Statsbudsjettet 2024

Pressemeldingar
Statsbudsjettet 2024

500 nye studieplassar til fagskulane

Regjeringa foreslår nær 22 millionar kroner til 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Midlane blir prioritert til utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet. I tillegg foreslår regjeringa å styrke to tilskotsordningar for fagskulane, både til driftsmidlar og utviklingsmidlar.

Regjeringa har høge ambisjonar for høgare yrkesfagleg utdanning.

– Vi held fram å satse på fagskulane. No styrker vi både kvalitet og kapasitet, slik at endå fleire får tilbod om livslang læring gjennom utdanningar som er tilpassa arbeidslivets behov, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp).

Dei nye studieplassane vil ha oppstart hausten 2024. Fylkeskommunane skal tildele midlane til fagskulane og sørge for at det blir gitt høgare yrkesfagleg utdanning i tråd med kompetansebehova lokalt, regionalt og nasjonalt.

Stor etterspurnad etter fagskulekandidatar

Det har vore stor vekst i talet på fagskulestudentar dei siste åra, men framleis er etterspurnaden etter fagskuleutdanna større enn tilbodet. Det er løyvd midlar til totalt 2 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning sidan 2019. Dette er den største kapasitetsveksten nokon gong, og fagskulane har vist at dei er i stand til å auke kapasiteten på kort tid.

– Dette er attraktive kandidatar som får kompetanse og kunnskap som samfunnet har behov for. Eg er glad for at stadig fleire får auga opp for moglegheitene ei fagskuleutdanning gir, seier Sandra Borch.

22 millionar kroner meir i driftsmidlar

I tillegg til midlar til nye studieplassar foreslår regjeringa å styrke tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane med ytterlegare 22 millionar kroner. Dette er midlar som er overførte frå tilskotsordninga for fleksibel og desentralisert utdanning, som er foreslått avvikla. Fylkeskommunane kan nytte midlane til å styrke driftstilskotet til fagskulane ved å auke satsane og/eller til å finansiere nye studieplassar.

20 millionar kroner meir til kvalitetsutvikling

Som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra, er det behov for midlar for å kunne vidareføre og sikre kvaliteten og relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 10 millionar kroner i tilskotsordninga for utviklingsmidlar. Vidare foreslår regjeringa å styrke ordninga med ytterlegare 10 millionar kroner som blir overførte frå program for maritim kompetanse, som er foreslått avvikla.

Gjennom tilskotsordninga for utviklingsmidlar kan fagskulane søke om midlar til å utvikle nye utdanningar, kjøpe nytt utstyr, bruke digital teknologi for læring og tilby kompetanseheving av lærarar.

– Utviklingsmidlane er viktige for å skape sterke fagmiljø som er i stand til å følge opp auke i studenttala, vidareutvikle tilbod, nytte teknologi på ein god måte og sikre god kvalitet og relevans i utdanninga, seier Sandra Borch.