Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

7 millionar til handlingsplan for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 7 millionar kroner til den nye handlingsplanen for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting. Handlingsplanen blir lansert i 2019 og skal gjelde frå 2020.

– Vi har eit ønske om eit samfunn der alle kan delta, og har høve til å bidra. Menneske med funksjonsnedsetting skal vere inkludert og kunne delta i samfunnet gjennom heile livsløpet, seier kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.

I arbeidet med handlingsplanen er medverknad viktig og departementet har fått innspel frå interesseorganisasjonar, faginstansar, statsforvaltning, kommunale råd og forvaltning.

Handlingsplanen følgjer opp tilrådingane frå komiteen som overvakar menneskerettar for personar med funksjonsnedsetting og tiltaka skal utformast i samarbeid med departementa som har sektoransvar.

Handlingsplanen byggjer på strategien "Eit samfunn for alle – Regjeringas strategi for likestilling av menneske med funksjonsnedsetting 2020 – 2030", som er underteikna av ni statsrådar. Målet med strategien er å få til betre samordning av offentleg politikk på alle nivå. Innsatsområda omfattar utdanning, arbeid, helse- og omsorg og kultur og fritid.