1,7 milliardar til kommunar og fylkeskommunar ramma av Hans

Ekstremvêret Hans førte til store skadar i mange kommunar og fylkeskommunar på Austlandet. Regjeringa føreslår ei tilleggsløyving på 1,7 milliardar kroner i kompensasjon gjennom skjønsmiddelordninga. Det skal dekkje kostnader til handtering av den akutte krisesituasjonen, opprydding og reparasjon.

– Kommunesektoren skal ikkje stå aleine når store naturkatastrofar rammar. Det er rett at storsamfunnet stiller opp og hjelper til. Skjønsmiddelordninga er ei god og føreseieleg ordning, og  nå utvidar vi også ordninga midlertidig for å hjelpe dei ramma lokalsamfunna på ein best mogleg måte, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

- Fellesskapet skal stille opp og hjelpe til. Difor legg vi opp til minst ei utbetaling i år, og resten så snart som mogleg på nyåret. Til sjuande og sist handlar det om at vi sett kommunane i stand til å levere gode, trygge og stabile tenester til innbyggarane etter Hans, seier digitaliserings- og forvaltningsminsiter Karianne Tung

Gjennom skjønstilskotet kan kommunar og fylkeskommunar som blir ramma av naturskadar, få ein delvis kompensasjon for utgiftene sine.

I samband med ekstremvêret Hans blir retningslinjene for ordninga midlertidig utvida. Det gjer at kostnadene til opprydding kan inkluderast i søknad om skjønstilskot der kostnadene ikkje blir dekte av andre ordningar. Det gjeld òg opprydding på andre område enn kommunal infrastruktur.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00 

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no