Ålesund får 200 millionar kroner til deling

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

− Etter å ha vurdert søknaden frå Ålesund, er konklusjonen at kommunen får kompensert 200 millionar kroner for kostnader ved deling, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsministeren sender i dag brev til Ålesund om at kommunen vil få 200 millionar kroner i kompensasjon for kostnader ved deling.

Det er gjort ei heilskapleg vurdering av søknaden, og mellom anna gjort fråtrekk for usikkerheitspåslag, som er utanfor kriteria for ordninga. Dei tvangssamanslåtte fylkeskommunane vil få svar på sine søknader snarleg.

Departementet vil i det formelle tilsegnsbrevet krevje rapportering og ei stadfesting frå revisor innan ein gitt frist, for å sikre at bruken samsvarar med innhaldet i søknaden og er i tråd med formålet for løyvinga.

− Det er vanleg med rapportering og etterkontroll ved utbetaling av midlar slik at vi kan vere sikre på at midlane blir brukte i tråd med formålet for ordninga, seier Gjelsvik.

KDD informerte 11. februar 2022 om at tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar vil få kompensert direkte delingskostnader gjennom ei søknadsbasert ordning. Søknadene skulle basere seg på ei svært nøktern tilnærming til kva som er absolutt nødvendig for å gjennomføre delingsprosessen. Søknadsfristen for økonomisk kompensasjon var 8. november 2022.