Føljer opp Hurdalsplattforma:

Legg til rette for å tette inntektsgapet og auke sjølvforsyninga

Regjeringa legg i dag fram ein strategi for korleis Noreg kan auke sjølvforsyninga av jordbruksprodukt til 50 prosent og ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket.

Den globale usikkerheita understrekar tydinga av eigen matproduksjon som ein viktig del av beredskapen mot kriser. Eit aktivt jordbruk i heile landet, og ein berekraftig matproduksjon, er viktig for verdiskaping og ei trygg framtid for folk i heile Noreg.

Nett-tv Lansering Stortingsmelding

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

– Auka sjølvforsyning er viktig for alle i Noreg. Sikker tilgang til mat i ei krise er ein avgjerande del av vår nasjonale beredskap. Med denne meldinga legg regjeringa fram ein strategi for auka sjølvforsyning og ein plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. - Dette er det mest offensive jordbrukspolitiske dokumentet som er lagt fram på veldig lenge, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

– Koronapandemien viste kor viktig det er med gode system for matvareforsyning i kriser. Men gode system åleine er ikkje nok. Auka sjølvforsyning er ein investering i tryggleik og beredskap, og her spelar samarbeidet med jordbruket, sjømatnæringa og næringsmiddelprodusentane ein viktig rolle, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Strategi for auka sjølvforsyning

Strategien byggjer på auka norsk planteproduksjon til mat og fôr i kombinasjon med auka etterspurnad etter norske jordbruksprodukt. Auka produksjon må skje på ein måte som styrker jordbruket si konkurransekraft mot import.

– Auka sjølvforsyning er avhengig av at norsk jordbruk leverer produkt som forbrukarane vil ha, og føreset lønsemd i produksjonen. Oppfølging av strategien må skje i samarbeid mellom staten og alle ledda i verdikjeda for mat – frå bonde til butikk. Å ta initiativ til intensjonsavtalar mellom staten og ulike aktørar om bruk av norske råvarer, er mellom eitt av forslaga i meldinga, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Matproduksjon i Noreg bidreg til verdiskaping, arbeidsplassar og busetjing i heile landet. Norsk matproduksjon handlar òg om miljø, klima, dyrevelferd, trygg mat og kulturlandskap.  

– Næringsmiddelindustrien er Noregs nest største industrigrein, og er ein viktig avtakar av råvarer frå norsk jordbruk. Det er viktig å ha merksemd på lønsemd og verdiskaping i hele verdikjeda for mat. Vi vil no leggje fram eit vegkart for næringsmiddelindustrien. Det skal leggje til rette for ein robust, innovativ og marknadsretta industri, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Fleire tiltak

Sjølvforsyningsplanen inneheld fleire tiltak for å nå målet om 50 prosent sjølvforsyning, som skal føre til: 

  • Auka etterspurnad etter mat frå norsk jordbruk
  • Auka produksjon og etterspurnad etter norsk frukt, grønt og matkorn
  • Auka bruk av grovfôr og gras
  • Auka andel norske råvarer i kraftfôret

Plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene

Plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket skal baserast på eit nytt talgrunnlag, og regjeringa legg opp til ein opptrappingsperiode på 6 år frå 2021 til 2027.

Jordbruksavtalepartane bestilte i fellesskap 1. november 2023, eit nytt talgrunnlag til jordbruksoppgjeret. Budsjettnemnda for jordbruket vil leggje fram tala i det nye talgrunnlaget, før jordbruksoppgjeret i vår. Opptrappingsplanen omtalar difor prinsippa for samanlikning av inntekter.

– Stortingsmeldinga vi legg fram no inneheld ein metode for å berekne inntekt – så vil Budsjettnemnda for jordbruket kome med talgrunnlaget i forkant av jordbruksoppgjeret i vår. Det er bra at Stortinget kan ta stilling til prinsippa for opptrappingsplan og talgrunnlaget – utan at dette blir ein rein taldiskusjon. Taldiskusjonen høyrer heime i jordbruksoppgjeret, sier Pollestad (Sp).

Stortinget har alltid knytt føresetnader til eit inntektsmål i jordbruket. I meldinga er det lagt inn ulike føresetnader. Regjeringa legg mellom anna til grunn at det skal nyttast ein normeringsfaktor på 20 prosent for å kunne samanlikne næringsinntekta til bønder med løn. Det er moderat, og klart lågare enn i førre opptrappingsperiode. Regjeringa legg vekt på at denne faktoren skal liggje fast over tid for å bidra til føreseielege vilkår for næringa.

Regjeringa foreslår at avsetning til investeringar i avskrivbar kapital som driftsbygningar, maskiner og utstyr, skal trekkjast frå årsresultatet. Det gjer vi for å utarbeide eit inntekts­omgrep som er mest mogleg samanliknbart med løn.

Opptrappingsplanen legg opp til å samanlikne jordbruksinntekta med eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakar som er om lag på nivå med løn i undervisningsyrke og helserelaterte yrke. Det er eit nivå som er om lag 9 prosent over industriarbeidarløn, som var samanlikningsgruppe i førre opptrappingsperiode frå midten av 1970-tallet.

Regjeringa vil leggje fram ein status for opptrappinga i proposisjonen om det kommande jordbruksoppgjeret, når ein modifisert totalkalkyle føreligg. Gjennomføringa skal skje i tett samarbeid med jordbruket.