12. mai er den internasjonale plantehelsedagen

FN har peika ut 12. mai til å vere den internasjonale dagen for plantehelse. Det er nå stor merksemd om mogleg svikt i matforsyninga. Eit internasjonalt fokus på god plantehelse er derfor både aktuelt og viktig.

– Vi har god plantehelse i Noreg, men dei varene vi importerer kan ha med seg skadedyr og sjukdommar på planter. For å unngå dette, er det viktig at vi samarbeider internasjonalt. At FN nå peikar ut ein særskilt dag for å skape merksemd om plantehelse, viser kor viktig dette arbeidet er, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Kvart år blir nye skadegjerarar introduserte gjennom import av varer. Import av planter frå land utanfor Europa, import av tre og tre-emballasje, netthandel og privat import utgjer ein særleg risiko.

– Det er derfor viktig med stor innsats innan forsking, utvikling, rettleiing og forvaltning på dette området, seier Sandra Borch.

Internasjonalt er det mange som vil inkludere plantehelse i omgrepet Éi helse. I eit helhetlig perspektiv er helsa til økosystema, til dyr og menneske avhengig av kvarandre. Eit slikt perspektiv kan bidra til å hindre vekst og spreiing av skadegjerarar og sjukdommar.

Målet med ein plantehelsedag er auka merksemd om at:

  • God plantehelse er viktig for å nå berekraft-måla til FN – spesielt mål nr. 2: Utrydde svolt.
  • Det er viktig å fylgje internasjonale standardar for plantehelse. Risikoen for å spreie smitte ved handel og reiser er stor.
  • Det er viktig med gode overvakings-program og varslingssystem
  • Det er viktig å ha bærekraftige program for redusert bruk av plantevernmiddel, og for å beskytte miljøet
  • Det er viktig med stor innsats innan forsking, utvikling og rettleiing for å ivareta god plantehelse

Les meir på NIBIO si heimeside: