1 million kroner til urfolksfestivalen Riddu Riđđu

– Riddu Riđđu er uvurderleg for å fremje samisk og annan urfolkskultur, men festivalen er òg veldig viktig for det internasjonale kultursamarbeidet i nord. Difor gir vi no eit ekstra tilskot på 1 million kroner til festivalen, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Kultur- og likestillingsministeren holder tale og åpner Riddu Riddu-festivalen
Foto: KUD

Kultur- og likestillingsministeren annonserte nyheita da ho opna festivalen torsdag 13. juli.

– Vi i regjeringa vil at alle skal få oppleve kunst og kultur, uansett kven dei er og kor dei bor. Da er festivalar og møteplassar som Riddu Riđđu viktigare enn nokon gong, seier Jaffery.

– Det er ingenting som med same kraft kan bringe oss saman, utfordre ideane og fordommane våre, og byggje forståing og fellesskap, som kunst og kultur. Riddu Riđđu gjer oss som publikum og deltakarar bevisste og stolte over både samisk kultur og annan urfolkskultur, i Noreg og internasjonalt, og det vil vi sjølvsagt støtte, seier kultur- og likestillingsministeren.

Dei ekstra midlane til Riddu Riđđu kjem frå posten på statsbudsjettet som skal fremje kultursamarbeid i nordområda.