Revidert nasjonalbudsjett

Auka løyving til Moster 2024

Regjeringa føreslår å løyve to millionar kroner til Moster 2024, i forbindelse med Nasjonaljubileet 2030 som er ei markering av 1000-års jubileet for slaget på Stiklestad.

– Det skal vere mange jubilé på vegen til 1000-årsjubileet for slaget på Stiklestad i 2030, og feiringa av kristenretten på Moster neste år er eitt av dem. For å innfri dei økonomiske forventningane til Moster 2024, vil det være behov for ein million kroner ekstra i 2023, slik at det blir tildelt totalt to millionar kroner til Moster i år, seier trus- og livssynsminister Kjersti Toppe (Sp).

I år 1024 markerte Kristenretten på Moster ein overgang frå eit tidlegare maktsamfunn til eit rettssamfunn. Med innføringa av Kristenretten i 1024 starta ein lang prosess mot eit felles nasjonalt lovverk, basert på den nye religionen.

Moster 2024  er eit sjølvstendig jubileum for innføring av kristenretten i 1024, men blir dekt av same tilskotsløyving som Nasjonaljubileet 2030.

Jubileet vil ha søkjelys på å involvera barn og unge i verdisamtalar om Noreg i samtida. Tre utvalde tema vil vera «fridom», «rettsvern» og «likeverd».

Moster 2024 har søkt om statleg tilskot på til saman 10 millionar kroner og har fått signal om fullt statleg tilskot til tiltaket, det vil seie 10 millionar kroner totalt. Tryggheit om tilskot er avgjerande for at markeringane skal gå som planlagt.

– Regjeringa vil òg varsle i RNB 2023 at det i statsbudsjettet for 2024 vil komme ei tildeling til Moster 2024 og til Gulating og Frostating, slik at aktørane skal få tilstrekkeleg tid til førebuingar i samband med Nasjonaljubileet 2030, seier Toppe.