Historisk arkiv

- Regjeringa har styrkt distrikts- og regionalpolitikken

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjer eit ”Distriktspolitisk rekneskap” som summerar opp innsatsen på det distrikts- og regionalpolitiske området etter 2005.

Kommunal- og regionaldepartementet offentleggjer eit ”Distriktspolitisk rekneskap”  som summerar opp innsatsen på det distrikts- og regionalpolitiske området etter 2005.

Publikasjonen presenterar dei viktigaste regionale utviklingstrekka og kva tiltak regjeringa har satsa særskilt på. 

- Seks år med raudgrøn regjering har gjort ein tydeleg forskjell for distrikts- og regionalpolitikken. På det overordna planet har me gjeninnført differensiert arbeidsgivaravgift. Me har fått til eit distriktsløft og auka løyvingane til dei særskilde distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med om lag 55 prosent, frå 2005 til 2011. Me har i tillegg styrkt kommuneøkonomien og satsa på innovasjon, entreprenørskap og kommunale næringsfond, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.