Statsbudsjettet

Fleire museumsbygg blir sett i gang i 2015

Kulturdepartementet foreslår blant anna å løyve pengar til å starte arbeidet med eit vernebygg for det landsette hurtigruteskipet M/S Finnmarken i 2015, og tilrår ei tilsegn på 40 millionar kroner. 4 millionar kroner vert tilrådd i løyvinga for neste år.

Kulturdepartementet foreslår å løyve pengar til å starte arbeidet med eit vernebygg for det landsette hurtigruteskipet M/S Finnmarken i 2015, og tilrår ei tilsegn på 40 millionar kroner. 4 millionar kroner vert tilrådd i løyvinga for neste år.

Satsinga på bygg gjer at fleire museum kan halde ope heile året, gje eit betre tilbod til publikum og forvalte samlingane betre. Prosjekta gjeld dels nybygg, dels påbygg eller oppgradering og ombygging av eksisterande bygningar. Regjeringa tilrår statlege tilsegner og tilskot på:

  • 21,3 millionar kroner til nytt visningssenter ved friluftsmuseet Gamle Bergen i Sandviken, som er ei avdeling av Bymuseet i Bergen; av denne summen vert 2 millionar kroner tilrådd løyvde i 2015. 
  • 8 millionar kroner til Nordkappmuseet i Honningsvåg, som er ei avdeling av Museene for kystkultur og gjenreisning i Finnmark; av denne summen vert 2 millionar kroner tilrådd løyvde i 2015. 
  • 40 millionar kroner til vernebygg for det landsette hurtigruteskipet M/S Finnmarken på Stokmarknes, som skal vere ei avdeling av Museum Nord; av denne summen vert 4 millionar kroner tilrådd løyvde i 2015. 
  • 5 millionar kroner til Hvalfangstmuseet i Sandefjord, som er ei avdeling av Vestfoldmuseene; av denne summen vert 3 millionar kroner tilrådd løyvde i 2015


Regjeringa gjer dessutan framlegg om statleg tilsegn på 605 millionar kroner til det planlagde nybygget for Munch-museet i Oslo. Det vert lagt opp til å innfri denne tilsegna med løyvingar over seks år med fyrste løyving i statsbudsjettet for 2017. (Sjå eiga pressemelding)