Bustøtta skal vidareutviklast

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

–Bustøtta skal framleis vere til god hjelp for dei som har utfordringar på bustadmarknaden. Vi har no fått eit godt grunnlag til å vidareutvikla denne ordninga, sa kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik då han tok i mot rapporten «Bostøtten – opprydning og forankring».

Rapporten kjem frå ei ekspertgruppe som regjeringa oppnemnde i 2020. Ekspertgruppa fekk i oppgåve å evaluere bustøtteordninga. Gruppa har mellom anna vurdert korleis ho fungerer saman med andre statlege og kommunale velferdsordningar. Gruppa har òg foreslått moglege innretningar på den framtidige bustøtteordninga.

Ekspertgruppa meiner mellom anna at etter mange år med endringar og justeringar, kan ordninga i dag verke både tilfeldig, usamanhengande og vere vanskeleg å forstå. Ifølgje gruppa er det behov for ei opprydding og ei betre forankring av ordninga i underliggande prinsipp.

–Det er gjort ei rekke endringar i bustøtta i dei siste 10–15 åra. Samtidig har det kome ein del kritiske spørsmål til ulike sider av ordninga. Det var derfor behov for ei grundig vurdering av i kva grad intensjonane blir nådde. Eg håper at denne rapporten vil vere eit godt grunnlag for den framtidige utforminga av bustøtta, sa Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet vil om kort tid sende rapporten ut på høyring, og ser fram til mange innspel til forslaga i rapporten.

Les rapporten: Bostøtten – Opprydning og forankring (pdf)

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00