St.prp. nr. 8 (2006-2007)

Fylkesveg 472 til Utgårdskilen i Hvaler kommune i Østfold – finansiering av tiltak gjennom forlenga bompengeinnkrevjing på rv 108

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Stortinget gav i 1988 samtykke til delvis bompengefinansiert utbygging av fastlandssamband til Kirkøy i Hvaler kommune, jf. St.prp. nr. 51 (1987-88) og Innst. S. nr. 79 (1987-88). Bompengeinnkrevjinga starta i oktober 1989. På grunn av dårleg innteningsevne gav Samferdselsdepartementet i 1993 løyve til å flytte bomstasjonen frå Asmaløy til Bukkholmen (markert med «Bomstasjon» på oversiktskartet i figur 2.1.) ved kommunegrensa til Fredrikstad. Bomstasjonen vart flytta i oktober 1993.

Bompengeselskapet si gjeld er venta nedbetalt ved årsskiftet 2006/2007. Østfold fylkeskommune vedtok i møte i fylkestinget 9. desember 2004 å be om at det skulle setjast i gang eit forprosjekt for vurdering av tiltak på fv 472 til Utgårdskilen. Fylkestinget ba samtidig Statens vegvesen utgreie ei mogeleg forlenga bompengeinnkrevjing i bomstasjonen på rv 108 på Bukkholmen for å delfinansiere tiltaka.

Arbeidet med forprosjektet starta i januar 2005. Det vart leia av ei styringsgruppe med representantar frå Hvaler kommune, Østfold fylkeskommune, AS Hvalertunnelen, Kystverket, og Statens vegvesen. Rapporten for forprosjektet låg føre 25. august 2005. COWI AS var konsulent for arbeidet og vart engasjert spesielt av Statens vegvesen for å kartleggje kor stor del av trafikken gjennom bomstasjonen på Bukkholmen som brukar fv 472 i retning Utgårdskilen. Rapporten med nummerskiltanalyse låg føre i november 2005.

Hvaler kommune og Østfold fylkeskommune har slutta seg til å forlenge bompengeinnkrevjinga på rv 108 på Bukkholmen med inntil 2 ½ år for å delfinansiere tiltak på fv 472 til Utgårdskilen. Det er føresett tiltak innanfor ei samla kostnadsramme på om lag 26 mill. kr (omrekna til 2006-prisnivå).