Revidert nasjonalbudsjett

10 millionar kroner ekstra til Redningsselskapet

For å oppretthalde tryggleiken til sjøs og beredskapen langs norskekysten, foreslår regjeringa ei tilleggsløyving på 10 millionar kroner til Redningsselskapet, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Med dette forslaget blir tilskotet frå staten til Redningsselskapet på 103,5 millionar kroner i 2018.

Tilskotet bidreg til å oppretthalde Redningsselskapet sin innsats innanfor den aksjonsretta redningstenesta og det ulukkesførebyggjande arbeidet. Tilskotet dekker også ein del av selskapet sine driftsutgifter, med beredskap for søk og redning. Gjennom si verksemd styrker Redningsselskapet tryggleiken for både den kommersielle sjøtransporten og for fritidsflåten.

I 2017 redda Redningsselskapet 35 personer frå å drukne, 108 fartøy frå forlis og assisterte 5937 fartøy.

Til toppen