Historisk arkiv

Designsatsing gir resultat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Designprogrammet i Innovasjon Noreg har gitt meir innovative og lønsame bedrifter. Det syner evalueringa av programmet.

Designprogrammet i Innovasjon Noreg har gitt meir innovative og lønsame bedrifter. Det syner evalueringa av programmet.

I Designprogrammet samarbeider Innovasjon Noreg (IN) og Designrådet om å få fleire bedrifter i heile landet til å nytte design i forretningsutviklinga. No er programmet evaluert, og resultata syner at dei bedriftene som har vore med i programmet har blitt meir nyskapande og lønsame. Resultata er gode for verksemder i heile landet, men aller best i Distrikts-Noreg.

Verksemda Aeron i Flekkefjord som deltok i Designprogrammet i 2003-2004, er no ein leiande produsent av varme og ventilasjonsteknologi til den globale shippingmarknaden. I Designprogrammet gjekk Aeron saman med underleverandørane sine for å endre både profil og produkt saman med profesjonelle designarar. Aeron har utvikla nye produkt og auka omsetninga si etter deltaking i Designprogrammet.

-Vi treng eit variert næringsliv, som finn nye og smarte designløysingar som gir god inntening. Evalueringa syner at Designprogrammet er eit godt eigna verkemiddel, og no tek vi med oss erfaringane vidare i arbeidet med å leggje til rette for næringsutvikling i heile landet, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Programmet blei starta opp i 2006 med finansiering frå Kommunal- og regionaldepartementet og Nærings- og handelsdepartementet.


Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.