Statsbudsjettet

Auka tilskot til tiltak innanfor området visuell kunst

Den største enkeltsatsinga innanfor visuell kunst er nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen.

Den største enkeltsatsinga innanfor visuell kunst er nybygget for Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design på Vestbanen. (Sjå eiga pressemelding om museum


Til området visuell kunst blir det foreslått ein auke på 16,5 millionar kroner fordelt på ulike tiltak:

  • Norsk kulturfond blir foreslått auka med 8 millionar kroner til styrking av arrangørar i det visuelle kunstfeltet, slik at det i 2015 kan etablerast ei ny ordning med arrangørstøtte for visuell kunst forvalta av Norsk kulturråd. 
  • Kunstmuseum og visningsarenaer blir foreslått auka med 3,5 millionar kroner:
    ˗ Bomuldsfabriken Kunsthall, Arendal: 0,5 millionar kroner
    ˗ Office for Contemporary Art Norway (OCA): 0,5 millionar kroner
    ˗ Nordnorsk Kunstmuseum: 2,5 millionar kroner knytt til etableringa av ein ny filial på Svalbard
  • Det blir foreslått å opprette ei ny ordning for utanlandssatsing for kunstgalleri på 3 millionar kroner i 2015. Ordninga skal forvaltast av OCA.
  • Prøveordninga med honorar til visuelle kunstnarar blir foreslått styrkt med 2 millionar kroner. Formålet med utstillingshonorar for visuelle kunstnarar er å synleggjere kunstnaren det arbeidet som blir lagt ned si til å lage utstillingar. Pilotprosjektet starta i 2014 og formålet er å prøve ut ei ordning med utstillingshonorar i kunstinstitusjonar med statsstøtte.