St.prp. nr. 17 (2008-2009)

Om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Fiskeri- og kystdepartementet

Til innhaldsliste

2 Orienteringssaker til Stortinget

Handtering av vraka «Murmansk» og «Welheim»

Kystverkets ekstraordinære kostnader til vurdering av korleis vraket etter «Murmansk» skal handterast er rekna til 2,5 mill. kroner. For å dekkje desse kostnadene er det ved kgl.res. gitt fullmakt til å overskride kap. 1062 post 01 i 2008 med inntil 2,5 mill. kroner i 2008.

I samband med revidert budsjett 2008 vart det løyvd til saman 49 mill. kroner på kap. 1062 post 21 for å dekkje resterande kostnader på 24 mill. kroner knytt til tømminga av «Nordvard» og for å dekkje venta kostnader til tømminga av olje frå vraket «Welheim» på 25 mill. kroner. Etter ein tilbodsrunde har det vore nødvendig å auke overslaget over kostnader til tømminga av «Welheim» med 7,5 mill. kroner, til 32,5 mill. kroner. For å dekkje dei venta meirkostnadene på 7,5 mill. kroner er det gjort følgjande omdisponeringar innanfor løyvinga på kap. 1062 post 21:

  • 3,5 mill. kroner i ubenyttede midlar frå Server-aksjonen som er omdisponert til tømminga av «Welheim».

  • Kostnadene knytt til tømminga av «Nordvard» vart 2 mill. kroner lågare enn rekna, og desse ubenyttede midlane er omdisponerte til tømminga av «Welheim».

Resterande meirkostnader på 2 mill. kroner er dekte inn ved at Finansdepartementet innanfor sine fullmakter har gitt samtykke til å overskride kap. 1062 post 21 med inntil 2 mill. kroner i 2008.