Nye kandidatar til Bedriftsutviklingsprisen i landbruket 2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Bedriftutviklingsprisen i landbruket er ein nasjonal pris for dei som har starta ei vellukka og berekraftig bedrift med basis i landbrukets og bygdenes ressursar.  11 regionar er så langt tildelt pris.

Innovasjon Norge deler kvart år ut Bedriftsutviklingsprisen i landbruket. Det vert kåra ein vinnar i kvart fylke som får 50 000 kroner. Fylkesvinnarane deltek så i konkurransen om den nasjonale prisen på 250 000 kroner.

I fjor var det Øyna Parken AS frå Inderøya i Trøndelag som vann den nasjonale prisen. Prisen vart delt ut under Norwegian Travel Workshop i Kristiansand, og det var statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Wenche Westberg som annonserte vinnaren. Dei to andre nominerte var Siderklynga frå Hardanger og Nedre Skinnes gård frå Krødsherad.

Den nasjonale prisen for 2022 vert delt ut i Berlin i januar 2023 i samband med norsk deltaking på  Internationale Grüne Woche.

Kandidatane vert vurdert etter følgjande kriteria: 

  • Berekraft:  
    • Økonomisk resultat/lønsemd
    • Sosialt som sysselsetting og ringverknader i lokalsamfunnet 
    • Miljømessig som utnytting av lokale ressursar, fremme av lokal kultur og reduserte utslepp
  • Innovasjon/nyskaping

Dei Regionale vinnarane 2022

Sølvane Gard AS 

Torstein Kollevåg og Eivind Kandal
Torstein Kollevåg og Eivind Kandal på Sølvane Gard AS. Foto: INNOVASJON NORGE

Sølvane Gard AS i Gloppen stakk av med Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestland. – På garden har vi fokus på kultur, turisme og lokalmat, og saman med gardane til bygda har vi bygd opp ein unik destinasjon med gjester frå heile verda, siger gardseigar Eivind Kandal.

Tveter Gård Foredling AS

Ingunn og Johan Anstensrud på Tveter Gård Foredling AS.
Ingunn og Johan Anstensrud på Tveter Gård Foredling AS. Foto: INNOVASJON NORGE

Tveter Gård Foredling AS har vunne Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Viken. Dei har gjort god butikk av ei edel råvare som i fleire år var reservert for hestar.

Indre Oslo Matforedling AS

Magnus Thorvik tilbereder seiersmiddag.
Magnus Thorvik tilbereder seiersmiddag. Foto: INNOVASJON NORGE

Midt i Oslo sentrum, i eit gammalt bygg frå ca 1820, held den vesle kjøttforedlingsbedrifta Indre Oslo Matforedling AS til. Bedrifta er innovativ og lagar mat som alle vil ha, av råvarer ingen vil ha! Dei jobbar med bønder som har fokus på dyrevelferd og sørger for at dyra har det godt.

Fæby Bryggeri AS

Vinnarane
Hakon Bragi Valgeirsson (daglig leder og kjøkkensjef), Arne Marius Haugen (bryggerisjef), Silje Eggen og Jørund Eggen. Foto: INNOVASJON NORGE

Fæby gard i Trøndelag har i dag etablert seg som ein solid lokalmatprodusent av både øl, gardspizza og chips, og som eit velrennomert serveringstad, med food-truck og cateringsleveransar.

Skarbø Gard

Vinnerne
Vinnarane Carlos Ruiz Rabelo og Kristine Skarbø, samman med Kristine sine foreldre Eli og Lars Helge Skarbø, på Innovasjonsfestivalen i Åndalsnes. Foto: BJARNE ØYGARD

Dei starta med mjølkeproduksjon, utvida med produksjon av både ost og eplesider og har nå eiget gårdsutsalg. No finn turistane fram til Skarbø gard i Stranda, Møre og Romsdal.

Stauslandstunet Gård

Bodil og Per Try på Stauslandstunet Gård
Bodil og Per Try på Stauslandstunet Gård Foto: SIGBJØRN LEIDAL NORSK LANDBRUKSRÅDGIVING

Bodil og Per Try på Stauslandstunet Gård i Søgne får Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Agder. Ut frå driftssenteret på Stauslandstunet Gård i Søgne driv ei mangslungen verksemd med ein stor landbruksproduksjon. Dei er ein av dei aller største landbruksbedriftene i Agder, og disponerer ca 1000 dekar dyrka mark.

Kvitnes Drift AS

Kvitnes Drift AS
Kvitnes Drift AS Foto: EIVIND H. NATVIG

Kvitnes Drift AS er vinnaren av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Nordland i år. Bedrifta har skapt arbeidsplassar gjennom å tenkje berekraft heile vegen.

Telemarklam AS

Kim og Bjørg T. Hopland i Fyresdal
Telemarklam AS drives av ekteparet Kim og Bjørg T. Hopland i Fyresdal. Foto: INNOVASJON NORGE

Telemarklam har vunne Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Vestfold og Telemark. Dei kombinerer tradisjonsrikt sauehald i Vest-Telemark med fokus på godt dyrehald og god utnytting av fjellet sine beiteressursar. Saman med 11 andre bønder har dei skapt ei attraktiv merkevare for kvalitetskjøtt av sau og lam.

Ystepikene AS

Driftsleder Siri Lobekk, Siri Rasmussen Lea og Jon Lea fra Ystepikene AS.
Driftsleder Siri Lobekk, Siri Rasmussen Lea og Jon Lea fra Ystepikene AS. Foto: INNOVASJON NORGE

Ystepikene AS er årets vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland. Vinnaren kombinerer tradisjonelt landbruk med produksjon av ostar til toppkvalitet frå eigne råvarer og har opna dørene for besøkande og for andre lokalmatprodusentar.

Brimi Gard & Sæter

Ola T. Brimi og Hans Brimi
Ola T. Brimi og Hans Brimi på Brimi Gard & Sæter. Foto: BRIMI SÆTHER / CATHRINE DOKKEN

Brimi Gard & Sæter i Garmo er årets vinnar av Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Innlandet. Vinnaren er ein hyllest til seterkulturen og blandar dette med unike smaksopplevingar.

Kvænangen Gårdsprodukter AS

Direktør i IN Arktis Linda Beate Randal, eier og daglig leder i Kvænangen Gårdsprodukter AS, Kurt Arne Solheim og hans datter Anja Solheim, ansatt i Kvænangen Gårdsprodukter AS.
Direktør i IN Arktis Linda Beate Randal, eier og daglig leder i Kvænangen Gårdsprodukter AS, Kurt Arne Solheim og hans datter Anja Solheim, ansatt i Kvænangen Gårdsprodukter AS. Foto: INNOVASJON NORGE

Kvænangen Gårdsprodukter AS har vunne Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Troms og Finnmark. Dyrevelferd og samarbeid lokalt er viktig for vinnaren.