Statsbudsjettet

Arkivbygg på Tynset

Regjeringa vil realisere arkivbygget på Tynset.

Regjeringa vil realisere arkivbygget på Tynset.

Arkivbygget på Tynset skal famne om eit fellesdepot for heile Arkivverket og dessutan Norsk helsearkiv for eldre arkivmateriale frå spesialisthelsetenesta.

Forprosjektet har vore underlagt ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag og kostnadsoverslag. Det pågår ei samla vurdering av forprosjektet og tilrådingane i kvalitetssikringsrapporten.

Regjeringa vil leggje saka fram for Stortinget så snart vurderinga av innsparingspotensialet som kvalitetssikrarane har peikt på, er fullført.