St.prp. nr. 71 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 av 11. april 2000 gjeld innlemming i protokoll 31 (om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane) til EØS-avtala av fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet). Programmet vart skipa ved eit vedtak i Rådet 24. januar 2000 og gjeld for perioden 1. januar 2000 til 31. desember 2003. (Europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 293/2000/EF).

EU har tidlegare gjennomført Daphne-initiativet som starta tidleg i 1997 og vart avslutta i desember 1999. Noreg har ikkje teke del i dette initiativet. Initiativet var eit svar på Kommisjonen si aukande uro over vald mot barn, ungdom og kvinner i Europa.

Med det nye programmet har EU ønskt å utvide programmet på tre område. Under initiativet kunne berre frivillige organisasjonar søkje stønad. Under Daphne-programmet vil for det første styresmakter òg verte oppmoda til å sende inn søknader. Det vert særleg oppmoda til tverrnasjonalt samarbeid mellom NGO-ar og nasjonale, regionale og lokale styresmakter. For det andre vil den geografiske spreiinga aukast då EFTA/EØS-landa no er inviterte til å ta del i programmet, saman med Sentral- og Aust-Europeiske land, Kypros, Malta og Tyrkia. For det tredje vert det opna for fleirårige prosjekt som vil evaluerast kvart år. Daphne-initiativet støtta berre eittårige prosjekt.

Då Noregs deltaking i handlingsprogrammet vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i fleire år framover, er Stortinget sitt samtykke til deltaking naudsynt i medhald av Grl. § 26, andre leddet.

Avgjerd i EØS-komiteen og Europaparlaments- og rådsbeslutningen i uoffisiell norsk versjon følgjer som trykte vedlegg til denne proposisjonen.