St.prp. nr. 67 (2003-2004)

Om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av avgjerd nr. 626/2004/EF av 31. mars 2004 om vidareføring av rammeprogrammet for kultur (Kultur 2000-programmet)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Avgjerda i EØS-komiteen vil innebere ei plikt for EFTA/EØS-statane til framleis å ta del i finansieringa av programmet.

Den finansielle ramma er på 69,5 millionar euro for heile toårsperioden, dvs. gjennomsnittleg 34,75 millonar euro per år. Til samanlikning er den finansielle ramma for Kultur 2000-programmet for den første programperioden (2000-2004) gjennomsnittleg 33,4 millionar euro per år.

For vidareføringa av programmet vil løyvinga frå EFTA/EØS-statane til Europakommisjonen rekna ut frå 2005-nivået (2,11%) vere 1 466 450 euro over to år. Med ein eurokurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 12,4 mill. kroner over to år. I tillegg kjem administrasjonsutgifter til EU på om lag 234 000 euro eller 1 987 000 kroner. Noregs del (94,94%) vil vere om lag 13,7 mill. kroner, dvs. om lag 6,85 mill. kroner per år. Utgiftene vert dekte over budsjettet til Kultur- og kyrkjedepartementet, kapittel 320 post 75.

EFTA/EØS-statane skal i tillegg finansiere ein nasjonal ekspert for programmet. Per i dag arbeider det ein nasjonal ekspert frå Noreg med Kultur 2000-programmet, og det er lagt til grunn at Noreg fører vidare denne stillinga.

I tillegg til løyvinga til kulturprogrammet vert dei landa som tek del i programmet oppmoda til å drive ei nasjonal eining som skal administrere programmet, eit såkalla nasjonalt kontaktpunkt. Per i dag ligg denne eininga i Norsk kulturråd. Kommisjonen refunderer utgiftene til drifta av kontaktpunktet med opp til 30 000 euro.

Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendring.