Historisk arkiv

8 nye millionar til gåveforsterking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa aukar gåveforsterkingsordninga med 8 millionar kroner i år. Pengane kjem i tillegg til den opphavelege ramma for 2017. Total ramme for ordninga blir med dette 59,1 millionar kroner i år. Auken gjer rom for ytterlegare forsterking av 19 gåver i 2017.

- Gåveforsterkingsordninga er særs vellukka, og eg er uroleg med tanke på signala frå opposisjonen om at dei vil leggje ned ordninga dersom dei kjem til makta. Den store interessa viser at kulturaktørar er ivrige etter å skaffe seg private gjevarar og søke på ordninga. Det er så stor interesse at det står mange mottakarar i kø så difor legg vi no på åtte millionar kroner frå spelemidla til kultur, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.  

Fylkesvis fordeling

I Østfold mottar Det Norske Blåseensemble 225 000 kroner i gåveforsterking frå ordninga. 

Det Norske Blåseensemble

Det Norske Blåseensemble mottar 225 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på til saman 900 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, Sparebankstiftelsen Halden og Berg Sparebank. Gåvene skal gå til nysatsinga Sanntidsmusikk og Havnekonsert 2017.

I Oslo mottar åtte kulturinstitusjonar til saman 2 849 854 kroner i gåveforsterking frå ordninga. 

Emanuel Vigelands museum

Museet mottar 500 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 2 millionar kroner frå Grimelundsveien 2-6 AS. Gåva skal gå til rehabilitering og reparasjonar ved museet, samt bygging av publikumstoalett.

Norsk folkemuseum - avdeling Norsk Maritimt Museum

Maritimt Museum mottar 49 854 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 199 414 kroner frå Stiftelsen UNI. Gåva skal gå til alarmsikring av kunstsamlinga.

De unges orkesterforbund

De unges orkesterforbund mottar 550 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 2,2 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen Dextra. Gåva skal gå til styrking av musikktilbodet for unge musikarar.

Munchmuseet

Munchmuseet mottar 300 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 1,2 millionar kroner frå Bergesens Almennyttige Stiftelse. Gåva skal gå til produksjon av verkskatalog over alle Edvard Munch sine 7500 teikningar og støtte til digitalisering og publisering av Munch sitt bildearkiv.

Norsk barnebokinstitutt

Norsk barnebokinstitutt mottar 25 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 100 000 kroner frå Stiftelsen Fritt Ord. Gåva skal gå til seminar om sensur i barnelitteraturen.

Leser søker bok

Leser søker bok mottar 62 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 250 000 kroner frå Sparebankstiftelsen. Gåva skal gå til produksjon av parallellspråklege bøker.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet mottar 1 250 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 5 millionar kroner frå Sparebankstiftelsen DNB. Gåva skal gå til utvikling av Digi-laboratorium som skal gå over fire år.

Oslo Kunstforening

Oslo Kunstforening mottar 112 500 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 450 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB, Dextra Artes. Gåva skal gå til stipendutstilling og stipend til kunstnar.

I Hedmark mottar Anno Museum 1.847.212 kroner i gåveforsterking frå ordninga.

Anno museum

Anno museum mottar 1.847.712 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 7.390.847 kroner frå Ragnar Pedersen sitt dødsbu. Gåva skal bli brukt til arkeologiske utgravingar samt forsking og formidling ved Domkirkeodden.

I Oppland mottar kulturinstitusjonar til saman 1 163 138 kroner i gåveforsterking på grunnlag av gåver på til saman 4 890 000 kroner frå ordninga.

Valdresmusea AS

Valdresmusea mottar 200 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 800 000 kroner frå Sparebankstiftelsen DNB. Gåva skal gå til rehabilitering av konsertamfi på Valdres Folkemuseum.

Kistefos-museet

Museet mottar 625 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 2,5 millionar kroner frå Christen Sveaas. Gåva skal gå til finansiering av ny skulptur ved Kistefos-museet. Kistefos-museet omfattar industrimuseum, kunsthall og skulpturpark. 

Stiftelsen Lillehammer Museum

Museet mottar 260 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 1.040.000 kroner frå De Sandvigske Samlingers Venner. Gåva skal brukast til bygnadsvern og ferdigstilling av barndomsheimen til H. M. Dronning Sonja.

Norsk Litteraturfestival

Norsk Litteraturfestival mottar 78 138 kroner i gåveforsterking i 2017 basert på pengegåve på 550 000 kroner frå Kavlifondet, Stiftelsen Fritt Ord og Eckbos legat. Beløpet, på til saman 137 500 kroner, må delast fordi midla i ordninga for 2017 er brukt opp. Resterande beløp, 59 362 kroner, vert ført over til ramma for 2018.

Gåva skal gå til å spreie informasjon og kunnskap, og å skape møteplassar for å diskutere ytringsfridom, debattklima og forfølgde forfattarar under Norsk Litteraturfestival.

I Rogaland mottar Museum Stavanger 335 000 kroner i gåveforsterking frå ordninga. 

Museum Stavanger (MUST)

Museet mottar 335 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåver på 1 340 000 kroner frå Fritt Ord og Sverre Bertrand Skjeies Stiftelse. Gåva skal nyttast til drift og nytt grafisk museum. Museum Stavanger har mottatt stønad frå gåveforsterkingsordninga fleire gonger tidlegare.

Kulturinstitusjonar i Hordaland får vel 1 million kroner i gåveforsterking basert på  gåver på til saman 4.071.000 kroner. 

Stiftelsen Prof. Jiri Hlinka Klaverakademi

Stiftinga mottar 267 750 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 1.071.000 kroner fra Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen. Gåva skal gå til den pedagogiske verksemda ved akademiet.

Museum Vest, avd. Norges Fiskerimuseum

Museet mottar 75.000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 300 000 kroner frå G C Rieber fondene. Gåva skal gå til produksjon av midlertidig utstilling om selfangstnæringa.

Baroniet Rosendal

Baroniet Rosendal mottar 675 000 kroner i gåveforsterking basert på pengegåve på 2,7 millionar kroner fra Trond Mohn v/Beteva, Bara Eiendom, Norsk Hydro, Statnett.

Gåva skal gå til restaurering av delelement og bygningar i Rosendal have og finansiering av prosjektet "Utvikling av ny kultur- og formidlingsarena ved Baroniet i Rosendal".

Om ordninga

Regjeringa innførte gåveforsterkingsordninga for museum i 2014, som eit ledd i arbeidet med å styrkje den private finansieringa av kulturlivet.

Frå og med 2016 blei målgruppa for ordninga utvida til å gjelde alle kunst- og kulturformål. Ordninga går ut på at staten gir eit tilskot på 25 prosent av verdien på gåver frå private gjevarar og stiftingar.

Då ordninga blei innført i 2014 var ramma på 10 millionar kroner. Pengane blei raskt brukte opp, og ein kraftig aukande søknadsmengde har ført til at ramma har blitt auka kvart år.

Det er Kulturdepartementet som administrerer ordninga. Handsaming og utbetaling skjer i same rekkjefølgje som søknadene blir mottatt og godkjent. Dersom tilgjengeleg ramme blir brukt fullt ut, blir eventuelle resterande søknader overført til det påfølgjande budsjettåret etter same prioritet.

- Regjeringa er opptatt av å skape ein kultur der private blir motiverte til å bidra med finansiering av kulturtilbod og –prosjekt. Dette er ein ny måte å tenkje kulturpolitikk på, der verdien av samarbeid mellom private og offentlige aktørar blir vektlagt. Kulturlivet har ikkje lange tradisjonar for å skaffe seg gåver frå private gjevarar, men vi ser at merksemda mot dette er aukande. Regjeringa vil vidareføre ei sterk offentleg finansiering av kunst og kultur, men vi ser at eit sterkare offentleg/privat samarbeid kan gje betre resultat og utløyse fleire ressursar totalt for kunst og kultur, seier Hofstad Helleland.