Forsida

Bygdevekstavtalar til tre område i Finnmark

Tre områder i Finnmark er peika ut av Kommunal- og distriktsdepartementet som nasjonale pilotar for utprøving av bygdevekstavtalar. – Desse Finnmarks-kommunane ønsker å jobbe målretta for å få fram nye løysingar for sine lokalsamfunn. Eg gler meg til å sjå kva kommunane får til saman – og med staten som partnar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Bygdevekstavtaler er eit nytt distriktspolitisk verkemiddel, som skal bidra til busetting, tilgang på kompetent arbeidskraft og framtidsretta næringsutvikling i distriktskommunar.

No skal regjeringa teste ut bygdevekstavtalar i tre pilotområde i Finnmark: Vestre Varanger (Berlevåg, Båtsfjord, Nesseby og Tana), Midt-Finnmark (Nordkapp, Porsanger, Lebesby og Gamvik) og Hammerfest i samarbeid med Hasvik og Måsøy.

Strategisk satsingsområde

– ­Nord-Noreg er eit strategisk satsingsområde for regjeringa, og nærleiken til Russland gir ein eigen sikkerheitspolitisk dimensjon. Vi er opptatt av at det bur folk i nord, og at lokalsamfunna er berekraftige og attraktive. Derfor er Finnmark sentralt når vi no skal teste ut dette nye verktøyet, seier Gjelsvik.

Etter at regjeringa i juni lyste ut 10 millionar kroner til ei pilotordning for bygdevekstavtalar, kom det inn 25 søknadar frå 63 av landets minst sentrale kommunar. I tillegg til dei tre pilotområda i Finnmark som no er vald ut– skal verktøyet testast ut i to pilotområde i Trøndelag.

I søknadane trekkjer Finnmarks-kommunane fram fleire innsatsområde som det kan vere aktuelt å samarbeide om i avtala: som tiltak retta mot unge, rekruttering, tenesteproduksjon, bustadutvikling og næringsutvikling.

Skal utarbeide avtaleutkast

I tida som kjem skal kommunane, med bistand frå fylkeskommunen og statsforvaltaren, utarbeide avtaleutkast. Pilot-kommunane får i første omgang inntil 2 millionar kroner pr. pilot til arbeidet med å utforme avtalane. Deretter skal dei forhandle om sjølve avtalen med staten. Avtalane skal etter planen tre i kraft frå 2024.

– Pilot-kommunane som no er vald ut har gode moglegheiter til å utvikle nye løysingar som kan få store følgjer for samfunnsutviklinga i Finnmark. Eg er spent på kva dei kjem fram til – og gler meg til å delta i samarbeidet med dei om bygdevekstavtalar, seier Gjelsvik.

I statsbudsjettet for 2023 foreslår regjeringa å styrke satsinga på bygdevekstavtalar med ytterlegare 15 millionar kroner til 25 millionar kroner totalt for 2023.

– Viss budsjettforslaget blir vedtatt i Stortinget vil vi opne for at fleire kommunar kan søke om å inngå ein bygdevekstavtale på nyåret, seier Gjelsvik. 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no