St.prp. nr. 2 (2004-2005)

Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Barne- og familiedepartementet til det statlege barnevernet og fylkesnemndene for sosiale saker

Til innhaldsliste

2 Del I Det statlege barnevernet

2.1 Bakgrunn

I februar 2003 gjorde Stortinget eit samrøystes vedtak om at dei fylkeskommunale tenestene innanfor barnevern og familievern skulle bli overførte til statleg forvaltning. Det var fleire grunnar til at staten overtok desse fylkeskommunale tenestene. Den viktigaste var at det var stor ulikskap mellom tenestetilbodet i dei ulike fylka og at tilbodet var for dårleg i mange fylke. Helsereforma, mellom anna med overføring av dei barne- og ungdomspsykiatriske tenestene til staten, var ein anna viktig grunn for reforma. Barne- og familiedepartementet sto for arbeidet med omstillinga som vart gjort i samarbeid med fylkeskommunane og organisasjonane til dei tilsette. Staten overtok ansvaret for tenestene 1. januar i år, då Statens barnevern og familievern (SBF) vart oppretta. Den nye organisasjonen har ei sentralleiing og fem regionale organisasjonseiningar. Den 1. juli i år vart SBF slått saman med Barne-, ungdoms- og familieforvaltninga (BUFA) til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat).

Ved tildeling av budsjettramma for den nye etaten for 2004 vart det teke utgangspunkt i rekneskapstal i det fylkeskommunale barnevernet for 2002. I tillegg vart det lagt til 6 prosent, som utgjorde den venta veksten i barnevernutgiftene i fylkeskommunane i 2003. Det vart vidare lagt opp til at det ikkje skulle vere noko kostnadsvekst i den statlege barneverntenesta i 2004. Endelege rekneskapstal frå Statistisk sentralbyrå i juni i år syner at veksten i dei fylkeskommunale utgiftene til barnevernet i 2003 var om lag 10 prosent. Også åra før var det sterk vekst i utgiftene; frå 1998 til 2002 har det fylkeskommunale barnevernet og familievernet hatt ein gjennomsnittleg realvekst på om lag 9 prosent.

Ved overføringa var det ein føresetnad at staten skulle overta alle kontraktar og avtalar som var inngått av fylkeskommunane. Det innebar mellom anna at det i løpet av 2003 vart signert ei rekkje avtalar med private barneverninstitusjonar som først fekk full økonomisk effekt i 2004. I tillegg er det den uavhengige fylkesnemnda for sosiale saker som etter lova gjer vedtak om tiltak som til dømes opphald på institusjon.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004 orienterte Regjeringa om at den om naudsynt ville komme tilbake til Stortinget med forslag om tilleggsløyving til barnevernet, jf. St.prp. nr. 63 (2003-2004) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004. I tråd med dette har Barne- og familiedepartementet hatt ein gjennomgang av kostnadsutviklinga i barnevernet og effekten av omstillingstiltaka. Tiltaka er nærmare omtalt i pkt. 2.2 og økonomiske og budsjettmessige konsekvensar er oppsummert i pkt. 2.3 nedanfor. Her går det fram at det ikkje har vore mogleg å få til null vekst i utgiftene til det statlege barnevernet i 2004 sjølv om den nye statlege etaten starta opp eit omfattande omstillingsarbeid frå januar 2004.

2.2 Tiltak

Alt i 2003, då den nye statlege forvaltninga vart førebudd, vart det lagt opp til at ein skulle forme ein organisasjon som både tok omsyn til at ein skulle gje eit godt, likeverdig tilbod til barna og dei unge som trong hjelp og sikra god styring av økonomien i den nye organisasjonen. Sidan oppstarten i januar i år har det blitt lagt ned mykje arbeid i å endre, effektivisere og målrette tilboda innanfor det statlege barnevernet.

I tida frå januar til juli 2004 har regionane gått gjennom tenestetilbodet i alle private barneverninstitusjonar. Dette arbeidet er mellom anna grunngjeve i godkjenningsordninga for private barneverninstitusjonar, som er gjeldande frå 1. januar i år. Alle dei statlege institusjonane vart og synfara for å sikre at dei har eit tilbod som er godt nok i høve til forskrifta om kvalitet i barneverninstitusjonar, som og vart gjort gjeldande frå 1. januar i år.

Arbeidet med å vri tenestetilbodet frå institusjonsopphald til hjelp i heimen og nærmiljøet har alt gitt resultat. Etter eit halvt år med statleg drift av barnevernet har det vore ein nedgang i bruk av institusjonsplassar og ein auke i talet på tiltak i eigen familie eller fosterheimar til beste for barna.

Oppstart av 26 faglag som arbeider nært saman med kommunane gir betre styring med omsyn til å finne fram til de beste tiltaka for barna og til inntak i statlege barneverntiltak. Faglaga skal og gi små kommunar konkret hjelp i vanskelege barnevernssaker. Ei av målsetningane ved faglaga er at ein på sikt og skal redusere bruken av kostnadskrevjande institusjonsplassar.

Bruk av nye metodar for behandling av atferdsvanskar medan barn og unge bur heime er sett i gang. Den eine metoden, for barn opp til 12 år, set fokus på foreldra sine evner til meistring (PMTO). Den andre metoden, som rettar seg mot ungdomar, tek meir omsyn til heile miljøet rundt den einskilde (MST). Begge metodane har synt gode resultat så langt. Omstillingsarbeidet held fram og det vert no sett i gong modellinstitusjonar for ungdomar med åtferdsvanskar, ein i kvar av dei fem regionane. I desse institusjonane vil det bli sett fokus på aktiv behandling og endring av åtferd, og institusjonsopphaldet vert nært knytt til arbeidet i heimemiljøet, der mellom anna ettervern er sentralt. Tida den einskilde ungdom skal ha opphald i institusjon vil bli korta monaleg ned i dei nye institusjonane samstundes som dette vil vere eit betre fagleg tilbod til dei unge.

Alle regionar har gått gjennom og redusert bruken av dyre private institusjonstiltak. Det har og vore sett fokus på å auke kapasitetsutnyttinga i eigne institusjonar. Dette har gitt resultat allereie etter eit halvt år.

Av andre omstillingstiltak som kan nemnast er auka bruk av nærmiljøtiltak der ein aktivt går inn i samarbeid med kommunane og meir vektlegging av å få til gode ettervernstiltak i etterkant av institusjonsopphald. Fagleg er dette betre for dei unge enn lange og dyre institusjonstiltak. Fokus på kostnader ved kjøp av einskilde institusjonsplassar, styrt nedgang i kjøp av dei dyraste og dårlegaste private plassane og generelt meir arbeid retta mot god økonomistyring har og gitt resultat. Departementet har samstundes lagt opp til svært tett styring av den nye driftsorganisasjonen. Det er etablert møter med etaten med gjennomgang og oppsummering av drifta ein gong kvar månad og den nye etaten må i tillegg sende inn skriftlege rapportar om tenesteproduksjon og økonomisk utvikling månadleg.

Arbeidet i den nye etaten har på mange måtar vore vellukka. Det er ei auke i talet på barn og unge som får hjelp av barnevernet anten i familien eller fosterheimar. Det er ein reduksjon i talet på klientar som treng institusjonsplass. Det har vore ein nedgang i kjøp av private institusjonsplassar og ein auka utnytting av kapasiteten i eigne institusjonar. Trass i dette er det for inneverande år naudsynt med ei vesentleg tilleggsløyving, jf. nærare omtale under.

2.3 Økonomiske og budsjettmessige konsekvensar

Overtakinga av ansvaret for barneverntenestene har vore ei vidfemnande og krevjande reform. Å få til mindre vekst i kostnadane samstundes som ein skal styrka det faglege arbeidet er ei stor utfordring både for departementet og etaten. Endelege tal for utgiftene til det fylkeskommunale barnevernet viser ein høgare utgiftsvekst i 2003 enn det som blei lagt til grunn når budsjettet for 2004 blei utarbeida, jf. pkt. 2.1 ovanfor. I arbeidet med å få fram det reelle budsjettbehovet i 2004 har Barne- og familiedepartementet gått gjennom dokumentasjon, statistikk og rekneskapsoversikter for drifta av det statlege barnevernet for første halvår.

Ein har og prøvd å talfesta effekten av dei omstillingstiltaka som er starta opp. Barne- og familiedepartementet har ut frå dette førebels rekna ut at meirbehovet for å sikra forsvarleg drift av det statlege barnevernet i 2004 er om lag 260 mill. kroner. I St.prp. nr. 1 (2004-2005) Barne- og familiedepartementet er det i løyvinga tatt høgde for meirbehovet som vert fremma i denne proposisjonen.

Ut frå rekneskapstala kan det sjå ut som om inntektene vert mindre enn det vart budsjettert med. Dette vil ein måtte kome attende til i samband med nysalderinga.

2.4 Endringsforslag

Departementet gjer framlegg om å auka løyvinga under kap. 855 post 01 med 170 mill. kroner, kap. 855 post 70 med 70 mill. kroner og kap. 858 post 01 med 20 mill. kroner, totalt 260 mill. kroner.