Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2019:

17 millionar til mineralnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Regjeringa foreslår å gi nærmare 17 millionar kroner meir til mineralnæringa i 2019, og prioriterer kartlegging av mineralressursar, med vekt på Nord-Noreg.

Regjeringa foreslår å gi 10 millionar kroner meir til Noregs geologiske undersøking (NGU) for å auke kartlegginga av mineralressursar i Noreg. Det er særleg karlegging av mineralressursar i Nord-Noreg som vil bli prioritert, ifølge næringsministeren.

– Meir kartlegging av mineralressursane vil gi oss auka kunnskap, og er spesielt viktig for å legge til rette for framtidige mineralprosjekt i Noreg. Det kan i framtida gi oss mange fleire arbeidsplasser, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Regjeringa foreslår også å gi 6,8 millionar kroner meir til Direktoratet for mineralforvaltning i 2019, for å korte ned sakbehandlingstida.

– Ein reduksjon i ventetida for driftskonsesjonar er viktig for å legge til rette for ny aktivitet og berekraftig vekst i mineralnæringa, seier Røe Isaksen.