Statsbudsjettet 2015:

Styrkar marin forsking med 40 millionar

- Forsking er grunnleggjande for å realisere utviklings- og verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa. Eg vil derfor auke løyvingane til marin forsking med 40 millionar kroner i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2015, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

- Forsking er grunnleggjande for å realisere utviklings- og verdiskapingspotensialet i sjømatnæringa. Eg vil derfor auke løyvingane til marin forsking med 40 millionar kroner i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2015,  seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

Innan næringsforskinga er teknologiutvikling, utvikling av marin bioøkonomi, levandelagring av torsk og internasjonalisering prioriterte område. Satsinga omfattar også kunnskaps- og kompetanseoppbygging ved marine forskingsinstitutt.

Andre prioriterte område er å styrke infrastrukturen for marine data og forsking på fiskehelse og fôr. Regjeringa foreslår å auke løyvinga med ti millionar kroner til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, NIFES.

- Kunnskapen vi no får fram vil gi grunnlag for å fastsetje grenseverdiar tilpassa fisk og sjømatproduksjonen. Satsinga skal sikre at fôret til fisken framleis er trygg og sunn, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I tillegg kjem satsinga på meir forsking og innovasjon i næringslivet.

Satsinga på marin forsking i tal

  • 13 millionar kroner til Noregs forskingsråds for å styrke kunnskapsgrunnlaget for ei berekraftig sjømatnæring. Løyvingane skal mellom anna gå til teknologiutvikling, internasjonalisering og basisløyvingar til marine forskingsinstitutt
  • 10 millionar kroner til Havforskningsinstituttet til meir effektiv bruk av marine data
  • 10 millionar kroner til NIFES, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, til forsking på plantevernmiddel i fiskefôr
  • 5 millionar kroner til Veterinærinstituttet for å styrke forskinga på fiskehelse 
  • 1 million kroner til Nofima for å auke kompetansen om levendelagring av torsk 
  • 1 million kroner til Innovasjon Noreg for å utvikle marin bioøkonomi

 

Les heile forslaget til budsjettet for Nærings- og fiskeridepartementet her.