St.prp. nr. 58 (2003-2004)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 176/2003 av 5. desember 2003 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/51/EF av 18. juni 2003 om endring av direktiv om årsrekneskapar og konsoliderte rekneskapar for visse selskapsformer, bankar og andre finansinstitusjonar og forsikringsselskap

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Opplysningskrava i årsmeldinga vil medføre visse tilleggsoppgåver for større føretak. Kravet om at fråsegna frå revisor klart skal uttrykkje om rekneskapen gjev eit påliteleg bilete vil truleg ikkje få vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Dessutan er det valfritt å gjennomføre EØS-reglane i medhald av direktivet, og desse direktivreglane medfører dermed ikkje i seg sjølv administrative eller økonomiske konsekvensar.