Statsbudsjettet

81,5 mill. kroner til kyrkjevala i 2015

Regjeringa foreslår å løyve 76 millionar kroner til gjennomføring av kyrkjevala i Den norske kyrkja i 2015. Løyvinga kjem i tillegg til 5,5 millionar kroner som er løyvd i 2014 til å førebu vala. Den samla løyvinga vil då vere på 81,5 millionar kroner.

Regjeringa foreslår å løyve 76 millionar kroner til gjennomføring av kyrkjevala i Den norske kyrkja i 2015. Løyvinga kjem i tillegg til 5,5 millionar kroner som er løyvd i 2014 til å førebu vala. Den samla løyvinga vil då vere på 81,5 millionar kroner.

- Regjeringa vil ha eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje, samstundes som vi legg vekt på å støtte opp under Den norske kyrkja som ei open og tilgjengeleg folkekyrkje. Utviklinga i retning av ei fristilt folkekyrkje inneber at medlemmane i kyrkja må ta større ansvar for kyrkja sitt styre og stell. Løyvingane til kyrkjevala i 2015 skal leggje til rette for dette, seier kulturminister Torhild Widvey.

Kulturministeren har nyleg sendt på høyring eit forslag om ein kyrkjeleg forvaltningsreform for eit tydeleg skilje mellom stat og kyrkje. Forslaget inneber at det blir danna eit nytt rettssubjekt for Den norske kyrkja, slik Kyrkjemøtet har gått inn for. Prestane og andre kyrkjelege arbeidstakarar som i dag er tilsette i staten, blir foreslått overførte til det nye rettssubjektet. Reforma medfører auka kyrkjeleg sjølvstyre og at meir myndigheit blir lagt til kyrkja sine eigne organ. I lys av denne reforma er det avgjerande at medlemmene i kyrkja blir gitt tilstrekkeleg høve til å påverke utviklinga gjennom deltaking i kyrkjevala i 2015.

Regjeringa foreslår dessutan å videreføre ei løyving på vel 1,8 milliardar kroner til Den norske kyrkja over statsbudsjettet. Løyvinga kjem i tillegg til dei kommunale overføringane til kyrkjelydane, som årleg utgjer om lag 2,9 milliardar kroner. Andre tru- og livssynssamfunn mottar tilsvarande støtte som det staten og kommunane løyver til Den norske kyrkja, målt per medlem.