kvart årssteg, mellomstore skolar har mellom ti og 30 elevar på kvart årssteg, medan dei små skolane har mindre enn ti elevar på kvart årssteg. Det er flest store skolar og om lag like mange mellomstore og små skolar.

Fordeling av små, mellomstore og store grunnskolar i 2004

Grunnskolar

Del skolar etter storleik (i pst.)

Elevar i dei ulike skolestørrelsane

Del elevar i dei ulike skolestørrelsane

(i pst.)

Liten skole

894

28

37 095

6

Mellomstor skole

926

29

129 833

21

Stor skole

1 372

43

451 322

73

Totalt

3 192

100

618 250

100

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Dersom ein ser på kor mange elevar som går på dei respektive skolane, viser det seg at 6 pst., eller 37 000 elevar, går på små skolar, medan 451 000 eller 73 pst. av elevane i grunnskolen går på store skolar. Samanlikna med tal frå 1997 har delen elevar som går på store skolar auka frå 69 pst.

Talet på frittståande grunnskolar var 135 i 2004, opp frå 69 i 1997. Dei frittståande skolane er i gjennomsnitt mindre enn dei kommunale. I skoleåret 2004–05 hadde 55 av skolane under 50 elevar, 93 av skolane hadde mindre enn 100 elevar, og 19 skolar hadde meir enn 200 elevar.

Frå skoleåret 2003–04 til 2004–05 vart det lagt ned 58 grunnskolar. 29 av dei vart slåtte saman til nye einingar og utgjorde 17 nye einingar. Totalt blir derfor talet på nedlagde skolar 29. Desse skolane hadde i gjennomsnitt 33 elevar. I same perioden vart 44 nye skolar oppretta, inkluderte dei 17 nye einingane som følgjer av samanslåingar. Det reelle talet på nye skolar var 23. Av dei skolane var 17 friskolar. I seks tilfelle førte nedlegginga av ein offentleg skole til at det vart oppretta ein friskole.

Tilsvarande nettotal på oppretta og nedlagde skolar for tidlegare år er gitte i tabellen under.

Talet på oppretta og nedlagde skolar i perioden 1997–2004

Skoleår

Nedlagde skolar

Oppretta skolar

1997–98

49

45

1998–99

31

35

1999–2000

28

23

2000–01

31

2001–02

26

11

2002–03

29

19

2003–04

54

14

2004–05

29

23

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Hausten 2004 var det registrert i alt 477 vidaregåande skolar. 415 av desse er fylkeskommunale, tre er statlege og 59 er frittståande.

Gjennomføring i vidaregåande opplæring

Ikkje alle som går i vidaregåande opplæring, oppnår studiekompetanse eller yrkeskompetanse. Ein stor del fell frå undervegs i løpet av opplæringsperioden. Delen av elevar som fell frå, er høgre på yrkesfaglege studieretningar enn på allmennfaglege studieretningar. Statistisk sentralbyrå har følgt elevane som starta på grunnkurs i 1994, 1997 og 1998, og om lag kvar femte elev i 1998-kullet avbraut utdanninga, målt fem år etter at dei starta på grunnkurs for første gong. Avbrotten vidaregåande opplæring betyr at eleven/lærlingen ikkje lenger er registrert som elev/lærling i vidaregåande opplæring. Delen av elevar som fullfører vidaregåande opplæring, har endra seg lite frå Reform 94 vart innført.

Figur 7.2 Elevar som starta i grunnkurs for første gong hausten
 1994 og 1998, etter fullført vidaregåande opplæring
 i løpet av fem år (i pst.).

Figur 7.2 Elevar som starta i grunnkurs for første gong hausten 1994 og 1998, etter fullført vidaregåande opplæring i løpet av fem år (i pst.).

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU STEP) har sett nærmare på gjennomføringa og progresjonen i vidaregåande opplæring (Helland og Støren 2004). Dei finn mellom anna ut at gode karakterar på grunnkurs aukar sjansane for at elevane gjennomfører vidaregåande opplæring med optimal progresjon. Dette gjeld for alle ulike studieretningar. Samla sett er det fleire jenter enn gutar som gjennomfører vidaregåande opplæring med optimal progresjon. Dette kan i stor grad forklarast med at jenter får betre karakterar enn gutar. Når det er korrigert for karakternivå, er det liten forskjell mellom kjønna. NIFU STEP viser at det er geografiske forskjellar når det gjeld delen elevar som har optimal progresjon. Elevar i Oslo, Akershus, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag, Vest-Agder, Telemark og Buskerud ligg alle over gjennomsnittet for heile landet. Dei tre nordlegaste fylka, spesielt Finnmark, peiker seg ut med lav del av elevar med optimal progresjon. Det viser seg òg at elevar som ikkje har komme inn på det første ønsket sitt, har dårlegare progresjon. Den største variasjonen i delen som har optimal progresjon, finn vi mellom dei ulike studieretningane, og delen varierer frå 36 pst. til 88 pst. Delen med høgast optimal progresjon finn vi innanfor studieretningane for idrettsfag, musikk, dans og drama og allmenne, økonomiske og administrative fag. Vidare har elevar i studieretningane trearbeidsfag, mekaniske fag og hotell- og næringsmiddelfag lågast del med optimal progresjon.

Den delen av elevane som fullfører vidaregåande opplæring, er størst blant dei som har foreldre med utdanning på universitets- og høgskolenivå. Av elevar som har foreldre med denne bakgrunnen, er det 90 pst. som fullfører. Av elevane som har foreldre med grunnskoleutdanning, er det 48 pst. som fullfører vidaregåande opplæring.

Det har vore ei stor forbetring i progresjonen blant minoritetsspråklege elever når ein saman­liknar kulla som starta i vidaregåande opplæring i 1994, med kull som starta etter tusenårsskiftet. Det er på allmennfagleg studieretning at det har vore den største endringa. Det er først og fremst blant jentene at den største endringa har skjedd, men det har òg vore betring for gutane.

Ressursmål

Utgifter til utdanning som del av brutto nasjonalprodukt

Nasjonalrekneskapen viser fordelinga av bruttonasjonalproduktet (BNP) for heile landet. Indikatoren «totale offentlege utgifter til grunnopplæringa i prosent av BNP» kan vere med på å gi ein grov illustrasjon på samfunnet si prioritering av grunnopplæringa i Noreg. I 2004 gjekk 5,2 pst. av BNP for Fastlands-Noreg til grunnopplæring. Eit anna mål på utgifter til utdanning er å sjå på den delen av dei offentlege utgiftene som går til opplæring. I 2004 var delen til opplæring 9,3 pst.

Offentlege utgifter til grunnopplæringa i pst. av BNP for Fastlands-Noreg og i pst. av totale offentlege utgifter 2000–04

2000

2001

2002

2003

2004

Grunnopplæringa som del av BNP for Fastlands-Noreg

4,6

4,9

5,0

5,3

5,2

Grunnopplæringa som del av totale offentlege utgifter

8,6

9,1

8,9

9,2

9,3

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Del av kommunale/fylkeskommunale utgifter

Det er kommunane og fylkeskommunane som er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskolen og vidaregåande opplæring. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor.

Netto driftsutgifter til grunnskoleopplæring i pst. av dei samla netto driftsutgiftene i kommunane har auka med 0,8 prosentpoeng frå 31,1 i 2002 til 31,9 i 2004. Vidaregåande opplæring er den klart største utgiftsposten i fylkeskommunane. I 2004 var delen av netto driftsutgifter til vidaregåande opplæring på 64,6, opp frå 58,1 i 2002. Dette viser at delen av driftskostnadene som går til skolesektoren, har auka i dei siste åra.

Utgifter i grunnopplæringa

Tal frå Statistisk sentralbyrå visar at dei totale utgiftene i grunnopplæringa var 66 mrd. kroner i 2003. I grunnskolen vart det brukt 43,3 mrd. kroner og i vidaregåande opplæring var dei totale utgiftene 22,6 mrd. kroner.

Korrigerte brutto driftsutgifter viser kommunane sine driftsutgifter til undervisning, inkludert drift av skolelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskoen var i 2004 på kr 64 856 per elev. Dette er ein auke på 2,2 pst. frå 2003. Frå 2001 til 2004 har auken vore på 11,7 pst., jf. tabellen under.

Korrigerte brutto driftsutgifter i grunnopplæringa (nominelle prisar)

2001

2002

2003

2004

Grunnskolen

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev

58 052

58 809

63 210

64 856

Lønnsutgifter per elev

45 464

47 232

48 942

49 825

Driftsutgifter til inventar og utstyr per elev

584

547

580

620

Driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev

1 362

1281

1 308

1 155

Vidaregåande opplæring

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i allmennfaglege studieretningar

76 441

86 288

85 741

Lønnsutgifter per elev i allmennfaglege studieretningar

45 874

53 099

51 945

Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i yrkesfaglege studieretningar

101 063

106 456

106 236

Lønnsutgifter per elev i yrkesfaglege studieretningar

65 659

70 482

68 253

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tala for 2004 er eit gjennomsnitt av alle kommunar. For 2001–03 er det gjennomsnittet av alle kommunar med unntak av Oslo.

Utgiftene per elev i allmennfaglege studieretningar har gått ned frå 2003 til 2004. Reduksjonen er på 0,6 pst. Nedgangen heng samen med at elevtalet har auka. Når elevtalet stig, vil kapasiteten ved skolane normalt bli utnytta betre og utgiftene per elev blir mindre. For dei yrkesfaglege studieretningane er utgiftene per elev tilnærma uendra frå 2003 til 2004.

Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskolen og i vidaregåande opplæring. I grunnskolen var lønnsutgiftene 76,8 pst. av dei totale driftskostnadene, medan den same delen i vidaregåande opplæring var 60 og 64 pst. på høvesvis allmennfaglege og yrkesfaglege studieretningar. I grunnskolen har driftsutgifter til inventar og utstyr per elev auka med 6,8 pst. frå 2003 til 2004, medan driftsutgifter til undervisningsmateriell per elev er redusert med om lag 11 pst. i same perioden.

Dei korrigerte brutto driftsutgiftene per elev i grunnskolen varierer mellom kommunane frå om lag 46 000 kroner til over 145 000 kroner. Dei aller fleste kommunane ligg innanfor intervallet 60 000 kroner til 80 000 kroner per elev.

Figur 7.3 Prosentvis fordeling av elevar og kommunar innanfor kvart intervall
 av ressursbruk i 2004.

Figur 7.3 Prosentvis fordeling av elevar og kommunar innanfor kvart intervall av ressursbruk i 2004.

Kjelde: KOSTRA, Statistisk sentralbyrå

Figuren over viser delen av kommunane og delen av elevane som finst i kvart intervall frå kr 45 000 til kr 50 000 per elev og opp til intervallet over kr 120 000 per elev. Det er flest kommunar, i underkant av 20 pst., i intervallet kr 60 000 til kr 65 000 per elev. Det er også i dette intervallet det er flest elevar med ein del på nesten 32 pst. Figuren viser den same trenden for talet på kommunar og talet på elevar, men det er ein større del av elevane enn kommunane innanfor dei lågaste intervalla for ressursbruk. Innanfor intervallet kr 80 000 til kr 85 000 er delen elevar høgre enn delen kommunar. Dette kjem av at Oslo kommune ligg i dette intervallet.

Senter for økonomisk forsking (SØF) har på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet sett nærmare på forskjellane i ressursbruken mellom kommunar og kva som kjenneteiknar dei kommunane som brukar minst ressursar på skole. SØF konkluderer med at forskjellane i ressursbruk mellom kommunane i første rekkje skyldast ulik skolestruktur. For 2003 har SØF berekna at kommunane sine utgiftsbehov forklarer 73 pst. av ressursbruken, medan inntekter og prioritering forklarer høvesvis tre og 24 pst. Det er store forskjellar mellom den kommunen som brukar mest ressursar og den som brukar minst, men dei aller fleste kommunane har eit utgiftsnivå som ligg nær gjennomsnittet. Forskjellane mellom kommunane har i følgje SØF vore stabil i perioden 2002–03. Samanlikna med ein tilsvarande analyse frå perioden 1997–2001 er det ein nokså klar tendens til at forskjellar i inntekt forklarer ein stadig mindre del av variasjonane, medan forskjellar i prioritering får større vekt. Rappor­ten frå SØF viser at forskjellane mellom skolar er større enn forskjellane mellom kommunane. Dette heng saman med at det er stor spreiing også innanfor kvar enkelt kommune. Variasjonen mellom skolar i same kommune har vorte større i dei seinare åra.

Det er til dels store variasjonar mellom fylkeskommunane når ein samanliknar korrigerte brutto driftsutgifter per elev. På allmennfag varierer utgiftene frå i underkant av 77 000 kroner per elev i Rogaland til 111 000 kroner i Finnmark, og på yrkesfag frå i overkant av 95 000 kroner i Vestfold til over 135 000 kroner i Finnmark. Det er òg store forskjellar i utgiftsutviklinga frå 2003 til 2004. Noko av utgiftsnivået skyldast forskjellar i skolestrukturen. Fylkeskommunar med sterk sentralisering og store skolar har eit lågare utgiftsnivå enn fylkeskommunar med lite sentralisering. Noko av variasjonen kan òg skyldast forskjell i tilbodsstrukturen.

Spesialundervisning

På landsbasis går i underkant av 15 pst. av dei totale lærartimane til spesialundervisning. Delen av elevar som får spesialundervisning, har vore stabil i dei siste åra, men med ein svak fallande tendens. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at delen elevar med få timar til spesialundervisning (100 timar eller færre) har blitt redusert kvart år sidan 1997. Delen elevar med mange timar har vore stabil med ein liten auke mot slutten av perioden.

Det er til dels store variasjonar mellom kommunane når det gjeld omfanget av spesialundervisning. Noko av variasjonen kan skyldast ulik praksis i kommunane i å ta i bruk individretta tiltak. I nokre kommunar løyser ein problema ved å tilføre ressursar til heile elevgruppa, mens andre kommunar oftare tilførar ressursar til enkeltelevar. Det er likevel ikkje slik at kommunar som har høg lærartettleik til ordinær undervisning, har liten del spesialundervisning, mens kommunar med låg lærartettleik har høg del. Tvert imot ser ein at kommunar som har høg lærartettleik, har også ein høg del med spesialundervisning.

IKT i grunnopplæringa

I grunnskolen var det i skoleåret 2004–05 6,5 elevar per PC totalt. Dette er ei vesentleg forbetring frå førre skoleår, da det var 10,5 elevar per PC. Viss ein reknar talet på elevar per PC med Internett-tilkopling, er talet åtte. Skolane i Sogn og Fjordane har høgast PC-dekning, medan skolane i Aust-Agder, Østfold og Vestfold har lågast. Ser ein på grupper av kommunar, er det dei minste kommunane som har den høgste PC-dekninga. Det er fleire elevar per PC på barnetrinna enn på ungdomstrinna. Reine barneskolar har ei dekning på 7,1 elevar per maskin, kombinerte skolar har seks elevar per maskin, og reine ungdomsskolar har 5,8 elevar per maskin.

Det er større forskjellar mellom skolane på barnetrinnet enn på ungdomstrinnet. 80 pst. av elevdatamaskiner på grunnskolen er knytte til Internett. Barnetrinnet har ei dekning på 74 pst. medan delen på ungdomstrinnet er 93 pst. Framleis er det skolar som ikkje har Internett-tilgang for elevane. Dette gjeld fleire skolar på barnetrinnet enn på ungdomstrinnet. Ungdomstrinnet har i gjennomsnitt betre linjekapasitet enn barnetrinnet. Skolar i kommunar som ligg sentralt, har høgre del Internett-forbindelse med høghastigheit. Skolar i dei minst sentrale kommunane har best PC-dekning. Ressursar til IKT-ansvarleg er best i dei minst og mest sentrale kommunane.

Beskrivinga av situasjonen i dei vidaregåande skolane byggjer på opplysningar frå skolane og frå fylkeskommunane. Informasjonen er samla inn våren 2005 av Utdanningsdirektoratet i samarbeid med UNINETT ABC. Om lag 80 pst. av skolane svarte på spørjeundersøkinga. Sett under eitt for heile utvalet av skolar er det 2,5 elevar per maskin. For enkeltskolar varierer tettleiken av maskiner mellom 0,7 og 8,4 elevar. Dei aller fleste elevdatamaskinene er knytte til lokalnettverk og Internett.

Det er ikkje så stor ulikskap mellom fylkeskommunane, med unntak av nettkapasitetssituasjonen, der fylka Finnmark, Møre og Romsdal, Akershus og Oslo kjem dårlegare ut enn dei andre. Best PC-dekning har Telemark, mens Hordaland kommer dårlegast ut. Ressursar til drift med meir er minst i Finnmark og Telemark og høgast i Nordland.

Lærarressursar

Årsverk er ein sentral indikator på ressursbruk sidan lærarlønn er den klart største enkeltkomponenten av driftskostnadene. Ifølgje GSI var det i 2004 i overkant av 52 000 lærarårsverk i grunnskolen. Det er nokre fleire årsverk enn i fjor, men noko lågare enn for åra 2000 til 2002. I vidaregåande opplæring er også talet på årsverk relativt stabilt på i overkant av 22 000 frå 2000 til 2003 Delen assistentårsverk av pedagogiske årsverk har auka frå 9,3 i 2001 til 10,3 i 2004 i grunnskolen. Bruk av assistentar skal leggje til rette for at lærarane i større grad skal kunne konsentrere seg om dei pedagogiske oppgåvene i skolen.

Utvikling i lærarårsverk og elevar per lærarårsverk i perioden 2000–04

Skoleår

Lærarårsverk i grunnskolen

Lærarårsverk i vidaregåande opplæring

Elevar per lærarårsverk i grunnskolen totalt

Elevar per lærarårsverk på barnetrinna

Elevar per lærarårsverk på ungdomstrinna

2000–01

52 810

22 782

11,4

12,4

9,3

2001–02

53 479

22 673

11,4

12,4

9,4

2002–03

52 766

22 466

11,8

12,8

9,8

2003–04

51 120

22 355

12,3

13,2

10,4

2004–05

52 284

12,1

13,0

10,3

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem og Statistisk sentralbyrå

Tabellen over viser at utviklinga i talet på elevar per lærarårsverk i grunnskolen har hatt ein svak auke i perioden 2000 til 2004. Auken er på 6 pst. Frå skoleåret 2003–04 til 2004–05 har imidlertid talet på elevar per lærarårsverk gått ned. Reduksjonen sidan 2000 har vore større på ungdomsstega enn på barnestega.

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

Målet på berekna gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram ved å dele summen av alle elevtimar på summen av alle lærartimar. Med elevtimar meiner ein dei totale ordinære timane til undervisning elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timar lærarane gir undervisning per år. I skoleåret 2004–05 var den gjennomsnittlege gruppestorleiken i dei kommunale skolane på 13,7 for heile landet. Dette omfattar alle dei kommunale skolane og inkluderer også dei kommunale spesialskolane. Den berekna gjennomsnittlege gruppestorleiken har gått opp frå 13,1 i 2000 til 13,7 i 2004. Auken kan ha samanheng med at det har vore ein auke i elevtalet kvart år sidan 2000.

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik i perioden 2000–04

År

2000

2001

2002

2003

2004

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik

13,1

13,1

13,4

13,6

13,7

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik per fylke i 2004

Fylkeskommune

Østfold

13,5

Akershus

15,6

Oslo

14,5

Hedmark

13,5

Oppland

12,6

Buskerud

13,7

Vestfold

14,4

Telemark

13,4

Aust-Agder

14,0

Vest-Agder

14,1

Rogaland

13,8

Hordaland

14,3

Sogn og Fjordane

11,9

Møre og Romsdal

13,1

Sør-Trøndelag

14,4

Nord-Trøndelag

13,6

Nordland

12,2

Troms

12,2

Finnmark

10,4

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Berekna gjennomsnittleg gruppestorleik for kommunane i fylkeskommunane varierer frå 10,4 i gjennomsnitt i Finnmark som det lågaste, til 15,6 i gjennomsnitt i Akershus. Gruppestorleiken vil bli påverka av kor tett busetting dei ulike fylka har.

Søylene i figuren under illustrerer kor mange kommunar som er i kvart intervall med gruppestorleik. Linja i figuren viser kor mange elevar som går i dei kommunale skolane i dei ulike intervalla for gruppestorleik.

Figur 7.4 Kommunar og elevar fordelt etter gruppestorleik.

Figur 7.4 Kommunar og elevar fordelt etter gruppestorleik.

Kjelde: Grunnskolens informasjonssystem

Figuren viser at dei aller fleste kommunane (75 pst.) har ein gjennomsnittleg gruppestorleik på mellom ti og 15 elevar. Det er 74 kommunar som har ein berekna gruppestorleik på mellom 13 og 13,9 elevar. Det er berre tre kommunar som har ein gruppestorleik på meir enn 17 elevar. Når det gjelder fordelinga av elevane, viser figuren at dei fleste elevane, nesten 200 000, går i skolar som har ein berekna gruppestorleik på mellom 14–14,9 elevar. Figuren viser òg at det er relativt sett færre elevar enn kommunar som har låge tal for berekna gjennomsnittleg gruppestorleik.

Talet på elevar per trinn aukar med storleiken på kommunane, og talet på elevar per trinn påverkar gjennomsnittleg gruppestorleik. I dei minste kommunane er gruppestorleiken på omkring ti elevar, men for dei største kommunane er talet om lag 14 elevar.

Internasjonale samanlikningar

Noreg brukar mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land. OECD publiserer kvart år tal på ulike indikatorar som gjer det mogleg å samanlikne ressursbruken i medlemslanda. Dei siste tala som er publiserte, er frå 2002 og viser at det berre er to land som har høgre utgifter til grunnopplæringa enn Noreg målte som del av bruttonasjonalprodukt. Dersom ein ser på dei faktiske utgiftene per elev på kvart nivå, ligg Noreg heilt i toppen for både grunnskolen og for vidaregåande opplæring. Noreg sin rangering i forhold til pengebruk er høvesvis femte plass på barnetrinnet, fjerde plass på ungdomstrinnet og tredje plass på vidaregåande opplæring.

Utgifter per elev målt i US-dollar i OECD-land i 2002

Land

Utgifter per elev på barnestega

Utgifter per elev på ungdomsstega

Utgifter per elev i vidaregåande opplæring

Del av BNP til grunnopplæringa (i pst.)

Noreg

7 508

8 536

11 510

4,3

Danmark

7 727

7 949

8 054

4,2

Sverige

7 143

7 075

7 670

4,6

Finland

5 087

8 197

6 455

3,9

Tyskland

4 537

5 667

9 835

3,6

Nederland

5 558

7 257

6 256

3,4

Sveits

7 776

9 200

14 633

4,6

Storbritannia

5 150

6 505

6 505

4,3

USA

8 049

8 669

9 607

4,1

OECD-gjennomsnitt

5 313

6 089

7 121

3,8

Kjelde: Education at a Glance, OECD 2005

Hovudforklaringa på at Noreg har så høg ressursbruk, er at det i Noreg er fleire lærarar per elev enn i dei aller fleste andre land. Gjennomsnittet for OECD-landa ligg om lag 40 pst. lågare enn for Noreg. Den høge lærartettleiken heng i liten grad saman med at det i Noreg er mange små skolar. Sjølv om ein tok utgangspunkt i dei største skolane, ville Noreg likevel ha ein høgre lærartettleik enn dei andre landa i OECD-området. Av OECD-landa var det i 2003 fem land på barneskolenivå, fire land på ungdomsskolenivå og på vidaregåande opplærings nivå som har færre elevar per lærarårsverk enn i Noreg.

Elevar i Noreg har mindre undervisning enn gjennomsnittet i OECD. Berre i Finland og Polen hadde elevane i grunnskolen færre undervisningstimar enn i Noreg. Forskjellen er størst for dei yngste elevgruppene. Undervisningstida til lærarane har auka dei siste åra, men Noreg ligg framleis under gjennomsnittet i OECD. I vidaregåande opplæring har norske lærarar færrast undervisningstimar blant OECD-landa. Total arbeidstid er derimot noko lengre enn i dei fleste OECD-landa. Norske lærarar har relativt sett mykje arbeidstid som ikkje er bunden opp i undervisning.

Norske elevar oppnår middels resultat i dei sentrale dugleikane lesing, matematikk og naturfag samanlikna med andre land. OECD understrekar at lågare utgifter per elev ikkje nødvendigvis heng saman med lågare kvalitet i opplæringa. Finlan­d, Belgia, Japan og Korea er land som skårar betre på PISA testane enn utgiftene skulle tilseie. Tilsvarande skårar Noreg saman med Hellas, Itali­a, Portugal, Spania og USA lågare enn forventa ut ifrå nivået på utgiftene.