351,8 millionar kroner til frivillig innsats for betre helse- og rehabiliteringsarbeid

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Kvar einaste dag gjer dei frivillige organisasjonane ein stor samfunnsinnsats for å hjelpe folk. Derfor er det så bra at vi i år kan gi ei rekordtildeling på 351,8 millionar kroner til det frivillige helse- og rehabiliteringsarbeidet, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Tilskotet er frå overskotet frå spelemidla frå Norsk Tipping og vert fordelt via Stiftelsen Dam. Stiftelsen støttar prosjekt som fremjer levekår, fysisk og psykisk helse, meistring, livskvalitet eller sosial deltaking, førebyggande helsearbeid, rehabilitering, omsorgsarbeid og folkehelsearbeid.

Blant dei som får tilskot frå Stiftelsen Dam finn vi til dømes Rådgivning for spiseforstyrrelser: Hva nå? Ettervern for personer med spiseforstyrrelser, Dissimilis Norge: Sjiraffens Klimafestival, Mental Helse Ungdom: Windjammer – livsmestringsprogram for unge i utenforskap og Norges Døveforbund: SKEIV! Informasjon om LHBTIQ på tegnspråk.

6,4 prosent av overskotet til Norsk Tipping skal gå til helse- og rehabiliteringsformål gjennom stiftelsen. I fjor fekk 83 organisasjonar støtte til 742 nye prosjekt frå speleoverskotet via Stiftelsen Dam.