St.prp. nr. 71 (1999-2000)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 39/2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA/EØS-statane si deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003)

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

Med sikte på EFTA/EØS-statene si deltaking i EUs fellesskapshandlingprogram om førebyggjande tiltak for å kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner (Daphne-programmet) (2000-2003), vedtok EØS-komiteen 11. april 2000 ei tilføying til protokoll 31 til EØS-avtala slik at avtala òg omfattar dette programmet. I innleiinga til avgjerda vert det særleg vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga og visse protokollar til avtalen.

Artikkel 2slår fast at avgjerda skal gjelde frå 1. januar 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar frå partane i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.

Artikkel 3slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske fellesskapa.

Som følgje av at Noregs deltaking i handlingsprogrammet vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i fleire år framover, krev avgjerda samtykke frå Stortinget. Då EØS-komiteen tok avgjerda si 11. april 2000, melde Noreg frå til dei andre avtalepartane om at dei forfatningsrettslege krava må vere stetta før avgjerda kan verte folkerettsleg bindande for Noreg.