St.prp. nr. 54 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 41/2006 av 10. mars 2006 om innlemming i EØS-avtala av EU-programmet IDABC

Til innhaldsliste

4 Administrative og økonomiske konsekvensar

Fornyings- og administrasjonsdepartementet vil ha koordineringsrollen for IDABC.

Den totale kostnadsramma for IDABC i perioden 2005-2009 er 148,7 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 29,74 millionar euro per år. Noreg vil i alle høve ta del i programmet først frå og med 2006. Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane skal dekkje 2,11 prosent (2005-nivået) av det totale budsjettet. Det vil seie at tilskot frå EØS-EFTA-statane vil vere på om lag 2,51 millionar euro over fire år i perioden 2006-2009. Med ein kronekurs på 8,2 vil dette utgjere om lag 20,6 millionar kroner over fire år. Noregs del på 95 prosent vil vere om lag 19,6 millionar kroner, dvs. vel 5 millioner kroner per år. I tillegg kjem utgifter til administrative kostnader og nasjonale oppfølgingsaktivitetar. Dei samla årlege kostnadene vert dermed rekna til å vere om lag 6 millionar kroner.

Kostnadene til norsk deltaking vil delvis verte dekte med inntil 3 millionar kroner over Fornyings- og administrasjonsdepartementet kap. 1500. Resterande kostnader vil verte samfinansierte med ei rekkje departement som programmet vedkjem.

Deltaking i programmet vil ikkje føre til krav om endringar i norsk regelverk.