Historisk arkiv

Arbeidet med forenkling av utmarkforvaltninga held fram

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet arbeider saman for å forenkle utmarkforvaltninga. Arbeidet er basert på desse overordna måla: styrking av lokaldemokratiet, forenkling og mindre byråkrati i forvaltninga og tilrettelegging for meir verdiskaping basert på naturressursar.

- Norsk utmark har kvalitetar vi skal ta vare på. Utmarka gir oss rekreasjonsmoglegheiter og verdifull natur. Samstundes skal vi forvalte utmarksressursane på ein måte som gjer at vi kan utvikle næringslivet og det potensialet som ligg innanfor landbruk, reiseliv, reindrift og andre næringar, seier statssekretær Jardar Jensen i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Ei faggruppe leverte ein rapport med framlegg om ei rekke forenklingstiltak før jul i fjor. Rapporten har vore på høyring, og mange har gitt høyringssvar. 95 prosent av Noregs areal er utmark. Korleis utmarksressursane blir forvalta, har difor mykje å seie for svært mange menneske.

Høyringa synte at det er brei semje om at det både er behov og potensial for forenkling av utmarkforvaltninga. Det er og støtte til framlegget om å gje kommunane meir mynde i utmarkforvaltninga.

Basert på faggruppa sin rapport og høyringssvara har dei tre departementa no blitt samde om å gå vidare på to konkrete oppfølgingspunkt. Det blir no sett ned ei arbeidsgruppe som skal fremje konkrete tiltak som kan styrke kommunane som førstelinjeteneste for utmarkforvaltning. Gruppa skal samstundes vurdere og foreslå forenkling av IKT-system som er av tyding for utmarkforvaltning. Vi har i dag etablert ei breitt samansett arbeidsgruppe som skal gje gode svar på desse utfordringane. Arbeidsgruppa skal sørge for god dialog med alle relevante partar, og involvere ulike interessegrupper undervegs i arbeidet sitt. Arbeidsgruppa skal levere sine tilrådingar til departementa innan 1. mars neste år.

Medlemmene i arbeidsgruppa er:

  • Hanne A. Velure, næringsdrivande og politikar i Lesja kommune, nestleiar i Utmarkkommunanes samanslutning, leiar
  • Jan Wasmuth, klima- og miljøvernsjef, Bodø kommune
  • Bjørn Sæther, planleggar i Sunndal kommune
  • Trond Flydal, ass. direktør i Justis- og beredskapsavdelingen hos fylkesmannen i Sør-Trøndelag
  • Roy Nilsen, plan- og utviklingssjef i Lierne kommune
  • Kirsten Thyrum, nasjonalparkforvaltar i Femundsmarka og Gutulia
  • Ellen Korvald, Utviklingsavdelinga, Buskerud kommune
  • Geir Harald Strand, avdelingsdirektør NIBIO
  • Helge Nymoen, landbruksdirektør, fylkesmannen i Telemark
  • Kirvil Stoltenberg, nettredaktør for Miljøkommune.no, seksjon for arealplan og fylkesmannsstyring, Miljødirektoratet

Det er eit spennande, men også krevande arbeid dei står overfor, seier statssekretær Jensen. Eg ønsker dei lukke til!

Frå venstre: Helge Nymoen, Ellen Korvald, Kirsten Thyrum, Trond Flydal, Kirvil Stoltenberg, Hanne Alstrup Velure, Jardar Jensen, Bjørn Sæther, Geir-Harald Strand og Jan Wasmuth. Roy Nilsen og representanten frå Sametinget var ikkje til stades da bilde var tatt.