3,3 % i lønsauke for leiarar på staten leiarlønssystem

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Denne regjeringa er oppteken av moderasjon i leiarløningar. Lønsutviklinga for leiarar på Statens leiarlønssystem for 2022 viser at regjeringa har lukkast med arbeidet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

I 2022 auka den gjennomsnittleg årsløna for leiarar på statens leiarlønssystem (SLS) med 3,3 prosent. Det er 0,4 prosentpoeng under ramma for frontfaget som i fjor var på 3,7 prosent. Statens leiarlønssystem omfattar 233 av statens øvste leiarar, blant anna departementsrådar og ekspedisjonssjefane i departementa, og toppleiarar i større etatar, statsforvaltarar og politimeistrar.

– Departementa blei før årets lønsoppgjer pålagt å visa særleg moderasjon, og sørgje for at gjennomsnittleg årsløn på leiarlønssystemet ikkje auka meir enn ramma for frontfaget. Eg er glad for at vi lukkast med det, seier Gjelsvik. 

Følgjer frontfaget over tid

Lønsutviklinga for leiarar på SLS skal også over tid vere på line med frontfaget. Leiarar på SLS har ei gjennomsnittleg lønsauke på 2,8 prosent mot 3,0 prosent i frontfaget om ein ser dei siste fem åra samla.

I juni 2022 la statens leiarlønsutval fram sin rapport. De tok mellom anna til ordet for å avvikle statens leiarlønssystem, og overføre alle leiarane i staten til hovudtariffavtala.

Vil redusere lønsforskjellar

– Regjeringa er opptatt av at leiarlønssystemet skal bidra til å redusere lønsforskjellane i staten. Vi har byrja på eit arbeid saman med dei sentrale partane i staten for å følgje opp rapporten frå leiarlønsutvalet, seier Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har det overordna ansvaret for Statens leiarlønssystem (SLS). Ordninga koplar resultat og løn tettare saman, og legg til rette for auka mobilitet i leiarstillingane. 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no