St.prp. nr. 46 (2002-2003)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF om ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet vart vedteke i EU 10. juni 2002. Direktivet er eit endringsdirektiv til direktiv 97/67/EF om felles reglar for utviklinga av ein indre marknad for posttenester i Fellesskapet og betring av kvaliteten til tenestene (postdirektivet). Postdirektivet har som føremål å skape felles rammevilkår for postoperatørar i den indre marknaden, og sikre ålmenta eit landsdekkjande tilbod av grunnleggjande posttenester (universelle tenester) av god kvalitet og til ein rimeleg pris. Postdirektivet gjev medlemsstatane høve til å reservere visse tenester til den eller dei postoperatørane som utfører den universelle tenesta, i den grad dette er naudsynt for å sikre eit universelt tenestetilbod. Dei tenestene som kan reserverast, er innsamling, sortering, transport og utlevering av innanlands og grensekryssande brevpostsendingar med vekt inntil 350 gram og med pris inntil fem gonger grunntaksten for eit prioritert brev innanfor den første vektklassen.

I direktiv 2002/39/EF er det fastsett ein plan for ei ytterlegare gradvis liberalisering av marknaden for posttenester. Frå 1. januar 2003 blir det tillatne einerettsområdet i EU avgrensa til brevpostsendingar med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit prioritert brev innanfor første vektklasse. Frå 1. januar 2006 blir einerettsområdet redusert endå meir, til sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ei halv gonger grunntaksten. Frå 1. januar 2003 skal som utgangspunkt all utgåande grensekryssande post vere liberalisert, men medlemsstatane kan gjere unntak dersom det er naudsynt for å sikre den universelle tenesta. Vidare skal Kommisjonen gjere ein studie når det gjeld effekten av liberaliseringa for den universelle tenesta. Dersom studien viser at full liberalisering er mogleg i 2009 utan at det går ut over den universelle tenesta, skal Kommisjonen innan 31. desember 2006 gjere framlegg overfor Parlamentet og Rådet om at full liberalisering skal finne stad i 2009. Dersom full liberalisering ikkje er mogleg, skal Kommisjonen på bakgrunn av konklusjonen i studien gjere alternative framlegg til dette.

Direktivet inneheld òg andre føresegner. Mellom anna er det fastsett utdjupande reglar om prisfastsetjinga for operatørar med leveringspliktige tenester og høve til kryssubsidiering. Vidare er det presisert at medlemsstatane kan fastsetje klageordningar utanfor området for dei leveringspliktige tenestene og innanfor området av dei leveringspliktige tenestene der tenestene blir tilbydde av operatørar utan samfunnspålagde leveringsplikter.

Direktivet endrar ikkje dei krava til det tilbodet av posttenester til rimeleg pris og til god kvalitet som medlemsstatane har ei plikt til å sikre er tilgjengeleg i alle delar av landet (det universelle tenestetilbodet).