Lyser ut pilotmidlar til bygdevekstavtaler

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa lyser ut midlar til utprøving av bygdevekstavtaler i inntil fem pilotområder i dei minst sentrale delane av Distrikts-Noreg.

Mange av dei distriktspolitiske verkemidla vi har i dag blei utforma i ei tid der mangel på arbeid var utfordringa. I dag er utfordringa i større grad mangel på arbeidskraft.

– Bygdevekstavtaler er eit nytt distriktspolitisk verkemedel som skal bidra til busetjing, tilgang på arbeidskraft med den rette kompetansen og framtidsretta næringsutvikling i nokre av dei mest spredtbygde områda av Noreg, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Treårig pilotordning

Pilotordninga som no blir lyst ut er treårig, og i fyrste omgang i to fylke der Finnmark skal vere det eine. Alle kommunar som oppfyller kriteria kan søke, uavhengig av fylkestilhøve. Regjeringa oppfordrar nærliggande kommunar til å samarbeide om ein felles avtale. 

Stortinget har løyva totalt 10 millionar kroner til Bygdevekstavtalar i 2022. Kvar pilot kan søke om inntil 2 millionar kroner, til å førebu eit avtaleutkast med staten. Midlane kan nyttast i 2022 og 2023. Tilskotsordninga vil støtta opp om alle delar av prosessen. I fyrste omgang får kommunane midlar til å førebu ei bygdevekstavtale (fase 1). Dersom det blir inngått ein avtale med staten, vil kommunane kunne søke om midlar til å gjennomføre bygdevekstavtalene (fase 2).

Fristen for å søkje om å bli pilotkommune var 30. september 2022.