St.prp. nr. 80 (2006-2007)

Om endringar i statsbudsjettet for 2007 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Avtaletidspunktet for dei einskilde avtalane om basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar er 1. juli.

Ved oppgjera per 1. juli 2006 blei det gjeve tillegg med ei økonomisk ramme svarande til 4,6 prosent for legane, 4,9 prosent for fysioterapeutane og 4,0 prosent for psykologane. Reguleringane fekk verknad frå den same datoen.

Dei respektive organisasjonane og staten, KS og dei regionale helseforetaka har no ført forhandlingar om avtalar for tidsrommet 1. juli 2007 – 30. juni 2008. For fysioterapeutane inneber avtalen ein samla auke i takstar, fondsavsetningar og driftstilskot med 1,8 prosent. Rammejusteringa er rekna per 1. juli 2007. Forhandlingane med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening er førebels ikkje avslutta.

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2007 vedtok Stortinget å auke eigendelane for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi med 5 prosent frå 1. juli 2007, og refusjonsløyvingane blei tilpassa dette. Auken i honorartakstane som følgje av dei nye avtalane får difor full verknad i refusjonsutgiftene.