St.prp. nr. 30 (2007-2008)

Framtidig lokalisering og organisering av Noregs ­veterinærhøgskole

Til innhaldsliste

2 Vurdering

Noregs veterinærhøgskole (NVH) har i lang tid hatt behov for eit nytt klinikk- og patologibygg. I 2001 foreslo stortingsrepresentantane Terje Johansen, Odd Einar Dørum og Lars Sponheim å gjere tidlegare Noregs landbrukshøgskole (NLH), no Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB), til «Grønt universitet» samt vurdere samanslåing av NLH og NVH, jf. Dok. 8:57 (2000–2001). Frå å vere ei byggjesak har saka såleis utvikla seg til å bli eit meir omfattande spørsmål om lokalisering og samorganisering med eit universitet.

I 2003 sette dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet, i samråd med dåverande Landbruksdepartementet, ned eit utval under leiing av professor Kaare Norum for å vurdere framtidig organisering av Noregs veterinærhøgskole. Utvalet var samd om organisatorisk samanslåing av NVH og UMB, men delt i synet på lokalisering. Utvalet utgreidde i mindre grad samorganisering med Universitetet i Oslo (UiO). Eit internasjonalt fagpanel oppnemnd av Noregs forskingsråd fekk difor i oppdrag å utgreie nærare dei faglege og organisatoriske konsekvensane av ei tettare integrering mellom NVH og UiO og mellom NVH og UMB. Det internasjonale fagpanelet kunne ikkje peike på ei eintydig fagleg løysing på det framtidige samarbeidet mellom institusjonane.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2005 blei det vedteke at prosjektet, i tråd med retningslinene for store statlege investeringsprosjekt, skulle kvalitetssikrast før ein kunne treffe endeleg konklusjon om organisering og lokalisering, jf. Innst. S. nr. 240 (2004–2005) og St.prp. nr. 65 (2004–2005). Dåverande Utdannings- og forskingsdepartementet utarbeidde eit grunnlagsmateriale i saka. Materialet blei kvalitetssikra av konsulentfirmaet Dovre International AS. Konsulentane konkluderte med at det er gode faglege argument for begge lokaliseringsalternativa, men at dei budsjettmessige konsekvensane av ei lokalisering på Adamstua i Oslo er mindre enn for Ås-alternativet.

Rapporten frå konsulentane saman med rapportane frå Norum-komiteen og Noregs forskingsråd, dannar grunnlaget for Regjeringa sine vurderingar i saka. Regjeringa har vidare valt å leggje vekt på tilrådingar i fagevalueringar med meir når det gjeld behovet for å byggje større og meir robuste forskargrupper og forskingsmiljø, auke kvaliteten i høgre utdanning og forsking samt konsentrere og «spisse» forskingsinnsatsen. Veterinærinstituttet (VI) er NVHs næraste samarbeidspartnar og lokalisert på Adamstua. Regjeringa ser det som lite formålstenleg å splitte opp veterinærmiljøet i Noreg i små og fragmenterte fagmiljø. Dette blir underbygd i rapportane frå Norum-komiteen og Noregs forskingsråd. Samlokalisering av NVH og VI, som i dag, er ein føresetnad. Det er ikkje aktuelt med ei organisatorisk samanslåing av NVH og VI, da siktemåla med institusjonane er ulike.

Lokalisering, organisering og nytt klinikkbygg

Noregs veterinærhøgskole har ein delvis verneverdig bygningsmasse med behov for rehabilitering. Nytt klinikk- og patologibygg er nødvendig for å kunne dekkje krav til smittehandtering, etisk praksis, undervisningskapasitet, tekniske løysingar og arbeidsmiljø.

Det er utgreidd to alternativ til lokalisering og organisering:

  • lokalisering på Adamstua i Oslo og samorganisering med Universitetet i Oslo

  • lokalisering på Ås og samorganisering med Universitetet for miljø- og biovitskap

Ved lokalisering til Ås er det ein føresetnad at også Veterinærinstituttet får nye lokale på Ås.

Dette er ei sak som angår mange interessentar. Institusjonane har vore aktivt med i arbeidet med grunnlagsmaterialet, men har ulikt syn på lokalisering. NVH og VI ynskjer primært lokalisering i Oslo. Universitetet i Oslo ynskjer òg at NVH blir ein del av universitetet. UMB går inn for at NVH blir lagt til Ås. UMB ser dette som ei viktig moglegheit til å styrkje eigen institusjon og forskingsmiljøa innan biofaga.

Faglege vurderingar

Eit viktig spørsmål i denne saka er kva for faglege synergieffektar ein vil få ved å velje Adamstua/UiO-alternativet eller Ås/UMB-alternativet. Spørsmålet tek utgangspunkt i at dei to universiteta har ulik vitskapleg profil.

Fagleg sett vil samorganisering med Universitetet i Oslo innebere ei styrking av biomedisin og naturvitskaplege basalfag. Vidare vil det bidra til å styrkje grunnforskingsmiljø innanfor fiskeri og mattryggleik og å styrkje sports- og familiedyrmedisin.

Lokalisering til Ås og samorganisering med UMB vil innebere ei styrking av eit relativt lite universitet og ein sjanse til å byggje ein heilt ny forskings- og utdanningsinstitusjon med vekt på bioproduksjon og matvitskap, inkludert akvakultur. Ei samorganisering med UMB vil òg leggje grunnlaget for ei vidareutvikling av samarbeidet mellom UMB og NVH og gi meir robuste fagmiljø ved begge institusjonar.

Begge alternativa har utviklingspotensial, og val av løysing for lokalisering og organisering er tatt med utgangspunkt i kva for prioriteringar Regjeringa legg mest vekt på. Samlokaliseringa vil styrkje strategisk grunnforsking og anvendt forsking på produksjonsdyr. I tillegg får ein òg moglegheit til ei heilskapsbetraktning av matvaretryggleik og mattryggleik i heile matkjeda frå produsent til forbruker. Lokalisering til Ås vil vidare styrkje moglegheitene for meir førebyggande innsats innan dyrehelse. Vidare vil lokalisering til Ås leggje til rette for ei god handtering av problemstillingar knytt til smitte.

Å bli ein del av eit universitet inneber ei betydeleg styrking av NVH sitt faglege miljø og fagnivå. Regjeringa meiner det er viktig at samanslåing av UMB og NVH gir ei reell integrering i universitetet og at NVH ikkje førast vidare som ei uavhengig eining. Dette vil krevje grundige faglege og administrative prosessar både ved NVH og UMB. Denne løysinga legg vidare til grunn at NVH og UMB har eit tett samarbeid med UiO innan mellom anna det biomedisinske feltet for å sørgje for utviklingsbehovet i veterinærfaget.

I utgreiinga frå Norum-utvalet ble det lagt vekt på verksemda ved NVH si avdeling i Sandnes. Regjeringa vil følgje opp dette, og viser til at nærkontakten med produksjonsdyr i eit område med mange aktive gardsbruk er viktig, spesielt når det gjeld opplæring i husdyrsjukdomar. Regjeringa føreset difor at avdelinga i Sandnes blir utvikla vidare ved ei lokalisering av NVH til Ås.

Vidare presiserte heile utvalet: «... at det eksisterende gode samarbeidet mellom NVH/VI og fiskerimiljøene i Bergen og Tromsø videreutvikles, og at veterinærenes rolle innen tilsyn med sjømat vedlikeholdes og utvikles». Departementet føreset også at desse miljøa blir teke vare på i den framtidige strukturen.

Økonomiske og administrative konsekvensar

Lokalisering på Adamstua i Oslo har som konsekvens eit mindre utbyggingsbehov enn Ås. I Ås-alternativet vil ein byggje nytt for heile høgskolen og Veterinærinstituttet. Universitetet for miljø- og biovitskap ligg i dag som eit campus i eit landleg område i nærleiken av Ås sentrum. Alternativet på Ås gjer det mogleg med sambruk av eksisterande lokale ved UMB, men det meste av nødvendige areal for NVH og VI må dekkjast ved nybygg. Potensialet for eventuell vidare utbygging er større på Ås enn på Adamstua.

Samfunnsøkonomisk er lokalisering på Ås og samorganisering med UMB ikkje det mest lønsame alternativet, også i vurderingar der salsverdien av eigedomen på Adamstua er inkludert. Foreløpige overslag på investeringskostnadene ved ei lokalisering på Ås er rekna til å vere 2 147 mill. kroner for ein utdanningskapasitet for opptak av 60 veterinærstudentar og 2 359 mill. kroner for opptak på 90 veterinærstudentar. Til samanlikning er kostnadene ved lokalisering på Adamstua og samorganisering med UiO rekna til å vere 1 020 mill. kroner (60 veterinærstudentar) og 1 145 mill. kroner (90 veterinærstudentar). Desse kostnadsoverslaga er usikre.

Ved å velje ei lokalisering på Ås vil staten kunne behalde eller selje eit stort og attraktivt område sentralt i Oslo. Marknadsprisen for eigedommen på Adamstua er vurdert til om lag 660 mill. kroner. Eit eventuelt sal vil redusere skilnaden i kostnader mellom dei to alternativa.

Regjeringa foreslår ei dimensjonering av byggjeprosjektet for ein utdanningskapasitet på 90 veterinærar per år.

Til forsida