St.prp. nr. 2 (2008-2009)

Om bygging og finansiering av ny ferjekai på Årsnes og utbetring av rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes i Kvinnherad kommune i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet har merka seg at dagens ferjekai på Løfallstrand er gammal og nedsliten. Området på Årsnes, der den nye kaia kommer, vil få betre plass og seglingsforholda blir betre. Departementet har merka seg at det vil bli sett av midlar til å utbetre rv 551 mellom Løfallstrand og Årsnes, som vil bli tilfartsveg til den nye ferjekaia for trafikken sør for Årsnes. Departementet legg stor vekt på at det er lokalpolitisk tilslutning til å delfinansiere bygginga med bompengar.

I St.meld. nr. 12 (2006-2007) Regionale fortrinn - regional framtid har Regjeringa foreslått at det framtidige offentlege vegnettet vil bestå av stamvegar, regionale vegar (øvrige riksvegar og fylkesvegar) og kommunale vegar. Samferdselsdepartementet legg til grunn at det statlege ansvaret for investeringar i øvrig riksvegnett blir overført til fylkeskommunene når forvaltningsreforma trer i kraft i 2010. Dette inneber at fylket er ansvarleg for å løyve føresette statlege midlar til prosjektet etter 2009.