Statsbudsjettet

Satsing på det frie feltet

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Det frie scenekunstfeltet og den frie dansekunsten er mangfaldig og i stadig utvikling i Noreg. Samarbeidet mellom det frie feltet og meir etablerte institusjonar, nasjonale som internasjonale, er aukande. Regjeringa vil auke støtta til det frie feltet.

Norsk kulturfond vil i 2015 utgjere totalt 750,1 millionar kroner. Av dette er 137,1 millionar kroner overførte frå post 74. Fondet er vidare auka med 9 millionar kroner til satsingar innanfor visuell kunst og kulturvern.

Som alternativ finansieringskjelde for det frie feltet er Fond for lyd og bilde auka med 10 prosent til 36,7 millionar kroner.   

Regjeringa styrker óg det frie scenekunstfeltet gjennom auka tilskot til dei programmerande scenene, Bit Teatergarasjen, Teaterhuset Avant Garden og Black Box Teater. Dette sikrar produksjon og visning av frittståande, prosjektbasert norsk og internasjonal scenekunst.